![]() |
Lette eventyr og andre eventyr | ||||||||||||||||||||||
|
Kaninen og villkatten
DET VAR ein gong ein kanin som gjekk ein tur i skogen. Med eitt sprang noko på han bakfrå. Det var ein villkatt. Den hadde lege på lur etter fasanar, men sia det ikkje kom nokon, ville han nøye seg med ein kanin. Kaninen skjøna han var i livsfare, så han sa: "Kva for noko, katt? Du har vel ikkje tenkt å ete meg nå eg kan hjelpe deg å fange fasanar?" Katten svara: "Jo, for no er eg svolten." Kaninen rista på hovudet så øyra slong. "La meg heller hjelpe deg å fange ein fasan. Men først lyt du sleppe meg og gjere akkurat som eg seier." Ja, katten ville aller helst ha fasan å ete, så han sleppte kaninen. "Legg deg ned på stigen og lat som du er daud," sa kaninen. "Ikkje rør deg før fasanane er så nær at du kan setje klørne i dei. Elles går det ikkje som det skal." Katten gjorde som kaninen sa. Den la seg på stigen og spela død. Kaninen sette seg i krattet og gav seg til å låte som ein fasan. Snart hadde han lokka fram ein heil flokk nyfikne fasanar. } Då dei såg katten liggje tvers over stigen, undra dei seg. "Der ligg ein katt, og den er daud som ei sild," klukka ein fasan. "Rett nok er det ein katt, men den er ikkje daud. Den berre lèt som," klukka ein annan. "Katten er daud," klukka ein tredje. "Slett ikkje. Langt ifrå, berre gå og sjå," ropte ein fjerde. Dei ståka så ein kunne høre dei lang veg. Katten låg stille og lytta på, men til sist blei den så svolten at den bykste fram etter ein av fuglane før den var komen nær nok. Den forskrekka fuglen baksa seg opp i ein tretopp, og der kunne ikkje katten nå den. Dei andre fasanane flaug også vekk. Kaninen låg i krattet og lo over dette, og så rømde han sin veg, han også. Katten kunne ikkje få tak i ein einaste fasan etter at dei var blitt åtvara, men den hadde ingen andre enn seg sjølv å skulde på, sa kaninen når han fortalde historia. Og det gjorde han ofte, for han kom i perlehumør når han hugsa korleis han hadde berga seg frå villkatten.
Giglo-fuglenDET VAR ein gong ein konge som hadde tre søner og som låg for døden. Då bad han den eldste sonen sin om å dra ut og finne giglofuglen, for fekk han kokt suppe på den, skulle han nok bli frisk att. Den eldste sonen fekk hest og sverd og full oppakning. Så rei han av stad og kom langt vekk. Ein dag fekk han høre ein fugl som fløyta utan stans med strittande halsfjør inne frå ein djup, mørk skog der den hadde reir: Alle andre kviler seg, Då sa kongssonen, "Giglo, kvil deg no." Med det same blei han til stein. No gjekk det eit år utan at den eldste broren kom att. Då sende kongen neste son sin av stad, og det gjekk like eins, han blei til stein, han også. Året etter ville ikkje faren at nokon skulle dra, men den yngste sonen sa til han: "Far, eg vil dra for å sjå kva brørne mine driv med." Dermed fekk han lov til å dra, han også. Noko etter kom han til skogen der den hekkande fuglen framleis fløyta: Alle andre kviler seg, Kongssonen svara slett ikkje, for det stod to magre steinstøtter der ved sia av han, og dei likna brørne hans. Han stod i staden heilt stille mellom støttene til fuglen kom så nær at han fekk tak i den. Då slo han fuglen i hel og smurde blodet på dei to steinstøttene. Dermed kom dei ut av dvalen og kvikna til så dei kunne hoppe og danse i glede omkring han, og så vendte alle tre tilbake til faren med fuglen så han fekk suppa han hadde venta på i to år. Slik berga kongen livet for ei tid, men neste gong han låg for døden, fanst det ingen annan giglofugl å få suppe frå. Det nytta ikkje, same kor mykje dei leita i dei grøne skogane omkring slottet. Så blei den yngste sonen konge etter han, og det var det.
VarschæferenEIN BONDE gjekk av stad og døydde. Då han hadde vore død i ei tid, kom det ein mann til garden og spurde om teneste der. Bondekona hyra han, og han var flittig og arbeidsam. Då året var ute, gifta ho seg med han. Så ei dag stod hausten for døra. Regnvêr truga, men fullmånen gløtta av og til fram mellom skyene som bygde seg opp. Kona og den nye mannen arbeidde til langt på kveld med høyet og laga høystakkar. Då sa mannen. "Eg blir nøydt til å gå bort i skogbrynet i eit lite ærend." Så skunda han seg dit bort. Bondekona visste ikkje ordet av det før ein schæferhund kom rennande ut av skogbrynet og sprang mot henne med tunga ut av kjeften. Ho skreik høgt og ropte på mannen sin, men han hørte visst ingenting. Schæferen var nesten framme då ho kara seg opp på ein høystakk med riva i handa. Hunden sprang laus på høystakken og prøvde å rive henne ned. Men kona støytte den vekk med riva kvar gong. Eit par gonger nådde likevel hunden å bite i den raude arbeidskjolen hennar og reiv den så trevlar av den sat fast mellom tennene på den. Då hunden forstod at den ikkje kunne få henne, sprang den vekk og inn i skogen like brått som den hadde kome. Kort etter kom mannen hennar rennande. "Såg du hunden som ville rive meg sund?" spurde ho. Nei, det hadde han ikkje. Men kona la merke til at han stønna som om han var full av gass. "Kva er i vegen?" spurde ho, "Slik som du halsar!" "Det er berre noko du synest," sa mannen. Men i det han opna munnen, sat trevlar frå den sundrivne kjolen hennar mellom tennene hans. Då ho sa det til han, pirka han med fingrane og fekk fram ein strimmel. Då vende han seg hit og dit før han sprang inn i skogen og aldri kom att. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20012009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||||