![]() |
Fablar av Esop og andre | ||||||||||||||||||||
|
Haren og skjelpaddaHAREN lo seg nesten skakk av å sjå på skjelpadda fordi ho kom seg så sakte fram. "Eg skjønar knapt nok at du gidd å røre deg i det heile," sa han, "for når du endeleg ein gong er framme, så er det heile over." Skjelpadda lo nokså godmodig av det og svara: "Du kan ha rett i at eg verkar treg, men likevel vil eg vedde på at eg kan komme i mål før deg. Det skal eg prove om du vågar å kappspringe med meg." Haren lo så leppa nesten sprakk, og gjekk med på veddemålet. Då starten gjekk, sette han av garde som ein vind, mens skjelpadda traska i veg langt bakom. Det var midt på dagen, og sola var varm og stod høgt på himmelen. Haren blei både sveitt og søvnig av å springe så fort. "Eg kan like godt ta meg ein liten middagslur," sa han til seg sjølv. "Eg har tid nok til det." Dermed la han seg i skuggen og sov middag. Imens traska skjelpadda vidare under middagssola. Det gjekk seint, men også jamt og trutt. Omsider vakna haren og tenkte det var ingen fare sia han ikkje fekk auge på skjelpadda. Han rende av garde nok ein gong gjennom gras og korn, over grøfter og kjerr, og snart var han nesten framme. Han kosta på seg ein ørliten kvil framfor mål for å ta eit oversyn og førebu sluttspurten. Men kva såg han? Skjelpadda hadde komme nesten heilt i mål. Den var berre ein halv meter framfor målstreken - den eine foten framfor den andre, jamt og trutt. Haren skvatt i vêret og fauk mot målet, men det var for seint. Då han bykste over mållinja, hadde skjelpadda nettopp gått forbi den. "Der kan du sjå!" sa skjelpadda. Men haren var for andpusten til å svare. ♦ Slow and steady wins the race er eit ordspråk til fabelen, men "Jamt og trutt kan oppnå mykje" er jamt sannare. Dei vandrande og gulletTO VANDRARAR gjekk saman langsetter vegen då dei såg ein pung full av gullmyntar rett framfor føtene sine. "Sjå, kva eg fann!" sa den eine og skunda seg å ta pungen opp og feste den i beltet. "Ikkje sei eg, sei vi!" innvende den andre. "Vi fekk jo auge på den samtidig!" "Nei, eg såg den først," sa den første. Slik krangla dei ei lita stund. Då kom eigaren av pungen, han som hadde mista den på vegen. "Du er ein tjuv!" ropte han mot den første vandraren då han såg pungen sin i beltet hans. "Du har stole pungen min!" ropte han høgt. "Kva gjer vi no?" spurde den første vandraren. "Det ser ut som vi får vanskar!" "Sei ikkje vi, hald meg utafor," sa den andre. "Du ville ikkje dele gullet med meg, og då vil ikkje eg dele vanskane med deg!" ♦ Somme blir snurte om ein ikkje deler goda. Vandrarane og lønnenTO MENN var på vandring saman ein varm sommardag. Sola stod høgt på himmelen, og det blei snart for varmt å gå lenger. Så då dei fekk auge på ein stor lønn i nærleiken, gjekk dei bort til den for å kvile seg i skuggen. Mens dei låg på bakken og såg opp gjennom greinene, sa den eine til den andre: "Det er eit unyttig tre. Det har ikkje frukt eller nøtter vi kan ete, og heller ikkje veden er til nytte." "Ikkje så takklaus!" rasla lauva ned over dei. "Eg er då mykje til nytte for dykk to nettopp no; eg gir svalande skugge i solsteiken. Enda kallar du meg unyttig!" MERKNAD. Det er truleg klokt å ikkje tru alt ein høyrer, men heller vere vaken for fakta. Det finst mange slags lønn (Acer). Somme er prydtre, til dømes med kraftige haustfargar. Andre (særleg sukkerlønn) tappar folk sevje av til lønnesirup. Også veden kan vere verdifull. Den blir blant anna nytta til å lage røykemat. Lønn blir også nytta i mange slags musikkinstrument fordi det leier lyd særs bra og ser flott ut. I naturen er lønnepollen viktig for honningbier. Det finst dessutan folk som et lønnefrø etter å ha kokt dei to gonger i vatn for å få vekk den beiske smaken. Det er langt meir å seie for lønn enn dette også. Vinden og solaVINDEN og sola kunne ikkje bli samde om kven som var sterkast av dei to. Sia dei ikkje kunne bli samde, ville dei prøve kreftene i ein kappestrid. "Ser du den vandraren nedpå vegen?" spurde vinden. "Den av oss som klarer å få av han kleda, er den sterkaste! Er du med?" "Greitt," svara sola. "Du først." Vinden tok til å blåse av alle krefter. Stormskyer jaga over himmelen og tre bles over ende. Lauvet fauk av stad, og greiner og kvistar knakk. Etter som vinden voks og voks, knappa mannen frakken tettare omkring seg og heldt den fast med hendene. Så var den sola sin tur. Då den kika fram bak ei av skyene, blei den kalde lufta snart varm. Vandringsmannen såg opp og var nokså forundra over det raske vêrskiftet. Sola steig stadig høgare og solskinet varma meir og meir, så ved middagstid orka ikkje mannen meir; han kasta av seg den tjukke frakken og la seg i skuggen og kvilte. "Eg tenkjer dette provar kven av oss som er sterkast," sa sola fornøgd. ♦ Ein kan vinne ved å kjempe med lempe. Bjørnen og gjetarenEIN BJØRN som streifa omkring i skogen, trakka på ein torn. Kort etter møtte den ein gjetar. Då logra den med halestubben som om den sa, "Eg søkjer hjelp frå deg." Gjetaren undersøkte bjørnen og fann tornen, la labben i fanget sitt og drog den ut. Så snart bjørnen hadde fått hjelp, gjekk den inn i skogen att. Etter ei tid blei gjetaren kasta i fengsel på grunn av ei falsk skulding, og blei dømd til å bli kasta for bjørnar som sirkusunderhaldning. Men då ein bjørn blei sleppt laus på han ifrå buret sitt, kjende den att gjetaren som hadde drege tornen ut av labben hans. I staden for å gå til angrep på gjetaren, la han labben i fanget hans. Med det same kongen fekk høyre om dette, gav han ordre til at bjørnen skulle sleppast fri i skogen att, og gjetaren skulle få nåde og komme saman med vennene sine som før. ♦ Det er vel talt som er vel oppfatta (Kanadisk). BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20002009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||