NORSK DEL, GULLVEKTA  

Innleiing til fablar av Esop og andre

 13 › 1 › 2

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Innleiing

Utvalet

Picasso
Kontakt med dyr kan starte tidleg, og å høyre dyrefablar like eins.
Fabelutvalet her er stort sett femna av "mange historier er det mogeleg å trekkje nyttelege lærdommar av".
      Ordet 'fabel' kjem frå det latinske fabula, forteljing. Ein fabel er oftast ei lita historie. Den er titt og ofte usannsynleg, for eksempel ved at dyr ter seg og snakkar som menneske. Dessutan kan ein finne viktige lærdommar i den. Nokså mange av lærdommane er etterhengte.
      Å trekkje ut lærdommar frå fablar og eventyr kan nær sagt kven som helst gjere, også barn. Sunt er det også. Det er gildt for barn og unge å kommentere fablar. Då ser ein fort at det finst mange innfallsvinklar.
      Det er ikkje alle etterhengte tankar og normer som høver forholda i vår tid og i vår del av verda: Nye tider, nye seder og nye tilpassingar, kan ein seie. Men noko gammalt gjeld enno. Det er som ein kunne vente, sia menneskenaturen ikkje har endra seg radikalt ifrå oldtida og til hit.
      Somme dyr i fablane som kjem, er heimlege innbyttarar: i staden for løva finn ein ofte bjørnen, og så bortetter. Det blir kanskje greiare å halde styr på dyra og plantane slik; iallfall har det vore vanleg å skifte ut slik før i tida. Den gamle fabelen om "Reven og druene" blei til dømes til den heimlege "Reven og rognebæra" etter ein slik leist.


"Esopsfablane"

Mange av fablane i Europa kjem frå Romarriket og Hellas, andre frå Egypt og Libya. I India finst nokså like fablar i boka Panchatantra. Somme fablar har kome til etter oldtida i ein levande forfattartradisjon.
      I Vesten har fablar ofte blitt knytt til Esop (Æsop), og desse sogene har blitt godt kjente elles på jorda også. Det er svært lite vi kan seie for sant om Esop, dersom han fanst. Han kan ha levd på 500-talet før vår tidsrekning. Dei fleste "esopsfablane" er eigentleg ikkje av han, men somme kan ha vore det. Om Esop blir det også sagt at han ikkje skreiv ned nokon fablar sjølv. Og dei som har kome til oss ifrå oldtida, er resultat av mange sitt arbeid. Sjølv Sokrates sysla med å forme fablar om til vers mens han sat i fengsel og venta på å døy.
      Den atenske filosofen Demetrius Phalereus tilverka den første Esopsamlinga om lag 300 f.Kr, og slaven Phaedrus (Fedrus) imiterte dei på latin, og så bra at keisar Augustus let han bli ein fri mann ved det.
      Talekunnige og filosofar var vane med å bruke fablane til å øve seg i å finne moralske hovudpoeng, og innbaud lærde til ordskifte om moralane i dei.
      Mange av fablane stammar frå tida etter Esop, mellom anna frå munkar i Middelalderen, og nokre er eldre enn frå Esop si tid.
      I nesten sju hundre år forsvann fablane frå det danna selskap, men på 1300-talet laga ein lærd, gresk munk i Konstantinopel (Istanbul i dag) - Maximus Planudes (1260 - ca. 1330) - ei samling med rundt 150 fablar i prosa. Men Aust-Romarriket fall i 1453. Etter det blomstra deler av den høge lærdommen frå antikken gjennom Renessansen i det som no er Italia, og som på den tida var ei rekke mindre statar. Verk blei omsette og trykte, og stadig fleire i Italia og Tyskland fekk kjennskap til fablane, først og fremst frå Planudes-samlinga. Martin Luther omsette tjue av dei, og vennen Philip Melancthon tilskunda han å omsetje alle saman, utan at det blei noko av.
      I 1610 utgav den lærde sveitsaren Isaac Nicholas Nevelet den tredje trykte utgåva med fablar i boka Mythologia Aesopica. Han tok med Planudes sine fablar og 136 andre frå andre kjelder, som også var Vatikan-manuskript. Førti fablar blir tillagt Aphthonius frå rundt 315 e. Kr. i Antioka, og førtitre er tillagt Babrias. Nevelet-samlinga inneheld dessutan dei latinske versjonane av fablane etter Phaedrus (Fedrus), Avienus og andre i oldtida.
      Takk vere Nevelet-samlinga har Esop ry som klok moralist, og fablane har i hundrevis av år vore "mest lest i Vest", nest etter bibelen, og dessutan omsett til mange språk.

LANGT dei fleste av fablane her er gjendikta ut frå ei bok med 350 fablar tillagt Esop (kanskje 620-560 f.Kr.?) Boka blei omsett av presten George Fyler Townsend (1814-1900), som innførte skikken med å hefte ei stutt norm og liknande etter kvar forteljing.
      I føreordet til boka si listar Townsend opp finesser ein finn i vestlege fablar. I dei blir dyra tillagt temmeleg fastlagte eigenskapar. Såleis er ulven fæl og oksen sterk, og tenlege normer blir opphøga meir eller mindre indirekte.
      Townsend-boka blei vidt utbreidd på slutten av 1800-talet, med mange ulike utgåver og forleggarar. Her er eit døme: Aesop. Three Hundred and Fifty Aesop's Fables. Literally translated from the Greek by the Rev(erend) Geo(rge) Fyler Townsend, M.A. New York: Belford, Clarke, and Co, 1882.
      I nokre utgåver er det berre 300 fablar. I ei 10. utgåve frå 1880 hos Universitetet i Viginia, er det 312. Det er den eg nytta mest her. [etext.lib.virginia.edu/toc/modeng/public/AesFabl.html]. Like stor er ei samling frå Chicago: Aesop's Fables, translated by George Fyler Townsend. Belford, Clarke and Co., 1887. [www.sacred-texts.com/cla/aesop/].

JAMVEL om mykje er uavklara når det gjeld kven som laga kva for fablar, er éi sak sikker: ingen av dei som er nemnt ovafor, laga fabelen om orrhøna som kom flygande gjennom glaset på Noregs Tekniske Høgskole i Trondheim under ei førelesing og blei opphav til namnet på linjeforeninga (studentorganisasjonen) Orrhøna.


Esops fablar - nokre sentrale lærdommar

  • Store undertrykker og fortærer mange små, men små kan bli sterkare ved å stå saman.
  • Det gjeld å styre mellom fellene.
  • Det er verkeleg best å la vere å bli narr under mektige
  • Den dagen kongen berre ligg og purkar, kan kongemakt-grepet gleppe.
  • Heilt uskikka konge kan bli avsett.
  • Det gjeld å unngå at virak gjer ende på lysare og joviale sider ved deg.
  • Den dagen du blir utsett for norma "Ligg berre stille i nøda", kan du bli utbytta dobbelt opp.
Fablane på engelsk: [Lenkje]


BØLGJE

Litteratur  
Aesop. The Complete Fables. Translated by Olivia and Robert Temple. London: Penguin, 1998.
— 358 fablar med lærde tankar inn imellom.

Gibbs, Laura, tr. Aesop's Fables. Oxford: Oxford University Press (World's Classics), 2008.
— 600 fablar med mange jamføringar.

Handford, S., tr. Fables of Aesop. New ed. London: Penguin, 1964.
— 207 fablar kjekt og godt fortalt.

Townsend, George Fyler, tr. Aesop's Fables. Chicago: Belford, Clarke and Co., 1887.
— Med gammaldags skrivemåte av substantiv.

Schulerud, Menz: Æsops fabler: 108 moralske fortellinger. Oslo: Schibsted, 1975. (3. utgåve, 1995)
— Hyggeleg omsetjing frå den engelske The Fables of Aesop, utvalt og redigert av Ruth Spriggs. Nokre få stykke i samlinga er på basis av den.

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE]
   © 2000–2008, Tormod Kinnes. [E-POST]