Norsk del, Gullvekta
Gemyttlege eventyr   ❀ 6
Seksjon › 29   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Gull og tull

Ein råkald vintermorgon kom tre landsknektar gåande, gåande langs ein landeveg i Aust-Frankrike. Dei var heilt pengelens etter å ha vore med i den burgundiske krigen, og hadde ikkje anna krigsbytte med seg enn ei erobra fane og skrammer i fjes og nevar. No søkte dei ny teneste. Då møtte de kjellarmeisteren i Benediktinarklosteret. Han kom ridande heimover med reiseskrinet fylt til randa av hundre tusen i gullpengar som var kravd inn frå forpaktarane til klosteret.

Landsknektane stogga pateren og bad han fromt om nokre skillingar til mat, for magane knurra og fottøyet var gjennomvått av snøslaps. Men den geistlege svarte at han ikkje hadde eitt øre på seg, og at reiseskrinet berre inneheldt nokre brev. Då greip ein av dei tre hesten i bekselet, og dei to andre lempa klostermannen ned på vegen.

Leiaren for knektane sa: "Sidan vi alle er like pengelense, så la oss knele ned og bede Herren inderleg og audmjukt om å skikke oss ei almisse, gjerne i reiseskrinet til den geistlege vennen vår."

Kjellarmeisteren laut knele i snøslapset mellom dei tre skjegga og lasete knektane og bede med dei. Så reiste alle fire seg og banka snøen av kleda og leiaren opna reiseskrinet, og sjå: I skrinet låg hundre tusen i blanke gullpengar. Dei tre knektane takka himmelen for mirakelet og godleiken, og leiaren bad dei to andre om å telje opp gullet og stable det i fire haugar

"Nei, nei", ropte kjellarmeisteren og prøvde å trenge seg fram. "Pengane var i skrinet før vi knelte og bad! "

"Styr munnen din!" sa leiaren mens han heldt mannen attende med armen og såg på gullstablane etter kvart som dei voks. "I skrinet var det berre nokre brev. Det har vi ditt eige ord på. Her skal delast likt, ein firedel til kvar." Han rekte den geistlege hans del av gullet, og det var tjuefem tusen. Så takka dei tre kameratane enda ein gong himmelen, lykkønskte kjellarmeisteren med delen hans i gåva og forsvann syngande i skogen.

(Wærenskjold 1943, som henta forteljinga frå Alverdes og Rinn, Deutsches Anekdotenbuch)

Det er ikkje berre openberre bandittar som liker gull.

  Innhald  


Boktilfang        

Fantastiske historier, godlyndte eventyr, forteljingar.    Seksjon     Sett    Neste

Fantastiske historier, forteljingar, godlynte eventyr. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]