Norsk del, Gullvekta
Esopsfablar  ❀ 27
Seksjon › 31   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

  1. Mauren, dua og fuglefangaren

Mauren, dua og fuglefangaren

Ein maur var tørst og gjekk til ei kjelde for å drikke litt vatn, men fall uti og heldt på å drukne. Ei due nappa eit blad frå eit tre som stod nær ved og sleppte det ned over mauren så han kunne berge seg ved å klatre opp på bladet.

Mens dette hende, kom ein fuglefangar og gjorde stilt i stand eit stort nett å fange fuglar med. Han ville kaste det over dua og fange ho med det. Men då hadde mauren fått jord under føtene att, såg kva fuglefangaren var i ferd med, sprang til og beit han i foten. Det svei så fælt at fuglefangaren ikkje klarte å vere still, men skaka og rista nettet han heldt. Dua høyrde det og flaug ein stad ho var trygg.

Å kome kvarandre til hjelp kan somtid berge liv.

  Innhald  


Esopsfablar, fablar tillagt Æsop, fablar ved Babrius, Babrias, Gabrias, Fedrus, Faedrus, Phaedrus og andre, såkalla &æsopsfablar.    Seksjon     Sett    Neste

Esopsfablar, fablar tillagt Æsop, fablar ved Babrius, Babrias, Gabrias, Fedrus, Faedrus, Phaedrus og andre, såkalla &æsopsfablar. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2018, Tormod Kinnes. [E‑post]