![]() |
Danske soger
| ||||||||||||||||||
|
Fæle, danske greierFor dei som likar filmar som "Olme beist" og somt av Monty Python, kan kanskje desse danske sogene gjere susen, og kanskje ikkje.
Enno ikkje giftNår jentene er atten, syng dei, "Mi sjel, gled deg," og er glade. Men når dei blir tjuefem og enno ikkje gift, tek dei til å sukke, "Gud, kor lenge gløymer du meg?" Og når dei blir tretti utan å bli gift, seier dei, "No er alt håp og all trøst forbi." Den lykkelegasteEin gong reiste kongen av Danmark frå Nord-Jylland til Sør-Jylland. Mørk i hug med rynker i panna rei han vegen mot Haderslev. Ingen av mennene som var med han, våga å snakke til han. Ingen visste kva som tyngde han, men alle skjøna at det kunne vere farleg å forstyrre han. Bøndene som følgjet rei forbi, strauk huene av hovudet, men kongen såg dei ikkje. Ein kronhjort hoppa over vegen, men kongen ensa det ikkje. Då nikka heller ikkje hoffolka til bøndene, og let hjorten springe sin veg. Det var kveld då dei kom fram til Haderslev. Kongen blei sitjande på hesten og stire ut i lufta. "Erland," sa han. Erland, som var favoritten til kongen, rei straks bort til han og spurde kva kongen ønska. "Ikkje noko," sa kongen. "Eg tenkjer berre på kor lite verdt kongelykke er, skjør som den er." Ein salme dei kunneEin morgon då folka på Vesle Terpgard kom inn og skulle ha formiddagsmat, hørte dei nokon som song ein salme i stua ved sida av. Men då kona på garden kom i hus, slutta songen.Kona døydde kort etter. Under gravferda hennar song dei same salmen. Det tykte folk var underleg. Den svarte puddelen gøyddeDå eg var femten-seksten år gamal, fekk stefar min vondt i halsen og blei alvorleg sjuk. Han fekk så nokon til å skjere seg i halsen, men den blei ikkje betre av det. Han blei sant å seie så sjuk den gongen at vi trudde han skulle døy. Vi henta lege til han og sat med han kvar natt.Ei natt sat Maren, eldste syster mi, der. Ho var tjueto år då. Mens ho sat der ved midnattstid, fór den svarte puddelen som låg i døropninga, ut i garden og gøydde. Så kom ei vogn køyrande inn på tunet og rundt omkring der ute. Maren gjekk bort til vindauget, men kunne ikkje sjå noko, og det blei ikkje til meir heller. Neste dag fortalde ho kva hunden hadde gjort og kva ho hadde hørt utfor dør, og no trudde vi alle at stefar min skulle døy, og at det var varsel om det som ho hadde hørt. Men han kom seg, og det er over tretti år sia. Dansk mystikkEin dag sat eg inne i daglegstua ved bordet, og eit par av barna sat der også. Det var ei lita skuffe i bordet, og i skuffa låg saker som hørte til symaskinen. Det låg noko sygarn i skuffa. Med eitt blei garnet løfta om lag tretti centimeter i vêret utan at nokon rørte det. Samtidig dukka eit stykke lerret opp ved sida av."Kva var det der?" sa barna, "garnet kom jo høgt opp i lufta utan at vi rørte det." "Ja," sa eg, "eg såg det også, men eg veit ikkje korleis det kan han seg." No hadde vi ei lita jente også. Kona mi hadde sydd ei kvit trøye til henne. Grannekoner kom til og ville hjelpe til, og så sa den eine: "De har visst gløymt å sy i ein knapp ved halsen." Då gjekk kona mi inn til bordet i daglegstua, drog ut skuffen og sydde i knappen med ein tråd ho tok opp av skuffa. Det stod ho ved bordet og gjorde. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] Omsetjing og design, © 2009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||