Norsk del, Gullvekta
Eventyr og segner frå Færøyene  ❀ 3
Seksjon › 8   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Snati

Ein mann og ei kone hadde ein son. Då guten var bortimot vaksen, gjekk han ein dag ein lang tur. Han gjekk og gjekk, og kom til sist inn i ein stor skog. I skogen var eit hus. Der gjekk han inn og la seg nedpå litt, for han var trøytt av all gåinga. Det var ein rise som åtte huset, ein som alltid var borte om dagane og kom heim om kveldane. "Her luktar folk", sa han og snuste i kvar krok då han kom heim i kveldinga. Guten vakna og skalv av redsel då han høyrde risen, og same kor mykje han krøkte seg saman i risesenga, fann risen han.

"Velkommen, velkommen skal du vere!" sa risen. "Eg har lenge ønskt nokon til å lage mat og halde huset reint. Og no har eg deg."

Guten lét ille, men det hjelpte ikkje; han måtte bli hos risen. Risen gav han nøklane til alle romma i huset sitt, og sa at guten skulle halde dei reine. Men éi stue forbaud han guten å gå inn i, og sa at "gjekk han dit inn, så såg risen det, for han såg alt."

Ein dag guten gjekk aleine i huset, fekk han lyst til å vite kva som var i det rommet som risen sa han ikkje fekk gå inn i. Han la handa stilt på dørklinka, men i det same han skulle til å late opp, høyrde han nokon som sprang til døra innanfrå og klora og krassa på ho og sa, "Vel meg, vel meg!" Då torde ikkje guten late opp.

Ein kveld kom risen heim og var sjuk. "Eg trur eg skal døy", sa han til guten. "Men før eg døyr vil eg oppfylle eit ønske for deg, for du har vore til god hjelp for meg."

Guten stod lenge og tenkte seg om. Då kom han i hug det han hadde høyrt innanfrå rommet han ikkje fekk gå inn i, og sa han ønskte seg det som var i rommet han ikkje fekk gå inn i.

"Eg vil seie du valde vel", sa risen, og så døydde han. Guten gjorde med liket etter risen slik risen hadde sagt det, og då det var gjort, gjekk guten til det forbodne rommet og opna døra. Der var alt stilt or roleg, utan ein svart hund som gjekk omkring der inne. Guten sleppte ut hunden, og så la dei to i veg saman ifrå risehuset, guten føre.

Då dei hadde gått eit godt stykke, vende hunden seg til guten og spurde. "Er du ikkje nyfiken?"

"Korleis det?" spurde guten.

"Du har for eksempel ikkje spurt kva du skal kalle meg", sa hunden.

"Kva skal eg kalle deg då?"

"Kall meg Snati", sa den svarte hunden.

No gjekk dei lang veg og kom til sist til kongsgarden. Der var det dårleg stell og mykje sorg, for kongssonen var blitt borte for ei tid sidan, og no trudde folket i garden han var daud. Og så var eit vakkert rosetre blitt fjerna frå hagen til kongen, og nøklane til kongen kunne dei heller ikkje finne. Kyrne i det kongelege fjøset hadde ikkje mjølk når ein kom for å mjølke dei om morgonane, og jamvel om det var vaktar hos kyrne, kunne ingen finne ut kven som stal mjølka før kvinnene kom for å stelle med kyrne.

Snati bad no guten gå og be arbeid, for kongen trong folk til å hogge kol i kolmina si. Guten gjorde som den svarte hunden bad han, og blei hyrt med det same. Men kolmeisteren likte ikkje guten, og lét han hogge vekke frå dei andre.

Mens kolmeisteren var i kolbrotet, hogde guten alt han orka, og hunden synte seg ikkje for nokon. Men når kolmeisteren var vekke, kom hunden og tok øksa mellom klørne og hogg kol for guten så hardt og iherdig at kolbitane dreiv om øyra til dei, og det blei meir kol av det enn nokon annan klarte å hogge på ein heil dag.

Då kolmeisteren kom om kvelden for å sjå kor mykje dei hadde hogd, var det så mangle kolbitar omkring guten at han blei redd han. Han gjekk fort til kongen og sa at det var ikkje naturleg å hogge så mykje kol som han, og så hadde han ein svart hund med seg. "Eg meiner det er fanden sjølv han har med seg i kongsgarden", sa han til kongen.

Men kongen ville ikkje jage ein så dyktig arbeidskar, ein som ikkje hadde gjort noko låkt mot nokon, sa han. Og slik blei det.

Kolmeisteren gav seg no til å lyge og sa at guten hadde sagt han visste kor det var, alt som var sakna i kongsgarden, "og han har også sagt det skulle vere ei lett sak for han å få att alt saman, om han berre ville."

Kongen kalla guten til seg og tala hardt til han og sa når guten sa han kunne finne det som var vekk, skulle han straks gjere det. Gjorde han det, skulle han få kongsdottera, men om ikkje, skulle han bøte med livet.

Guten blei ille ved og sa at han hadde ikkje sagt noko slikt, og at nokon hadde loge det på han. Då han kom og søkte teneste før på dagen, visse han ikkje eingong at somt var vakke få kongsgarden, sa han.

Men kongen sa at kolmeisteren ikkje var nokon som fór med løgn, og tok opp att at guten skulle bøte med livet om han ikkje kom tilbake med alt som var vekke.

Guten gjekk mismodig ut og var sorgsam dagen lang. Så gjekk han til hunden og fortalde kva som hadde hendt, og bad om råd.

"Det har inga nød", sa Snati. "Gå til kongen og be om ein stor pose salt, og kom hit til meg etterpå."

Guten gjorde det, og kom att med saltet i ein pose. Etter ei stund kom dei til eit bratt berg.

"Her trur eg ikkje eg kjem opp", sa guten.

Men Snati lovde å hjelpe han. Så kleiv dei opp berget og kom til ei slette. Der gjekk dei eit langt stykke, og så kom dei til eit hus.

"No skal vi opp på hustaket", sa Snati, og kleiv opp på taket saman med guten. Gjennom ljoren kunne dei sjå ned på ein mann, ei kone og ei lita jente. Det var tent ein eld i grua, og over elden hang ei stor gryte som var full av mjølk og gryn som skulle bli graut. Snati sa no til guten at han skulle løyse sekkebandet, ta salt og helle det ned i gryta. "Men ikkje så mykje i gongen," sa han. "Det skal dryssast nedi, ganske som snø."

Best som dei tre sat omkring gryta, sa mannen: "Det er best å legge loket over ljoren, for det snør jo ned i gryta."

"Nei", sa kona, "gjer ikkje det, for då blir røyken kvelande her inne ."

Guten hadde no dryst alt saltet nedi gryta. Saltposen var tom. Samtidig var grauten kokt ferdig, og mannen ville ha seg ein grautbolle.

"Grauten er salt", sa han misnøgd, men åt han likevel.

"Salt?" sa kona. "Det er fersk mjølk og gryn aleine. Eg var i kongsgarden og mjølka dyra der, og dette er den mjølka."

Men mannen bad kona om å smake på grauten, og så sa ho han ikkje imot meir. Som dei sat der og åt graut saman, kom dei i snakk om forskjellig. Kona sa: "I kongsgarden er dei då altfor dårlege til å leite. Dei kan ikkje eingong finne nøklane til kongen. Men dei treng berre sjå etter under den store dragkista der i garden, så finn dei nøklane."

Etter litt sa mannen at han var forferdeleg tørst etter den salte grauten, og kravde vatn. Småjenta blei sendt ut for å gå til elva etter vatn, men straks ho kom ut, hoppa Snati heilt overraskande opp på ho og skremde livet av ho. Mannen og kona sat lenge og venta, men inga jente kom att. Kona reiste seg for å finne ut kor det blei av jenta, men ho kom ikkje lenger enn utfor døra før Snati hoppa opp på ho like brått og overraskande. Kona blei så skremt at ho fall saman daud.

Mannen sat og undra seg på korfor dei to ikkje kom inn att, heilt til han blei utolmodig og bestemte seg for å gå og sjå etter. Så gjekk det like eins med han som dei to andre. Hunden hoppa brått opp på mannen. Det var så uventa at han blei skremt daud med det same.

No gjekk Snati og guten inn i huset og såg etter kva som var der. Dei fann rosetreet pakka inn i ein sekk, og bar det heim til kongsgarden. Guten gjekk fram for kongen og sa no kor dei skulle leite etter nøklane til kongen. "Og kyrne kjem til å gi fin mjølk att frå i dag. Det kan ein sjå kvinnene kjem i fjøset om morgonen", la han til. Så gav han rosetreet til kongen.

Kongen blei glad, enda om han hadde vore gladare om han hadde hatt den kjære sonen sin hos seg også. Han ville no gi dotter si til guten som han hadde lovt. Men då kolmeisteren fekk høyre alt dette, blei han vill og gal og lova for seg sjølv å drepe guten.

Så kom bryllaupsdagen. Dei åt og drakk og dansa, og alle var glade. Men Snati gjekk ikkje vekk frå sida til brudgommen, og då brudeparet trekte seg tilbake om kvelden for å legge seg, bad hunden om å få vere med inn i brudekammeret. Han ville ligge ved fotenden av senga berre denne natta, sa han.

Brudgommen kunne ikkje nekte Snati det, for kor ville han sjølv vore utan Snati? tenkte han. Men han syntest han først laut seie ifrå til kongsdottera om det. Ho syntest det verka litt underleg, men ville ikkje seie nei til det første mannen bad ho om på bryllaupskvelden, og så fekk Snati komme opp i senga til dei.

Då brudeparet hadde sovna, låg Snati i ro ved føtene deira. Men om natta høyrde han nokon som bora i veggen til rommet. Snart var det eit hol som ei hand kunne komme gjennom. Snati låg still mens holet blei gjort større. Til sist kom eit hovud ut gjennom det. Snati var ikkje sein, men hoppa til og beit hovudet av inntrengaren. Det var kolmeisteren som var på ferde og ville drepe brudgommen.

Snati slikka i seg alt blodet på golvet, og med eitt blei han omskapt til menneske. Han var ingen annan enn den bortkomne kongssonen. Han fortalde at kolmeisteren hadde føtt han av vegen ved trolldom for å kome til og bli konge sjølv. Han ville ta livet av guten for å kunne gifte seg med kongsdottera seinare, når sørgetida hennar var over.

Gleda blei stor i kongsgarden, no då Snati var blitt til kongsson att og var funnen. Då gamlekongen seinare døydde, blei sonen konge etter han, men guten som gifta seg med dottera hans, blei dei nest største i riket. Han henta straks foreldra sine til seg på slottet. Dei hadde lenge gått i sorg fordi dei trudde at han var daud, så no blei gleda stor.

Og sist ein høyrde frå kongsgarden, hadde alle det bra.

[Jacobsen 1898-1901:408-15. Attgiving]

Den vakre og kloke dronninga

Ein konge ville ha seg ei kone som var både vakker og klok, men han fann ingen han likte godt nok. Så kledde han seg som ein fattig, ung mann og reiste ut for å finne ei slik kone. Ein kveld kom han til eit fattigsleg hus i kveld og bad om husly. Ektefellene i huset sa dei ikkje hadde seng til han, om han ikkje fekk deira eiga seng og dei sjølv sov på golvet.

Nei, sa den framande, han sjølv ville liggje på halm på golvet. Han såg ingen andre enn dei to, og spurde om det fanst andre der. Men det sa dei ikkje noko om.

Om morgonen høyrde han at nokon spann på ein rokk oppe på loftet. "De må då la meg få sjå den som bur her i lag med dykk", sa gjesten, "for det er nokon på loftet og spinn."

Så måtte paret la han få sjå dottera si - for det var ho som hadde spunne - og ho var ei av dei vakraste jentene ein kunne sjå. Kongen likte ho, men meinte det ikkje sømde seg for han å gifte seg med dottera til fattigfolk, så han drog heim att og sa ikkje noko.

Men då han var komen heim, fekk han ikkje fred. Han tenkte heile tida på kor pen ho var. Men visste ikkje om ho var klok eller ikkje. Til sist ville han prøve ho. Han skreiv eit brev til ho, la ein liten rull med silketråd inni, og bad ho veve eit teppe av tråden. Ho skreiv tilbake, og i brevet låg ei treflis og eit ark der det stod: "Gjer om flisa til ein vevstol som høver teppet, så får eg vel veve det for deg."

Kongen meinte no at jenta var like flink som ho var vakker, henta ho heim til seg og gifta seg med ho. Men dronninga skulle ikkje blande seg i styre og stell, sa han, og var streng på det.

Ein dag kom ein fattig mann til hovudstaden, der slottet var. Han hadde med ei hoppe som var med føl. Hoppa blei sett inn i ein stall med hingstar. Morgonen etter hadde hoppa fått føl. Følet stod blant hingstane, og dei som eigde hingstane tok med seg følet også.

Mannen måtte gå sin veg utan følet sitt. Så klaga han saka inn for kongen, men til inga nytte. Då gjekk han til dronninga og bad ho om råd. Ho sa han skulle ta ei fiskeline, gå ut på ei sandbanke og sette lina ned i sanden, og seie til alle som kom til han og spurde korfor han gjorde dette: "Om hingstar får føl, kan ein vel fiske i sand også - det skulle ikkje vere uprøvd."

Folk strøymde til rundt han og spurde korfor han heldt på slik, og han svarte som dronninga hadde rådd han. Folk hadde høyrt korleis han hadde tapt retten til følet sitt, og skjøna meininga. No blei han sett i fengsel for spottfisking og spurt om nokon hadde lært han det. Først ville han ikkje seie noko, men til sist var det ikkje anna råd: Han vedgjekk han hadde fått fiskerådet av dronninga.

Då kongen høyrde at dronninga hadde gitt rådet, gjekk det hardt innpå han. No ville han sende ho frå seg, "sidan han hadde forbode ho å blande seg i styre og stell", sa han.

Ho bad han då om å få halde ein avskilsfest for berre dei to, og å få med seg noko til minne før ho drog vekk.

Han gjekk med på begge delar. "Du skal få kva du vil, kone", sa han.

Så heldt dei koseselskap. Dronninga hadde sovemiddel i drikken til kongen, så han sovna. Ho fekk dernest sendt bod på ei hestevogn, og køyrde av stad med han heim til foreldra. Der la ho han på loftsenga si.

Då kongen vakna om morgonen var han vill og gal og spurde korfor ho hadde gjort dette mot han. Ho svarte at han hadde lovt ho at ho kunne få ta med seg det ho ville frå slottet, og at ho ikkje visste av noko betre å ta med heim enn han.

Kongen forstod at han var overlista, men opprådd blei han ikkje. "Ja, ein lovnad er ein lovnad, kjære kone! Men høyr, eg skal få bringa heimen og foreldra dine til kongsgarden, og vil du heretter gi meg råd til hjelp for styre og stell, så får du om du vil", sa han også.

[Attgiving frå Jakobsen, 365-67]

Den farlause guten og trollet

Det var ein gong to brør som budde i lag i eit lite hus borti skogen. Dei hadde ein farlaus gut hos seg. Og fordi ingen visste kven som var far hans, blei han kalla Farlaus. Kvar dag gjekk to av dei ut i skogen for å hogge ved, mens den tredje var heime for å koke middag.

Ein dag den eldste broren var heime, kom ein kortvaksen fattigmann og banka på døra og bad om å få komme inn. Mannen var eit fælt syn, og skjegget hans hang ned til knea på han. Det var så kaldt, sa han, og bad om å få sitje ved peisen ei stund. Det kunne han, sa eldstebroren.

Ei kjøtgryte hang over elden og blei klar. Den framande bad om litt å ete, for han var så svolten, og fekk ei skorpe å dyppe i suppefeittet. Då han hadde ete dette, var han brått blitt sterk og ville ete all maten dei hadde. Broren prøvde å hindre han, men trollet vann lett over han, gav han juling og slengte han inn i eit hjørne så han låg der halvdaud.

Då dei to andre kom heim, fekk dei ingenting å ete, for trollet hadde ete alt. Yngstebroren sa det ikkje ville gå slik neste dag, for då skulle han halde seg heime. Om morgonen neste dag gjekk han og fanga eit par fuglar og eit par egg frå fuglekoloniane omkring. Så hadde han mat i huset. Utpå dagen kom den stakkars gamle mannen att, bad sameleis som før, og fekk det som han bad om, for broren trudde ikkje det kunne skade. Men så snart den vesle gamlingen hadde ete, var han med eitt sterk og banka broren. Og då dei to andre kom heim om kvelden, låg yngstebroren i ein krok og var halvdaud. Det blei ikkje mat den kvelden heller.

Tredje dagen ville den yngste vere heime, men dei to brørne trudde ikkje han var mann for jobben når ein slik skjeggetass gjekk omkring. Det kunne vel ikkje gå verre med han enn med dei, meinta han, og dermed fekk han vere heime for å lage i stand middagsmat og anna i huset.

Neste morgon fekk han og fanga tre fuglar og fann seg tre egg til kjøtsuppa, og utpå dagen banka det på døra. Guten ville ikkje sleppe inn trollet, men det reiv og sleit og skrapa i døra til eit hengsel løsna. Så stabba han inn og sette seg ved bålet og kjøtgryta. No bad han om noko å ete. Men guten svarte at gryta hadde ikkje begynt å koke enno, så maten var ikkje klar. Han bad trollet å hogge ved til grytebålet så maten blei ferdig fortare. Dermed tok han trollet med til ein diger stokk som skulle kløyvast og kappast opp.

Den skjeggete karen starta å hogge og fekk fort ein stor sprekk langs stokken. Der stakk han ein kile nedi og ville drive kilen djupare for å utvide sprekken, men ansa ikkje at det side skjegget hans hadde komme ned i sprekken. Det såg guten og skunda seg å slå ut att kilen. No sat det skjeggete trollet fast. Guten sa at no ville han ta hemn for det gale trollet hadde gjort mot dei andre, og tok til å denge trollet til det gret og gret. Trollet baksa og sleit for å kome laus eller dra stokken med seg, heilt til skjegget blei rive ut og hakehuda følgde med. Då rømde trollet til skogs og let skjegget sitje att i stokken.

Om kvelden kom dei to andre heim og fekk eit godt måltid. Ungguten fortalde kva han hadde gjort med trollet. Brørne meinte det beste ville vere å gå etter det mens spora var ferske, for fann dei staden det budde, var der kanskje store rikdomar, og eit troll som låg daud.

Blodspora leidde heile vegen til eit hol. Brørne torde ikkje gå ned, men den yngste fira seg ned i tau. Det var mørkt der nede, og han leita lenge før han fann nokon der. Det var ei kongsdotter som hadde forsvunne lenge før ifrå kongsslottet. Så fann han trollet i ein annan krok. Trollet skreik og tigga at guten ikkje måtte drepe han, så skulle guten få både kongsdottera og ei kiste med gull til gjengjeld.

Færøyene sin nasjonalblom er bekkeblom, Caltha palustris
Bekkeblom, nasjonalblomen til Færøyene

Guten sparte trollet, festa prinsessa til tauet, ropte til dei to på toppen og bad dei dra opp ei kongsdotter. Dernest fekk dei hale opp gullkista for guten. Då dei hadde gjort det, bad guten dei fire ned tau igjen så han kom seg opp. Men nei, sa dei. Dei ville ha gullet sjølve. Han kunne berre bu der nedi holet.

Guten fann ingen måte å kome opp att på. Men så kom han i hug trollet, gjekk bort til det og trua med å drepe det med det same om han ikkje fekk guten opp av holet. Gjorde trollet det, ville det berge livet, sa guten. Trollet tok til, famla med klørne på hendene og føtene etter feste i sjakta ned i holet, og baud guten halde seg fast på ryggen hans. Slik kom guten opp, og trollet ned att i hola.

Guten gjekk straks attende til huset, men der var det ingen heime. Ferske fotefar etter dei gjekk i retning av byen, så dei skulle nok til kongen med dottera hans. Og der var dei. Dei hadde gått til byen og komme framfor kongen med dottera hans, og sa dei hadde funne ho i ei trollhole. Kongen blei så glad at han sa ein av dei kunne ta ho til kone, men ho gret og sa nei.

Kort etter kom guten til slottet. Han fortalde korleis han hadde blitt behandla av brørne, og kongsdottera samstemte: "Dette er han som redda meg." Då sette kongen dei to brørne i fengsel. Guten fekk att gullkista og gifta seg med kongsdottera, og han blei sidan konge når den gamle kongen døydde.

[Attgiving frå J. Jakobsen: Færøske Folkesagn og Æventyr, s. 232-35]

Den digre stokken

Ein fattig mann hadde tre døtrer. Ein dag han hadde gått ut for å grave i jorda si, kom ein rise og sa til han: "Fjøra mi! Du står og grev aleine i dag, du."

"Den som ikkje har søner, har mykje å gjere sjølv", svarte mannen.

"Fjøra mi! Gir du meg den eldste dottera di, kan du få i byte ein spade som kan grave av seg sjølv", sa risen.

"Gjerne", sa fattigmannen, "men eg veit ikkje korleis eg skal få ho til deg."

"Fjøra mi! Send ho til bekken for å vaske vottar i kveld!" sa risen.

Då jenta kom til bekken om kvelden, stod ein kvit fugl framfor ho. Ho gjekk bort til fuglen, men med det same slo han vengane om ho og flaug av garde med ho. Etter eit stykke skifta han form, og der stod han og var rise. "Fjøra mi! Kva skal eg gjere med deg? Skal eg bere deg eller dra deg?" spurde han.

Ho svarte: "Dra meg!"

Han drog ho heile vegen, og då han kom heim, la han ho over dørstokken, knekte ryggen hennar og slengte ho bak døra.

Det gjekk ei tid. Så gjekk mannen av stad for å skjere torv. Mens han grov, kom risen attende til han og sa: "Fjøra mi! Skjer du torv heilt aleine her i dag?"

"Den som ikkje har søner, har mykje å gjere sjølv", svarte mannen.

"Fjøra mi! Dersom du gir meg den andre dottera di, skal du få ein torvspade i byte. Spaden vil spa og kappe av seg sjølv", sa risen.

"Gjerne", svarte mannen, "men eg veit ikkje korleis eg skal få ho til deg."

"Fjøra mi! Send ho til bekken for å vaske strømper i kveld! Eg skal vere der for å møte ho."

Og slik blei det. Den kvelden tok mannen av seg kleda, gav jenta strømpene og sa ho skulle gå til bekken og vaske dei. Ho gjorde det, men då ho kom til bekken, kom ein fugl før ho visste ordet av det. Fuglen pakka vengane rundt ho og flaug vekk med ho. Etter eit stykke skifta han form og blei til ein rise. "Skal eg bere eller dra deg?" spurde han. Ho svarte som søstera hennar hadde gjort, og så gjekk han i gang med å dra ho. Då han kom heim la han ho over dørstokken, braut av ryggen hennar og slengte ho bak døra.

Etter enda noko tid var det tida for å slå høy. Ein dag mannen hadde gått ut for å slå høyet sitt, kom risen tredje gongen og sa: "Fjøra mi! Tenk å slå høy heilt aleine!"

"Den som ikkje har søner, har mykje å gjere sjølv", svarte mannen.

"Fjøra mi! Gir du meg vesle Giljonnu, den yngste dottera di, så skal du få ein ljå som kan slå gras av seg sjølv", sa risen.

"Gjerne", sa fattigmannen, "men korleis skal eg få ho til deg?"

"Send ho til bekken etter vatn i kveldinga!" sa risen.

Då ho kom til bekken, stod risen der og greip ho. "Skal eg bere eller dra deg heim til meg?" spurde han.

"Ber meg!" sa ho, og valde heldigare enn dei to søstrene sine. Risen bar ho heim, blei straks så forgapt i ho at han fridde med det same.

Om dagane var han vekke, og då måtte ho feie og halde reint i alle rom unntatt eitt kammer. Der fekk ho ikkje gå inn. Men ho blei så nysgjerrig etter å vite kva som kunne vere der inne at ho ikkje kunne styre seg. Ho gjekk inn, og der låg dei to søstrene hennar bak døra. Det var enno noko liv i dei, såg ho.

På veggen der inne hang to krukker. Ho dyppa fingeren inn i den eine. Fingeren fall av. Ho dyppe handa i den andre krukka, og straks fekk ho ein ny finger.

"Noko storveges må det vere i den andre krukka", sa ho til seg sjølv. "Kanskje det kan bringe søstrene mine attende til livet." Men ho torde ikkje å gjere noko meir der inne den dagen.

På kvelden kom risen heim. "Fjøra mi!" sa han til ho: "Eg måtte så snart kunngjere at vi skulle gifte oss."

Det var rett av han å gjere, sa ho, og at det var då ikkje meir enn rimeleg at dei no skulle ta til å førebu ekteskapet deira.

Dagen etter gjekk risen for å innby gjester til bryllaupet mens ho kurerte søstrene sine med vatn frå den andre krukka. Ho gnei då noko av vatnet over ryggane deira, og dei blei friske med det same. Så bad ho dei sette seg i ein sekk, for ho ville skikke risen heim til far hennar med sekken neste dag. Men kvar gong risen sette ned sekken langs vegen, måtte ei av dei rope frå innsida av sekken: "Eg ser deg, ser deg!"

Neste morgon bad ho risen om ei teneste. Ville han vere så god og bere sekken heim til far hennar før bryllaupet? Men han fekk ikkje løyse sekkebanda og sjå etter i sekken, sa ho. Han skulle vite at ho kunne sjå kva han gjorde gjennom berg og over dalar.

Risen lovde å gjere som ho ville, og så greip han sekken og gjekk av stad men han. Men bak første berget sette han ned sekken og skulle sjå kva som var inni, for han klarte ikkje styre seg. Men då han ville løyse sekkebanda, ropte det innanfrå: "Eg ser deg, ser deg!" Risen blei forskrekka og tok straks til å bere sekken att.

"Det er jenta mi, det, kjære vesle Giljonnu", sa han. "Ho kan sjå gjennom berg og over dalar."

Då han kom bak neste berg, sette han ned sekken att. "Fjøra mi! Kor tungt dette er!" sa han. Han skulle til å løyse strengane for å sjå etter kva som var så tungt å bere, for no kunne vel ikkje Giljonnu sjå han. Men straks fekk han høyre: "Eg ser deg, ser deg!"

Risen skunda seg å ta opp att sekken og gjekk vidare med han. "Det er ei fin jente eg har: ho kan sjå gjennom berg og over dalar", sa han.

Då han kom bakom det tredje berget, sette han ned sekken att. Han var fælt nysgjerrig, men i det han skulle til å løyse sekkebanda, ropte det: "Eg ser deg, ser deg!"

Han tok opp sekken att og gav seg til å springe. Aldri hadde det vore ei jente som jenta hans, sa han, og stoppa ikkje før han nådde huset til far hennar. "Fjøra mi! Eg døydde nesten av å bere dette", sa risen mens han slengte børa ned på dørstokken. Så han gjekk av garde for å invitere dei andre risane til bryllaupet.

I mellomtida hadde Giljonnu tatt til å kle opp ein stor stokk heime i hola. Ho rigga han til med blondekapper og annan stas, sette på ei hue på enden, så ein skulle tru det var ho sjølv. Så tende ho eit stort bål på peisen, rigga til ei stor gryte over, og sette opp stokken ved elden så han lett kunne falle over ende og på bålet.

Ho tok no på seg dei verste fillene ho hadde, tok ein tiggarpose på ryggen så ho såg ut som ei tiggarske, og gjekk sin veg frå hola. På vegen heim møtte ho risen. Han hadde vore rundt omkring og bydd risar til bryllaupet. Han kjente ho ikkje att i filler, men stoppa og spurde: ""Fjøra mi! Kven er du, då?"

Jenta sa ho var ei gjekk omkring med tiggarpose.

Risen ville vite kva for heimar ho hadde gått til, og kva ho hadde fått. "Gjekk du ikkje til vesle Giljonnu mi?"

"Eg kjem derifrå", svarte ho. "Ho er ei fin og vennleg jente. Venleiken lyste frå ho i lyset av bålet på oren, mens ho førebudde og såg fram til at du kom heim att."

Dette ville risen tru var godt nytt. "Fekk du noko av ho?"

"Ja, eg fekk både nok å ete og mykje å bere vekk - denne posen er full".

Risen sette no av stad og følte seg både stolt og glad over at jenta hans skikka seg godt mot folk som kom innom. Han sprang heim det fortaste han vann. Med det same han kom inn i hola såg han den oppstasa stokken i motlyset frå elden og trudde stokken var jenta hans som sat i ro ved elden, med ryggen til ho. Han la seg over ho: "Å, søte, vesle Giljonna! Du sit og ventar på meg, så vakker og ven!" Han tok ho om halsen for å kysse ho - men då velta stokken og fall inn i elden med risen på toppen. Gryta som hang på ein krok over elden, fall ned over risen så han blei brent i hel.

Etter ei tid fekk søstrene høyre nyss om at risen måtte vere daud. Då gjekk dei med far sin til risegrotta for å få med seg kostelege saker derifrå, både av gull og sølv. Dei fann så mykje at dei kunne leve godt og vel resten av livet.

  Innhald  


Litteratur

Færøyske eventyr og segner frå Færøyene, Færøyane.    Seksjon     Sett    Neste

Færøyske eventyr og segner frå Færøyene, Færøyane. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]