![]() |
Danske soger. Innleiing | |||||
| 13 1 6 | ||||||
|
Bak segneneCarl Ewald
Carl Ewald (1856-1908) var dansk forfattar og son av den danske forfattaren H. F. Ewald. Carl blei født og voks opp i Bredelykke ved Gram i Slesvig, under tysk styre. Faren flytta med familien til Elsinore i Danmark i 1864 fordi han ikkje orka å leve under tyskarane, og sende Carl på høgskolen i Fredriksborg nær ved. Han håpte sonen ville gå inn for ein respektabel karriere, men Carl begynte som journalist knytt til Politiken dagblad - Snart blei Carl Ewald kjent som munter og vittig satirikar i stand til både groteske overdrivingar og komiske innfall: han skreiv ein serie romanar som blottla hyklinga og korrupsjonen i det danske samfunnet. Gjennom 1880-talet innlemma han det darwinistiske grunnsynet i tre samlingar med humørfylte og fantasirike naturhistoriske eventyr han skreiv. Folk tok så vel imot dei at han skreiv tjue eventyrsamlingar til, frodig til det siste, og dessutan omsette han Grimm-brørne si samling til dansk i 1905. Året etter, i 1906, blei segnsamlinga Eventyrskrinet gitt ut. Ewald skreiv med fokus på overleving for dei best eigna, strid mellom sosiale klasser, og opplysning. Rundt 1900 var Carl Ewald den viktigaste danske eventyrskrivaren i Europa etter Hans Christian Andersen. I motsetnad til Andersen var ikkje Ewald optimistisk, men heller barskt realistisk, og forteljingar av han sluttar neppe lykkeleg. Dermed blei dei godt mottekne i Tyskland på 1920-talet, der nøda var stor på den tida. Verka hans kom etter kvart i omsetjing til Storbritannia og Sambandsstatane. Det finst 93 danske utgivingar etter han. Og Eventyrskrinet: gamle sagn og eventyr frå 1906 inneheld gamle soger som Ewald fortalde på ny. På dansk heiter dei trettito sogene dette: Morgendug af Enge, Ønsket, De falske vidner, Hr. Ole, Signete, Pigen, der kunne tie stille, Bondevætte, Fanden, Viberne, Anders Bost, Den kønne Marie, Heksen, Ellepigen, Lykkeper, Brudekransen, Mette Gåsepige, De tre kors, Det lykkeligste menneske, Nærig Per, Smeden fra Hammerum, Præstekonens synd, Karen, Maren og Mette, Utak er verdens løn, Potten, Fruentimmerne, Tossejens, Prins, Per og Poul, Den lange næse, Det går nok, Soldatens bibel, Den gamle soldat. Vilhelm ØstergaardVilhelm Østergaard (1852-1928) var forfattar og professor. Blant mykje anna han gav ut, er Danske Sagn og Historier. Evald Tang KristensenDet blir greidd ut om Kristensen på ei anna side, med oversyn over dei fleste alle verka han fekk gitt ut. |
|
© 20092011, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |