Norsk del, Gullvekta
Gemyttlege eventyr   ❀ 5
Seksjon › 29   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Å bli gammal

Det var ein gong ein mann som var så gammal at knea skalv som ospelauv under han. Når han sat ved bordet for å ete, uffa sonen og sonekona seg over han, og derfor måtte den gamle få maten på eit leirfat ved sida av bordet, og det var den dårlegaste maten, og så lite at han ikkje ein gong blei mett. Han såg på bordet der dei andre enno sat og åt, og skalv så leirfatet fall i golvet og gjekk i knas. Den unge kona blei sint over det og kjøpte då ein tretallerken til han for nokre øre.

Ein dag dei vaksne sat og åt, sat den vesle guten til sonen og sonekona og spikka på ei trefjøl i same rommet.

"Kva lagar du der?" spurde faren.

"Det skal bli trau til mor og far", svarte guten.

Då såg mannen og kona på kvarandre, og så henta dei straks den gamle bestefaren til bordet, og frå no av åt han med dei. Når han sølte, skjente dei ikkje, etter beste evne.

(Wærenskjold 1943, 16-17)

Det er ikkje alt tungt ein kan kjøpe seg ifrå med hell.

Julian Falat. Praying Old Man, 1881. Section.

Hjorten og reven

Ein hjort og ein rev var fine vennar. Ein dag sa reven til hjorten: "På andre sida av elva der står det herlege ungbjørker omkring ein hage. Dei vil du like. Fraktar du meg over, skal eg syne deg kor hagen er. Eg skulle tru vi får mykje ut av turen dit, vi to. Du får fråtse i bjørkeblad, og eg finn fisk på stranda der.

Dette hadde hjorten ingenting imot. Han tok reven på ryggen så reven ikkje skulle bli tatt av den strie straumen, og svømte over med han. Straks dei var over, fann hjorten ungbjørkene omkring hagen og tok til å beite og gasse i seg. Det smakte herleg. Imens sprang reven fram og tilbake på bredda og åt krabbar og små fisk han kom over. Han var så snar at han rakk å ete seg mett før hjorten hadde beita frå seg..

No visste ikkje reven kva han skulle gjere i ventetida; han berre sprang omkring mellom bjørkene og bjeffa. Folk i bygda like ved, høyrde bjeffinga og sa: "Det kan vere ein hund som jagar sauane. I så fall kan han gjere mykje skade. Vi må klare opp i dette med ein gong."

Så sprang dei med stokkar i hendene til hagen, og blei overraska over å finne ein rev og ein hjort. Dei syntest det var for frekt av hjorten å beite ned bjørkene dei hadde planta for å ha le til hagen. Sinte som dei var, slo dei han med lange stokkar så han skulle komme seg vekk og halde seg vekke. Til sist var det berre så vidt hjorten klarte å vasse ut i den strie straumen i elva for å komme utanfor rekkevidde. Der stod han, og folka kunne ikkje nå han. Dei såg litt over skadane på trea, og gjekk heimetter.

Då folka gjekk, kom den skamslåtte hjorten inn på elvebredda og la seg ned for å samle krefter. Reven kom snart til han, og sa. "No er det best vi gir oss i veg heim."

"Det har du rett i", sa hjorten. "Sett deg opp på ryggen min."

Då dei hadde gått eit stykke uti vatnet, "sa hjorten til reven: "Dette var minneverdig. Men grunnen til at folka kom med stokkar og slo laus, var at dei høyrde deg bjeffe og renne omkring mens eg var opptatt med å ete. Dei overraska meg jammen, og slo meg gul og blå. Korfor bjeffa du så dumt?"

"Neimen om eg veit", sa reven. "Eg har det slik at eg må synge når eg har ete middag."

Hjorten sa ingenting, men vassa vidare og såg tenksam ut. Djupare uti bar det, og snart stod vatnet så høgt at han laut svømme. Men før han starta å svømme, snudde han hovudet og sa til reven på ryggen sin: "Du får orsake, men no lyt eg velte meg ned i vatnet og plaske ei stund."

"Å nei, ikkje gjer det," bad reven. "Korfor skulle du velte deg og plaske i vatnet akkurat no?"

"Eg veit ikkje", var svaret. "Det er som ein vane for meg at eg plaskar og veltar meg når eg er i vatn. Eg gløymde det i stad fordi eg gledde meg til bjørkeblad, men det var då og ikkje no."

Så la han seg på sida. Reven fall av og blei tatt av den strie straumen, og hjorten kom aleine over til den andre sida.

(Fritt etter Grip, s. 133-35)

Sorg over eit esel

Då kona til ein mann døydde, viste han merkeleg nok ingen teikn til å sørge noko særleg. Ei stund etter døydde eselet hans. Då gret han bittert og sørga storleg. Det verka som tapet av eselet gjekk meir innpå han enn tapet av kona. Ein kjenning klandra han så sterkt for dette at mannen forklarte seg:

"Då kona mi døydde kom venner og naboar og trøysta meg og sa eg ikkje skulle vere lei meg. Dei forsikra meg også om at dei ville finne ei anna kone til meg, ei enda betre kone enn ho som døydde. Men då eselet mitt døydde, kom ingen og trøysta meg og tok del i sorga mi, og ingen tilbydde seg å finne eit anna esel i staden for det eg mista."

(Cattan 2000, 133)

Gåsa og svana

Ein dag på marknaden blei ei svane og ei gås selde til ein mann. Han tok dei med heim og sette begge ut i eit vatn nedfor huset sitt. Svana var til glede for både auga og øyra. Og gåsa skulle gle magen hans sidan ein gong med mørt, velsmakande kjøt, tenkte mannen.

Dei to fuglane levde lenge lykkelege i lag og blei gode vennar. Dei svømte nesten kvar dag i vatnet, og mannen og gjestane hans kom ofte for å beundre dei og kaste mat til dei.

Men til sist kom dagen då herren i huset gav beskjed til kokken om å slakte gåsa og stelle ho i stand til middagsmat. Kokken gjekk ned til vatnet for å hente gåsa, men den dagen var han så forvirra at han tok svana i staden for gåsa.

Han heldt ho med den eine handa og svinga kokkekniven mot den lange halsen til fuglen med den andre. Men då fuglen såg kniven nærme seg, sette ho i med eit gripande skrik. Kokken blei så overraska at han lét vere å drepe fuglen.

(Ein esopsfabel gjendikta av la Fontaine med tittelen "Svana og kokken", bok 3. fabel 12).

Få ord, ikkje forknytt

Ein gong for åtte-ni hundre år sidan kom ei ung sarasenar-kvinne (arabarkvinne) ned til hamna i ein by i Palestina. Ho var kledd i arabiske klede, og fjeset var løynd bak eit tett slør, bortsett frå dei mørke auga hennar.

I hamna låg eit skip. Kvinna gjekk bort til ein sjømann frå det og spurde: "London"? Men mannen rista på hovudet og sa noko på utanlandsk. Då gjekk kvinna tilbake gjennom byen og opp til ein varde. Der sette ho seg slik at ho såg ut over havet. Og først då mørket fall på la ho seg ned, lét att dei mørke auga og sov. Natta gjekk, sola rann, og larmen frå hamna steig opp til kvinna. Men ho såg alltid ut over havet mot vest.

Kvar båt som kom, blei møtt med det same spørsmålet, "London?", og kvar den som spurt, rista på hovudet og sa noko uskjønelig. Men dei mørke auga heldt fram å speide, og ho heldt fram å spørje, og til sist ein dag fekk ho napp med "London"? Skipperen ho spurde førde ho om bord og under dekk. Då han kom opp att, baud han mennene sine å spørje alle dei møtte i byen kven kvinna var. Ingen kjende arabarkvinna, men ho lét til å vere av høg ætt.

Så heiste dei storseglet, hala inn ankeret og glei ut av hamna. På dekk stod kvinna med ryggen til land og såg mot vest. Men ein morgon lyte skipperen handa og peikte mot ei gråkvit stripe i nord, og sa: "London".

Då lyste auga hennar opp ein heil del.

Neste morgon låg skipet for anker i London-hamna. Ein båt bringa kvinna i land. Ho stansa den første ho møtte med "Gilbert"? Mannen rista på hovudet. Så stansa ho den neste og neste og spurde "Gilbert"? likeins. Den tredje sa, "Det er tusenvis som heiter Gilbert i London."

Då mørket braut fram, fann den mørkauga kvinna ly under ein mur. Ei kvinne kom til ho med mat, men ho åt ingenting. I grålysninga var ho ute på gata att og spurde: "Gilbert"? Menneske flokka seg omkring ho. Då trengte ein mann seg fram gjennom hopen og ropte: "Gilbert! Det må vere korsfararen Gilbert Becket som vende attende frå sarasenarlanda! "

"Ja", sa ein annan. Becket blei fanga av dei edle sarasenarane og blei sleppt fri av dotter til emiren."

No bruste snart ropet "Gilbert Becket!" langs heile Themsenbreidda, og nådde huset der Gilbert Becket budde. I lag med væpna tenarar kom han ridande gjennom folkestimen. Då såg han kvinna og bøygde hovudet for ho. Ved sida av han rei ho så gjennom porten til huset hans, dit ladda kjærleik hadde ført ho ved hjelp av to ord.

(Wærenskjold 1943, 37-39)

Kor ofte får ein gratis skyss og god behandling med gode ord aleine?

Varhunden

Ein bonde gjekk av stad og døydde. Då han hadde vore daud i ei tid, kom det ein mann til garden og spurde om teneste der. Bondekona hyra han, og han var flittig og arbeidsam. Då året var ute, gifta ho seg med han.

Så ei dag stod hausten for døra. Regnvêr truga, men fullmånen gløtta av og til fram mellom skyene som bygde seg opp. Kona og den nye mannen arbeidde til langt på kveld med høyet og laga høystakkar. Då sa mannen. "Eg blir nøydt til å gå bort i skogbrynet i eit lite ærend."

Så skunda han seg dit bort. Bondekona visste ikkje ordet av det før ein svær hund kom rennande ut av skogbrynet og sprang mot ho med tunga ut av kjeften. Ho skreik høgt og ropte på mannen sin, men han høyrde visst ingenting. Hunden var nesten framme då ho kara seg opp på ein høystakk med riva i handa. Hunden sprang laus på høystakken og prøvde å rive ho ned. Men kona støytte han vekk med riva kvar gong. Eit par gongar nådde likevel hunden å bite i den raude arbeidskjolen hennar og reiv kjolen så kjoletrevlar sat fast mellom tennene på dyret.

Då hunden forstod at han ikkje kunne få ho, sprang han vekk og inn i skogen like brått som han hadde komme. Kort etter kom mannen hennar rennande.

"Såg du hunden som ville rive meg sund?" spurde ho.

Nei, det hadde han ikkje. Men kona la merke til at han stønna som om han var full av gass. "Kva er i vegen?" spurde ho, "Slik som du halsar!"

"Det er berre noko du synest", sa mannen. Men i det han opna munnen, sat trevlar frå den sundrivne kjolen hennar mellom tennene hans. Då ho sa det til han, pirka han med fingrane og fekk fram ein strimmel. Då vende han seg hit og dit før han sprang inn i skogen og aldri kom att.

(Segn av typen ML 4005, Hamløypar (mannbjørn, varulv). Det finst mange variantar i Norsk folkeminnesamling (NFS), til dømes Guri Lomundal 2, s. 53f 32, s. 57.) NFS er på Internett i dag.)

  Innhald  


Boktilfang        

Fantastiske historier, godlyndte eventyr, forteljingar.    Seksjon     Sett    Neste

Fantastiske historier, forteljingar, godlynte eventyr. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]