Norsk del, Gullvekta
Folkeviser: Danseviser
Seksjon › 16 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Innleiing

Folkedans-viser er kjekke og toler mykje bruk. I boka Norske dansevisur (1923, 4-5) deler Hulda Garborg (1862-1934) inn danseviser slik:

  1. Gamle viser
  2. Skjemteviser og andre viser frå nyare tid
  3. Leikar
  4. Marsj-songar
  5. Stevleik

Andre deler inn på anna vis.

Muntre og andre viser

Å, vesle Kari vår

Å, vesle Kari vår, så lita som hu går,
Hu lokka ein kar ifrå Hallingdal
Med sale og med hest
og med sylvknappa vest.
Med gullstava hår og med sprotabelte på.
Å, teleguten visste sitt eige beste,
Kaupte seg ei drift med fe og med heste.
Føre kom Kari lullands og lokkands,
Etter kom teleguten diltands
og hoppands
på silkesokka.

Ola Glomstulen

/: Ola Glomstulen hadde ei gamal grå geit. :/
Å kjære mi Kari, gjer pølsa vel feit,
for i morgon skal Ola Glomstulen gifta seg.

/: Ola Glomstulen hadde ei fingerbjørg malt, :/
Å kjære mi Kari, du bryggar vel alt;
for i morgon skal Ola Glomstulen gifta seg.

/: Ola Glomstulen hadde so lang ei brureferd, :/
ho nådde frå Solum til Gråten hjå Blehr;
for i morgon skal Ola Glomstulen gifta seg.

[Liestøl 1925, 95.]

Eg ser deg utfor gluggen

(Gjenta voggar vesle bror sin og syng.)

Eg ser deg utfor gluggen, kjær søte venen min!
Eg kjenner deg på skuggen, du kann kje sleppe inn.

I kveld eg gløymde no kubben å reise;
eg meiner den guten er bindande galen,
som ikkje kann høyre,
at far han er heime,
kjær søte venen min.
Suril, suril, suril, suril, lei.

2. Å ljåen ligg i engi,
og far han ligg i sengi.

3. Å riva ligg på taket,
og far han ligg og vaker.

4. Å akte deg for Skjegge,
og øksi heng på veggje.

5. Å fryse du på fotom,
- kjær søte venen min -
so gakk då burt til fjoset,
der kann du sleppe inn.

(Faren reiser seg i sengi og spør: "Kva segjer du?")

Dotteri:

6. Eg må so mykje låte,
- kjær søte venen min -
at barnet skal 'kje gråte.
Du kann kje sleppe inn.

7. Imorgo fyrr hanen gjel'e,
- kjær søte venen min -
ligg far ved kverni og mel'e,
då kann du sleppe inn.

I kveld eg gløymde no kubben å reise;
eg trur no den guten er bindande galen,
som ikkje kann høyre,
at far han er heime,
kjær søte venen min.
Suril, suril, suril, suril, lei.

Hulda Garborg 142-43]

Blåmann

Blåmann, blåmann bukken min,
tenk på vesle guten din.
Bjørnen med sin lodne fell
kan deg taka seint i kveld.

Gamle Lykle, moder di,
seint kom heim med bjølla si.
Så ikring seg ho mund' sjå,
liksom der var fare på.

Det såg ut som der var naud,
kanskje no du ligger daud.
Tidt du dansa kringom meg,
mangt eg rødde då med deg.

Når eg låg som blind og dauv,
grov de på meg med di klauv.
Ja du ville vekkja meg
opp til leiken din med deg.

Du var sprek og glad og god,
all mi ros du vel forstod.
Tidt du veit eg sa til deg,
"Han veit meir enn mata seg."

Blåmann, blåmann, svar meg no,
mekra med ditt kjende ljod.
Ikkje enno, blåmann min,
må du døy frå guten din.

Gammal julebukkvise

Sunge til leik i Bergen så seint som 1860. Omsett til nynorsk av H. G. Tone: Bukkevisa. - Julebukk-leikane er minningar frå Torsdyrkinga si tid. [Garborg, s. 164n.]

/: Bukken uppå Elias topp, :/
der stal han seg ein saueflokk,
Killa bukken min! Killa bukken!

(Bukken seier "Bæ!" etter kvart vers.)

2. /: Bukken uppå Elias fjell; :/
der datt han ned og slog seg i hel. (osb.)

3. Å kva vil du gje meg for bukkens skjegg?
Eg skal gje deg ei tunne egg.

4. Å kva vil du gje meg for bukkens horn?
Eg skal gje deg ei tunne korn?

5. So breidde de på han den kappa raud;
det gjorde for bukken var daud.

6. So breidde dei på han den kappa kvit;
det gjorde dei for bukken var lik.

7. Upp sprang bukken og riste sitt skjegg,
hoppa og dansa på femtande vegg [1]
Killa bukken min!

(Bukken: Bæ!)

[1] Her spring bukken opp og stangar etter store og små.

Eg rodde meg ut på seiegrunnen

Eg rodde meg ut på seiegrunnen
det var om morgonen tidleg.
Då kom han Olav frå Kåremunnen,
og lagde båten for ile.
Då dreiv eg til han med fiskestongi,
så'n datt i uvitet bak i rongi.
Eg vart so glad, tok til og kvad,
eg rådde grunnen åleine.
Sureli sureli sureli leia.

[Liestøl 1925, s. 98.]

Han Mass og han Lasse

Visste du?: "Han Mass og han Lasse" blei brukt til fanfare (ved Johannes Hanssen) for vinter-OL i Noreg i 1952.

Han Mass og han Lasse dei gingo på råd

trio heile dagar til ende,
korleisno dei skulde bamsen få:

"Me skal skjot 'n", sa han Mass;

"selja hudi", sa 'n Lass.
"Segje du det!" sa 'n Mass te 'n Lasse.

Og Mass spende bogen upp fyr kne

trie heile dagar til ende.
So skaut 'n bjønnen, so han datt ned.

"Eg trur 'n datt", sa han Mass.

"Kom, tak fatt", sa han Lass.
"Segje du det!" sa'n Mass te 'n Lasse.

Han Mass drog bjønnen til Hosløse by;

trio heile dagar til ende,
der stod ei bikkje og gapa i sky.

      "Vil ho bite?" sa 'n Mass.

"Ho er kje å tru på", sa 'n Lass.
"Segje du det!" sa'n Mass te 'n Lasse.

Og Mass slo kloa i bikkje-skinn;

trio heile dagar til ende,
so rengde han ut, det som før var inn.

"No er ho dau", sa 'n Mass.

"som ein saud", sa 'n Lass.
"Segje du det!" sa'n Mass te 'n Lasse.

Han Mass drog bjønnen til Hosløse Hus;

trio heile dagar til ende,
og der var no mykji sus og dus.

      "No vil me drikke", sa 'n Mass.

"til me sturte", sa 'n Lass.
"Segje du det!" sa'n Mass te 'n Lasse.

Og Mass han koka ein rjomegraut;

trio heile dagar til ende,
og femtan kjeringar i smøre flaut.

      "Han er feit", sa 'n Mass.

"Han er heit", sa 'n Lass.
"Segje du det!" sa'n Mass te 'n Lasse.

Han Mass sette øltunna uppå bord;

trio heile dagar til ende,
so slo 'n i halsen kvar einaste tår.

      "Tvi so du drakk!" sa 'n Lass.

"Eg var tyrst", sa 'n Mass.
"Segje du det!" sa'n Lass te 'n Masse.

Då vart 'n Lasse so vreid som ein tysk;

trio heile dagar til ende,
han sputta og banna som han vore rysk.

      "Du ska blø", sa 'n Mass.

"Lat oss slåst!" sa 'n Lass.
"Segje du det!" sa'n Mass te 'n Lasse.

Og Lasse drog ut sin store tolekniv,

trio heile dagar til ende,
so kjøyrde 'n den i Masse's liv.

      "Au, au!" sa 'n Mass.

"No er du daud!" sa'n Lass.
"Seier du det!" sa han Mass til han Lasse.

[Garborg 1923, 67-69]

Eg gjette Tulla

Eg gjætte Tulla i femtan år,
eg passa vel på Tulla.
Eg gjette burt både lamb og får;
men endå hadde eg Tulla.

Refreng
Å hei, å hå, det fær so gå,
eg tregar meste på Tulla,
for ho var krulla i ulla.

Eg gjætte Tulla burt i ei lid,
der var so lite til beite.
Eg gjekk og lokka på Tulla mi
og etter grase mun leite.

Og so kom skrubben laskande fram,
då fekk eg kaupmann til Tulla,
og akkederingi var kje lang,
og penningan' var kje mange.

Eg fekk 'kje meire av Tulla mi
enn ein liten flekk utav blodet.
No kjem eg aldri til Fagerlid
um der er gras nok og gro'e.

Per spelmann

Per spelmann han hadde ei einaste ku,
Per spelmann han hadde ei einaste ku.
Han bytte bort kua, fekk fela igjen,
han bytte bort kua, fekk fela igjen!
"Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!"

Per spelman han spela og fela ho lét,
så gutane dansa og jentene gret.

"Og om eg vert gammal som stein under bru,
så aldri eg byter bort fela for ku.

Og om eg vert gammal som mose på tre,
så aldri eg byter bort fela for fé.

Og om eg vert gammal som skorpe på graut,
så aldri eg byter bort fela for naut.
Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!"

Pål sine høner

Pål sine høner på haugen ut sleppte,
hønene lett over haugen sprang.
Pål kunne vel på høna fornemme,
at reven var ute med rumpa så lang.
Klukk, klukk, klukk, sa høna på haugen.
Klukk, klukk, klukk, sa høna på haugen.
Pål, han sprang og vrengde med auga,
"No tor eg ikkje koma heim åt ho mor.

Ikkje åt ho mor, og ikkje åt han far,
og ikkje åt ho syster, og ikkje åt han bror
no må eg no reise frå heile den gard."

Situasjonsbilete

Folkevisa GARDSGUTEN Pål sleppte ut hønene sine på haugen, men hønene sprang vekk frå han. Pål skjønte då at reven var i farta; det var den dei hadde sansa.

"Klukk, klukk", sa hønene, mens Pål sprang og prøvde å få dei innomhus for å berge dei før reven tok nokon av dei.

Pål rengde auga mens han sa, "No torer eg ikkje komme heim til far og mor og syskena mine. Eg trur eg er nødt til å reise heimanfrå!"

Det er ikkje alltid lett å samle skremde høner.

Bukkevisa

/: Å bukken var brokut og bukken var svart. :/
Å bukken vart burte på ei laurdagsnatt.
Killa bukken min, ser du geita!

/: Den lange han leidde, den stutte jaga på; :/
so må du fulla tru, at den bukken laut gå.
Killa bukken min, ser du geita.

/: Dei toko den bukken og la'n på ein krakk. :/
Den stutte han heldt 'ti, og den lange han stakk.
Killa bukken min, ser du geita.

/: Å nordanfor garden der renn det ei å; :/
der skjulde [1] dei tarman' både store og små.
Killa bukken min, ser du geita.

/: Å skinne det hengde dei attum ei dør. :/
Der ha' det fulla hongi eit skinn hell' noko før.
Killa bukken min, ser du geita.

/: Å kjeringa på sætra ho kokte seg kål; :/
ho gjord' bonom sine beta tå eit bukkelår.
Killa bukken, ser du geita.

[1] skjulde (av skylja): skylde.

[Garborg 74]


Enklare variant: Og bukken var brokut
Og bukken var brokut, og bukken var svart,
Og bukken var brokut og bukken var svart.
Og bukken vart borte på ei laurdagsnatt.
Killebukken min, ser du geita.

Og nedfor ein bakke og oppfor ein dal.
Og nedfor ein bakke og oppfor ein dal.
der budde dei karane som bukken stal.
Killebukken min, ser du geita.

Den lange han leidde, den stutte jaga på.
Den lange han leidde, den stutte jaga på.
Og så veit du fulla det, at bukken laut gå.
Killebukken min, ser du geita.

Kråkevisa

Og mannen han gjekk seg i vedaskog -
Hei fará, i vedaskog.
Då sat det ei kråke i lunden og gol.
Hei fará. Faltu riltu raltu ra.

Og mannen han tenkte med sjølve seg -
Hei fará, med sjølve seg:
"Skal tru om den kråka vil drepa meg?"
Hei fará. Faltu riltu raltu ra.

Og mannen han spente sin boge for kne -
Hei fará, sin boge for kne.
Så skaut han den kråka så ho datt ned.
Hei fará. Faltu riltu raltu ra.

Så spente han føre dei folane tolv -
Hei fará, dei folane tolv.
Så køyrde han kråka på lovegolv.
Hei fará. Faltu riltu raltu ra.

Av tarmane laga han tolv par reip -
Hei fará, tolv par reip.
Og klørne dei brukt' han til møkkagreip.
Hei fará. Faltu riltu raltu ra.

Av skinnet så laga han tolv par skor -
Hei fará, tolv par skor.
Det beste paret det gav han til mor.
Hei fará. Faltu riltu raltu ra.

Av augo så laga han stoveglas -
Hei fará, stoveglas.
Og nakken den sett' han på kyrkja til stas.
Hei fará. Faltu riltu raltu ra.

Av nebbet så laga han kyrkjebåt -
Hei fará, kyrkjebåt,
så folk kunne ro både til og frå.
Hei fará. Faltu riltu raltu ra.

Og munnen den brukt' han til mala korn -
Hei fará, mala korn.
Og øyro dei hadd' han til tutarhorn.
Hei fará. Faltu riltu raltu ra.

Og kjøtet det salta han i tønner og fat -
Hei fará, i tønner og fat.
Og tunga den hadd' han til julemat.
Hei fará. Faltu riltu raltu ra.

Og hjartet det sette han på fiskekrok -
Hei fará, på fiskekrok.
Og ingen har sett slik ein fisk han drog.
Hei fará. Faltu riltu raltu ra.

Og då det ikkje var meire å ta -
Hei fará, var meire å ta,
så drog denne kar'n til Amerika.
Hei fará. Faltu riltu raltu ra.

Og den som kje kråka kan nytta så -
Hei fará, kan nytta så.
Han er ikkje verd ei kråke å få.
Hei fará. Faltu riltu raltu ra.

Bjørnen sover (barnesong)

["Bjørnen" ligg i midten mens dei andre barna held kvarandre i hendene og går rundt "den" mens dei syng:]

Bjørnen sover, bjørnen sover i sitt varme hi.
Bjørnen sover, bjørnen sover i sitt varme hi.
Han er ikke farlig,
når man blott er varlig,
men man kan dog,
men man kan dog
aldri på ham tro.

[Då "vaknar" bjørnen med eitt og ser arg ut, alt mens den renn etter dei andre til han har fanga nokon som blir den nye bjørnen.]

Heimreisa frå sætra

Edvard Storm

Os ha gjort kva gjerast skulle, ysta ost å kinna smør,
nå står att å kløyvja øykjom, setja lås for sæterdør.
Korkje finst her meire føe her for heie hell for krist,
gla æ os, os slepp åt bygden, meire gla æ kue visst.

Farvæl mark, som fenan gnågå, der eg gjætte mang ein gong;

Farvel skog, som ofte joma tå min lur å stut å song!
Farvæl hulder, som der budde, fløt nå du 'ti sæle inn:
Vinters ti æ ilt å ligge ute bå for vær å vind.

Kom nå alt ti sætre finnast, kom å fylg åt bygden ne!
Heile jore æ nå røjugt, kvart eit strå høyr fenan te;
Skund døkk, folke venta heime, bufærslefsa vil døm hå.
Her æ inkje meire gjera! Folk å fena, læt oss gå!

Astrid, mi Astrid

Omdikting etter Horats (65-8 fvt [før vår tidsrekning]) ved Hans Hanson

Astrid, mi Astrid, som eine held tå meg,
den tid du var meg so inderleg god!
Den tid du gret kvar ein gong eg gjekk frå deg,
som var kvar laurdags-kveld, minst du det no:
/: då var i bygdi eg sælaste gut,
inkje eg bytte med prest eller fut. :/

"Den tid du heldt utav Astrid åleine,
då inkje Svanaug var vænar' for deg;
den tid du var no so snøgg'e på beini,
då du kvar laurdags-kveld ila til meg;
/: inkje med skrivarens dotter ha' eg
den gongen byta, skuld' eg missa deg." :/

"Heretter berre til Svanaug eg belar,
ho som er alltid so godsleg og blid,
ho som so gildsleg på langleiken spelar,
Svanaug den væne skal no vera mi:
/: gjerne so vilde eg tvo gonger døy
når eg kund' gleda mi vænøygde møy." :/

"No held eg berre 'tå Torgrim den flinke,
eismall eg vald'n blant belarar fleir.
Sveinung, ja Sveinung! du tarv no slett inkje
tenkja at eg kan få hug til deg meir:
/: tri gonger måtte dei slå meg i hel
når eg berr' visste at Torgrim var sæl!" :/

"Men um eg skulde no Svanaug forlate,
og um eg kom ho 'kje meire i hug,
og um eg skulde til deg koma atter,
um eg til Astrid igjen skuld' få hug:
/: um eg no banna at eg vart deg tru,
Astrid, mi Astrid! kva svara då du?" :/

"Vænar' enn soli som glar bakum fjellet,
det er han Torgrim, kann eg segja deg.
Og du er argar' enn villaste trollet,
falskar' enn skumet på vatnet mot meg. -
/: men eg er likvel di trugnaste møy;
berre med deg vil eg liva og døy." :/

Den bakvende visa

Å ikkje jenke seg og vere konform i eitt og alt kan bli del av den farlege striden.
Eg beisla min støvel og sala mitt sverd
så batt eg merra ved sida,
så reidde eg meg til kattemordsferd,
skulle standa den farlege strida.
Eg låg og eg datt, eg drøymde i natt,
eg totte den visa var bakvendt radt.

Og reven var raud og ikorn var snau,
det var to dyr uti skogen.
Der stod to ikorn og tamde ein bjørn,
dei ville vel ha han for plogen.
Eg låg og eg datt, osv.

Og laksen opp i furutopp,
han braut smålauvet av greiner,
og ikorn ned på havsens botn
skulle bryta opp store gråsteinar.
Eg låg og eg datt, osv.

Så kom der fram ein gamal blind mann,
skulle sjå kor det leid no med tida,
og månen han gol og stjernene song,
og gauken han skein bort i lia.
Eg låg og eg datt, osv.

Så gjekk eg meg til kyrkjehus,
der stod to messar og presta,
det brann ein klokkar og song to ljos,
der ringde to raudmåla hestar.
Eg låg og eg datt, osv.

Innhald


Danseviser, folkeviser, litteratur  

Bø, Olav, og Svale Solheim, redr. Folkeviser 1. 3. utg. Oslo: Samlaget, 1967.

Bø, Olav, og Svale Solheim, redr. Folkeviser 2. 3. utg. Oslo: Samlaget, 1959.

Norske dansevisur. Ved Hulda Garborg. 4. auka utg. Kristiania (Oslo): Aschehoug, 1923.

Norske folkedansar I: Dansevisor. Ved Knut Liestøl. 3. auka utg. Oslo: Noregs ungdomslag, 1925.

Danseviser, folkeviser, opp Seksjon Sett Neste

Danseviser, folkeviser BRUKARGAID: [Lenke]
© 1999–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]