Norsk del, Gullvekta
Svenske ordspråk på norsk og svensk  ❀ Innleiing
Seksjon › 8 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Svenske ordspråk og talemåtar. Innleiing

"Uppmaningen ligger under ytan." - Pelle Holm (1973:3; 1980:5)

Ordspråk: Ei språkleg eining som på enkelt vis formidlar bodskap, vurdering, oppfatning eller visdom som mange kan fagne.

Somtid ligg bra visdom løynd under overflata av eit ordspråk, somtid ikkje. Tildekt visdom kjem ein fram til om ein tolkar ordtak figurativt. Eit tips: Det kan vere menneske og menneskeforhold det blir lausleg fortalt om via dyr og ting. Det finst mange døme på figurativ bruk. Og verdien av eit ordtak heng også lausleg saman med bruken, med kva for erfaringar det blir lagt attåt no og då.

Målet med utvalet er sunn livsvisdom. Sunn livutfalding kan bli losa fram eller hjelpt slik når lykke er god, som ein seier.

A. Ordspråk

Svenskane har ein kraftig og gammal ordtakstradisjon. Dei kan mellom anna stø seg på Christopher Grubb si samling frå 1600-talet, Penu proverbiale; Lars Rhodin si frå 1807; og nyare samlingar som kan utfylle ein del, til dømes ved at ordtak er samla og sortert etter fylka. To som kvar for seg gav ut store ordtaksamlingar på 1900-talet var Fredrik Ström og Pelle Holm. Ström lista opp sju tusen svenske, og Holm la til forklaringar og innlemma nyare og vittige ord i si samling.

Kort om Fredrik Ström

Fredrik Ström (1880-1948) var ein svensk venstresosialistisk politikar, forfattar, sjefsredaktør, og medlem av riksdagen ("stortinget i Sverige") gjennom mange periodar. Han blei født i Hallands län. Familian flytta til Halmstad då han var rundt ti år, og der tok han studenteksamen. Deretter drog han til Göteborg for å utdanne seg til lærar, men det blei det ikkje noko av, for han gjekk opp i politikken.

I 1904 flytta han til Stockholm for å arbeide i avisa Socialdemokraten. I åra som følgde blei han redaktör i nokre andre aviser etter tur. I 1910 kom han tilbake til Stockholm som forlagssjef og redaktør, han blei partisekretær for det sosialdemokratiske arbeiderpartiet i 1911. Det var han i fem år. I 1917 blei partiet hans splitta, og han blei stengt ute frå det, fordi han var venstrevridd (les: kommunist). Sveriges sosialdemokratiske venstreparti (SSV) blei skipa, og Ström blei partisekretær der. Partiet blei til Sveriges Kommunistiska Parti, og Ström var partisekretære, kjent med russiske Lenin, og aktiv i internasjonal kommunisme, Den kommunistiske Internasjonalen, til han i 1924 valde å bryte med kommunismen, etter å ha blitt kritisk til Stalin. Ström gjekk så inn att i det sosialdemokratiske partiet i 1926, blei redaktør og sjefsredaktør for Socialdemokraten, og der i avisa heldt han seg til 1939.

Ström var ein aktiv kar i det svenske samhället. Han var medlem av riksdagen frå 1916, og stadsfullmäktige i Stockholm heilt fram til 1946. Han hadde ei mengd tillitsverv attåt.

Ström skreiv også artiklar, romanar, skodespel og andre bokbidrag, og i 1926 utkom det stora samlingsverket Svenskarna i sina ordspråk (seinare gitt tittelen Svenska ordspråk). Han hadde skaffa fram over 7000 ordtak frå eldre verk, og la til eigne oppteikningar frå ymse svenske bygder. Tre år etter, i 1929, gav han ut Svenska ordstäv, I 1937 kom også Svenska folkgåtor. Det står meir om han i Svensk Wikipedia [s.v. "Fredrik Ström"]

Kva er ordspråk? spør Ström i innleiinga til Svenska ordspråk, og brettar ut ulike syn på det heilt ifrå det gamle "Ordspråken äro Guds röst" og vidare til "Ordspråken tala, vad folket tänker". Han peiker på at "De svenska ordspråken äro till sitt innehåll i stort sett ganska lika de övriga europeiska folkens ordspråk." (Strøm 1963, s 23)

Pelle Holm

"Vad är det som ger ordspråken en sån oemotståndig kraft? . . . som gör at vi tror på dem?" spør professor Pelle Holm (1888-1980), som i boka Ordspråk och talesätt (1973) har mottoet "Ett gott minne är bra att ha - men ännu bättre att lämna efter sig" (1973:11, 3].

Her er noko frå Pelle Holms minne: Pelle Holm heitte eigentleg Per Uno Gustaf Valentin Holm. Han blei født i Höganäs i det som då var Malmö län, og er gravlagt i Lund. Han var den yngste i ein søskenflokk på åtte. Foreldra hadde bestemt seg for å ha sju barn og gi kvart barn fire namn etter alfabetet. Den første fekk heite Albin Bertrand Carl David, den andre Evelyn Femi Gotton Henrietta, og så vidare alfabetet gjennom med dei sju første. Men så fekk foreldra Pelle attpå, og foreldra valde ei meir usystematisk samling fornamn, som så fekk vike for 'Pelle'.

Holm blei svensk språkvetare og ordboksredaktør. Han skreiv avhandling si ved universitetet i Lund i 1918 om Viktor Rydberg som språkrensar. Han blei tilsett som ordboksredaktør og fekk professortittel i 1952 for arbeidet med ordbøker og ordlister. Folk i Sverige kjente han best som mannen bak sitatsamlinga Bevingade ord. Og han var vittig. I 1964 følgde han opp med boka Ordspråk och talesätt. [Svensk Wikipedia, s.v. "Pelle Holm"]

Holm om ordspråk vidare

Holm fortel om ordspråk innleiingsvis i Ordspråk och talesätt: "Ordspråken är ofta dubbelbottnade": Under den bokstavlege overflata "döljer sig anspelningar på allehanda förhållanden och missförhållanden". Han finn her forklaring på at "olika människor (kan) lägge inn olike mening i ordspråken allt efter den aktuella situationen" (1973:5).

Holm definerer ordspråk som "korta och fyndiga tänkespråk", og utdjupar: "Ibland säger ordspråken hur man ska bära sej åt vid ett bestämt tillfälle eller i en viss situation. De säger, hur man ska göra" (1973:7).

Først og fremst er ordspråk i vår kultur korte og enkle, skriv Holm dessutan. I Asia er det tidvis annleis. Men her på berget gjeld som tommelfingerregel at "En lång mening med många satser blir inte något ordspråk". Her er regelen at ordspråket skreller av unødvendige ord og beheld kjerna i "det korthuggna uttrycket". Det er også slik at gamle ordspråk kan bli gløymde, og kanskje erstatta med nye. Og somme ordspråk blir slipte til etter kvart. Og dessutan går enkelte på rim, som gjer dei lettare å hugse (1973:9).

Ikkje alle ordspråk er like. Somme er ofte svært tvilsame, og kan romme fæle overdrivingar. Men når kjernene i slike ordtak blir uttrykt meir varsamt og rettare, lèt dei kanskje ikkje så fyndige og overbevisande som dei korte og enkle og kanskje lakoniske ytringane som mange kan tyde hit og dit omtrent som dei vil (Holm 1973:11).

Noko kjem an på kva som er in, i skotet, på moten, så som halstarrig fornedrande ordtak om kvinner frå då kvinner ikkje fekk lik lønn for same strevet som menn, ikkje hadde røysterett, og så vidare. Religion blir framleis brukt til slikt i visse krinsar, og mange "visdomsord" vitnar om haldningar og tilhøve med skeivfordelingar av goda og undertrykking enn om korleis kvinner kan vere.

Jamfør elles eit norsk ord: "Den som snakkar stygt om kvinna, gløymer mor." Elles gjeld som regel at språket pleier å henge etter med omsyn til endringar i samfunn og oppfatningar, og det gjeld også ordspråk.

Ei viktig side ved ordspråk er at dei ikkje støtt seier like ut kva ein skal og ikkje skal gjere. I staden går somme av dei indirekte til verks. Det kan ligge gode råd i mange av dei, men ein får leite dei opp sjølv, i fall ein finn ut av dei. Det er ikkje slik at det finst nokon fasit over korleis kvart eit ordtak er å oppfatte, for dei kan kodast og forståast vidt forskjellig. Ikkje berre er mange av dei kortfatta og over-generaliserte, dei kan også tale i bilde. Det gjer mange ordspråk ekstra mangetydige, kanskje også dunkle. Likevel verkar somme ordspråk overbevisande, kanskje nestan-sanne i rett mange samanhengar også, og det kan vere vanskeleg å seie imot figurativ tale der den lèt til å passe (Holm 1973:13, 14).

Holm skil mellom ordspråk - dei kjem frå anonyme lepper etter hans definisjonar - og vengeborne ord (bevinga ord) der ein kjenner opphavsmannen eller -kvinna. Men i praksis blandar snertne ord av ukjente opphavskvinner og -menn seg med sitat frå namngitte personar. I ei stor nordamerikansk ordspråksamling frå nokre ganske få år tilbake, ser ein til dømes at ei mengd amerikanske ordtak har røter i kjente bøker og vengeord av ulike forfattarar, blant anna Shakespeare. Elles reknar ikkje Holm ordspråk som berre står i bøker, som ordspråk - ikkje utan dei har gått "från man till man och från mun till mun". Då har dei blitt traderte ("fortalte"), som det heiter, og dermed ordspråk gode nok . . . (Holm 1973:14; jf. Mieder, Kingsbury og Harder 1996).

Tiltru til ordtak som hyppig motseier kvarandre

Ulike ordspråk rullar opp ulike perspektiv, og somme kan lokke med betre framtid for den som handlar greitt og ikkje lèt seg lure av mange andre. Men somme ordspråk seier imot andre ordspråk, så i denne jungelen får ein velje og passe seg så ein ikkje legg heile tiltrua i berre eitt ordtak om eit fenomen, når fleire dekker andre sider ved det kanskje like bra, og i somme høve vel så bra. "Ein skal ikkje legge alle tiltru-egga i éi korg," kan høve som grunnsyn til mange runde og gamle ordspråkvendingar.

Gamle bibelord kan ein også finne i ordspråkarven. Slike oldtidsord har blitt siterte og kanskje endra i tillegg, og såleis finn vi ordspråk som er frå bibelen eller har røter i den.

Gamle fablar og eventyr kan ein også finne ordspråk i - og levereglar og åtvarande ord mot ditt og datt. Noko kan høve enno.

B. Ordstev, hermer

Om ordstev skriv Pelle Holm:

I dem är det skämt mest alltihop. Med ordstäv menar vi den sortens uttryck som slutar med tillägget
sa han eller sa hon, när de gjorde så och så . . .
Ordstävet börjar ofta med mycket enkla saker, som kan verka båda menlösa och meningslösa i och för sig. Men så kommer tillägget "sa han" osv., og där får man poängen"
(1973:16).

Så også i " Det ante mej, sa han som blev utsparkad (Holm 1973:16).

Ofte utnyttar hermeordet (sv.: ordstävet) eit kjærkomme høve til å gjere narr - og hermer var mykje vanligare før enn no om dagen. Dei underheldt med grovkorna saker, vulgære namn på kroppsdelar og kroppsfunksjonar og så bortetter. Men "Sedan de "fula" orden nu har flyttats över från vägger och plant till skönlitteraturen, är vi väl varken särskilt roade eller chockerade av dem." (Holm 1973:17, 18)

C. Svensk på norsk

Denne samlinga med rundt 500 svenske ordspråk på svensk og norsk blir kanskje utvida. Ein kan spørje:

  1. Klarer vi oss ikkje godt nok utan svenske syn på ting?
    Svar: Men klarer vi oss like bra? Det er det ikkje godt å vite.
  2. Har ikkje broderfolket med søsterspråket om lag dei same ordtaka som oss?
    Svar: Dei kan ha fleire som vi ikkje har. Ei av samlingane har 7000 ordspråk, som blir nokre tusen meir enn norske som Ivar Aasen samla og forma på landsmål, det som blei til nynorsk sidan.
  3. Kor ligg verdien av ordtak utanom å vere god underhaldning?
    Svar: Somme har utsyn som hjelper oss, til dels i tråd med noko Kurt Lewin har komme til: "Ikkje noko er så praktisk som ein god teori. (Smith og Mackie 2000:11)." Ein god teori fortel oss noko om verda, så vi ikkje blir offer for vilkårlege idear og blind tru, og kan mellom anna brukast til å organisere og føreseie somt.

Men tru ikkje dette; sjå etter sjølv; det er nøkkelen til mykje, god danning.

Ordspråk viser kva vi er opptatt av; kanskje ikkje veldig opptatt av til alle tider, men ein og annan gong innimellom.

Her er to uttrykk som skal fortelje om utvalet: (1) fenomenologisk interessant, (2) pragmatisk (nyttig nok) - altså "interessant og truleg nyttig for einkvan, helst fleire":

  1. Eit fenomen er noko som "dukkar opp i " eller "dukkar fram for" merksemda, altså eitkvart, noko, eit eller anna, nokon ting. Omgrepet 'fenomen' er altså vidt. Fenomenologien (læra om fenomena) er også forklart som "ei vitskapsgrein som skildrar fenomena (slik dei utan vidare trer fram eller melder seg for den skildrande) utan å forklare dei". Innføling kan bli brukt til å forstå sider ved "ting som dukkar fram", og anna også. Det gjeld å utvikle innfølingsevnen så ho blir moden, og ikkje dum synsing.
  2. Pragmatisk kan tyde "- som legg vekt på å komme fram til praktiske, tenlege løysingar". Det er denne grunnmeininga av ordet som er mynta på i dette. Praktisk, saksvarande haldning og tilnærming er dermed velsett.

Ein kan godt spesifisere korleis ein vinn fram til plausible eller probate fråsegner om verda og livet og ting - les: fenomen vi hyppig møter og lyt forholde oss til. 'Forholde' er mangetydig, og står mellom anna for "oppføre seg, vere, ta stilling til, ta omsyn til", fortel Bokmålsordboka på bokmål. I staden for forholde seg har nynorsk "innrette seg, stille seg, te seg, fare åt, skikke seg," med meir. (Rommetveit 2007). I bakgrunnen ligg det overordna "tilpasse seg".

Ordtak balanserer mellom platte fråsegner (sjølvsagte ting) på eine sida og idioti på andre sida. I kva grad eit ordtak er høvelig i ein eller annan samanheng, er for innfløkt å greie ut om med få ord. Eg har spesifisert grunnoppfatningane bak utvala mine i ein artikkel: [Meir].

Fenomen er eigna til å oppfattast og skildrast, og mange fenomen kan brukast i den grad ein vinn kontroll nok over dei. I så fall kan ein utvikle bra høvelege opplegg (design) til gagn for nokon. Der det manglar probat, vitskapleg dokumentasjon på at meininga med og bak eit eller anna ordtak er gyldig, kan ein ikkje seie sikkert kva for gehalt det har eller i kva grad det eignar seg til føreseiingar. Men trass i det kan ein kanskje hjelpe fram gode utsyn på mangt gjennom såkalla fenomenologiske innfølingar. Innfølingsevnen er ulik folk imellom, erfaringane ein har å dra på, like eins. Det er skil på folk, tilmed stor skil, fortel Abraham Maslow: Han fann ut av dei som kom lenger i å realiserte seg sjølv enn mange andre - slik han forstod det - såg klarare enn andre. (Maslow 1964; 1968; 1987 m.m.). Den norske psykiataren Tollak B. Sirnes (1922-2009) gir att noko av det Maslow hevdar, i første kapittel av boka . . . at vi skal elske hverandre. (1968).

Men same korleis ein er klassifisert eller rangert, er det opp til kvar enkelt å sette seg inn i kva ordtak tyder etter vanleg skikk, og dessutan er det ope for å 'føle' seg inn i ordtaket og sondere i kva grad det kan seie noko vesentleg, vere gyldig og relevant, og tilmed fruktbart.

Ordspråk er skatta i alle kulturar, og mange er knytt til tradisjonar og ber med seg akkumulerte lærdommar som kan tenkast å komme til nytte ein eller annan gong, ganske enkelt fordi mange av dei går inn på livet av sentrale livsforhold.

Å lodde ulike ordspråk kan ta mykje tid, men det kan like gjerne vere fort gjort - helst det siste - sidan det er mange titusen av dei. Ein kan seie at mange svenske og andre ordspråk destillerer svenske syn på livet og korleis ting skulle vere for at det skulle lage seg. Somme ligg det nok dyrkjøpte livserfaringar attom i ein kultur som var, med skikkar som er avlegs, med oppfatningar som er heilt feil - ikkje av klasse, og atterspeglar fordommar og maktforhold og kryping (servilitet) før i tidene, og somme er tull og moro. I andre igjen blandar slikt seg, til dømes morskap og alvor i "Det blir en het dag i dag, sa käringen då hon skulle brännas." (Wahlund 1988:202)

Eg har i utgangspunktet lita interesse av å ta med likt og ulikt i ordtakfloraen, men helst berre dei gagnlege og morosame etter min smak, og ikkje uhorveleg vulgære. . . . Noko som kompliserer alt det, er at verdien av ordspråk kjem an på bruksmåten, kva for situasjonar dei går i spann med. Bruken kan godt endre innebörden, meininga. Og fiks tolking kan også endre meininga for eit ordspråk med figurative element i seg så ordspråket blir stuereint, til dømes. Slik er det, grovt sagt.

Eit døme: "Livet är viktigare än döden, sa gumman, gjorde brasa av gubbens likkista." (Strøm 1963:123). Det er klart ein med rette eller urette kan vere samd eller usamd i den høge, filosofiske første delen, men innhaldet i ordstevet endrar preg ved tillegget etter "sa gumman", og dermed blir det vrient å taksere det, og til sist smiler ein kan hende av det burleske i stevet i kraft av eigne mentale assosiasjonar - for etter som dei smeltar saman (fusjonerer) til ei ny eining, blir det frambrakt energi, fusjonsenergi, og slik overskottsenergi "handterer diafragma, mellomgolvet" ved kraftige muskelsamantrekkingar - og ein ler. – Arthur Koestler (1905-83) har drøfta korleis svært mykje humor blir forma nett slik (1967). Han fortel at ein god del humor kjem i stand i kraft av samanstillinga av to referanseplan eller ulike assosiasjonsbaner som møtest og fusjonerer (smeltar saman) Eit godt teikn på "mental fusjonsenergi" som blir sleppt ut er nettopp humringa og latteren. Arthur Koestler går gjennom samanbringing av ulike referanseplan og følgande godt humør og latterbrøl i ein god del av The Act of Creation (1967). Han går også gjennom fleire sider ved humor i ein lang oversynsartikkel om emnet i Encyclopaedia Britannica (s.v. "Humour). Sider ved teorien hans frå første bolk av The Act of Creation kan høve med kva som skjer der ordstev underhaldar.

Det kan også vere nyttig om ein skil mellom høgare humor og lågare. Nokså låg humor er grov, ikkje finsleg. Høgare humor er særmerkt ved at ein ler meir med, ikkje så mykje av - altså humrar med svenskar - og tenker i meir universelle banar - gjennomskodar ganske allmenne forhold - og mykje anna. Det er utfordringa. Elles: Ein får more seg så godt ein maktar, og vere merksam på at vennleg humor forlenger livet. [Forskingsfunn av professor Sven Svebak].

For ein nordmann er altså uppmaningen under ytan nett her å heller humre og småle med söta bror over dei godbitane ein finn. Det er nok sunnare for ein sjølv og forholdet til folk frå andre land enn å varte opp med makabre vitsar på deira rekning, sidan vennleg humor kan vere dokumentert godt for helsa også. Gild humor skal vere hjelp til å trivast; ikkje mishandle nokon. Og det gjer vel godt å ha i minne at vi har svært mange ordtak felles med kvarandre - og med danskar, finnar og vidare utover i verda. Ordtak er i vesentleg grad felleseige mellom folka, og ikkje berre i Norden.

Innhald


Svenske ordspråk, svenska ordspråk, litteratur  

Først står fleire svenske samlingar opplista. Dernest kjem svenske ordtak og talemåtar frå samlingar med svenske ordtak mellom andre språk. I det reint svenske utvalet er samleverk av bl.a. Strøm, Bengtson og Holm, to historiske kjelder (Peder Låles og Christopher Grubb(e)s bidrag), og litt av kvart anna (jf. annoteringane).

Svenske med annoteringar

Anon. Svenske ordseder eller ordsagor. Stockholm: Anund Olufson, 1604. ⍽▢⍽ Den første trykte svenske ordspråksamlinga. Ein veit ikkje kven som gav ho ut, men ho kviler på ein dansk originaltekst, som truleg var Peders Låles danske ordspråkssamling frå 1515. Forfattaren av den svenske utgåva kan ha vore Johannes Bureus (1568-1652). Det skriv Jöran Sahlgren i forordet sitt til Svenska folkböcker, band 8 (1956), der heile samlinga frå 1604 er med, og utstyrt med tiltrengte ordforklaringar.

Bengtson, Johan, saml. Svenska ordspråk, ordstäv, talesätt och väderleksrim. Göteborg: Ludw. Simonson, 1957. ⍽▢⍽ Over 3000 ordtak og slikt, med opplysningar om kva for svensk fylke (län) som kvart av dei er ifrå. Har ikkje kommentarar. Nyttig og fin.

Furuland, Lars og Gunnel, saml. Barnens rim och ramsor, gåtor och ordspråk. Stockholm: Gidlunds förlag, 1983. ⍽▢⍽ Om lag 90 sider - med stor skrift og illustrasjonar i svart-kvitt. Eit lite utval gåter og ordtak er også med, attom ulike vers og anna.

Hiertas Förlag. Den svenska ordspråksboken: Innehållande 3160 ordspråk. Stockholm: L J. Hiertas förlag, 1865. ⍽▢⍽ Skrivemåten av mange ord er litt gammaldags her, men innhaldet er dugeleg. (Det finst eit opptrykk frå 1979, gitt ut av Bokförlaget Redivida, med same skrifta).

Holm, Pelle. Bevingade ord och andra stående uttryck och benämningar. Stockholm: Bonniers, 1939. ⍽▢⍽ Ord og uttrykk frå mange hald blir kommenterte. Sitat florerer. Mellom og ifrå dei finst nokre ordtak, men ikkje så mange.

Holm, Pelle. Ordspråk och talesätt. Stockholm: Bonniers, 1973 (1964). ⍽▢⍽ Gamle og nye ordspråk og talemåtar i ei god samling, og likande forklaringar.

Holm, Pelle. Ett ord i rättan tid och 3529 andra ordspråk och talesätt i urval. Stockholm: Bonniers, 1980. ⍽▢⍽ Boka inneheld eit utval av ordtaka i Ordspråk och talesätt (1973), og har same innleiinga. God illustrert med teikningar. Tiltalande design. I seg sjølv ei førsteklasses bok. Sitat derifrå "Ung hustru hjälper gammal man til graven." (s. 55)

Koch, Axel och Carl af Petersens. Östnordiska och latinska medeltidsordspråk: Peder Låles ordspråk och en motsvarande svensk samling utgivna för "Samfund til Udgivelse af gammel nordisk litteratur". I. Texter med inledning. København: Koch och Petersens, 1889-1894.

Landgren, G. A., saml. Ordspråk, sanna språk: 6500 bevingade ord ur folkets mun. Karlshamn: Sigfrid Flodins Förlag, 1889. ⍽▢⍽ Eit godt og rikhaldig utval.

Låle, Peder. Forndanska och latinska ordspråk: Peder Låles samling efter 1506 års upplaga med avvikande läsarter ur upplagorna av 1508 och 1515. København: Axel Koch och Carl af Petersens, 1890. ⍽▢⍽ Låle var dansk, og levde på siste halvdel av 1300-talet. Den første danske ordtaksamlinga stammar frå han. Ho blei først gitt ut i Danmark i 1506, men samlinga er eldre enn det. Dei eldste laga i samlinga kan daterast til før 1450, og har truleg opphav frå midt på 1300-talet.
  I den trykte, danske samlinga er det 1204 latinske levereglar på vers, dei fleste med rim. Saman med latinversa kjem liknande danske sentensar som hjelp til å forstå latinen - rundt tusen, gamle danske ordtak i alt. Dei har parallellar mellom ordtaka i andre nordiske land, og kan nok tenkast å ligge bak somme av desse, saman med ordtak ifrå Håvamål og nokre andre norrøne kjelder. Peder Laales samling inneheld mange ordtak som stadig blir brukt, og mange er knytt til bondesamfunnet med emner som jordbruk, husdyrhald og fiskeri.
  Deler av samlinga blei omsett til svensk alt på 1440-talet. Døme: "Man scal ædhe pølsen men hwn ær warm (Ein skal ete pølsa mens ho er varm)."

Palmenfeldt, Ulf, red. Ordspråk i tiden - ur svenska folkets rika tradition och nyskapande fantasi. Stockholm: Sveriges Radios Förlag, 1991. ⍽▢⍽ Våren 1990 sende Sveriges Television/TV 2 Malmö ein programserie der leiaren oppmoda sjåarane til å sende inn favorittordspråka sine, og så blei det ei bok av det innsendte. Rundt 1500 ordtak og sentensar blei med i alt - gamle ordtak og nylagingar i form av ordspråk wellerismer, sitat og aformismer. Det er i stor grad muntrasjon det er tale om. Bidraga har like mange svenske TV-tittarar till upphavsmenn og -kvinner, og langt dei fleste står med namn og adresse.

Rhodin, Lars. Samling af Swenska Ordspråk, i ordning ställde efter alfabetet, med tillägg af någre utur Latinen och andre Språk, etc. Stockholm: Lars Rhodin, 1807. ⍽▢⍽ Grovt overslag: Kanskje 2500 ordtak. Dei står med gotisk skrift, og er sett i alfabetisk rekkefølge etter forbokstavane i det første ordet i kvart ordtak. Latinske jamføringar er med her og der, og dessutan sparsame tyske, franske og engelske. Rhodin dumpa både grove svenske ordtak og fleire tyske ordtak ifrå Grubbs eldre samling - for å gi ut sobre eller vederheftige svenske ordtak. Rhodin-boka finst som fri E-bok hos Internet Archive og som (mykje tilrådd) print-on-demand nytrykk med sydde sider (med dårlegare, limte innbindingar fell blad lettare ut).

Strøm, Fredrik. Svenska ordstäv. Stockholm: Prisma. Ny utg., 1987. ⍽▢⍽ Ei kjekk Strøm-samling. Førsteutgåva, på Prisma, er frå 1929. Kuriosium: I utgåva frå oktober 1987 står det på s. 4 at den utgåva av boka blei trykt i 1985 (!).

Ström, Fredrik. Svenske ordspråk. Stockholm: Bonniers förlag, 1929. Opphavleg tittel: "Svenskarna i sina ordspråk jämte sju tusen svenska ordspråk". ⍽▢⍽ Ei omfattande, kjent samling, utan forklaringar og kommentarar attåt ordtaka. I versjonen frå 1963 er dei gamle illustrasjonene frå 1926- og 1939-utgåvene vekke, men teksten er den same som i 2. opplag frå 1940, og er ordna i 30 temagrupper som før, som til dømes "Om mat och dryck". Eit døme: "När hjärtat gråter äro tårarna äkta."

Unsgaard, Bi. Mat och dryck i folkmun: Ordspråk, stäv och talesätt i urval. 2. upplag. Stockholm: Piccolo/LT förlag, 1982. ⍽▢⍽ Om lag 300 ordtak ordna i tjue temagrupper, som "Morgon och afton". I ordtak med innebygde rim, får linjebrot dei fram. Døme:

Bättre små fiskar
än tomma diskar (s. 52)

Somtid finn ein oppdelte ordtak utan enderim, som:

Ovurpna ägg
är ovissa ungar. (s. 50)

Men bokstavrim (alliterasjonar) finst i somme slike, like fullt. Og ofte kjem ordtaka rett fram, utan oppdelingar og dikkedarar: "Om vintern är sillen lax för bonden." (s. 52)

Kvar sin smak. Og smaken følger miljøet og temperaturen. Det nordiske kjøkken kviler på dyr og vekster som gror i nord.

Burde kanskje søta bror hatt med noko à la det japanske "Det er eit fattig men lett liv utan føde (Akiyama 1940:154)"? Eg tviler hardt på det . . . Ein bør vel først grave til seg bra med pengar for å kunne slå dank - det blir ofte dank med otte, omsut og mykje bry likevel. Og likevel, ein kan godt greie å handtere mangt om ein er klok til det. Det er nok heller avgjerande. Men lykka kan snu seg. Forholda i gamle Sverige og Japan er dessutan ikkje så heilt greie å samanlikne: Buddhistmunken som vandrar omkring pengelaus, er neppe mykje anna enn ein sjeldan fugl (rara avis) i Sverige. Det er vel så, det . . . I Vesten hjelper det godt å ha pengar og orientere seg bra.

Vide, Sten-Bertil. Ordspråk, ordstäv och talesätt från sydvästra Småland med inledning och kommentar. Lund: Landsmålarkivet i Lund/Gleerupska universitetsbokhandelns förlag, 1957. ⍽▢⍽ Ei kjekk bok. 2807 kommenterte ordspråk og hermer frå sørvestre Småland, og mange hundre samanlikningar i tillegg, alt ordna etter nøkkelord. Døme: under förstuga finn ein "När en talar om trollen, så äro de i förstugan" og enda eit par ordtak som fortel noko liknande. (s. 53).

Wahlund, Per. Osed och ordsed: Det er 1234 oemotsägliga ordspråk och kärnfulla talesätt, hämtade ur sal. Hr. Christopher L. Grubbs Penu Proverbiale och här återgivna med förklaringar, kommentarer, ordlista samt andra gagnelige bihang. 2. utg. Stockholm: Natur och Kultur, 1988 (1964).⍽▢⍽ Gamle svenske ordtak samla av Christopher Larsson Grubb (1594-1681) er gitt att på notidssvensk og i tillegg godt forklart. Desse ordtaka har hatt betydeleg historisk verdi ved å syne at mange ordtak har røter langt bakover. Boka verkar eksemplarisk. Eit døme: "Den som tar trull för gull, han behåller trullet när borta är gullet (s. 30)." "Trull" er variant av troll, og figurativt nokon som ikkje er fullverdig Mensch (jiddisk). Å behalde og gjerne verne om sunn Menschlichkeit ligg under mangt og mykje i ordtakfloraen, som i åtvaringa ovanfor. Det er ein del av livskunsten innan det større prosjektet "Eit menneske blei født, levde og døydde" (Charles M. Schultz). [Jf. About.com, s.v. "Mensch"].

I blanding

Akiyama, Aisaburo. Japanese Proverbs and Proverbial Phrases. 3rd ed. Yokohama: Yoshikawa Book Store, 1940.

Andreae, D. et al. Citatboken. Stockholm: Natur och Kultur, 1986.⍽▢⍽ (Ei stor samling med strofer, ordtak o.a. frå Europa.)

Holbæk, Bengt & Iørn Piø. All världens ordspråk. Stockholm: Informationsförlaget, 1984.⍽▢⍽ (Opphavleg ei dansk samling som er omsett til både svensk og norsk.)

Jensen, Brikt, red. Ordspråkleksikon. Tr. Gunnar Gjengset. Oslo: Schibsted, 1996. ⍽▢⍽ (Opphav; Carsten Bregenhøj og Solveig Pått: Politikens Ordsprogleksikon.)

Anna tilfang

Koestler, Arthur. The Act of Creation. New York: Dell, 1967.

Maslow, Abraham. Motivation and Personality. 3rd ed. New York, HarperCollins, 1987.

Maslow, Abraham. Religions, Values, and Peak Experiences. Columbus: Ohio State University, 1964.

Maslow, Abraham. Toward a Psychology of Being. New York: Van Nostrand Reinhold, 1968.

Mieder, Wolfgang (hovudred.), Stewart A. Kingsbury, og Kelsie E. Harder. A Dictionary of American Proverbs. (Paperback) New York: Oxford University Press, 1996.

Rommetveit, Magne. Med andre ord: Den store synonymordboka med omsetjingar til nynorsk. 3. utg. Oslo: Det Norske Samlaget, 2007.

Sirnes, Tollak. - at vi skal elske hverandre. Oslo: Gyldendal Fakkelbok, 1968.

Smith, Eliot Randall, og Diane M. Mackie. Social Psychology. 2. utg. Hove: Psychology Press, 2000.

Høyet i hus

På mange sider er det små teikn i teksten: parentesar, symbol, tilvisingar og anna til nytte for mykje "høyberging": (1) Teiknforklaringar; (2) Handtering av tørka fôr.

Svenske ordspråk, svenska ordspråk, opp Seksjon Sett Neste

Svenske ordspråk, svenska ordspråk BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]