NORSK DEL, GULLVEKTA  

Finske eventyr

 13 › 1 › 16

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Taletrengt

DET VAR ein mann som var skogskar og flink fiskar, og ei skravlekjerring. Alt ho fekk vite heime, sa ho straks til grannane.

Ein gong var mannen var på jakt i skogen då han fann ein skatt. Han byrja fundere på korleis han skulle få heim skatten utan at nokon visste det. Kjerringa var jo så snakkesalig av seg.

Den dagen hadde mannen fått ei gjedde i teina si, og i skogen hadde ein tiur gått i snara. Desse bytte mannen no om. Tiuren sette han i teina og gjedda i snara. Så gjekk han heim og sa til kona: "Eg fann ein skatt i skogen. I morgon går vi begge to og hentar pengane.

"Nei, kva seier du? Fann du ein skatt?" sa kjerringa. Og ho byrja alt å stunde etter å kome i grannegarden og fortelje om storhendinga. Men mannen sleppte henne ikkje i veg. Han fekk kjerringa til å leggje seg og lét henne ikkje fare nokon stad.

Slik gjekk natta, og tidleg neste morgon fór dei saman ut i skogen for å bere heim skatten. Då dei kom gåande langs tjørna, sa mannen til kona: "Vent litt, så skal eg sjå om teina mi med det same."

Då dei skulle sjå på fangsten, var det ein tiur der inni! Dei gjekk vidare og kom til fuglesnarene. Mannen ville sjå om dei også. Og der var det ei gjedde i snara. Dei tok gjedda med seg og gjekk til skatten. Dei samla alt i to store bører og gjekk heimetter.

Då dei kom til bygda, gjekk vegen framom fleire tun. Kjerringa var mest sjuk etter å gå innom dei og fortelje kva dei hadde funne, men mannen lét henne ikkje gjere det. Ein stad streva likevel kjerringa seg opp gardsvegen og skulle inn i huset. Nett då dreiv gardshundane og slost ute på tunet, og mannen ropa til kjerringa: "Ikkje gå dit du! hører du ikkje korleis kjerringa i huset driv og dengjer mannen sin så han hyler?"

Kjerringa stogga og kom attende til mannen med det same, og det enda med at mannen fekk skatten sin heim utan at nokon andre visste det.

Vel heime gjekk dei to og la seg etter all beringa. Men då dagen kom, sprang kona til grannegarden, til det huset der ho dagen før hadde vilja inn. Ho la ut for alle som var der:

"Vi fann ein skatt, ein skatt i skogen. I går var vi og henta den. Vi bar heim store pengebører, så store, så store . . ."

"Jøss, kor fann de den skatten?" undrast husbonden.

"I skogen," forklarte kjerringa ivrig. "Mannen min og eg gjekk først og såg om fellene. Det var ein tiur i rusa og ei gjedde i snara. Først tok vi dei, og så gjekk vi vidare."

"Hæ?" sa mannen. "Når hørte ein at tiuren går i rusa eller gjedde i snara! Slikt trur ikkje eingong dei galne."

"Visst kan du tru det," sa kjerringa imot. "Vi fann skatten. To pengebører bar vi i går heim frå skogen. Her forbi kom vi akkurat då kona di dreiv og dengde deg . . ."

"Nei, veit du kva!" skreik mannen og blei sint. Han treiv kjerringa i øyret: "Kona mi dengt meg? Du lyg saman heile greia. Ut med deg, elles . . ."

Kjerringa sprang frå han og vidare alt ho vann til ho kom heim. Etter den dagen brydde ho seg ikkje så mykje om å fortelje i grannegardane kva mannen hennar gjorde. Ho heldt seg heime og var flittig og passa arbeidet sitt.

OPP

Fattigmannen som fann lykka si

TO GARDAR låg ved sida av einannan, den eine rik, den andre fattig. Den fattige mannen sleit dag og natt, men ingenting nytta, like fattig var han.

Gardane hadde bråteland ved sida av kvarandre, med berre litt skog imellom. Arbeidsfolket til den rike gjekk heim mens sola enno stod høgt på himmelen. Den fattige streva vidare. Han sette seg nedpå litt for å tørke sveitten. Då hørte han ståk frå teigen til den rike, endå arbeidsfolket alt hadde gått heim. Han lurte seg nærare for å sjå kven det kunne vere. Det var ein mann som drog saman bråte.

"Kven er du?" spurde den fattige.

"Eg er lykka til den rike," var svaret.

"Kvifor dreg du aldri bråte på teigen min?"

"Tal med di eiga lykke om det, du - han som ligg ved kanten av bråtelandet ditt i reveskinnspels og silke."

Fattigmannen fór av stad og vekte lykka si og sa: "Hei, lykka mi, kvifor ligg du her i staden for å dra bråte?"

"Korleis skulle eg kunne dra bråte i desse kleda?" spurde lykka.

"Kva kan du gjere då?"

"Vil du drive handel, skal eg hjelpe deg med det."

"Korleis kan eg kome i gang med handel?"

"Du skal gå og fiske," sa lykka til husbonden sin. "I den første fisken du får, er det ein edelstein som er verd femti tusen riksdalar. Med dei kjem du i gang."

Og slik gjekk det til at mannen slo seg på handel, og sju år seinare åtte han sju gonger meir enn hundre tusen riksdalar.

Den som finn lykka si, skal ha god medgang i livet.

OPP

Då ulven song

DET VAR ein gong ulven var veldig svolten og ikkje kunne finne noko etande i skogen. Derfor trekte den til ein gard og håpte å finne ein gris eller kylling. Men det einaste dyret han fann, var ein mager, gammal hund som låg og sov i sola.

"Dette er betre enn ingenting," tenkte ulven med seg sjølv, greip tak i hunden og tok til å dra av stad med den.

"Men, søskenbarn, då!" ropte hunden. "Er det slik ein behandlar slekta si? La meg gå."

"Nei da," sa ulven, "Ikkje tale om. Eg er for svolten."

"La meg fare," gjødde hunden, så skal eg skaffe deg ei flaske brus."

"Løfter kjem kjapt," sa ulven. "Kor har du den brusen?"

"Under kjøkkenbenken. Det har husherren den. Kom i kveld når familien søv, så slepp eg deg inn og viser deg flaska."

Ulven var fælt glad i brus, så den sa, "No vel; eg lèt deg gå. Men sjø til å halde løftet ditt."

Seint den kvelden, mens familien sov, kom ulven og skrapa på gardsdøra, og hunden sleppte den inn.

"Vel, gamle krabat," du veit korfor eg er her," sa ulven.

Straks kraup hunden under benken og fekk fatt i herren si flaske.

"Her er den," sa han og baud fram flaska for ulven."

"Drikk først, du," sa ulven, "for du er vert."

Hunden lyfta flaska og tok ein liten sup. Så tok ulven ein stor slurk.

"Nam," sa den og smatta, "det var noko, det." Magen hans var tom, og kolsyra strøyma gjennom han som eld. Han blei glad og lo og rava rundt i rommet. "Eg har lyst til å synge," ropte han.

"Kjære syskenbarn," sa hunden, "Om du gjer det, vekkjer du snart heile huslyden. Sett deg heller roleg ned, så snakkar vi saman."

Dei sat og snakka ei stund, til ulven tok enda ein stor slurk brus. Dermed ville han syngje igjen, men hunden fekk den frå det enda ein gong. "Vil du vekke familien i huset?" spurde hunden. "Ver roleg no, elles kan du ikkje få meir brus."

Men ulven tok enda ein stor slurk, og etter det kunne ingen halde den tilbake. Den rava omkring i rommet og ulte av alle krefter.

Bonden og heile familien hans skunda seg ned i kjøkkenet med klubber og eldraker og anna dei fann i forkavinga. "Det er ein ulv!" ropte bonden. "Den uforskamma slubberten har kome like inn i huset. Deng den dyktig."

Hadde ikkje døra vore open, hadde dei klubba ulven daud. Det var berre så vidt han slapp unna med livet.

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2007–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]