Gullvekta
Esopsfablar  ❀ 26
Seksjon › 31   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

  1. Ørna, kattemora, og villsvinhoa
  2. Hjorten og bjørnen
  3. Gniaren
  4. Eselet og muldyret
  5. Kokken og hunden

Ørna, kattemora, og villsvinhoa

I eit tre bygde ei ørn reir oppi dei høgaste greinene. Ein skogkatt med kull budde i ei hole i stammen halvveges nede, og ei villsvinpurke og ungen hennar heldt til i ei djup grop ved foten av treet. Dei hadde kanskje klart seg bra som naboar om ikkje det hadde for for kjetta. Ho kleiv opp til ørnereiret og sa til ørna:

"Du og eg er i største fare. Villsvinpurka som bur nedved foten av treet og grev omkring røtene, har tenkt å velte treet så ho kan komme til og ete ungane våre."

Ørna blei vettskremt av det katten sa.

Så kleiv katten ned treet og sa til villsvinpurka: "Ørna ventar berre på ein sjanse til å fly ned og bere bort ein av dei små ungane dine når du tar dei ut, for så å mate ungane med dei."

Villsvinpurka blei like skremt som ørna.

Så vende hokatten tilbake til holet i trestammen og lét som ho var redd, og kom aldri ut om dagen. Men kvar natt kraup ho ut usett for å skaffe mat til kattungane. Ørna var i mellomtida redd for å vere vekke frå reiret sitt, og purka torde ikkje gå vekk frå heimen sin blant trerøtene. Dermed døydde både dei og ungane deira av svolt. Slik fekk kjetta og ungane hennar rikeleg med mat.

(Jones 1916, 106)

Hjorten og bjørnen

En hjort blei jaga av hundar, og tok tilflukt i ei grotte der han håpte å vere trygg. Dessverre var det ein bjørn i grotta. Bjørnen sette straks klørne i hjorten.

Ulykkeleg ropte hjorten: "Eg berga meg frå hundar berre for å bli bytte for ein bjørn!" (Etter Jones 1916, 194)

Gniaren

Ein bonde kjøpte gull for det meste han eigde, og smelta gullet til ein gullklump. Gullklumpen grov han i løyndom ned i marka ein stad. Kvar dag gjekk han dit, grov opp klumpen sin og såg på han. Somme dagar såg han på skatten sin og gledde seg i timesvis.

Ein av arbeidsfolka hans la merke til at bonden ofte gjekk hemefrå og var vekke i mange timar. Ein dag følgde han etter og såg gullklumpen. Karen gjekk stilt tilbake til garden. Ein kveld det passa, gjekk han og grov opp gullet og stal det.

Dagen etter kom bonden og ville sjå og nyte gullskatten sin som vanleg. Då var alt gullet vekk. Han tok til å rive seg i håret, og stønna høgt over tapet. Ein nabo såg han mens han bar seg slik, og spurde kva som var i vegen.

Bonden sa det. Den andre svarte: "Ta det ikkje så tungt, men legg ein murstein i holet og sjå på steinen kvar dag. Då kjem du neppe dårlegare ut: Sjølv når du hadde gullet gøymd vekk, kva praktisk nytte hadde du av det?"

(Jones 1916, 208)

Eselet og muldyret

Eit esel og eit muldyr gjekk i lag med like store lass over ryggen. Då eselet såg at lassa var like, blei han art og klaga over at muldyret pla få dobbelt så mykje å ete som eselet, enda dei bar like store lass.

Etter at dei hadde gått lenger av stad langs vegen, såg mannen som leidde dei, at eselet ikkje tolte det tunge lasset lenger, så han lessa ein del av det over på muldyret. Seinare merkte mannen at eselet var blitt enda slitnare, og flytta enda meir av esellasset over på muldyret, og slik heldt det fram. Til sist tok mannen og lessa alt over på muldyret.

Muldyret såg no eit augeblikk bort på eselet og sa, "Kva seier du no? Fortener eg ikkje dobbelt så mykje mat?"

Kokken og hunden

I ein by stelte ein mann til eit drusteleg festmåltid i hagen heime hos seg. I gata utanfor sprang hunden til verten inn i hunden til ein som var venn med verten, og baud hunden inn til festen. Den andre hunden kom, men kokken greip ham i ein fot, svingde han rundt og kasta han utfor hagemuren og ut på gata.

Då nokre andre hundar spurde han korleis festen hadde gått, svarte hunden: "Eg fattar ikkje korleis eg kom derifrå."

(Sjå Gibbs 2008, nr. 382)

  Innhald  


Bøker      

Fablar av Esop og andre, såkalla esopsfablar, &æsopsfablar.    Seksjon     Sett    Neste

Fablar av Esop og andre, såkalla esopsfablar, &æsopsfablar. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2018–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]