![]() |
Finske eventyr. Innleiing | ||||||||||||||||||||
|
InnleiingFinske eventyr attspeglar eit frimodig folk som har vore i skuggen av den store naboen i aust: før Sovjetsamveldet, no Russland. Individualisme, varme hjerte og kjærleik til fridom kjennemerker finnar, og finn også uttrykk i eventyr frå det haldet. Turid Farbregd har omsett tjueseks finske eventyr til norsk. Til ei engelskspråkleg samling med skandinaviske eventyr har Claire Booss brukt seksten finske eventyr frå Tales from a Finnish Tupa (1936), av James Cloyd Bowman og Margery Bianco, Tupa-forteljingane er basert på ei omsetjing av Aili Kolehmainen. Parker Hoysted Fillmore har gitt ut tjueni finske eventyr på engelsk. Dei er variantar av forteljingar ein finn "verda over", til dømes om Mikko Rev, på norsk kjent som Mikkel Rev, og lenger sør i Europa som Reynard Rev. Norske og finske revesoger har mellom anna røter i esopsfablar. Tormod Kinnes Booss, Claire. Scandinavian Folk and Fairy Tales: Tales from Norway, Sweden, Denmark, Finland, Iceland. New York: Gramercy Books, 1984. Farbregd, Turid, tr. Finske eventyr. Oslo: Det Norske Samlaget, 1974.
Fillmore, Parker, tr. Mighty Mikko: A Book of Finnish Fairy Tales and Folk Tales. New York: Harcourt, Brace and Company, 1922.
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20072009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||