Norsk del, Gullvekta
Bodhidharma
Seksjon › 6   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Bodhidharma Crossing the Yangzi River on a Reed. by Kano Soshu, Momoyama period, seint 1500-tal, Japan, hengerull, tusj på papir. Modifisert detalj. Originalen er i Metropolitan Museum of Art

Bodhidharma

Dei heilage skriftene fortel at vonde gjerningar før fram [framkallar] bry, vanskar, motgang og spetakkel, og gode gjerningar gir velsigningar. - Bodhidharma

Berre ein av ein million blir Opplyste uten ein heilag lærars hjelp. - Bodhidharma

Søkande er blitt narra. (Utleiing frå: "Folk her i verda er ført bak lyset. Dei lengtar alltid etter noko - dei søker alltid.") - Bodhidharma

Litt frå Bodhidharmas Blodflaum-preike

Buddha brukte det handfaste til å representere det heilt fine (sublime). - Bodhidharma

Buddhaar praktiserer ikkje tull og tøys. - Bodhidharma

Berre dei kloke kjenner hugen, denne hugen som blir kalla rettferds-vesenet og blir kalla frigjering. - Bodhidharma

Om du ikkje sannar ditt eige vesen, er dykkinga di innover ikkje god nok. - Bodhidharma

Du er gåande, snakkande og sovande Kjernevesen. - Bodhidharma

Vegen blir etter kvart ordlaus. - Bodhidharma

Merksemda ved hugen er utan grenser. - Bodhidharma

Om du ikkje føler ditt eigen vesen, bør du ikkje gå omkring og kritisere det gode ved andre. - Bodhidharma

Nirvana er hugen djupt innvendig. - Bodhidharma

Kva tener heilage skrifter til? Den som finn sitt eige vesen, finn Vegen [Tao], enda om han ikkje kan lese eitt ord. Den som sannar sitt eige vesen, er ein Buddha [det er, Vakna, Opplyst], ein Essensialist. [Fork.] - Bodhidharma

Berre å sitere skrifter er ikkje å sanne eige vesen. Bodhidharma, mod.

Det er berre no. (dvs. Berre noet finst). - Bodhidharma

Folk som ser at hugen deira er Buddha [d.e. Vakna], treng ikkje å rake hovudet [på munkevis].

Om Bodhidharma

Bodhidharma var ein buddhistmunk som levde på 4-500-talet e.Kr. Han kom til Kina utanfrå og blei kalla "den blåøygde barbaren" i somme kjelder - han blei ikkje helsa hjarteleg velkommen av kvar og ein. Men sidan har han blitt halden for å vere far til japansk zen-buddhisme. Det finst lite om han frå samtida hans, og historier om han har blitt pynta på i den grad at dei går for segner.

Kor kom Bodhidharma frå? Somme kinesiske kjelder seier Persia, og fleire kinesiske kjelder at han var kongsson frå Sør-India.

Når kom han til Kina? Det finst ulike versjonar om det også. Ei tidleg oppteikning fortel han kom mellom 420 og 479, i Liu Song-dynastiet si tid. Seinare kinesiske kjelder fortel han kom til Kina mellom 502 og 557, i Liang-dynastiet si tid. Granskarar i vår tid har komme til at han kom til Kina på tidleg 400-tal e.Kr.

Kor i Kina var han mest aktiv? I Nordre Wei, Nord-Kina. I den tida han kom til det riket, var folk der mottakelege for framande tankar og buddhisme i sær. Buddhisme klarte å klore seg fast der då, og kom til å få kinesiske kjenneteikn gjennom vekselverknad i lang tid med kinesisk taoisme. Den forma for buddhisme som heldt stand og blei ført over til Japan mange hundre år etter, heitte Chan på kinesisk. Namnet blei til zen på japansk. Det er altså ei buddhistretning. Under overflata er zen lik tibetansk storsegl-buddhisme (mahamudra), gjer Garma C. C. Chang greie for (i Evans-Wentz 1967: xxxv-xxxvi)

Dalai Lama framhevar elles at buddhismen vann innpass i Kina lenge før han vann fram i Tibet.

Ein skimtar kanskje av segnene om Bodhidharma - Daruma på japansk - at utøvarar i ulike buddhisme-retningar truleg hadde behov for å bakke opp læra til læremeistrane sine med ein slags "apostoliske suksesjonar", der det er kjeder av patriarkar ein trekker fram. Bodhidharma er med i eit halvt dusin slike overføringskjeder, éi kjede for kvar av seks zenskoleretningar i gamle Kina (Yampolsky 1967).

Læra til Bodhidharma går inn for meditasjon - zen og chan tyder meditasjon - og ber fram idear frå mahayanske ◦Lankavatara Sutra, der Buddha taler med "Stor Visdom", Mahamati, om at det viktigaste er medvett lell.

Slik buddhisme kom Bodhidharma med - fokus på meditasjon, og lære om å gå inn for medvett klokt og hagt. Ein har funne tekstar som kan vere forfatta av han. Red Pine [pennenamnet til Bill Porter] har omsett tre sutraar derifrå.

[WP, "Bodhidharma"; "Northern Wei"; "Lankavatara Sutra"]

  Innhald  


Bodhidharma, Daruma, Zen-Buddhisme, Mahayana, Litteratur  

Bodhidharma. The Zen Teachings of Bodhidharma. Oms. Red Pine [pennenamnet til Bill Porter]. Ny utg. New York: North Point Press / Farrar, Straus og Giroux, 1989. ⍽▢⍽ Ei fin bok.

Chang, Garma C. C. The Practice of Zen. New York: Perennial/Harper, 1970. ⍽▢⍽ Ei glimrande bok om kinesisk Zen, Chan.

Cleary, Jonathan Christopher. Zen Dawn: Early Zen Texts from Tun Huang. Boston, MA: Shambala, 1986.

Eshin Godfrey ofl. Bodhidharma's Teaching. Hong Kong: Tung Lin Kok Yuen, 2001.

Lago, Jane, red. The Path to Bodhidharma: The Teachings of Shodo Harada Roshi. North Clarendon, VT: Tuttle Publishing, 2000.

Evans-Wentz, Walter Yeeling, red: Tibetan Yoga and Secret Doctrines. 2. utg. London: Oxford University Press, 1967.

McRae, John. The Northern School and the Formation of Early Ch'an Buddhism.. Honolulu: University of Hawaiii Press, 1986.

Sekida, Katsuki. Zen Training: Methods and Philosophy. Boston: Shambala, 2005.

Suzuki, Daisetz Teitaro, oms. The Lankavatara Sutra: A Mahayana Text. London: Routledge, 1932.

Yampolsky, Philip, oms. The Platform Sutra of the Sixth Patriarch. The Text of the Tun-Huang Manuscript. New York: Columbia University, 1967. ⍽▢⍽ Innleiinga syner korleis kinesisk Chan greina seg i fleire skoleretningar i gamle Kina.

Bodhidharma, Daruma, Zen-Buddhisme, Mahayana, opp    Seksjon     Sett    Neste

Bodhidharma, Daruma, Zen-Buddhisme, Mahayana. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2014–2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]