Norsk del, Gullvekta
Eid lokalhistorie. Utdrag
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Eid - eit overblikk

Eid kommune ligg omkring Eidsfjorden, som er ein 13 km lang arm av Nordfjord i Sogn og Fjordane. Kommunen grensar i nord til Møre og Romsdal. Administrasjonssenteret er Nordfjordeid, som ligg på eidet mellom Hornindalsvatnet og Eidsfjorden. Målforma i Eid er nynorsk, og folketalet den 1. januar 2012 var 5939. Eid svarer til sokna Eid og Stårheim i Eid prestegjeld, Nordfjord prosti i Bjørgvin bispedømme.

Busettinga langs nordsida av Eidsfjorden er ganske tett, og bygdene i kommunen går for å vere livskraftige. Landbruket står sterkt, med blant anna jordbruksretta foredlingsindustri. Hovudvekta er på husdyrhald. Det er ein del frukt- og bærdyrking.

Industrien er variert, med blant anna eit olivin-steinbrot ved grensa mot Vågsøy i vest.

Det er gjort funn frå stein-, bronse- og jernalderen. På den gamle storgarden Myklebust fann ein for 100 år sidan nokre av dei rikaste gravfunna som er gjort frå norrøn tid på Vestlandet. Og i mellomalderen budde den mektige Stårheimsætta, med dronning Ingerid og baglarbispen Nikolaus Arnesson, på Stårheim i kommunen.

Terrenget i kommunen er berglendt. Hornindalsvatnet aust i kommunen er størst på Vestlandet, og den djupaste innsjøen i Europa (514 m djupt).

Eidselva renn ut i fjorden i Eid. Eid er kjend for fjordhesten og som regionsenter i Nordfjord, og distriktsoperaen kalla Opera Nordfjord. Fjordane Folkehøgskule tilbyr utdanning rundt fjordhesten og den einaste sirkusutdanninga i landet. På Nordfjordeid er ein av dei eldste ekserserplassane i landet.

Fjordvarme i "klimakommunen"

Eid kommune har satsa på fjordvarme som energikjelde, rein, miljøvennleg og fornybar energi til verksemder, offentlege bygg og privatbustader. Ved det har Eid fått seg eit innpå forureiningsfritt system for oppvarming, og det er nedbetalt etter fem års drift. For å utbrodere: Kaldt norsk fjordvatn kan både varme og kjøle ein heil tettstad, utan klimagassutslepp, støv, kraftleidningar eller andre store miljøpåverknader.

Det starta med at sjukehuset på Nordfjordeid ønskte å bruke vatn frå fjorden til nedkjøling. I dag er energianlegget styrt av bedrifta Fjordvarme AS. Ho har blitt eit verdsleiande pilotprosjekt på bruk av sjøvatn til å varme opp og kjøle av bygg. Energien frå sjøen er billig og miljøvennleg, og sparer både kommunen og andre som har knytt seg til anlegget for store summar. Oljefyring som hovudoppvarming er gjort uaktuelt.

Med dette systemet blir kaldt ferskvatn sendt rundt i nedgravde, uisolerte røyr i store delar av Eid sentrum. Utbygginga kan dermed bli enkel og rimeleg og av bra kvalitet, og anlegget svært driftssikkert. Det same sirkulerande ferskvatnet kan nyttast til både oppvarming og kjøling. Til oppvarming blir energien henta ut med varmepumpe. Til frikjøling er vatnet kaldt nok til at det kan brukast direkte. Operahuset Nordfjord og rockescena Gymmen blir drivne med fjordvarme. Og fjordkulde som det høver.

Fjordvarmekonseptet har fått etter måten altfor liten omtale og støtte frå politikarar i forhold til miljøpotensialet, jamvel om systemet sparer strøm, kan erstatte oljefyring, og ein får mykje varme- og kjøleenergi av det. Investeringskostnadene kan minskast ved at ein legg til rette for vassboren varme med omtanke og framtanke. Men især i større bygg kan fjordvarme betale seg inn att fort likevel. I tillegg er komforten langt betre med fjordvarme ved at ein unngår glovarme panelomnflater inne.

"Dei aller fleste nye, store bygga på Nordfjordeid har installert fjordvarme. Unntaket er bygget som Lidl [1] sette opp. Men det står jo tomt no", humrar Magne Hjelle, dagleg leiar i Fjordvarme AS.

Lidl er ei tysk lågpris-dagligvarekjede med om lag 7200 butikkar i over 20 land i Europa. Våren 2008 kjøpte Reitangruppa heile Lidl Noreg - rubb og rake - for godt og vel 1,9 milliardar kroner. [Wikipedia, "Lidl"]

Eid har også etablert eit nasjonalt fjordvarmesenter, det einaste i landet.

Hamnnes, gnr. 65

Dei aller fleste opplysningane om Hamnnes og Dalset her, kjem frå Os (1973).

Garden Hamnnes (gnr 65) ligg på ein odde 13-14 km vest for Nordfjordeid. Der har familien anar ifrå gjennom Rakel Kvalen, som kom frå Hamnnes til garden Kvalen i Sande kommune.

Rakel Rasmusdtr (Hamnes) Kvalen, 1788 - 10. mai 1818 g med Sjur Andersson Jensgard (Saude ytre) Kvalen (1788-1862). Barn: Gulik Ananias Kvalen og Rasmus Andreas Kvalen [Sandesoga band 2, s. 219; Sjå Sande-sida her.]

Hamnnes ligg på ytste odden av halvøya mellom Eidsfjorden og lsefjorden i Stårheim sokn i Eid. Gardsgrunnen en er på 583,4 dekar. Mesteparten er skog med god bonitet (av god kvalitet). [৺Kart]. Stårheim (sjå kartet) ligg over fjorden, på nordsida av Nordfjorden mellom Måløy og Nordfjordeid, der fjordarmen Eidsfjorden skil lag med hovudfjorden. Det gamle bygdesentrumet er Stårheimsvika. Det er 14 km austover til Nordfjordeid og 41 km vestover til Måløy. Stårheim har ferjeleie med ferjesamband til Isane i Bremanger. Far til Rasmus Antonsen (ca. 1742-93) i anerekka vår kom frå Indre Isane i Davik sokn i Bremanger. [Bokmåls-Wikipedia. Omsette utdrag].

Ei lita hamnevik opp til Hamnnes-garden har gitt garden namn. I 1667 er det skrive Hambnes, i 1723 Hafnæs, seinare Havnnes. I 1608 heitte garden Nees. Han er ikkje nemnd før i 1602, og er truleg bureist sist på 1600-talet.

Garden var adelsgods i 1626 og høyrde til det danske Ulfeldtgodset. Sidan blei bispen Ludvig Hanssøn Munthe (15931649) eigar. Frå arvingane hans kom garden til Claus Johansson Frimann (1666-1715), gift med Anne F. Harboe (1673-1769).

Ettermannen til bispen, i Selje, Søren Madsson, fekk garden med enka etter Claus, Anne.

Sidan blei presten B. Nicholl eigar. Garden blei løyst frå arvingane hans på 1800-talet, venteleg.

Kjende brukarar

Knut Olson (Nes), br. 1602.

Steffen, født ikring 1606, br. 1634. Kona Anne nemnd i 1646.

Povel, br. 1665, truleg gift med enka etter Stetten.

Knut Steffenson, br. 1680, daud ikring 1700.

Rasmus Torleivson, født ikring 1669, br. 1700. Verbroren

Peder Pederson, br. 1709, daud før 1722, gift med Guri Torleivsdotter.

Knut Torleivson.

Ola Eirikson Hanebrekke, br. 1733, daud 39 år gammal i 1742, gift med Guri, enka etter Peder i 1723. Ho sa frå seg bruket då Ola døydde.

Anton Olson Isane bygsla i 1744, døydde 66 år gammal i 1777, var gift med Anne Kaspersdotter, som døydde 84 år gammal i 1783.

Rasmus Antonson (Hammenæs) bygsla i 1772, døydde 49 år gammal i 1792, gift med Anne (Ane) Andersdotter Dalset i 1970, som døydde 81 år gammal i 1826. Dei hadde 7 barn saman, og Anne fekk eitt til då ho gifta seg opp att (osv.) [Jf. Os 1973, s 370-71].

Sjette barnet til Anne og Rasmus var dottera Rakel (1788-1857). Ho gifta seg med Sjur Andersson Jensgard i Sande, etter Sandesoga (band 2, s. 219). Dei fekk sonen Rasmus Andreas Sjurson Kvalen.

Dalset, gnr. 29

Anne Andersdotter Dalset døydde 81 år gammal i 1826, står det hos Os (1973). Då var ho født rundt 1745. Ho kom frå Dalset til Hamnnes der ho var gift med Rasmus Antonsen (daud i 1792). Jf. ovanfor.

Det var iallfall to som heitte Anders på Dalset og som kunne vore far til Anne Andersdotter Dalset i det tidsrommet som vel kan passe: Anders Olson på bruk 1 og Anders Jenssen på bruk 2 er mogelege fedrar til Anne. Ein tredje Anders, Anders Olson Heggja, overtok bruk 1 i 1756 og døydde 63 år gammal i 1793. Han er meir av ein outsider i dette: Sjansen for at han blei far til Anne då han var i konfirmasjonsalderen, er vel så som så.

Det står bra likt mellom dei to andre Andersane på dei to Dalset-bruka. Det går altså ei linje frå Hamnnes til Dalset, til eitt av bruka der, og ein av Anders-ane på garden var far til Anne frå Dalset.

Dalset ligg i Hjelmelandsdalen nord for Eidsfjorden, ca. 6 km i luftlinje mot norvest ifrå kyrkja i Eid. Grunneigedommen er i alt på 353,6 dekar. 42 dekar er fulldyrka, og rundt 160 dekar er skog. Skogen er av vekslande kvalitet, men for det meste god og svært god skog. Jorddekt fastmark dekker 138 dekar. [৺Kart].

Dalset (Dalseter, Dalsæter) er nemnd for første gong i 1602. Bygdefolket seier Dalset, så det er lite truleg at namnet har noko med seter å gjere, men det står altså -sæter i eldre dokument.

Før 1600 eigde Lyseklosteret* heile garden. Til 1620 var garden eitt bruk. Seinare har det for det meste vore to jamstore bruk. I 1626 hadde garden "temmelig ringe avling". I 1661 hadde garden kvern.

Lysekloster var Noregs eldste cistercienserkloster. Klosterbygningane blei reist på ein gard som var ei gåve fra biskop Sigurd i Bergen, og det blei etter kvart eit av dei største godsa i landet. Munkane i Lysekloster brakte fruktdyrking til Hardanger. Klosteret, som hadde eigd rundt 200 gardsbruk, blei oppløyst ved Reformasjonen, og eigedommar blei selde unna etter kvart. [Store Norske Leksikon]

Frå brukarlista

Sæmund brukte heile garden i 1602. Då skifta han garden i to på sønene sine. Jakob fekk bruk 1, og Steffen bruk 2.

Bnr. 1

...

Ola Monsson, født 1641, br. 1688.

Anders Olson bygsla i 1722, daud 67 år gammal i 1781, gnr. Brite Guttormsdotter daud 67 år gammal i 1755.

Anders Olson Heggja, br. 1756, daud 63 år gammal i 1793, gift med Eli Andersdotter daud 70 år gammal i 1794. Versonen

Bnr. 2

Jens Andersson, br. 1710, daud 51 år gammal i 1736, gift med Dotte Olsdotter daud 87 år gammal i 1766.

Anders Jenssen bygsla 1744, daud 67 år gammal i 1781, gift med 1) Anne Eiriksdotter Brendefur, daud 36 år gammal i 1743, 2) Ales Arnesdotter Orheim, daud 34 år gammal i 1749, 3) Jøde [jf. Jøda, Gjøda, Gyda] (Gyda) Rasmusdotter Ryst, daud 71 år gammal i 1792. Svigersonen Ola Olson Hjelmeland, skulemeister, var brukar frå 1743, daud 84 år gammal i 1835, gift med Ales [Ahles] Andersdotter Dalset, som døydde 91 år gammal i 1841.

Innhald


Nordfjordeid lokalhistorie, Eid gardshistorie, Dalset, Hamnnes, litteratur  

Myklebust, Olav, red. Sandesoga, band 2. 3. utgåve. Larsnes: Sande sogeboknemnd, 1996.

Os, Edvard. Eid og Hornindal etter Jacob Aaland: Nordfjord frå gamle dagar til no. Band II/I, Eid – Hornindalen. Eid: Eid Herad og Hornindal Herad, 1973.

Elles:

  • Arkivverket - Rasmus Hamnnes og Anne Dalset blei trulova den 8. juli, 1770:
    http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070503630062.jpg
  • NRKs Fylkesleksikon, s.v. "Eid".
    www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Eid

  • NRKs Fylkesleksikon, s.v. "Stårheimsætta med dronning og baglarbisp"
    www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/St%C3%A5rheims%C3%A6tta_med_dronning_og_baglarbisp

  • Store norske leksikon, s.v. "Eid".

  • Wikipedia, s.v. "Eid kommune".

Nordfjordeid lokalhistorie, Eid gardshistorie, Dalset, Hamnnes gardshistorier, opp Seksjon Sett Neste

Nordfjordeid lokalhistorie, Eid gardshistorie, Dalset, Hamnnes BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]