Norsk del, Gullvekta
Fablar frå Femboka  ❀ 12
Seksjon › 49 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Barberen som klubba ned munkar

Ill-considered action

I ein by budde kjøpmannen Juvel. Han mista formuen sin, enda han gjekk hardt inn for å leve rett og vinne monnalege dydar, pengar, kjærleik og frigjering. Men å bli fattig førte til ei rekke audmjukingar, så han blei fortvila.

Ein kveld tenkte han gjennom stoda: "Fattigdom er ikkje bra, sama kva dei seier han er. Når pengane blir borte, har framferd og gode manerar mindre å seie. Å vere vis og ærleg når pengane er borte, kan synest bortkasta. Å halde heim minskar ein også, pø om pø, men dei heilt rike har råd til å gjere vulgære feil stadig vekk, og sjeldan blir dei klandra! Når det no er slik det har blitt, vil eg heller svelte meg i hel. For kva kan eg gjere utan pengar?"

Etter å ha bestemt seg for dette, la han seg til å sove. Mens han sov, kom ein munk til han i ein draum og sa: "Hei du, mist ikkje motet. Du ser meg i skapnad av ein munk, men vit at eg eigentleg er ein milliard dollar som forfedrane dine tente seg. I morgon tidleg vil eg komme innom deg i form av ein munk. Då får du slå meg i hovudet med klubba di, så eg blir til ein haug gull som du ikkje klarer å bruke opp så lenge du lever."

Då kjøpmannen vakna om morgonen, hugsa han draumen og grunda på han. "Draumen er enten sann eller tull. Sidan eg ikkje tenker på anna enn pengar natt og dag, kan det godt vere at han berre atterspeglar dette, og at eg ikkje bør klubbe ned munkar som kjem hit om dei kjem hit. Det finst også draumar som ein ikkje forstår noko av. Men kjem det ein munk hit no, slik draumen synte, skal eg freiste om draumen er sann likevel."

No kom ein barber for å stelle naglane til kjøpmannskona. Og mens barberen var opptatt med dette, dukka det opp ein munk. Då kjøpmannen fekk sjå han, blei han glad og slo han i hovudet med ein trestokk som låg hendig til. Munken blei til gull og fall til marka.

Kjøpmannen sette han opp midt i huset sitt og sa til barberen: "Gjer vel og sei ikkje til nokon det som du har blitt vitne til her i dag."

Barberen gjekk med på dette, men då han kom heim til sitt, tenkte han: "Så alle desse munkane blir til gull om ein klubbar dei i hovudet. I morgon tidleg skal eg by ei rekke av dei hit og klubbe dei i hel. Går det godt, får eg mykje gull."

Heile dagen og natta tenkte barberen gjennom planen, og kom til at han var utan lyte. Då morgonen kom, stelte han seg og gjekk han til eit munkekloster og helste høvisk på styraren for munkeklosteret og song hymner for han om så som velsigna hender når dei hyllar som best. Så fall han på hender og kne framfor abbeden og sa: "Eg helsar deg, klosterstyrar!"

Styraren signa han formelt og bad han leve eit liv i fråhald, og gav han fleira instruksjonar.

Barberen sa fromt: "Heilage du, når du tar ein spasertur gjennom byen i dag, så kom heim til meg med alle munkane i klosteret."

"Kjære deg", sa styraren", korleis kan du foreslå slikt? Vi som bur i dette klosteret går omkring slik det fell seg, og gjestar berre ivrige begynnarar i trua vår på spaserturane rundt om."

"Slik er det", sa barberar, "Men vit at eg har mange ivrige begynnarar i trua heime hos meg. Eg for min del har gjort klar lerretsdukar til å binde inn heilage manuskript med, og har skaffa pengar til det også."

Så gjekk han heimetter. Vel heime skar han til tjukke klubber av tungt akasietre og sette dei bak inngangsdøra si. Fram mot middagstid gjekk han til til klosterporten og venta der. Då munkane kom ut for å gå rundane sine i byen, bønnfall han dei om å undervise han om den rette livsferda, og førte dei alle heim til seg. Munkane gjekk glade i flokk og følge bak han.

Barberen viste dei inn i huset og der klubba han somme så dei låg daude, mens andre fekk brot på hovudskallen så dei tok til å vræle. Soldatane i garnisonen i byen høyrde dei gjallande brøla, og kom springande til huset. Dei munkane som klarte å gå sprang ut av det når dei kom, og fortalde soldatane korleis barberen hadde fare fram.

Soldatane la barberen lenker og tok han med til rettssalen saman med dei munkane som hadde overlevd nedslaktinga. Dommarane spurde han: "Korfor har du gjort ei slik forferdeleg ugjerning?"

Han svarte: "Kva anna kunne eg gjere?" Og dermed fortalde han om kva kjøpmannen hadde gjort med ein munk dagen før, og korleis utfallet hadde blitt.

Dommarane sende nokon etter kjøpmannen, og spurde han: "Stemmer det at du har drepe ein munk?"

Kjøpmannen greidde ut om munken han hadde drøymt om og som hadde blitt til gull av eit slag i hovudet. Dommarane dømte: "Vel, vel! La den farlege barberen bli sett på spidd. For det han har gjort, kan vi ikkje tilrå!"

Då dette var gjort, sa dei: "La alle med vonde lyster bli åtvara av korleis det gjekk barberen, elles blir det grunn til å angre seg."

Føtene til Gamle-Eirik trong til vask

The fiend who washed his feet

I ein skog ein stad budde Gamle-Eirik. Ein dag møtte han ein tiggarmunk på vandring, kleiv opp på skuldrene hans og sa: "Gå berre vidare."

Den livredde munken gjekk av stad med han. Som han gjekk slik, la han merke til at eine foten til Gamle-Eirik hadde hestehov, og den andre var mjuk som fløyel, og veldig øm. Han spurde med friskt mot: "Korfor er eine foten så mjuk, hoven og øm?"

Gamle-Eirik svarte: "Eg har det slik at eg ikkje kan sette føtene under meg før eg har vaska dei godt. Elles blir den eine hoven, og den andre som hoven på ein hest."

Dei kom til ein innsjø. Gamle-Eirik sa: "Høyr, ikkje fjern deg herifrå før eg har vaska føtene mine i sjøen godt og grundig så dei blir gode att."

No klekka munken ut ein plan for å berge livet: "Gamle-Eirik kjem truleg til å gjere noko vilt og gale mot meg straks han har vaska seg. Men om eg skundar meg herifrå før han har vaska føtene, kan eg kanskje sleppe ifrå han. For han kjem vel ikkje til å følge etter meg med uvaska føter?"

Han sette på sprang, og Gamle-Eirik kom ikkje etter han heller. Han hadde trong til eit godt fotbad i staden.

Prinsessa med eit bryst for mykje

The three-breasted princess

I eit land i nord fekk kongen ei dotter med tre bryst, og kalla til seg kammerherren på slottet og sa: "Ta jenta med ut i villskogen, så ikkje ei levande sjel får vite om henne."

Kammerherren svarte: "Sjølv om det heiter mellom folk at jenter med tre bryst kan føre til vanhell, skulle vi kalle inn lærde prestar og spørje dei om kva dei meiner i saka, så ingen lover blir brotne, verken lover her på jord eller høgare oppe. For ordtaket seier at "Ein klok mann får spørje seg fram når han ikkje veit alt klart."

Kongen gjorde som kammerherren sa, kalla inn prestar og sa: "Eg har fått ei dotter med tre bryst. Kva må gjerast og kva kan gjerast?"

Dei svarte: "Vi meiner at om ein far får ei jente med tre bryst, skal han bøte med livet fort eller gi henne bort. Lov henne til den som vil gifte seg med henne og vis han deretter ut frå landet. På den måten blir ingen lover krenka etter det vi veit, verken her eller der englar flyg rundt om."

Straks let kongen kunngjere til trommeslag at den som gifta seg med den trebrysta kongsdottera, skulle få ei mengde gull, men bli kasta ut av landet. Dette blei kunngjort rundt om i landet i lang tid utan at nokon meldte seg, og i mellomtida voks kongsdottera opp til å bli ei ung kvinne.

No var det ein blind der i byen, og han hadde følge med ein krokrygg som leia han med ein stav. Dei to høyrde trommeslaga og kunngjeringa og samrådde seg imellom: "Viss ein av oss giftar seg med kongsdottara, får han både henne og gull. Med gullet får vi vere lykkelege resten av livet. Og sjølv om kongsdottera blir dauden for oss, kan dauden bli betre enn elendet vi lever i. Som sagt: 'Ein skal vel vere mett og nøgd for å ha sjarm som tel.'

Så gjekk den blinde bort til tromma og la handa på ho så det blei slutt med tromminga, og sa: "Eg vil gifte meg med jenta."

Dette fekk kongen rapport om, og han sa: "La han få henne og ta med seg dottera mi og gullet til eit anna land."

Dermed blei kongsdottera og den blinde frakta til ei elvebreidd og gifta der, og så fekk den blinde alt gullet som var lovd. Dei nygifte blei plasserte i ein fiskebåt, og folka til kongen sa til fiskarane: "Frakt denne blinde mannen og kona hans og krokryggen til eit framand land, og hjelp dei til rette i ein eller annan småby der."

Dei kom med tida til eit anna land, kjøpte eit hus i ein by der, og hadde det behageleg. Den blinde sov mykje av tida på ein sofa og krokryggen gjorde husarbeidet. Med tida innleidde kongsdottera eit hemmeleg kjærleiksforhold til krokryggen, og sa: "Døyr den blinde, kan vi to leve lykkeleg i lag. Om du finn noko gift, skal eg gi han gifta og bli lykkeleg."

Ein dag plukka krokryggen opp ein daud giftorm, og vende tilfreds heim med han. "Kjære, eg fann denne ormen. Del han opp, strø krydder over, sei det er fin fisk, og gi det til den blinde. Så døyr han nok i ein fei." Med det gjekk krokryggen til marknaden i eit ærend. Kongsdottera kappa opp ormen, la stykka i ein kjele med kinnemjølk, sette kjelen over elden og bad den blinde om å røre i gryta av og til, for ho sjølv hadde mykje anna å gjere i huset.

Den blinde gledde seg til fisk og stod opp frå sofaen med det same. Han greip ei sleiv og tok til å røre i gryta. Mens han stod slik, steik giftig damp frå ormen opp derifrå og la seg over auga hans. Og då begynte han å skimte ting. Han rørte no av all makt så enda meir giftig eim steig opp, og etter kvart kunne han sjå godt. Men i gryta såg han ikkje anna enn ormekjøt. Han tenkte: "Kva er meininga med dette? Ho kalla det fisk, men det er oppkappa orm. Eg får prøve å finne ut om det er kongsdottera som vil ta meg av dage med slikt kjøt, om det er krokryggen, eller kanskje nokon annan."

Han valde å late som ingenting og oppføre seg som om han var blind litt lenger. Om litt kom krokryggen heim att og gav seg til å kjærteikne kona hans, kysse henne og slikt. Og han som hadde vore blind til nyss, såg alt saman. Han trivla etter ein kniv, men fann ingen i farga. I raseri gjekk han fram til krokryggen og greip han i føtene og spann han rundt av all makt og rett i i det tredje brystet til kongsdottera. Den kraftige samanstøyten trykte inn det tredje brystet hennar, mens krokryggen fekk smadra pukkelen sin så mannen blei rank og fin i ryggen.

"Det kan gå godt for eigenrådige når lykka smiler til dei", blir fabelen innleidd med.

Den vedunderleg vakre prinsessa

The credulous fiend

Det var ein gong ein konge som hadde ein fin hær. Han hadde også ei vedunderleg vakker dotter som Gamle-Eirik hadde lagt sin elsk på. Han kom til henne kvar kveld og sa stygge ord til henne, men han kunne ikkje bere henne vekk med seg, for ho verna seg med å teikne ein tryllering rundt seg. Men når han kom for å omfavne henne, skalv ho likevel, blei varm og redd, slik ei vakker jente kan oppleve det når Gamle-Eirik vil røve henne.

Mens dette gjekk føre seg, kom Gamle-Eirik ein gong og stelte seg opp i eit hjørne og let jenta sjå han. Straks sa ho til ei venninne der: "Sjå! Der er Gamle-Eirik som prøver å røve meg kvar kveld når soleglad er kommen. Finst det nokon måte å halde han vekke på?"

Då Gamle-Eirik hørde dette, misforstod han: "Så eg er ikkje den einaste som kjem kvar kveld for å ta henne med seg, og den andre heiter altså Soleglad! Men han maktar ikkje å gjere det, han heller. Kanskje eg skal gå til stallen, skape meg om til ein grå hest og finne ut korleis han ser ut og kva han kan klare."

Då han hadde skapt seg om og stod i stallen, kom ein hestetjuv dit midt på natta. Han undersøkte alle hestane, syntest at den grå gampen var den finaste, sette munnbit på han og kleiv opp på hesteryggen. Imens tenkte Gamle-Eirik – det var hesten: "Eg går ut frå at dette er Soleglad. Det verkar som han reknar meg som ein ussel skapning, han kan ha komme for å drepe meg. Kva skal eg gjere?"

Mens han stod og tenkte over det, slo hestetjuven han med pisk, så han blei skremd og tok til å springe av garde. Etter å ha ridt eit stykke, prøvde tjuven å stoppe hesten ved å rykke i munnbiten. Men hesten sprang berre fortare av det. "Dette er sært", tenkte tjuven. "Kanskje det er Gamle-Eirik sjølv eg har fakka? Ser eg ein plass eg kan hoppe av utan å bli skadd, gjer eg det, for det kan vere den einaste sjansen eg får til å overleve."

Mens hestetjuven sorterte sjansane sine, kom dei under eit lønnetre. Tjuven greip tak i ei lagleg lønnegrein og heldt fast. Slik kom han vel ifrå natterittet sitt, og Gamle-Eirik var også velnøgd med at ryttaren brått forsvann.

I treet var det eit ekorn som drog kjensel på han og gav til kjenne at han var misnøgd. "Skvik og tsk, tsk! Korfor renne frå ein innbilt fare? Det er ein mann – det er mat for deg."

På Gamle-Eirik høyrde dette, skapte han seg om til seg sjølv att, men han var fortulla og skjelven. Og då tjuven såg at ekornet hadde kalla Gamle-Eirik tilbake, blei han sint. Han greip halen til ekornet og beit til. Då merka ekornet at mannen var minst like ille å komme ut for som Gamle-Eirik, og kjempa vilt for å sleppe fri, alt mens det skreik i sjokk, frykt og sinne.

Då Gamle-Eirik høyrde kor ekornet lei, sa han mens han enda var på god avstand: "Skal eg dømme etter korleis du skrik og ber deg, har Soleglad tatt deg også, stakkar."

Så skunda han seg vekk og våga seg aldri heim til prinsessa att.

Den nådelause apa

The unforgiving monkey

Ein stad budde ein konge. Han hadde ein flokk aper som sonen hans fekk forlyste seg med. Dei blei haldne i tipp topp stand og fekk dagleg fôr og anna som dei kunne ha godt av.

Prinsen hadde også ein flokk vêrar å underhalde seg med. Ein av dei var så grådig etter mat at han gjekk inn på kjøkkenet til alle tider av dagen og kvelden og åt alt han fann, mens kokkane slo han med sleiver og skaft og anna dei fann, for å jage han ut att.

Når no leiaren for apekattar la merke til dette, tenkte han: "Å kjære, Denne stadige kranglinga mellom vêr og kokkar kjem til å øydelegge oss apene. For vêren et alt mogeleg, og når kokkane blir rasande nok, kan det tenkast dei til sist ikkje finn noko anna enn ei brennande vedskie å slå han med. Når han så går sin veg, har kanskje ulla tatt fyr. Når han så spring sin veg slik, stormar han vel inn i stallen nær ved, og så tar stallen fyr, for der er det mykje høy, og det er overlag brennbart. Då blir hestane brende og svidde, og lærebøkene for dyrlegar i dag tilrår apefeitt mot brannsår på hestar. Dermed blir vi truga på livet av denne vêren."

Så samla han apeflokken og sa: "Kranglinga mellom vêren og kokkane trugar oss alle. Det kan det ikkje vere skugge av tvil om. Dessutan: den som ber over med slike toskeferder er den verste kroppen som har levd."

Noko etter rak leiarapa omkring heilt til ho kom til ein innsjø. Der voks det ei mengd vakre nøkkeroser. Apa kjende seg tørst, og mens ho såg over sjøen for å finne ein høveleg plass for å gå ned til vatnet, la ho merke til fotspor som gjekk ned i innsjøen, men ingen som kom attende derifrå. Det fekk henne til å tenke: "Det må vere eit vondt og farleg dyr i vatnet, så eg vil halde meg på trygg avstand og drikke vatn gjennom eit holt strå frå vasskanten."

Då han hadde gjort det, dukka Gamle-Eirik sjølv opp frå vatnet. Han hadde perlekjede om halsen, og sa: "Eg et alle som kjem ut i vatnet, men du var klokare enn dei hine, las teikna og drakk med sugerør. Det krev nok si lønn. Du skal få eit ønske oppfylt her og no", sa han. "Berre sei kva."

"Kor mange kan du ete i gongen?" spurde apa.

Gamle-Eirik svarte: "Eg kan ete hundre og ti om så skal vere, og meir også, berre dei kjem ut i vatnet. Men på land kan sjølv eit ekorn overmanne meg."

"Og eg", sa apekatten, "Eg har ein konge til fiende, for han har fanga meg og flokken min. Om du gir meg perlekjeda du har der, skal eg gjere han grisk med det eg fortel han, så han kjem til innsjøen med følget sitt."

Gamle-Eirik gav no perlekjeda til apa, og svømte ut i vatnet og venta.

Då folka hos kongen såg at apekatten klatra i trea og på taka med ei perlekjede om halsen, spurde dei han: "Kor har du vore så lenge? Kor fekk du tak i ei så strålande vakker perlekjede som den der?"

Apekatten svarte: "Ein stad i skogen ligg ein godt løynd innsjø. Den som badar der ved soloppgang søndags morgon, kjem ut av vatnet med ei slik kjede om halsen."

Då kongen høyrde dette, kalla han til seg apa og spurde: "Er dette sant?"

"Du ser jo det synlege provet eg har om halsen", sa apekatten og fingra med perlekjeda. Om du også vil få eitt for å bade, er det jo berre å prøve og sjå. Send nokon med meg, så skal eg vise vegen."

Då han fekk tenkt gjennom det, sa kongen: "Ut frå det du fortel, vil eg komme med heile følget mitt så vi kan få så mange perlekjeder som mogeleg."

"Idéen din er ein konge verdig", sa apa.

Kongen og følget drog til innsjøen, lystne på perlekjeder. Og kongen klemte apa hjarteleg mens dei sat i kongen sin berestol i lag, og viste henne stor ære heile vegen. "Det er meir rikdom til seg han eigentleg heidrar", tenkte apa. "Det er det som er problemet."

Ved daggry var dei på plass ved innsjøen, og apa sa til kongen: "La først heile følget ditt hoppe uti saman, så får du sjå!" Og alle i følget hoppa uti og forsvann.

Då dei ikkje kom opp att og til overflata med det same, spurde kongen apa: "Korfor drar det ut? Kva er det tenarane mine somlar med? Korfor kjem dei ikkje tilbake frå innsjøen med perler om halsen?"

Apekatten kleiv kjapt opp i eit tre før han svarte: "Konge, tenarane dine har blitt etne av Gamle-Eirik nedi vatnet. Du gjorde meg til fienden din då du ville drepe alle apene utan miskunn for å få apefeitt til hestane. Du ville drepe mine, men no har eg drepe dine og fått hemn, det trur eg nok."

Kongen skunda seg heim att og gråt av sorg og sinne: "Eg har då ikkje hatt slike planar mot apene!"

Imens kom Gamle-Eirik fornøgd opp av vatnet og sa til apa i treet: "Veldig godt, apefar, fordi du kunne drikke med sugestrå."

Innbilte truslar kan også bere gale av stad.

Mungoen som blei ille lønna

The loyal mungoose
Gul mungo, Cynictis penicillata

I Gauda [1] budde ein from bramin [2]. Han og kona fekk ein son, og kona oppdrog sonen med stor glede, og dessutan ein mungo [3] i lag med han. Kona var glad i begge to og degga med mungoen som om det var hennar eigen son, bada han og gav han mjølk i lag med sonen, og så vidare. Men ho stolte ikkje heilt på han likevel, for ho tenkte stadig:

"Ein mungo er eit rovdyr, og kan komme til å skade veslebarnet vårt. Og veslebarnet - enda om han virrar som ein tosk og blir full av lyster og spitord, blir han nok til glede, enda ein ikkje skal gle seg for tidleg -"

Ein dag tok ho på gutebarnet nokre høvelege klede og la han i vogga, tok ei vasskrukke og sa til mannen sin: "No, far, går eg etter vatn. Pass på så ikkje mungoen gjer guten noko."

Så gjekk ho. Mens ho var borte, kom eit sendebod frå kongeslottet og bad braminen komme og lese ein tekst for kongefamilien.

"Går eg ikkje, kjem ein annan til å få oppdraget", tenkte han, "og familien min treng det eg kan få og finne."

Så han såg til at sonen låg i vogga og at mungoen var innandørs for å halde vakt slik mungoar er best til. Deretter gjekk braminen for å tene alt det han kunne få for bramingjerninga si den dagen. Og huset der sonen låg og sov, fekk stå uvakta til kona kom tilbake. Verken dørlås eller dør fanst.

Mens mannen var borte, kraup ein svart giftslange gjennom eit hol i leirgolvet og mot vogga til ungen. Mungoen oppfatta strakt at slangen var ein fiende, og kasta seg over han og beit så det stod etter. Slangen blei riven i småbitar, og dei blei slengde både hit og dit av den oppelda mungoen.

Stolt og fornøgd med den gode gjerninga si, sprang mungoen ut døra med blod om kjeften for å møte matmor si, for han høyrde ho kom, og ville så gjerne syne kor flink han hadde vore.

Men då mora såg mungoen komme så opphissa og med blod om kjeften, trudde ho at han hadde ete barnet hennar. Utan å tenke seg om, slo ho mungoen i hovudet med vasskrukka og drap han på staden. Ho skunda seg heim. Der låg barnet trygt og godt, men nær vogga låg restane av ein stor slange.

Overvelda av sorg sanna ho at ho hadde drepe nokon som hadde gjort vel og venteleg berga livet til sonen hennar. Ho dunka seg i hovudet og på brystet og jamra i anger. I det same kom braminen heim att med ein tallerken full av risvelling.

"Grådig etter mat som du var, sette du sonen vår i fare ved å forlate han uvakta. Fordi du ikkje passa på, er den eine sonen vår drepen", sa kona til han då han kom i døra, og la til: "Ting ein ikkje har full oversikt over, blir ufullkome oppfatta og ufullkome undersøkt. Og den som manglar dei rettelege fakta i ei sak og gir etter for harme, mister snart vennen sin."

Snart forstod braminen kva ho sikta til. "Men skal no eg ha skulda for alt?" tenkte han med seg sjølv.

Ord

  1. Gauda (Gauka) var eit område og fyrsterike i Bengal, India, i oldtida og mange hundreår inn i Middelalderen. Riket fall saman i 1575, og hovudstaden blei ein stor ruin deretter. Og gaudaost er opphavleg frå byen Gouda i Nederland.

  2. Bramín eller bramán (begge har trykk på siste stavinga): I det indiske samfunnet er ein bramin medlem av det øvste samfunnslaget, med prestar mellom seg. I gruppa under dei er mellom anna kongar og adel. Ikkje alle braminar er prestar eller i audmjuke kår heller. Somme er legar, sakførarar, ingeniørar, krigarar, forfattarar, diktarar, jordeigarar og ministrar. Ein kan nok samanlikne braminane med intellektuelle i norske samfunnssjikt.

  3. Mungo eller indiamangust, Herpestes edwardsi: Mungoar er små mårliknande rovpattedyr i snikekattfamilien og blir 40-50 cm lange. De har ganske små hovud med spisse snutar og små runde øyre. Dei fangar blant anna rotter og giftslangar. Mungoane er kjende som slangedreparar med veldig pågangsmot. Takk vere lynsnare refleksar unngår dei jamt å bli bitne.

Innhald


Femboka, fablar, soger, Panchatantra, litteratur  

Femboka, fablar, soger, Panchatantra, opp Seksjon Sett Neste

Femboka, fablar, soger, Panchatantra BRUKARGAID: [Lenke]
© 2011–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]