NORSK DEL, GULLVEKTA  

Fablar av Esop og andre

 13 › 1 › 18

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



  1. Løva, bjørnen, og reven
  2. Eselet og eselskuggen
  3. Eselet og ryttaren
  4. Eselet og froskane
  5. Gardshunden og ulven

Løva, bjørnen, og reven

EI LØVE og ein bjørn fakka ein geitekilling samtidig og kjempa fælsleg om den. Då dei hadde skadd og utmatta kvarandre etter lang kamp, fall dei begge til marka og var utmatta.
      Ein rev som hadde gått rundt dei på god avstand nokre gonger, såg at dei låg utstrakt på bakken med geitekillingen urørt mellom seg. Reven sprang då inn mellom dei og greip tak i geitekillingen og sprang vekk med den så fort han kunne. Løva og bjørnen såg kva som hende, men kunne ikkje gjere noko. Dei sa:
      "Stakkars oss som kjempa og streva så det berre tente ein rev."
      ♦ Så lenge to fiskefuglar slåss mot kvarandre over ein fisk, er det ingen av dei som får den.*
      ♦ Det hender somtid at éin har alt strevet, og ein annan heile fortenesta.


Eselet og eselskuggen

EIN REISANDE leigde eit esel til å bere han til ein stad langt vekk. Dagen var heit, og solsteiken enda heitare. Den reisande stogga for å kvile, og søkte ly for varmen i skuggen under eselet. Eigaren, som følgde han på vegen, fann ikkje noe anna ly, og eselskuggen gav ly for berre ein.
      Begge gjorde krav på eselskuggen og tok til å krangle fælt over kven av dei det var som hadde rett til den. Eigaren sa at han hadde leigd ut berre eselet, og ikkje eselskuggen. Vandraren meinte at ved å leige eselet, hadde han leigd eselskuggen også. Krangelen gjekk frå frå ord til slag, og mens mennene sloss, galopperte eselet sin veg.
      ♦ Ved å krangle om skuggestoff kan ein gå glipp av det handfaste.


Eselet og ryttaren

EIT ESEL gratulerte ein hest med at den fekk rikeleg fôr og godt stell, mens det sjølv fekk berre knapt med mat, og ikkje utan hardt arbeid.
      Men så blei det krig, og ein tungt væpna soldat blei rigga opp på hesten. Han spora hesten til kamp og rei den like inn i fiendeskokken. Hesten blei såra og fall daud på slagmarka. Då eselet såg dette, skifta det meining og tykte synd på hesten.
      ♦ Fulle av tillit ser mange husdyr opp til dei som dominerer dei strengt.


Eselet og froskane

EIT ESEL ein dag bar trelast over ei myr då han glei og fall. På grunn av lasset kunne han ikkje reise seg, men låg og stønna og jamra. Nokre froskar i ein dam hørte jamringa og sa, "Kor mykje støy ville du laga om du budde her støtt, slik som vi, når du lager alt dette bråket berre for å falle i vatnet?"
      ♦ Folk ber ofte små suter med mindre mot enn store ulykker.


Gardshunden og ulven

EIN MAGER ulv og ein tjukk og velfødd gardshund møttest ei måneskinnsnatt då begge to var ute og gjekk.
      "Korleis får du skaffa mat når eg lever på sveltegrensa enda eg strever det eg kan?" spurde ulven.
      "Vil du ha slik mat eg får, får ein gjere slikt arbeid som eg," svara hunden.
      "Kva for arbeid?" spurde ulven forsiktig.
      "Å passe huset og halde tjuvar vekk om natta."
      "Når kan eg ta til?" spurde ulven. "Eg skulle gjerne bytte det harde livet med å ligge lunt under tak og få ein stor tallerken mat når eg er svolten."
      "Bli med meg," sa hunden, og så gjekk dei av stad mot huset side om side. Då la ulven merke til eit arr i nakken til hunden.
      "Kva har du der?" spurde han. "Det ser ut som noko av pelsen din er slitt vekk i nakken."
      Hunden ville ugjerne snakke om det, men sa til sist, "Det du ser, kjem av halsbandet som lenka mi er festa til. Det gneg litt no og då."
      "Lenke?" sa ulven. "Kan du ikkje kome og gå som du vil?"
      "Nei, eg står bunden om dagen. Men om natta er eg heilt fri. Og herren i huset gir meg godbitar frå sin eigen tallerken, og tenarane gjer like eins, og . . . men . . . snur du?"
      "Eg drar attende til skogen," sa ulven. "Behald godsakene og det varme taket. Eg vil heller vere fri enn å stå i lenkje og band dagen lang."
      ♦ Heller fridom og nød enn trældom og brød, sa ulven utydelig.


BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
    ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
    © 2000–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]