![]() |
Norske ordspråk etter Ivar Aasen | ||||||||||||||||||
|
Utvalde munnhell186 munnhell etter Ivar Aasen.
Alt monnar, sa musa, ho pissa i sjøen [217]. Beina stikk ikkje i han (han er feit og fyldig) [195]. Berre gift deg, sa mannen; han såg katten leika seg. jf. Den som har for godt, skal gifte seg [203]. Byte som brør (med lik velvilje) [197]. Då var det ein annan vind i skyene (då hadde stemninga endra seg) [233]. Då visste eg kva klokka hadde slått (då merkte eg korleis sakene stod) [211]. Dei er reint ut på marka komne (ganske forarma, så godt som husville) [216]. Dei er sure, sa reven om rognebæra; han kunne ikkje nå dei [228]. Dei fer over det med ein harefot (svært lauslig) [206]. Dei heng i hop som humlestilkar (eller erteris) [206]. Dei har årene sine ute (dei er i rørsle for å passe høvet) [194]. Dei har ei høne å plukke (ein tvist å avgjøre) [209]. Dei har ikkje bratte brauter å gå [196]. Dei lever i hop som hund og katt (i kiv og strid) [215]. Dei ligg under lokk (er døde og gravlagt) [214]. Dei pløyer på stormyra (på havet) [227]. Dei pryder seg med fremmende fjør (med lånt pryd) [219]. Dei ror kvar sin båt (strever kvar til sin side; der er inga semje mellom dei) [220]. Dei sette seg på bakføtene (Dei budde seg til motstand) [194]. Dei setter opp nasen og seier nei (dei nektar å lyde) [218]. Dei skyt på same skiva (har same formål) [224]. Dei slår det bort i vind og ver (dei ensa det ikkje) [233]. Dei syng på siste verset (er snart ferdige) [228]. Dei vaska han vel på baken (Dei baktala han dyktig) [194]. Dei ville gjøre ramnemat av han (ville øydeleggje han) [219]. Den eine held og den andre slår (dei er like skuldige) [205]. Der blei lusa lurt, sa mannen; han brende opp skjorta si [215]. Der det er mange hender, er mange munnar [236]. Der er mange krokar og flokar (forviklingar). [212]. Der fekk han vatn på mølla si (blei styrka, fekk eit gunstig høve) [232]. Det blir no inga moro før eg kjem, sa tjuven; han såg folket gjekk til galgen [217]. Det er alt det same, sa mannen; han steig opp på hesten og datt ned på den andre sida [221]. Det er anten ofsen eller vansen (Det blir anten for mye eller for lite) [218]. Det er beint fram som fot i hose (enkelt) [195]. Det er berre frå hand og i munn (ikkje meir enn du straks kan ete) [206]. Det er den tida då mjølka kryp opp i horna (tida med knapt fôr, då det vankar lite mjølk) [216-17]. Det er det som munkane slåst om (det er nettopp knuten, det som noen ikkje blir einige om) [217]. Det er ein overgang, sa reven; dei snudde skinnet på han [234]. Det er ein vegg or huset (ein viktig del er vekk) [232]. Det er eit langt lerret å bleike (den saka vil ikkje så snart bli avgjort) [214]. Det er for lite til troll og for mye til menneske (om ein ufredelig, slem person) [230]. Det er godt alt saman; først det eine og så det andre, sa mannen; dei spurde kva slags vin han ville ha [204]. Det er ikkje av lunga, det er berre av tunga (er ikkje av hjertet, ikkje alvor) [215]. Det er ikkje greitt, sa guten; han fekk bek i håret [205]. Det er ikkje til å løfte foten for (ingen umak verdt) [201]. Det er ingenting i vegen for det (ingenting til hinder) [232]. Det er låkt at det er sagt, og verre at det er sant [213]. Det er langt fram, sa tjuven; han skulle til galgen [213]. Det er lett å rive rote, sa kjerringa; ho reiv øyret av den andre [221]. Det er mange berg i vegen (der er store hindringar) [195]. Det er mange kråker om kornet (Der er mange som søkjer etter det, eller det er mange å skifte imellom) [212]. Det er mye vondt i verda, sa guten; han skulle lære å lese [234]. Det er ofte minst verdt, som er mest vørdt [237]. Det er på god veg (det har gode utsikter) [232]. Det er som å gripe ålen om sporden (fåfengt) [194]. Det er som å kjøpe grisen i sekken (usett) [205]. Det er som å skvette vatn på gåsa (det har ikkje verknad) [224]. Det går den vegen som høna skrapar (eller sparkar. Dvs. det går tilbake) [203]. Det går inn det eine øyret og ut det andre (du hører det nok, men glømmer det straks) [235]. Det går over skrevet (det stig for høgt) [224]. Det går sniglegangen (yttarst seint) [225]. Det hører med til dansen, sa guten; han datt i koll [209]. Det har verken rot eller fot (har ingen basis) [221]. Det hender ofte slikt på sjøen, sa selen; han blei skoten i auget [207]. Det heng saman som tørr sand (det heng ikkje saman) [206]. Det kan heppe og det kan gleppe (Det kan lykkast, men det kan også slå feil) [207]. Det kan ikkje vere to soler på same himmelen [236]. Det kjem som julaftan på kjerringa (for fort) [210]. Det ligg fremst på tunga (t.d. eit namn du kjenner, men ikkje kan hugse med det same) [202]. Det skal anna til enn "kona som ligg" [193]. Det skal meir til enn to tomme hender [193]. Det somtid fell, og somtid flør (det går opp og ned). [jf. Det går opp og ned her i livet, sa heisføraren.] [199]. Det tok ein stein ifrå hjertet (var ei stor lette) [227]. Det var ein av rette berget (av den ekte sorten) [195]. Det var enden på visa (det blei utfallet) [199]. Det var på eit hangande hår (på nippet) [207]. Det var så ein stein kunne gråte (svært sørgjelig) [227]. Det veg ikkje så mye som det ruvar (er ikkje så viktig som det synest) [232]. Det vil anten bere eller breste (særlig om is) [195]. Driv naglen mens den går (nytt høvet godt) [217]. Du går då ikkje etter glør (Du har likevel ikkje så stor hast at du ikkje kan kvile litt) [204]. Du veit om ein heilag mann, men ikkje kor han bur (du veit noe, men ikkje nok) [207]. Eg skal ikkje stikke noe under stol (ikkje løyne noe) [227]. Eg skal syna han eit firkanta hol (vise han døra) [208]. Eg stod som på glør (høgst urolig og redd) [204]. Eg tregar på den gode trøya, sa kjerringa då mannen blei borte på sjøen [230]. Eg ville ikkje skjemme hendene på han (ikkje nedlate meg til å slåss med han) [206]. Eg ville ikkje tru mine eigne auge [230]. Eg ville ikkje vere i hans klede (i hans stad i den stillinga som han no er kommen i) [211]. Ein får bite seg i leppa og teie (kjempe mot harmen sin) [195]. Ein gong fager og fin, ein annan gong som eit svin [199]. Ein snurr på tråden (ei forvikling) [225]. Fare nord- og nedetter (fare ei uferd) jf. norrønt: Nidr ok nordr liggr helvegr [218]. Fattigmanns seng er snart oppreidd [236]. Fulorda er ikkje for mange; det er så mange som skal ha, sa kjerringa [jf. sladder] [202]. Gråtande friar, berrføtt smed, sta hest og stam prest: Kven likar du best? (På skotsk er eit liknande ordspråk om ei brummande ku, ei galande høne og ei plystrande jente) [159]. Gå i barndommen (bli sløv av alder) [195]. Ha auga med seg (sjå seg vel omkring) [194]. Ha bukta og begge endane (ha det heile i si makt; ha alle fordelane) [197]. Han bad om godt ver (om skånsel) [232]. Han bannar ikkje kråka (han har ikkje hjerte til å gjøre skade) [194]. Han beinlaus bankar på veggen (om vinden) [195]. Han blei raud i kammen (opprørt, hissig) [219]. Han er både bjørn og okse (er rettelig dyktig, klarer seg på alle kantar) [196]. Han er høgste hanen i korga (den fornemste i laget) [206]. Han er ikkje komen på si rette hylle (i ei stilling som kunne passe han) [209]. Han er ikkje snar i snuinga (er seinferdig) [225]. Han får gå på kattefoten (sakte, varsamt) [210]. Han får ta skeia i ei anna hand (prøve tingen på ein annan måte) [223]. Han fekk andre auga å sjå med (kom til ei anna oppfatning, fekk andre tankar om tingen) [194]. Han fekk for lang taum (for mye fridom) [229]. Han fekk lang nase (blei narra, skuffa) [218]. Han fekk verken vått eller tørt (verken mat eller drikke) [234]. Han fer som vatn i eit trau (er svært lett å påverke, svært ustadig) [232]. Han går som katten om heit graut (har god lyst, men tør ikkje gripe tak) [210]. Han gav dei ein god dag (han tok seg ikkje av dei) [197]. Han gjekk som ein dengd hund (rettelig skamfull) [198]. Han gjekk vegen og gløymde ærendet [232]. Han har det som spelemannen: Best borte og verst heime [226]. Han har eit kje i ura (Han har noe å vakte på, ein liten skatt å sjå til) [210]. Han har ikkje døravettet (glømmer å late att døra) [198]. Han har rørt i ei kvefsebol (Han har pådradd seg hat, oppegga eit parti imot seg, osv.) [212]. Han har stanga horna av seg (Han har fått nok av strid(en); han har rast ut) [208]. Han har vore ute ei vinternatt før [231]. Han kan meir enn å mate seg (kan somt som ikkje er vanlig kjent) [216]. Han kom så det plystra i nasen på han (kom brått og/eller opphissa) [218]. Han laut gå bikkjestranda (hadde ikkje båt og laut gå ein omveg) [195]. Han laut mate krabben (gi krabben mat, dvs. brekke seg av sjøsjuke) [212]. Han laut slå på ein annan streng (prøve på ein annan måte, tale i ein annan tone) [227]. Han let som ein sjø (klynka og klaga og bar seg lenge) [213]. Han legg ikkje fingrane imellom (han slår hardt) [200]. Han må vere fødd i kvernhuset (om ein som talar uvanlig høgt) [212]. Han rir ikkje same dagen som han salar (er sein) [220]. Han sel ikkje høna si i vått ver (han passer nok på den beste tida) [209]. Han ser ikkje skogen for tre (manglar overblikk, ser for mye på enkeltting) [224]. Han sit i skuld oppunder øyra (er svært forgjelda) [224]. Han sit som ei skjor på skigarden (speidande) [223]. Han skal no alltid syde opp som ei suppegryte (om eit brushovud) [Oz294]. Han skryt av ølet udrukke (for tidlig) [224]. Han slit ikkje silke (strir med armod) [225]. Han sparer ikkje på humlen (han gir rikelig av det bitre) [225]. Han tar det ikkje tungt (sørgjer ikkje over det) [228]. Han var ikkje tørr attom øyra enda (var enno berre eit barn) [230]. Han visste ikkje si arme råd (var ganske rådvill) [219]. Hardt mot hardt, sa kjerringa; ho datt i berget [206]. I dag meg, i morgon deg (du kan vente noe liknande sjølv) [197]. I mørket er alt like svart [236]. I morgon skal det smelle (skal saka avgjørast) [225]. I sju lange og sju breie (svært lenge) [233]. I slikt vatn får ein slike fiskar [232]. Ikkje heil i hovudet (ikkje rett i hovudet) [207]. Ingen kan sjå botn i han (greier ikkje å forstå kva han eigentlig meiner) [196]. Ingen veit kor haren går, sa mannen; han sette snara på taket [206]. Kan eg ikkje få det, så får eg då sjå det [eigna for tilskodarkultur] [200]. Kjem eg, så ser du meg (det er uvisst om eg kjem) [211]. Kva gjør ikkje tysken for pengar? sa mannen; han såg ein apekatt (Was macht der Deutche nicht für 's Geld?) [230-31] Kvar ein vil gjerne gi ei forklaring som er gunstig for han sjølv. [IA] [236]. Kvar si lyst, sa kjellarmannen; han drakk og hine slåst [215]. Kvinne kjenner kvinne best [236]. Lat dei gjøre det betre, som kan betre [204]. Lat dei ikkje spele deg på nasen (Gjøre narr av deg) [218]. Lat dei sigle sin eigen sjø (skjøtte seg sjølv) [222]. Leggje hovudet i bløyt (grunne på noe, studere) [208]. Leite opp att gamle tufter (besøke den førre heimen sin, eller fødestaden) [230]. Likar ikkje du meg, så får eg like meg sjølv, sa friaren då han fekk nei [214]. Lyg han, så lyg eg (når du berre seier kva ein annan har sagt) [215]. No er eg ikkje redd om hunden gjør (blir sagt når du har fått forråd i huset så du kan ta imot ein kommande gjest. Hunden gjør nemlig når det kjem fremmende) [209]. Nordavinden er kald, same kor han kjem frå, sa kjerringa [218]. På berre bakken (forarma, husvill) [194]. Rekninga kan aldri lyge, sa guten; han hadde rekna ut at han var eldre enn far sin [220]. Så feit som ein gjødd galte (eller nise) [200]. Sår er sjeldan så vel grodd at ikkje arret synest [236]. Same guten spelar same slåtten (om ein som alltid bringer same sak på bane) [205]. Sjøen tærer, sa mannen; han åt opp nista si på første halvmila [Oz294]. Slå eit slag (gjøre eit forsøk) [224]. Slå fillene sine i hop (slå seg saman, gifte seg. Om fattige folk.)[200]. Slå store boltar med lite hovud (skryte) [196]. Slå to fluger med ein smekk [201]. Som å bere vatn i eit såld (ganske unyttig) [232]. Som å bere vatn i elva (om unødig strev) [232]. Spøk med din like og ikkje med meg, sa feiaren til kolbrennaren [226]. Trøytt som ein makk [230]. Vi kom til snilt folk; vi hadde så nær fått mat (spotande om uvennlig mottaking) [201]. Vi skal alle den vegen, sa veslejenta; ho såg brurene gå i kyrkja [232]. Vi slit på tida (Vi fordriv tida med slit og slep - ofte eit svar på spørsmål om korleis det står til [225].
Å du vide verd, sa mannen; han hadde reist ei mil [233].
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 19992007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||