Norsk del, Gullvekta
Vise ord frå Femboka
Seksjon › 49 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Mange visdomsord og overleveringar er fletta inn i gamle historier. Utplukk frå den gamle Femboka, Pantsjatantra:

Frå innleiingane

Eigedom får ein verne om og bruke med forstand.

Den som kan å te seg her i livet, får vern mot mange bekymringar, og finn glede i handlekraftig, varsam framferd, i samkvem med likesinna vennar, og i å bruke forstanden sin. Stø og robust handling er dyrebart.

Draumen ein ber på og som ikkje blir sløkt, syner kor bra ein er av hjartet.

Det gjeld å vinne oppvakte vennar og halde på dei. Slike vennskap kan vere til gagn.

Å treffast med vise og gode vennar kan jamførast med å finne ei lys og herleg rydning i livets mørke villskog.

Glade, kjære vennar kan høve.

Framfor alt avheng livsferda av at ein bruker forstanden, for forstand og livsglede er i harmoni.

Å vere lærd er ikkje nødvendig, men forstandig å bruke det lærde har komme fram til saman, det skal gå bra. Jf. Scholarship is less than sense; therefore seek intelligence.

Om berre grådigheit skal styre oss, kva skil oss då frå jerv?

Ein lyt hanskast med fakta nøye og vel, og vere vaken for at mangt som blir kalla fakta, faktisk kan vere feil.

Ikkje noko kan erstatte god skiljeevne og dømmekraft.

Ein skulle kjenne til fortida i den grad ho gir grunnlag for visdom.

"Berre å ruge i anger over fortida si, fører sjeldan fram til noko nemneverdig. Det som skil kloke frå toskar, kan vere klokt nok", sa ein hakkespett til ei høne etter at egga hennar blei knuste av ein våryr elefant.

Sjakalen Kjake: "God læring får mange lidenskapar til å skrumpe, viser beine, høvelege vegar frametter, og forliser ikkje bra moral."

Del 5

Apa og krokodilla

Ein tosk får sjeldan hjelp av gode råd. Gi råd berre når det passar.

Innhald


Femboka, fablar, soger, Panchatantra, litteratur  

Femboka, fablar, soger, Panchatantra, opp Seksjon Sett Neste

Femboka, fablar, soger, Panchatantra BRUKARGAID: [Lenke]
© 2011–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]