| |||||||
|
"Bättre vara utan gris än gå i så trånga byxor att man gärna blöder." [Samansett frå svensk]. Ei god og avvekslande form mellom ordtaka blir kalla herme, munnhell og wellerisme om kvarandre. Ordet 'wellerisme' er oppkalla etter Sam Weller, tenaren til Pickwick i "The Pickwick Papers" av Charles Dickens. Etter eit ordspråk, ein regel eller eit anna munnhell, blir det lagt til noe à la "sa han", og så blir det lagt til enda noko, som kan kaste både pussig, pinleg og overraskande lys over det som er sagt. Døme: "Store menn har store feil, sa tjuven, han skunda seg å bere ut alt sølvtøyet frå ein heim og gløymde smykka." Det er mange munnhell over slik lest. Øvst på sida står eit nylaga ord over ein meir utbrodert leist. Det finst neppe noko ord på denne diktforma, der ein set saman brokker og fraser og heile setningar og anna frå mange slags kjelder. Det kan bli frodige stubbar av det til sist, berre ein vågar å gå inn for det og resultata blir velgjorte. Det viser seg iallfall at det er ganske mange vegar til ei underhaldande historie.
Her på sidene finst døme på ulike samansetjingar. Noko av tilfanget er med andre ord eksperimentelt. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE] © 19992009, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |