Norsk del, Gullvekta
Eventyr og segner frå Færøyene  ❀ Innleiing
Seksjon › 8   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Færøysk sau
Færøyene = saueøyene

For seg, langt uti Atlanterhavet, midt i Golfstraumen, ligg atten øyer og elleve holmar med vulkansk opphav. Der bur nesten femti tusen menneske, over sytti tusen sauar. Om lag førti fugleartar som hekker i dei bratte, høge fuglefjella der: Over ein million lundefugl og enda fleire havhestar (dei er stormfuglar som minner om store fiskemåsar), ein halv million stormsvaler og nesten like mange krykkjer (måsar), og så vidare. Så det er langt fleire fuglar enn sauar, og fleire sauar enn menneske. Langs somme strender er det mykje gråsel, og i havet finst kval. Grindkval og spekkhoggar er vanlegast.

Dei svært hardføre sauane lever i småflokkar på beitemarker, i enger, på fjelltoppar og fuglefjell, og har ingen rovdyr å vere redde for. Sauane er mest i slekt med norsk spelsau og islandsk sau. Dei fleste menneska held til ved bukter eller fjordar austpå. Sytten tusen bur i hovudstaden, som er kalla opp etter Tor med Hammaren. Språket er færøysk, eit vestnordisk språk. Det utvikla seg frå gammalnorske dialekter.

Frå historia og den naturgitte kulturen

Irske munkar kom til øyene i skinnbåtar omkring år 600. Dei innførte venteleg sauane som norrøne busettarar fann der då dei kom og koloniserte øyene på 800-talet. Også skottar og irar kom til øyene.

Øyene er prega av vekslande, nesten vassrette lag med hard, grå basalt og mjukare grå eller raudlege lag med porøst tuff. Jordsmonnet er tynt, men rikt. Tre kan kanskje dyrkast fram med omhug, men det er gras som øyene har nøgda av mest alle stadar. Og i tusen år var sauar berebjelken i den færøyske økonomien. Strikka ullvarer gjekk også til eksport.

Øyene blei kristna rundt 999 e.Kr, og kom under den norske krona rundt 1035. Kring 1100 blei det oppretta eit bispesete på Kyrkjebø på same øy som hovudstaden Torshamn ligg, og rundt 5 km ifrå. I 1380 gjekk kongeriket Noreg i union med Danmark. Noreg gjekk då nesten ned til Göteborg, og rådde over store delar av Vest-Sverige i tillegg til Grønland, det norske skattlandet Island, Færøyene, Orknøyene.

Frå den tida kom Færøyene meir og meir til å bli styrt frå København og å bli oppfatta som dansk i staden for norsk provins. Ein stad mellom 1535 og 1540 kom også reformasjonen etter ordre frå København. Samtidig kom den monopolhandelen som blei fast del av livet på Færøyene i over tre hundreår. Inntil 1836 blei all handel gjort i Torshamn, der det var ein lite fort til vern mot sjørøvarar.

Færøyske bonde-fiskarar si kontakt med omverda var i stor grad avgrensa til tenester frå ei handfull embetsmenn og kanskje tre handelsskip i året, så dei var i stor grad sjølvberga. Dei dyrka høy til vinterfôr til buskapen, og litt bygg for å dryge ut forsyningar kjøpt frå monopolet. Sjøen var rik på fisk, då som no. Noko blei tørka. På høge klippar ved sjøen gjesta dei reira til sjøfugl med jamne mellomrom for å ta egg og fange fuglar å ete.

Dei bygde av stein, drivved og så lite innført tømmer som vel mogeleg. Taka blei torvtekte. Til brensel brukte dei torv som dei grov fram i myrer og bar heim. Beita i utmarka høvde for sauedrift. Sauehald gav dei vindtørka sauekjøt som dei åt rått i tynne skiver og ull å arbeide med om vinteren.

Kulturen heldt i stor isolasjon

At Færøyene var så isolerte, blei ei stor hindring for økonomisk framgang, men isolasjonen førte også til at gammal norrønt språk og kultur blei bevart. På Færøyene fekk dei ein sterk, munnleg tradisjon, der dei gamle færøyske balladane vel står fremst i tilfanget. Ballade-framføring var poesi, song og yndige rørsler i sameining, også kalla folkevisedans. Til folkevisedansen på Færøyene blir det ofte knytt episke folkeviser frå mellomalderen. Dikt blei sunge mens deltakarar dansa i ring eller på rekke, blei med i koret og andre vers der det var mogeleg.

Ein har rimeleg grunn for å meine at folkevisedans var vanleg i Norden før, men det er berre på Færøyene tradisjonen har overlevd. Slik tradisjonsdans har likskapar med franske lyriske songdansar frå mellomalderen, med greske kordansar frå klassisk tid og med kjededansar frå Søraust-Europa og Midtausten. Folk dansa til folkeviser i bryllaup, for å feire kvalfangst, og Olsok, som er den 29. juli, og frå jul til fastelavn. Det finst balladeversjonar av fleire av dei islandske sagaane, av mange tema frå norsk historie, av den skandinaviske versjonen av Nibelungenlied, og så vidare. Dei gamle balladane kan vere hundrevis av vers lange.

Færøysk munnleg prosa var for det meste historier, er eit utval av desse er tatt med her. Vinterkveldar var tida for historieforteljing. Mens det storma ute, kunne folk arbeide innandørs under torvdekte tak. No var tida der for å karde, spinne, strikke og veve. Vennar og naboar kunne samlast i dei største romma i husa. Til lyset av tranlampar som hang frå dei store bjelkane, midt i ein dis av torvrøyk, kunne forteljarane utfalde seg, helst ein av bygdas eldre som ville fortelje ei historie eller meir. Det kunne vere ei historisk segn om nokon og ei historisk hending, eller eit eventyr om hekser, kjemper, troll og guten som vinn prinsessa. Eller det kunne bli ei huldresegn.

[West i-iv]

Rik og lun

Færøyene har ein rik og lun forteljetradisjon. Forteljingane er for det meste utan stor dramatikk, og speglar det godslege færøyske sinnelaget og naturforholda, skriv Kirsten Gade. Og Jakob Jakobsen, som samla segner og eventyr på Færøyene i 1892–93 og 1898, fann at den færøyske eventyrskatten har mykje til felles med eventyrskattar i Noreg og Danmark, om enn med romslege endringar. [Jakobsen xxviii]

Færøyingar har likt riseeventyr der menneske kappast med risen og vinn mot overmakta ved kløkt. Dei har også likt eventyr om Oskeladdar og Oskepottar, om fantar som gjer peik, om dumstutar (toskar), om forheksingar og berging av kongsdøtrer, om omskapingar, og dyrefablar - utan at det er skarpe skil mellom slike forteljingstypar. Forteljemåten er brei, rund og nøktern, utan mykje dialog mellom aktørane i sogene. Det er sjeldan ein finn open kamp mellom menneske og risar, men vedunderlege trollskattar finst i somme eventyr. Dette og meir til kan ein lese i Jakobsen si innleiing. [xxvii, xxxi]

Hammershaimb sine syn på mangt

Jakobsen tok mål av seg til å utfylle segntilfanget i Venceslaus Hammershaimbs Færøsk anthologi frå 1866. Hammershaimb fortel i store drag frå historia og næringsgrunnlaget for færøyingane. Fiske, saue- og krøtterdrift, kvalfangst og fuglefangst har vore dei viktigaste, og dessutan litt kornavl.

På 1800-talet, då segnene og eventyra blei samla, heldt folk flest til i bygder, var flott gjestfrie og hjelpsame mot kvarandre, og tolmodige. Etter dei tradisjonelle kjønnsrollene tok kvinner seg av mjølking og fjøsstell, skar opp fisk og bar han i hus, vaska han, og tok seg av mest alt husstellet. Dei laga mat, gjorde reint, strikka og vov og farga klede og anna med naturfargar som eigna seg. Mennene gjorde anna.

Folk forlysta seg med samkome som færøysk folkedans som dei song til - både kjempeviser og folkeviser - spela ballspel og dreiv med gymnastiske øvingar og karstykke. Så hadde dei juleleikar og folkemøte.

Fantasien deira gjekk i samgang med naturen og livsvilkåra. Frå gammalt hadde dei lagt liv inn i innsjøar, steinar, haugar og anna i naturen, og folka dei med åndsfoster frå folketrua, så som dvergar i haugane og huldrefolk som folk flest ikkje kunne sjå, enda om dei kunne vere mellom folk på land og sjø. Nøkkar, havfruer og havmenn finst også i folkloren, og djerve, sindige og sikre folk som kunne hanskast med jettar og jettekvinner, mellom anna.

Færøyingar verdsette nøysemd som let ein nyte fred og ro heime ved kunnig flid, nøysemd og varsemd. Folk synte skarp forstand med blant anna fyndige ordtak, og delte segner, ordtak, gåter, folkesongar, kvede, rim og viser mellom seg. [Hammershaimb xxvii-xlvii, passim]

Utsoge frå Færøske folkesagn og æventyr

Ei anna bok med færøyske eventyr og segner i, er Færøske folkesagn og æventyr, redigert av Jakob Jakobsen. I innleiinga gjer Jakobsen greie for segnene og eventyra på Færøyene, og setter dei i samanheng med skandinavisk tradisjon:

Segntilfanget

Han fortel vidare korleis han har sett saman ulike brotstykke av segner frå ulike munnlege kjelder, til dei segnene han har med i boka si. Mange av segnene i boka hans, er såleis Jakobsen-forteljingar, og basert på segndelar han har funne og flikka på. (i-ii)

Nokre av dei gamle segnene på Færøyene går langt tilbake, somme til 1400-talet; det er helst segner frå katolske tid og namngitte personar i færøysk historie. Dei fleste innsamla segnene er nedskrivne frå 1600-talet og vidare utetter. Jakobsen tidfestar fleire segner ved å gruppere dei i hundreårsbolkar. Men nokre segner kan ikkje tidfestast, skriv han. "For en stor del sagns vedkommende kan tilblivelsestiden ikke nærmere bestemmes." (Jakobsen vi-viii; viii-xxvi)

Eventyrtilfanget

Ein finn fleire eventyr hos Jakobsen, mens Hammershaimb har med berre to. Dei fleste eventyra i Jakobsens samling er ganske som dei blei fortalte til han. Han deler eventyra inn i lauslege grupper med flytande grenser mellom - flytande på fleire måtar - og finn det ganske uråd å skilje mellom (a) eldre og nye på den eine sida og (b) innvandra frå Noreg og heimlege på den andre. Det er fordi eventyrmotiv blir dels flytta omkring mellom eventyrvariantane og dels blir samansmelta med nyare former. To og fleire eventyr kan også ha blitt sett saman til eit nytt. Om lag slik er dette eventyrterrenget. Slike omskapingar og tilverkingar av eventyr har vore vanleg før, også i Noreg. Somme eventyr er tydeleg av innlånt opphav, som nordiske eventyr jamt over er. "Pannekakehuset" er til dømes av tysk opphav. Men innlånte element har blitt blande med heimleg tilfang og makslast til nye soger på fleire vis, på Færøyene som i Norden. (xxvi-xxix)

Dei eldste og mest særmerkte eventyra på Færøyene er riseeventyra, som er ei stor eventyrgruppe. Noko som pregar dei færøyske riseeventyra, er at det svært sjeldan er open kamp mellom menneske og troll: realisme har fått ein viss framgang. (xxix-xxx)

Riser og troll blanda

Orda "rise" og "troll" blir brukt om kvarandre. Opphavleg var det skilnader: Riser og jettar var enormt store og sterke, styrte naturkreftene, og såg ut som menneske og var som menneske av vesen: dorske, godmodige, trufaste og fælslege, alt ettersom. Kampesteinar var våpna deira. Steinar og klippeblokker som stod for seg sjølve, hadde risar i kamp med kvarandre kasta dit. Risane hoppa over fjordar og sund, og flytta omkring på øyer for å slå dei saman. Men det er skil på riser i eldre segner og riser i eventyr. I eventyra har risane blitt noko meir troll av seg: ganske dumme, heilt fri for ånd, men stundom utrusta med trolldomsmakt. I eventyr blir risane også bytte for folkekløkt og overvunne, jamvel om dei her har fått jernstenger og sverd å slåst med, og ikkje berre klippeblokker. (xxxiii-xxxvii)

Færøyske troll er mørkare av vesen enn eldre tiders risar, ser mindre menneskelege ut, somme av dei blir til stein i dagslys, ofte ville og fælslege, men er også godslege og trufaste, som risane. I fleire soger blir likevel ikkje troll til stein i dagslys, men ferdast fritt. Somtid er dei kloke og trollkunnige, somtid dumme og heilt utan trolldom. Oppfatningar skil seg. (xxxiii-xl)

Både troll og risar bur i fjellet og i bergholer. Særleg risane held til i dei store fjella og i bergholer i den grad dei finst: Færøysk kulturarv har også avgjort at no er vel risane utdøydde. Attende er trolla på desse felles stadane, og dessutan i haugar. (ibid.) Mellom desse overnaturlege vesena er det flytande grenser, slik at eitt og same vesen kan bli kalla rise og troll om kvarandre i eventyr. Færøyske troll og risar er også temmeleg menneskelege i forhold til tilsvarande fabulerte skapningar i Norden, og langt mindre overnaturlege av seg. Folk på Færøyene makta tilmed tanken på å ha direkte samkvem mellom folk og risar, utan skarpe skilje imellom: I eitt eventyr blir to jenter sendt av mor til grannetrollet for å bli opplært i husleg arbeid (Krákudóttir og kalsdóttir, variant b). (xxxv-xxxvi)

I nordiske eventyr er risen eller trollet jamt trollkunnig, mens risar og troll på Færøyene ikkje er det. Dei kan ha trylleting, men kan seg ikkje godt med dei. Dermed blir det vanskeleg for dei å forfølge helten og heltinna som flyktar vekk frå trollheimen (xxxv-xxxvii).

Dvergar og alvar på Færøyene

I haugar og i jorda under steinar, dvergsteinar, er også dvergar, som høyrer med til gode vette. Dvergar speler inga stor rolle i færøyske segner og eventyr, men i eitt eventyr er det eit styrkebelte som dvergane har smidd. I det norske Det blå bandet er dvergebeltet blitt til eit blått band som gir overnaturleg styrke, slik som det beltet dvergar smidde til Tor. (xxxiii-xxxiv)

Alvar i haugar og huldrefolk i haugar og kløfter, er med i sagaane, men ikkje i eventyra. Huldrefolket er med i segner, der dei ser ut som menneske, lever som menneske, med sameleis verksemder, men lever for det meste løynd for folk. (xxxiv)

Eventyrhelten

Den færøyske eventyrhelten er ikkje så herleg; han drep risen eller trollet ved å kappe av det hovudet mens det søv, og utan hard, eventyrlig strid med trylledrikk og slikt føreåt. Det blir heller ikkje lagt vekt på eventyrkampar mellom menneske og troll. Trolla har dessutan færre skattar gøymt vekk hos seg, mindre å røve til seg. Det verkar inn på eventyr av same type som Oskeladden som stal sølvendene til trollet (AT 328) også. Når trollet har berre éin ettertrakta ting å rane, blir det ikkje fleire turar over vatnet etter meir. det vil seie at den såkalla tripleringa - det at handlingselement blir gjentatt tre gongar - går heilt ut, motsett det ein finn i mange nordiske eventyr. (xxix-xl)

No for tida

I dag er vel forholda enklare for dei fleste. Fiskeflåten er fin og moderne, og nasjonalkulturen blir kalla sprek. National Geographic Traveler kåra i 2007 Færøyene som ◦det aller beste reisemålet mellom 111 øysamfunn verda over. "Autentisk [ekte], uforderva og sannsynlegvis vil det halde seg slik", underbygde toppskåren. Asorane kom elles på andreplass.

Færøyene i dag kan vi lettare finne ut meir av, for det finst ◦hjelp til å lære språket, og ◦turistopplysningar på engelsk, mellom så mykje anna.

Artikkelen "Færøyene" på Wikipedia har meir informasjon og fleire lenker.

  Innhald  


Færøyske eventyr og segner frå Færøyene, Færøyane, litteratur  

Det Kongelige Nordiske Oldskrift-Selskab. Antiquarisk Tidsskrift, 1849-1851. København: Brødrene Berling, 1852.

Gade, Kirsten. Sagn og eventyr fra Fær-Øerne. København: Dingo-bøgerne/Gyldendal, 1982.

Hammershaimb, Venceslaus Ulricus. Færøsk anthologi. København: S. L. Møllers bogtrykkeri, 1886.

Hannesson, Pálmi, og Theodóra Thoroddsen. Færeyskar sagnir og ævintyri sneru á íslenzku. Akureyri: Bókaútgáfan Norðri, 1951.

Jakobsen, Jakob, saml. Færøske folkesagn og æventyr. København: Møllers bogtrykkeri, 1898-1901.

Joensen, Jóan Pauli. I ærlige brudefolk: Bryllup på Færøerne. København: Museum Tusculanums Forlag, 2003. ⍽▢⍽ Bryllaupsskikkane på Færøyene blir skildra av ein professor i etnologi og kulturhistorie.

Symington, Andrew James. 1862. Pen and Pencil Sketches of Faröe and Iceland. With an Appendix Containing Translations from the Icelandic and 51 Illustrations Engraved on Wood by W. J. Linton. London: Longman, Green, Longman, and Roberts.

West. John F. Faroese Folk-tales and Legends. Lerwick: Shetland Publishing Company, 1980.

Færøyske eventyr og segner frå Færøyene, Færøyane.    Seksjon     Sett    Neste

Færøyske eventyr og segner frå Færøyene, Færøyane. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2010–2019, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]