Norsk del, Gullvekta
Fjaler
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Fjaler

Fjaler er ein kystkommune i Sunnfjord i Sogn og Fjordane, på sørsida av Dalsfjorden. Det bur om lag 2 850 i kommunen. Kommunen grensar blant anna mot Askvoll i vest og nord, og i aust mot Gaular. Før 1912 heitte kommunen Ytre Holmedal. Fjaler er fleirtal av norrønt for 'fjøl, brett', i tydinga 'rand, kant'.

Administrasjonssenteret er Dale, og målforma nynorsk. Landbruk og skogbruk står sterkt, og oppdrett av fisk har komme til.

Kommunen har eit landareal på vel 400 km2. Landskapet skifter frå kystlandskap i vest til innland med ganske høge fjell i aust. Mykje sur nedbør har frå 1997 ført til fullkalking av Guddalsvassdraget, som er det største vassdraget i kommunen.

Kommunen er ein kulturkommune med ein fin skoletradisjon frå Nikka Vonen sin pikeskole fram til Dale vidaregåande skole i Dale - og Raudekrossens RKNUWC - "Verdsgymnaset" på Haugland i Flekke. Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen er saman med RKNUWC grunnlaget for dette. Designfabrikken Transplant kom deretter.

Tre slags forfattarar frå Fjaler er Nicoline Maria [Nikka] Vonen, Alf Hellevik og Jakob Sande:

Nikka Vonen

Nicoline [Nikka] Vonen (1836–1933) frå Dale i Sunnfjord var skolestyrar, forfattar, innsamlar av folkeminne - ein markant kulturpersonlegdom. Ho utmerka seg som målkvinne, fjellvandrar - ei av de første kvinnene som gjekk opp på Galdhøpiggen - og var også grunnleggar av og styrar på privatskolen Pigeinstituttet.

Utdanninga. Nikka Vonen blei først undervist i heimen. Ho var særs interessert i tekstane til Snorre Sturlason, og ho las Snorre allereie då ho var barn. Då ho var 11 år (i 1847) blei ho sendt til Lindemanns Pensionat og Skole for Pigebørn av den betre Classe, ein private for jenter i Davik i Nordfjord. Ho blei konfirmert i Davik i 1851, og arbeidde så som guvernante på Kinn utanfor Florø, i Lyngdal, i Kristiania og i Drøbak. I 1856 flytta ho til hovudstaden, Kristiania. Der studerte Nikka på Hartvig Nissen sin Pigeskole for Voksne.

Før kvinner fekk tilgang til examen artium i 1882 var eit eittårig guvernantekurs den høgaste utdanninga dei kunne ta. Med slik guvernanteeksamen vende Nikka Vonen attende til Dale i Sunnfjord og starta opp sin eigen skole, ein pensjonatskole i Dale for unge jenter. Enkefru Laura de Ferry Nitter var med å skipe skolen.

I starten heldt skolen til på garden Yksnebjør, men blei flytta til farsgarden Steia [Steien før det] i 1871. Garden kjøpte ho frå bror sin i 1875. Ho fekk reist eit eige skolebygg, og gav undervisning som var inspirert av folkehøgskoletanken.

Skolen hadde godt omdøme, og blei landskjend. Lærarstaben underviste med dei nyaste lærebøkene. Det blei også undervist i pianospel, sløyd, matlaging og hagestell. Nikka Vonen hadde husstyrarinne og fem tenarar på garden. Ho underviste sjølv i religion, historie, norsk og tysk. Til saman gjekk om lag 800 elevar på Pigeinstituttet for å lære allmennfag og manerar. Dei fleste jentene kom frå høgare samfunnslag i byar og tettstadar i Noreg, nokre også frå utlandet, som USA og Australia.

Skolen heldt fram til 1907, då helsa til til Nikka Vonen tok til å svikte. Skolen blir kalla særs viktig for utviklinga av pensjonatskolane.

Folkeminnesamlar. Nikka Vonen samla, skreiv ned og ga ut munnleg, overleverte folkeminne i form av segner og forteljingar, tradisjonar og tru, dialektord, gåter, leikar, lækjeråd, viser og skildringar. Mesteparten av det innsamla materialet hennar er frå Sunnfjord, men noko er truleg også frå Sunnmøre og frå Gudbrandsdalen. Nikka Vonen tok til med innsamlinga alt i 1850-åra, og etter at ho hadde blitt oppmuntra til meir skriving av Eilert Sundt, utvida ho skildringane av folkelivet.

Ho skreiv mellom mykje anna Æventyr fraa Sunnfjord og Segner fraa Sunnfjord, fortalde av gamle Synnve. På slutten av 1860-talet fekk Hans Ross mange av eventyr- og segnoppskriftene hennar og prenta dei i "Dølen" 1868-69. Nikka Vonen publiserte ikkje sjølv det ho skreiv, men andre - Eilert Sundt, Hans Ross og Rikard Berge - såg til at noko av materialet blei trykt.

Om lag 20 segner blei i 1868-1869 trykt i bladet Dølen. Her kom dei første landsmåltekstane frå Vonen til lesarane, omsett til nynorsk av språkgranskaren Hans Ross. Dialogane var på dialekt frå Nikka Vonen. Nokre år etter kom forteljingar av ho på trykk i tidsskriftet Svein Urædd og i Lauvduskar på 1870-talet - på landsmål [døypt nynorsk fleire tiår etter]. Slik stod Nikka Vonen bak nokre av dei første stykka på nynorsk på trykk i det nye skriftmålet si aller første tid.

Originaloppskriftene hennar ligg delvis i Hans Ross sine samlingar i Norsk Folkeminnesamling i Oslo, delvis i handskriftsamlinga i Universitetsbiblioteket i Bergen. Folkloristen Rikard Berge fann oppskriftene hennar særleg verdfulle fordi dei syner "at der var ei fin vestlandsk sogekunst". Eit av banda i Norsk eventyrbibliotek, Guten i gadden, refererer til 12 eventyr ho har skrive opp. [Alver mfl. 1980:218-219]

[Meir: Wikipedia, "Nikka Vonen"]

Alf Hellevik

Alf Kolbjørn Hellevik (1909–2001), født i Fjaler, var aktiv målmann, filolog, språkprofessor og ordbokforfattar. Han var ein ivrig språkformidlar, også i Norsk rikskringkasting. Få har i moderne tid hatt så stor innverknad på normeringa og utviklinga av nynorsk skriftspråk.

Han er spesielt kjend som redaktør for Nynorsk ordliste i stadig nye utgåver. Gradvis og med nennsam hand førte han inn nye ord i ordlista, ord som tidlegare var definerte ut av nynorsken av puristiske grunnar. Slik bidrog han til utviklinga av ei meir liberal nynorsknorm og ei romslegare haldning til ordtilfanget i nynorsk. Ordlista har blitt svært mykje brukt. Gjennom åra er det trykt 2,5 millionar eksemplar av ho.

I 1946 blei han knytt til redaksjonen av Norsk Ordbok, først som redaktør, og sidan som hovudredaktør frå 1948 til 1978.

Mellom 1972 og 1977 var han dosent i nordisk språkvitskap og leiar av nynorskavdelinga ved Norsk leksikografisk institutt ved Universitetet i Oslo. Seinare blei han professor same stad. Hellevik var skiftevis formann og varaformann i Norsk språknemnd frå 1952 til 1972 og medlem av Norsk språkråd frå 1972 til 1979.

Utanom ordboksarbeidet skreiv han bøker om sikker språkføring, som Det rette ordet: Ord og ordlegging i skrift og tale., Lånordproblemet og Norsk på ny. (To er i digital utgåve frå Nasjonalbiblioteket.)

Hellevik omsette også Kongsspegelen, i ei utgåve som kom ut på Det Norske Samlaget i 1943. Hellevik blei sidan skrivar (sekretær) i Samlaget, ei stilling som seinare blei til fast stilling som forlagssjef) der, og styremedlem i Samlaget 1953–68, og æresmedlem av litt av kvart.

Jakob Sande

Jakob Sande (1906–67) var ein kjend forfattar og visesongar frå Dale i Fjaler kommune. Han gav ut ti diktsamlingar og tre novellesamlingar.

Mange av dikta hans blei tonesette og godt likte viser, og Sande blei med tida folkekjær. Sande henta det meste av stoffet frå sjømannslivet og livet i vestlandsbygdene. Somme av dikta hans er merkte av burlesk og grotesk humor, andre er sterkt kjensleladde. Han har skrive seg inn i salmebøker med "Det lyser i stille grender" og "Salme".

På 50-talet spela songarduoen Kurt Foss og Reidar Bøe inn over eit dusin songar som var tonesette dikt av Jakob Sande. Dikta hans har gitt stoff til mange kunstnarar.

Vegen frå Vik i dagens Askvoll til to Fjalergardar

Garden Vik (gnr. 4, lnr. 13-16) i Holmedal sokn nord for Dalsfjorden låg i Fjaler til 1990. På Ytre Vik, lnr. 13. bnr.1 - det opphavlege bruket - budde i 1666 bonden Gregoris Jacobsen og Agotte Herjesdotter Sætenes. Dei fekk sønene Jacob og Anders.

Truleg var Gregoris frå Steien, Dale. Agotte var frå garden Seternes i Dale.

Slektslinja vår til Agotta går via Anders Vik. Linja frå bestefar Iver ser slik ut:

Iver Halvorsen Bakken •~ Halvor Rasmussen •~ Anna Ivarsdotter Vågstaule •~ Kari Vågstaule (født Jonsdotter) •~ Alet Vågstaule (født Andersdotter Askeland) •~ Anders Vik (født Gregoriusen) •~ Gregorius Vik (født Jakobson) og Agotta Herjesdotter Sæternes.

Steia (Steien) i Fjaler

Garden Steia i Fjaler kan ein lese om i 2. band av Fjaler gards- og ættesoge: Dale sokn. og i andre-utgåva av bokverket, band 4 A.

Sætenes (Setenes), gnr. 58 i Fjaler

Garden ligg på Storevikneset mellom Gjelet og Mjelkevika, nord for Høgebakken, og med Dalsfjorden nordanfor seg. Dalsfjordbrua ligg knapt to kilometer vestanfor.

Det står om garden i 2. band av Fjaler gards- og ættesoge: Dale sokn, og i band 4 B i andre-utgåva.

Innhald


Fjaler, Sætenes, Steia, Steien, litteratur  

Alver, Brynjulf, red. Guten i gadden: Eventyr frå Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal. Oslo: Det norske Samlaget, 1980.

Fagerheim, Ragnvald, og Magne Fagerheim. Fjaler Gards- og Ættesoge. Bind I, Holmedal sokn. Dale i Sunnfjord: Fjaler sogelag, 1976:65-69.

Fjaler Kommune på nett.

Haugland, Anders. Radøy gjennom tidene. Band 4. Manger: Radøy kommune, 2012:170.

Fjaler, Sætenes, Steia, Steien gardssoger, lokalhistorier, gardshistorier, opp Seksjon Sett Neste

Fjaler, Sætenes, Steia, Steien BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]