Norsk del, Gullvekta
Eventyr og segner frå Færøyene  ❀ 4
Seksjon › 8   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Bonden, oksen, eselet og hanen

Ein bonde som forstod dyre- og fuglespråk, hadde ein okse og eit esel i same stall. Han brukte oksen til å trekke plogen og eselet til å ri på av og til. Ein kveld var oksen svært tagal, men eselet var pratsamt, og spurde oksen korfor han var så taus. Oksen svarte at han var så trøytt av all pløyinga. Eselet sa då: "Om eg var i di stilling, ville eg bruke horna."

Bonden overhøyrde dette.

Då tenaren kom i stallen neste morgon for å sette åket på oksen, stanga han tenaren.

Bonden bad då tenaren la oksen vere i fred, og heller spenne eselet for plogen. Om kvelden, når eselet kom tilbake, kunne det ikkje snakke, så slitent var det. Men no var oksen blitt pratsam, og spurde eselet korfor det var så stilt.

"Du treng ikkje godte deg," sa eselet, "for eg har høyrt at om du stangar igjen, vil dei slakte deg."

Bonden overhøyrde dette også og begynte å le. Kona hans ville vite korfor han lo, men han kunne ikkje fortelje det, for i så fall ville han miste evna til å forstå dyrespråk. Men kona let han ikkje få fred, og bonden blei etter kvart tungsindig, for masinga gjekk innpå han.

Mens han gjekk slik, fekk han sjå han på garden. Hanen dansa omkring og heldt styr på seksti høns. Hunden til bonden fortalde hanen at det ikkje sømde seg å danse så lystig når herren på garden var mismodig.

Men hanen svarte: "Eg har seksti lydige koner her, og meiner bonden burde vere klok nok til å lære av meg såpass at han held skikk på éi, for eksempel heime i soverommet."

Bonden følgde vinket til hanefar, kalla på kona si og gjorde sitt. Ho gløymde heile utspørjinga i etterkant.

[Etter Jakobsen 620-21]

Dottera til lagmannen

Då Peder Arrheboe var prest i Våg, ankra det opp eit skip i farvatnet utanfor og signaliserte at det trong los.

Det var påskekveld, svært godt vêr, og alle båtar var på vatnet. Karane i tre bygder trudde det var eit smuglarskip, og la inntil med fisk å selje. Karane frå Nólsøy var først. Men då all fisken hadde blitt tatt om bord i skipet, tok mannskapet båten ifrå dei og kappa han opp til brensel. I bytte fekk karane ein elendig båt som var blitt stolen i Sørøy, og så blei dei sendt vekk. Dernest kom brør frå Velbastad til skipet. Ein av brørne, Jon, ønskte sterkt å komme om bord, og misunnte nolsøyingane som hadde fått komme om bord, "for dei fekk nok både vin å drikke sukker og ete", sa han til dei andre roarane.

Til sist kom dei inn til skipssida, men formannen i robåten gjorde det svært motvillig, for han mistenkte at skipet var ei sjørøvarskute. Eit tau blei kasta ned til dei, og dei blei tatt om bord i skipet. No sa skipperen at enten skulle dei føre han i hamn neste dag eller blir hengde i rånokken, alle som ein.

"Drikk no vin og et sukker", sa formannen i båten til Jon. No gjekk dei om bord i sin eigen båt att, feste han til skipet og rodde det i land. Dei sleit og rodde til dei kom til næraste hamna, Sandvåg, om påskemorgonen. Det var mens folk stod opp.

Då dei gjekk opp til husa, møtte dei lagmannen. "Det er fæle påskegjestar du har bringa meg i dag," sa han. "Driven av fanden til det," svarte Jon.

Skipperen på skipet fekk no lyst på ei av døtrene til lagmannen, for ho var reint utruleg vakker, og svor at han ikkje ville dra derifrå før han hadde ho om bord i skipet. Faren fekk store vanskar med å ordne flukta hennar så seglarane ikkje skulle legge hand på ho, for skipperen hadde plassert ut folk for å ta ho til fange. Jenta blei kledt i mannsklede og gøymd i ein torvstall mens dei leita etter ho som verst, og så følgde nokre karar ho til Sørvåg. Ein frå skipet møtte dei og tenkte at den fine guten kunne vere ho, men han stoppa dei ikkje.

Skipperen blei rasande då han fekk vite at lagmannen hadde gøymt dottera si frå han, og truga med at han ville setje fyr på heile Sandvåg om han ikkje blei ført til jenta med det same. Han sende to båtar i land frå skipet. Éin båt var full av drikke, nok til eit bryllaup. All den drikka kunne bli deira om lagmannen samtykte. I den andre båten var det tønner med tjøre til å sette fyr på Sandvik-bygda om lagmannen ikkje gav etter.

I si nød sende lagmannen bod til Midvåg etter presten, Peder Arrheboe, og bad han kome til hjelp, for Peder kunne svartekunst, sa folk. Presten kom med det same, gjekk ned til stranda og ripa visse teikn i sanden med staven sin. Så tok han opp i handa noko av sanden han hadde skrive i, og kasta sanden på sjøen. Straks kom det stormkast og høge bølger, så sjørøvarskipet miste ankerfestet og dreiv til havs i uvêret.

Etterpå høyrde ingen noko meir til skipet. Men folk i Sandvåg kunne gle seg over alt brennevinet som hadde blitt sendt i land til dei.

[Etter Jakobsen 185-87]

Lagmannsdottera i historia er Anna Margarete, dotter av Samuel Pedersen, som var lagmann i åra 1706-1752. Ho gifta seg seinare med Anders Morten Suurland, som følgde etter Arrheboe (Arhboe) i Våg. Hendingane i historia fann stad ein gong før 1718, kan ein rekne seg fram til ut frå kor lenge Arrheboe var prest i Våg. [West 78-82]

Fjelltrollet

Det var ein gong ein mann og ei kone som hadde to søner. Då dei to gutane hadde vakse til, ville dei ut og sjå seg omkring i den vide verda. Dei gjekk då av stad, kvar til sin kant.

Den eldste guten kom snart kom til eit hus. Her fann han ein hest og eit sverd. Han batt sverdet om livet, sette seg opp på hesten og rei vidare. Litt seinare kom han til eit anna hus. Der fekk han ein hund. I det tredje og fjerde huset han kom til, fekk han også ein hund. Dermed hadde han tre i alt.

Ein dag han hadde ride langt, kom han til ein stor by. Her var alle redde og gjekk rundt og gret. Guten spurde kva som var gale, og fekk vite at det budde eit troll med ti hovud utanfor byen. Kvar dag skulle trollet ha ei jente frå byen å ete. Byfolka laut sjølve ta jentene med opp i fjellet der trollet budde.

Den dagen guten kom, var det kongsdottera sin tur til å fraktast til fjells og etast. Kongen var heilt frå seg. Som siste utveg lova han at den som drap trollet, skulle få dottera hans til kone.

Guten og hundane hans – Kloke-Per, Sterke-Per og Kjappe-Per – rådslo om kva dei skulle gjere. Kloke-Per la ein plan. Han meinte alle fire skulle gå opp på fjellet, og når dei såg trollet, skulle Sterke-Per sjå til å velte det i koll. Deretter skulle guten hogge hovuda av trollet, og Kjappe-Per skulle snappe dei når dei fall, og svømme langt ut på havet med dei.

Då kongsdottera gjekk av stad med folk omkring seg, var også guten og hundane hans med i følget. Så snart trollet synte seg, hoppa Sterk-Per fram, velta trollet over ende, og guten slo til med sverdet sitt. Han hogg av eitt av trollhovuda, men før Kjappe-Per kunne få tak i det, fauk det på plass att, for trollet hadde budd seg på førehand og smurt seg om halsane med smurning han gjekk med i eit horn.

Kloke-Per ropte til Kjappe-Per at han måtte gjere det betre neste gong.

Guten fekk hogd av eit hovud igjen og skunda seg å skjere tunga av det. Og denne gongen var Kjappe-Per der som ein vind og greip hovudet og svømte langt til havs med det og sleppte det ned i ei djup grop på ein holme der. Slik gjekk det med alle hovuda som blei hogd av. Dei avkappa tungene samla guten og la dei i tørkleet til kongsdottera.

Etter kampen var guten og hundane trøytte og ville kvile seg litt. Kongsdottera la seg til å sove saman med dei, og tørkleet hadde ho hos seg. Men mens dei sov, kom det ein fæl fyr som slo hovudet av guten, og stal kongsdottera og tørkleet. Så gjekk han til kongen, synte fram dei ti tungene og sa han hadde drepe trollet. No ville han ha kongsdottera.

Då hundane vakna, blei dei arge. Kongsdottera var vekk, og her låg herren deira hovudlaus. Kloke-Per såg smurningshornet som trollet bar på der det låg, og gjetta korleis det hang saman med hovudet som fauk på plass. Så smurde dei halsen og deler av hovudet til guten og skunda seg å sette hovudet på att. Men dei kom dessverre til å sette det bak fram, og då dei ville gjere det om att, fekk dei ikkje hovudet av igjen. Dei hadde ikkje sverd å hogge det av med, for også sverdet hadde den fæle fyren stole med seg.

Kloke-Per sende då Kjappe-Per ned til byen etter eit sverd. Straks han kom tilbake med eit, hogg Sterke-Per av hovudet til guten. Så smurde dei hals og hovud med trollsalve att, sette hovudet på plass så fint og nøyaktig som dei greide, og no blei det rett. Guten blei levande, og etter litt gjekk alle fire ned til byen.

På kongsgarden blei det feira stort. Kongsdottera skulle giftast med mannen som alle andre trudde hadde berga ho. Ho hadde prøvd å unngå det, men far hennar ville halde løftet sitt. Han hadde jo sett trolltungene som mannen kom med, og trudde at han snakka sant.

I det guten og følget hans kom til slottet, sat gjestane og åt middag. Kloke-Per fekk då ein av dei lyse ideane sine igjen. Han sa dei skulle sende hesten med guten forbi vindauget til salen der folk sat og åt og feira.

Det gjorde dei, og kongsdottera kjende att bergingsmannen sin med det same. Ho sprang til kongen og sa at det var han der ute som hadde redda ho, og ingen andre.

Guten blei straks kalla inn for å fortelje kva som hadde hendt. Den fæle fyren kunne ikkje seie kor trollhovuda var blitt av, men det kunne guten med hundane. Dei rodde utpå og fann dei der Kjappe-Per hadde sleppt dei. Kjeltringen blei då dømd til å bøte med livet for det fæle han hadde gjort.

Men guten blei gift med kongsdottera og fekk heile riket då gamlekongen døydde. Og dei tre hundar tente han trufast så lenge dei levde.

Kjempa og trerota

Det var ein gong ein mann og ei kone. Dei hadde tre døtrer. Ein kveld mannen kom heim frå skogen, kalla han til seg den eldste dottera og bad ho gå ned til elva og vaske sokkane og skorne hans.

Då jenta kom ned til elva, fekk ho sjå ein vakker fugl. Han sat heilt stilt i graset, så ho gjekk mot han for å fange han. Men i same ho tok tak i fuglen, blei han til ei kjempe. Kjempa tok jenta med heim til hola han budde i. Der gav han ho litt lin å spinne og litt kjøt å lage mat av. Ho skulle ha maten ferdig før han kom heim, sa han.

Men då kjempa kom heim til hola si den kvelden, hadde ikkje jenta spunne litt linet og kjøtet var sikkert ikkje kokt nok, for kjempa slo ho i hel og kasta ho bak ei dør i hola.

Dagen etter dette sende faren den nest eldste dottera ned til elva for å vaske skor og sokkar. Det gjekk like eins med ho som med den første, dagen før.

Den tredje dagen sende faren den yngste dottera av stad til bekken i det same ærendet som dei to eldste. Då ho kom ned til elva, såg ho same fuglen sitje i ro like ved. Ho prøvde å fange han, men då blei fuglen til ei kjempe att. Kjempa tok jenta med seg heim til hola. Der fekk ho lin å spinne og kjøt å lage mat av til kvelds. Så fór kjempa sin veg.

Men jenta kom fort til at ho ikkje kunne klare å bli ferdig til kvelden utan spinnehjelp. Dermed sprang ho ut av hola etter slik hjelp. Då fann ho nokre småtroll i skogen og lovde dei suppe å drikke og bein å gnage om dei ville hjelpe ho.

Trolla ville gjerne hjelpe, og kom inn med det same. Dei spann alt linet for ho mens kjøtet blei kokt over varmen i ei stor gryte.

Om kvelden då kjempa kom heim, var fint lin ferdig spunne, og mørt kjøt var kokt ferdig i ei gryte. "Vel, du er ei flink jente," sa han. "Deg vil eg ha til kone!"

Så gav kjempa ho ei forlovingsgåve. Det var ei krukke med salve i. Ho sa til jenta: "Gnir du salven på noko daudt, så blir det straks levande att."

Jenta takka mange gongar for gåva.

Snart ville kjempa ut og by inn gjestar til bryllaupet, slik skikken var. Jenta skulle gjere alt i stand i hola mens han var vekk, sa han. Og jenta tok til å rydde. Ho vaska og kosta, og på det viset kom ho inn bak døra der dei to daude søstrene hennar var slengde. Då fekk ho det travelt med å få tak i salven som kjempa hadde gitt ho, og smurte begge søstrene sine. Med det same blei dei levande att, begge to.

Dei tre søstrene tok då til å snakke saman om korleis dei skulle bli av med kjempa. Den yngste søstera fann råd. Ho gjekk ut og fann ei stor trerot som ho drog med til hola. Der kledde dei på trerota så ho likna jenta, og gjorde alt klart til å sette rota framfor peisen seinare. Deretter sette jenta ein stor kjele med vatn over varmen og batt kjelen med ein tauende. Den andre enden skulle ho feste til trerota seinare. Til sist fann ho ei stor kiste og bad søstrene gøyme seg der.

Då kjempa kom heim, omfamna ho jenta kjærleg. Jenta viste ho kista og bad ho bere ho ho heim til foreldra hennar før bryllaup. "Men opn ikkje kista på vegen, og prøv ikkje å lure meg, for eg kan sjå det same kor du er og følgje med gjennom berg og dalar", sa ho.

Kjempa lova å gå med kista etter å ha gjort eit nødvendig ærend. Mens han var vekk, sneik jenta seg bort til den påkledde trerota og sette ho på plass ved peisen, batt tauenden passe stramt til rota. og så sneik ho seg ned i kista til dei to søstrene sine og låste lokket over seg.

Litt etter tok kjempa kista på ryggen og gjekk ut. Då ho hadde komme langt vekk frå hola, fekk han lyst til å sjå kva som var i kista, for det var så tungt å bere ho. Han fiklet litt med låsen, men så fekk han brått høyre ei stemme som sa, "Eg ser deg nok! Eg ser deg nok!"

Det gav eit sett i kjempa. Rask fekk han kista opp på ryggen att og gjekk vidare. Men eit stykke lenger framme kunne han ikkje styre seg lenger. Han sette ned kista og prøvde å få opp lokket. Då høyrde han det same: "Eg ser deg! Ser deg!"

"Neimen!" sa kjempa til seg sjølv. "Det er visst ei veldig flink jente eg har fått meg!"

Det gjekk sameleis den tredje gongen kjempa ville sjå i kista.

Til sist kom kjempa heim til jentene, gjekk innfor døra og sette kista fort frå seg på golvet og sprang sin veg.

Då kjempa kom tilbake til hola si, trudde han at han såg kjærasten sin sitte ved peisen med ryggen til ham. Han blei glad, sprang bort til ho og slo armane omkring ho. Dermed stramma han snora slik at kjelen tippa over. Det kokande vatnet rann ut over kjempa, og han blei skålda så ille at han ikkje overlevde.

Kongeriket der jorda endar

Ein mann hadde tre søner. Dei eldste likte ikkje den yngste og snakka alltid hardt til han fordi han ikkje gjorde noko gagn. Far deira eigde ein stor åker som stod i blom, men som blei trampa ned kvar kveld. Han gremma seg over dette, og sa til sønene at ein av dei fekk sitte oppe ei natt ute på åkeren for å finne ut korleis dette gjekk til. Den eldste baud seg til å gjere det, men han sovna midt på natta. Då han vakna om morgonen, var åkeren verre nedtrakka enn nokon gong før. Den andre sonen baud seg til å vake natta etter, men midt på natta sovna han. Og då han vakna om morgonen, var åkeren like ille nedtrakka att.

Den yngste sonen baud seg no til å vake i åkeren neste natt. Dei eldre brørne sa lite godt om at han skulle prøve - kunne slikt eit sovehovud klare å halde seg vakent? Men faren sa at det kunne vel ikkje gå verre for han enn at han sovna som dei to eldste brørne sine.

Den yngste sette seg no ned i åkeren og heldt seg vaken heile natta. Like før det grydde av dag, høyrde han eit brus. Det var tre svaner som kom flygande, slo seg ned i åkeren, tok av seg svanehamane og blei til tre vakre jenter. Dei gjekk inn i åkeren for å danse. Imens kraup guten dit svanehamane låg og tok ein av dei. Det var hamen til den yngste og penaste jenta.

Då dagen grydde, ville jentene ta på seg hamane sine att, men den eine hamen fann dei ikkje. Då trefte dei på guten i åkeren, og han hadde svanehamen dei mangla. Den yngste jenta kravde hamen sin tilbake, men guten sa at ho fekk han ikkje, for dei hadde øydelagt åkeren til far hans. Men jenta tigga og bad han så inderleg vakkert og lenge at han lovde lova å gi ho tilbake fjørhamen dersom ho ville gifte seg med han. Det gjekk jenta med på, men han måtte love at han aldri skulle sverje til ho [1]. Gjorde han det, laut dei skiljast.

Han spurde no kor bryllaupet skulle stå, og jenta sa han kunne stelle det til som han ville. Når bryllaupsgjestane var samla, skulle ho komme.

No gav han fjørhamen [2] tilbake til jenta. Kort etter flaug jentene vekk som svaner og guten gjekk heim.

"Er det ikkje like ille denne morgonen også?" spurde brørne då dei kom til og såg over åkeren.

"Jo, åkeren kom ikkje uskadd frå det i går natt, men slik blir det ikkje att", sa yngstebroren, og gjekk i gang med å by til bryllaups. Alle undra seg stort over dette, for ingen visste at han hadde hatt noka jente å fri til. Brørne spurde når bruda skulle komme, og fekk til svar: "Ho kjem i rett tid, ho."

Dette var vel det mest susete av alle ting han hadde gjort til no, sa brørne før alle førebuingane var gjort og bryllaupsgjestane tok til å komme. Alle spurde etter bruda. "Ho kjem i rett tid, ho", sa han. Ho må ha starta heimanfrå ganske seint", sa dei.

No bad han alt folket kle seg til kyrkjegang, og akkurat mens alle stod samla framfor kyrkjedøra, kom tre svaner flygande, landa, gjekk ut av svanehamane og blei jenter. Den eine hadde bryllaupskjole på seg. Så blei guten og jenta gifte, og etterpå blei det dans og drikking og noko til. [3]

Om kvelden blei dei nygifte følgt til brudekammeret. Dei to søstrene til bruda - brudejentene - kledde av bruda roleg og varsamt. Brudgommen kom fort ut av kleda og la seg, men det varte og rakk med bruda, for kvar gong søstrene tok av ho eit plagg, fanst det eit vakkert eit under det, og slik heldt det fram halve natta.

"Jøye min hatt! Så lang tid det tar å få av ho kleda", sa guten til søstrene. Men dét meinte dei var sverjing, så no var bruda løyst frå han, sa dei.

"Vil ein ikkje, så vil ein ikkje", sa guten, han var ikkje sikker på om det stemte, det dei sa. Men bruda sa at han kanskje kunne få sjå ho att. Han skulle berre vakte seg for risemora han snart ville møte og halde seg vaken i tida hos ho. Klarte han det, kunne han få sjå bruda si tre gongar. Og om ikkje, fekk han nok ikkje sjå ho att.

Dermed flaug dei tre søstrene sin veg i svanehamane. Guten sat att og var still og sorgtung. Han såg til at alle bryllaupsgjestane fekk vite kva som hadde hendt, og då tok dei farvel same morgonen. "Så bruda flaug sin veg?" sa dei til han.

Guten gav seg no ut på vandring, og kom til ein skog. I skogen var eit hus, og i huset ei gammal kone. Ho spurde om han ville hogge ved for ho i tre dagar, og det sa han ja til. Tidleg om morgonen gjekk han ut i skogen for å hogge ved, og ved middagstid kom kona med mat til han. Då han hadde ete, blei han så døsig at han ikkje klarte å løfte så mykje som ein finger, og sovna tvert. Mens han sov, stakk kona han i fingeren med ein sovetorn så han ikkje kunne vakne før ho sa det.

No kom jomfruene flygande og landa. Dei kom seg ut av fjørhamane og bad den gamle kona vekke guten, men det ville ho ikkje. Då prøvde dei tre jentene å vekke han. Dei ropte inn i øyra hans, rista og kila han og stakk han med nåler, men kunne ikkje få han vaken. Dei bad kona fortelje han at dei hadde vore der og ville komme att to gongar til. Då guten vakna fekk vite dette, blei harm og lovde seg sjølv å halde seg vaken neste gong.

Men både andre og tredje dagen gjekk det like eins. Med det same han hadde ete, fall han i avmakt og sovna tvert, og same kva svanejentene gjorde, fekk dei han ikkje vaken. No bad dei den gamle kona seie til han at no kom dei ikkje tilbake meir: dei var frå riket ved jordas ende, og måtte heim att med det same. Dei let det vere att tre gåver til han og bad kjerringa gi dei til han. Den eine gav han ein kniv som skar gjennom kva det skulle vere. Den andre gav han ei saks som klipte gjennom kva som helst han ville klippe, og den yngste - det var bruda - gav han ein nøkkel til å låse opp alle dører.

Guten vakna og fekk gåvene, men var så ulykkeleg over ikkje å få sjå kona si meir at han gjekk derifrå i ørske. Som han gjekk slik, kom han til ein stad der mykje folk hadde samla seg på torget og arbeidde med å slakte fe og flå hudene av dei. Dei fylte hudene med filler og anna som var for handa [tilgjengeleg] og sydde att hudene igjen. Guten spurde kva som var meininga med slikt, og vekk vite at ein kjempestor fugl kom til dei kvart år. Kasta dei ikkje slikt til han, tok han folk.

Guten bad om å bli pakka godt inn i filler i eit av skinna, sydd inn forsvarleg, og så kasta til fuglen. Det ønsket var lett nok å oppfylle, men han kunne då ønskt betre, meinte dei. Fuglen kom, og hudsekken med guten i blei kasta opp til han. Fuglen tok sekken i nebben og flaug langt av garde med han. Guten visste ikkje kor han var, før fuglen sette sekken frå seg og kalla. Straks høyrde han tre fuglar som skreik fælt omkring sekken, og at mor deira baksa og tok til vengane.

Han hadde med seg dei tre gåvene sine. Han tok fram kniven og skar seg ut. Han var i eit reir på ei fjellhylle over eit stup einkvan stad han ikkje kjente. No tok han livet av dei tre fugleungane med kniven, men dei skreik så fælt at mora, som då hadde floge mange mil vekk, høyrde dei og kom flygande. Då ho slo seg ned i reiret, skunda guten seg og køyrde kniven djupt i brystet hennar så ho fall saman daud.

Over hylla var ei høgslette. Guten lurte no på korleis han kunne komme seg opp dit, til han fann på å prøve kniven til å skjere i stein med. Han skar seg trinn i klippen med kniven og klatra til han nådde opp til kanten av høgsletta. Då han hadde gått eit stykke, kom han til eit hus og gjekk inn. Eit gammalt par sat der. Guten spurde mannen forsiktig: "Kven er du?"

"Eg blir kalla bror Austan", sa den gamle.

"Kan du seie meg vegen til riket ved jordas ende?" spurde guten.

"Nei, eg hadde aldri vore der, men bror min, Søran, kan kanskje seie vegen", sa bror Austan, og lovde å følgje guten til bror sin. Så snart vinden bles opp, blei dei tatt med sørover. Guten spurde bror Søran om vegen til jordas ende, men heller ikkje han visste det. Men Søran trudde broren hans, Vestan, visste vegen. Dei drog til bror Vestan. Han sa han ikkje var godt kjent med vegen, for han hadde vore der berre éin gong. Men bror hans, Nordan, hadde ofte vore der, så han kunne vegen. Dei tok seg til bror Nordan og spurde han.

Jo, han visste vegen godt, han hadde endatil vore der dagen før. Og der hadde dei mykje å stå i med, for den yngste kongsdottera skulle giftast med ein prins. Guten bad då bror Nordan ta han med dit så fort som vindane blåse kan.

Nordan tok han straks med til eit høgt og bratt glasfjell.

Guten skar seg trinn og handfeste med kniven, og kom seg opp. Heilt oppe stod eit slott. Han tok fram nøkkelen, opna døra, og gjekk inn. Der inne sat alle dei tre søstrene. Til den eldste gav han kniven, til den andre saksa, og til den tredje nøkkelen. Då svima bruda av, og straks blei alt forvandla. Glasfjellet forsvann og ei slette kom i staden for det. Prinsen som den yngste søstera skulle ha gifta seg med, blei omskapt til det trollet han hadde vore før. Det var han som hadde kasta trolldom over dei tre kongsdøtrene og gjort dei til svaner. Trolldommen kunne ikkje bli broten før ein grepa gut klatra opp glasfjellet til dei.

Så feira guten at han fann att den yngste kongsdottera med stor stas der jorda endar, og blei med tida konge der.

[Etter Jakobsen 421-26]

Ord

  1. banning og sverjing er eit vanskeleg tema. Sverjing er stort sett det same som banning, grovt språk, skitne ord, dårleg språk, vulgært språk, er språk som av somme blir tatt for å vere under-lødig, usømmeleg, upassande eller støytande. Det kan ligge så vel skjending som fornedring i det, eller ein viser sterke kjensler - det kan breste for ein. Ein kan banne med ord, uttrykk, gestar eller åtferd som blir tolka som iallfall fornærmande. Det er ikkje alltid heilt enkelt å vite kor grensa er.

    Banning er ganske utbreidd, men skil seg mellom folk. Nokre bannar nesten ikkje, andre bannar hyppig. Menn bannar meir enn kvinner, og personar frå "overklassa" bannar mindre enn arbeidarklassa, skriv ◦Språknytt 2004/3-4. Typiske norske tabuord har ofte med sex eller religion å gjera. Ein heilt ny rapport syner at godt vaksne i dagens Noreg gjerne bannar ved religiøse ord, mens unge nok også kopierer amerikanarar - det er vanleg "norsk sjuke" att - med noko flittigare bruk av ord om kroppsdelar, seksuell åtferd og avføring - tilmed seksualstigmatisering.

    Å banne i Noreg: For mange er bannord, også kalla tabuord, tiltrekkande fordi dei er forbodne, stygt tenkte ord. Men i visse samanhengar er det ord ein får unngå om ein ikkje vil støyte folk og heller prøve å verke noko danna. Folk er sårbare, så ein får nytte omskrivingar og nesten-banning som ◦fiskekake! (Språknytt 1, 2006)

    Omskrivingane er mange: fanden ber mange namn slik. Det er gammal omskrivingstaktikk, men også omskrivinga kan bli eit nytt tabuord, syner språkhistoria.

  2. fjørham som eventyrmotiv: I den norrøne mytologien og i folkevisedikting frå mellomalderen er ofte den som har fjørham - også ein tillaga klednad av fjører - i stand til å fly. I forteljinga om meistersmeden ◦Vølund kjem for eksempel tre svaner flygande og legg frå seg svanehamane sine, så dei står fram som tre gudinner av den sorten som mellom anna fann fram til tapre krigarar i norrøn mytologi. [Store norske leksikon, s.v. "Fjærham"]
  3. bryllaupsskikkar: Bryllaupet var ikkje ferdig før folk hadde hatt kokkegilde (heimebryllaup) søndagen etter bryllaupet. Då sette ein seg til bords etter kyrkjetid og hadde glede av suppe, brød, smør og kjøt i lag, og hadde det moro i lag med så som kortspel og færøysk dans. Til kokkegildet var over, blei dei to gifte enno rekna som brud og brudgom. [Joensen s. 167 ff]

Kjempebryllaupet

Det var ein gong ein bonde som hadde sonen Tor og tre hundre sauar.

Ein dag sende bonden Tor ut for å sjå til sauene. Dei gjekk i ein dal nær ved garden. Då Tor kom dit, blei det brått så tjukk skodde at han fór vill. Men etter litt letta skodda ein del, og då såg han ei vakker ungjente framfor seg. Ho var så søt at han måtte kysse ho. Men så kom skodda igjen, det blei nokså mørkt, og han såg ikkje jenta meir.

Då det lysna att, såg Tor at det kom ei diger kjempe rett mot han. Kjempa spurde Tor om han hadde sett ei ungjente der omkring.

"Ja, det har eg," sa Tor.

"Det må ha vore dottera mi," sa kjempa.

"Nei, det kan ikkje passe", sa guten. "Ho var veldig ven, og ein så stygg kar som deg kan då ikkje vere far hennar."

"Jo, så sanneleg!" brølte kjempa. "Ho er dottera mi. Vil du ha ho til kone?"

Det ville Tor gjerne, og så sa kjempa at ho ville heim til hola si og stelle til for bryllaupet. Tor skulle også gå heim og fortelje far sin om nyhendet, sa kjempa. "Og så kan du be så mange gjestar til festen som du vil." Men det var to han ikkje ville sjå der, og det var ein mann som heitte Gjest, og hunden hans, Halvehale.

Så gjekk guten heim, og då far hans fekk sjå han, fortalde guten korleis turen hadde gått, om jenta han hadde møtt og bryllaupet som skulle stå i hola, og om alle gjestane som han kunne by og dei to han ikkje fekk by.

"Det var då underleg," sa far hans då han høyrde om Gjest og hunden hans. "Det må ligge noko under her. Eg synest du og eg skal ta med Gjest og hunden, og ingen andre."

Sonen gjorde som faren sa. Han gjekk til Gjest og innbydde han og hunden hans, og dagen etter drog dei fire av stad.

Då dei kom til kjempehola var ikkje kjempa heime. Dei fann berre den vakre jenta og more hennar. Mora var ei gammal, skrukkete kone med lange klør i staden for naglar. Ho var i full sving med å stelle i stand til bryllaupet, og kom slepande med mykje kjøt som ho velta ned i nokre store gryter.

Tor spurde etter kjempa.

"Han Kolbein er ikkje heime, men han kjem snart", svarte den gamle mora mens ho vende kjøtet i den eine gryta med klørne sine. "Han er ute og ber venner til bryllaupet."

Det varte heller ikkje lenge før kjempa kom. Ti andre kjemper var i lag med han. Han helste vennleg på Tor og faren hans. Så såg han kort bort på gjesten som hadde sete seg ved døra saman med hunden sin.

"Kven er det?" sa kjempa.

"Det er ein spelemann," svara Tor.

Men kjempene blei ikkje heilt trygge av svaret. Først sat dei tause ei stund. Så tok Kolbein Kjempe til å beklage at Glimra Kjempe ikkje kunne komme med til festen. Glimra var den sterkaste og flinkaste av dei alle, og det ville vore godt å ha han med i fall det skulle bli slåsskamp.

Som kjempene sat og snakke, tok det til å rumle så hola rista. Det var Glimra som kom likevel, og pressa seg inn gjennom døra, som var for lita til at kjempa kunne komme inn på vanleg vis.

Då Glimra kom seg inn i hola, sette han seg som Gjest ved inngangen. Kolbein gjekk bort til Glimra og baud han velkommen. No var alle kjempene der, og dei var glade og modige. Den skrukkete kona til Kolbein dekte bord med mykje kjøt, og dei gav seg til å ete. Kolbein skjenka dei eige brygg, og kjempene drakk så det rann og høyrdest ut som bølgeskvulp når dei lo.

Då alle var ferdige med å ete og drikke, spurde Kolbein dei kva dei no skulle ta seg til med. Skulle dei danse eller kaste bein? Han spurde også Tor og Gjest kva dei syntest.

"Det får de sjølv avgjere," sa Gjest.

Kjempa Glamur syntest dei skulle kaste knoklar, for han hadde tenkt å drepe Gjest. Kjempa tok ein knokkel i handa, sikta og kasta mot Gjest. Men då synte det seg at Gjest var overlag kjapp. Han greip knokkelen i lufta og kasta han attende, rett i fleisen på kjempa Glamur. Kjempa skreik og dansa rundt i hola av smerte.

Med kjempa Samur gjekk det om lag like eins. Gjest greip beinet som kom mot han og sende det tilbake fort. Kjempa blei råka i fjeset og sette i eit hyl så hola rista.

Då ei tredje kjempe ville kaste eit bein mot Gjest, stoppa Kolbein det. "Stopp, stopp! Dette her er for valdeleg. La oss halde opp før menneske blir skadde."

Alle gjorde som han sa, og sette seg ved bordet att for å drikke. Dei drakk seg søvnige og fall i søvn. Men Tor og følget hans torde ikkje late att auga. Dei gjekk inn i eit rom ved sida av og heldt råd om kva dei skulle gjere. Gjest rådde dei til å vente til kjempene sov så djupt at det flaug gneister ut av nasebora deira, for då kunne dei fire lykkast i å komme seg vekk frå hola. Tor og far hans samtykte.

Etter litt meinte Gjest at tida var kommen. Dei sneik seg stilt ut gjennom rommet med dei sovande kjempene. Bruda blei med Tor.

Gjest følgde dei hine eit stykke på veg. Så sa han at han måtte tilbake og ordne noko i hola. Han sprang attende. Alle sov djupt enno. Han var ikkje sein, men greip eit sverd og tok til å slå i hel kjempene ei etter ei, til berre Glamur og Gapur var att. Gapur kom til å vakne og fekk sjå kva som gjekk føre seg, og sette i å hyle og skrike. Det var berre Glamur og han sjølv som var i live av gjestekjempene.

I mellomtida stakk Gjest av.

No vakna Kolbein og kona i soverommet sitt. "Vakn opp! Ta på bjørnehamen og spring opp i fjellet og rull stein nedover dei som gjorde dette!" ropte Kolbein til kona.

Ho gjorde som han skreik, men Gjest var lett på foten. Han nådde vennane sine og bad dei skunde seg alt dei makta. Ganske fort høyrde dei eit brøl bak seg. Det var dei tre kjempene som kom etter dei. Dei sprang så fort at det flaug jordklumpar rundt øyra deira.

Gjest bad no vennane sine vere modige. Han føreslo at Tor gjekk mot Kolbein, far til Tor mot Gapur, og han sjølv mot Glamur. Og så var kjempene over dei!

Kjempene tapte, for sjølv om dei var store og tunge, var dei hine snarare og godt samordna. Det var likevel kloss før Kolbein hadde gjort det av med Tor, men då kom Gjest til hjelp etter å ha drepe kjempa si, og slo Kolbein i hel.

"Kor bra at eg slapp å gjere ende på svigerfar!" sa Tor, og tenkte på livet i lag med dottera hans.

Men faren var ikkje heilt over enno, for med eitt høyrde dei larm frå store steinar som kom rullande nedover mot dei. Dei såg opp og såg det var ein bjørn høgt oppi fjellet som prøvde å drepe dei.

"Hopp på ho," ropte Gjest til hunden sin, Halvehale, og bikkja sprang fort oppetter fjellsida. Bjørnen såg hunden og prøvde å drepe han med store steinar, men hunden hoppa frå side til side og blei ikkje ramma. Til sist kom han heilt opp til bjørnen med dei lange klørne. Bjørnen gjorde seg klar til kamp, men hunden var for kjapp og beit bjørnen i hel.

Brudefølget samla seg sidan rundt bjørnen og kjende att den skrukkete kona på dei lange klørne og det at skinnet hang så laust at dei fekk sjå litt under det. "Huff!" sa dei først, men etter å ha tenkt litt, blei samde om å gå tilbake til Kolbein-hola. Der fann dei fann mykje gull og sølv, og tok med seg alt dei kunne bere.

"Vi får komme attende og hente meir sidan," sa bruda. Ho fortalde no at Kolbein og den skrukkete gamle kona hadde røva ho for lenge sidan, og at ho ikkje kom til å sakne verken dei eller fjellhola.

"Så hadde eg rett likevel," sa Tor, "då eg sa til Kolbein at han ikkje kunne vere far din!" Så gjekk dei heim til bondegarden. Der blei Tor retteleg gift med den vakre jenta. Og så vidt vi veit, levde dei lykkelege til siste slutt.

[Attgiving]

  Innhald  


Litteratur

Færøyske eventyr og segner frå Færøyene, Færøyane.    Seksjon     Sett    Neste

Færøyske eventyr og segner frå Færøyene, Færøyane. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]