Norsk del, Gullvekta
Frå Førde
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Førde

Førde kommune ligg i Sunnfjord i Sogn og Fjordane fylke. Namnet Førde kjem av fird, fjord. Førde er den største kommunen i fylket etter folketalet. Det budde 12 332 her den 1. jauar 2012. Målforma er nynorsk.

Kommunen strekker seg frå inst i Førdefjorden til Jostedalsbreen, og grensar til Jølster, Sogndal, Gaular, Askvoll og Naustdal. Staten peika ut Førde som vekstsenter i 1965, og kommunen fekk stor hjelp til å etablere og utvikle industri og kulturtilbod. I 1997 fekk byen bystatus. Tettstaden Førde står i dag fram som ein nymotens bygdeby, og dessutan administrasjonssenter for kommunen - og som eit fylkessenter med handel, service, helsevesen, kommunikasjon, utdanning og kultur. Etter strid blei sentralsjukehuset for fylket bygt i Førde i 1979. Sentrum er prega av store varehus. Blant kjeder som har etablert seg i kommunen nyss, er Biltema, Coop Extra og Hennes & Mauritz.

Arkeologiske utgravingar har påvist busetting inst i Førdefjorden for over 4500 år sidan. Og frå 1837 til 1896 omfatta Førde kommune kyrkjesokna Førde, Holsen og Naustdal. I 1896 blei Naustdal skilt ut som eigen kommune. I 1965 blei kommunegrensene regulert, og grendene frå Furevik i aust til Heilevang i vest på sørsida av fjorden blei innlemma i Førde ifrå Naustdal.

Rundt Førde er det mange fine turområde. I naturen finst fossar og fjell, Grovabreen (1636 moh.) er høgast. Haukedalsvatnet er kjent som eit av dei beste aurevatna i landet. Og i byen er eit kunstmuseum og meir til. Dessutan ligg Sunnfjord Museum på den tidlegare husmannsplassen Movika ved Movatnet. Museet har mellom anna samla 39 gamle bygningar frå Sunnfjord. Dei fleste er sett opp i friluftsmuseet ved Movatnet og på stølstunet som ligg litt unna dei andre bygga.

Mellom førdianarar er multikunstnaren Oddvar Torsheim (f. 1938) blitt godt kjent.

Holmevik

Holmevik låg før under garden Friborg i Naustdal (sokn) i Sunnfjord, og i Førde kommune i dag, etter dei seinaste endringane av kommunegrenser i området. Friborg og Holmevik er handsama i Førde bygdebok. Der står det under Holmevika (seinare bruk 2) at Ola Nilsson Holmevik var født kring 1656, at vi ikkje veit kva kona hans heitte, og at to søner i familien er kjent: (a) Anders, født kring 1687 og (b) Rogneld født kring 1699 og vigd i 1725 med Salmøy Steffensdotter Hårstad. Desse opplysningane kjem frå manntalet for 1701, og står attgitt i Førde bygdebok. Gardssoge og soga om folket. Bd II. (Førde: Førde Kommune 1990, s 605-11).

I Radøy gjennom tidene, band 3 (Manger: Radøy kommune, 2010, s 754) står det vidare om Palme Olsen Holmevik. Palme var født kring 1702 på Friborg, Førde, og døydde på garden Halland, gnr. 60, bnr. A, Radøy i 1766. Palme blei gift i Vevring sokn (i mai 1735 eller) 3. juli 1735 med Pernille Eriksdotter Vevring. Ho var dotter til Sigrid Andersdotter og Erik Eriksen Vevring, Naustdal i Sunnfjord. Ekteparet Holmevik flytta til Halland på Radøy våren 1736. Då fekk Palme bygselsetel på Halland.

Hausten 1739 blei elles Palme og Pernille kalla inn til bygdetinget for å vitne i ein strid mellom dei to grannane deira, Knut og Elling, så det finst knappe offentlege nedteikningar om at dei var til. Pernille og Palme hadde iallfall ei dotter: Alet (født kring 1737), gift i 1760 med Amund Larsen Kjeset (født 1736). Alet døydde i 1818 på Halland.

Var no Palme Olsen son av Ola Nilsson Holmevik på det som med tida blei bruk 2 på Friborg? Det kan sjå sånn ut. Faren Ole ville i så fall vore kring 46 år gammal. Då ingen andre kjente i Holmevik med fornamnet Ole høver, står denne Ole oppført som far til Palme her, enda om Palme ikkje er nemnd i Førde bygdebok. Slektskap verkar ikkje heilt urimeleg ut frå etternamnet Holmevik og samankoplinga mellom Førde og Radøy bygdebøker.

Friborg med Holmevik

Holmevika ligg godt og veldig usjenert til om lag 20 km utover på sørsida av fjorden ifrå Førde, og dryge 2 km vest for Friborga langs vegen. Busetnaden er spreidd på den kanten. Holmevik lèt til å ligge godt skjerma i ei dels vestvendt dels nordvendt gryte, omgitt av til dels bratte åssider med fjell bakom mot sør og aust.

Friborg har eit areal på 2 159 dekar. Av dette var 169 dekar jordbruksareal, med 31 dekar fulldyrka jord (1981). Skogen dekte 1 156 dekar, med 927 dekar barskog.

I jordeboka frå 1626 var garden kyrkjegods. Og det framgår av matrikkelen frå 1647 at det då var godset til Naustdal kyrkje - som eigde Friborg fram til 1850-åra. Rogneld Olson kjøpte garden på auksjon i 1862. I 1903 blei bruka Holmevik og Friborgneset utskilt, og åtte år seinare følgde to andre bruk etter og blei utskilt.

Vegen ut til Holmevika stod ferdig i 1961, etter tjue års arbeid. "Det ligg mange sveittedropar att etter oss på denne vegen", skriv Adolf Holmevik. Dei tok til med vegarbeidet i 1936 eller nær det. Dei innstilte vegarbeidet under krigen, og heldt truttig på etterpå med feisel, spett, hakke, spade, slegge, trillebåre og sprengstoff. (Førsund 1992, s. 606).

Innhald


Førde lokalhistorie, Holmevik gardshistorie, litteratur  

Førsund, Finn Borgen. Førde bygdebok: Gardssoge og soga om folket. Band II. Førde: Førde kommune, 1992.

Haugland, Anders. Radøy gjennom tidene. Band 3. Manger: Radøy kommune, 2010.

NRK leksikon. Sogn og Fjordane. "Førde". 2009
www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/F%C3%B8rde

Store norske leksikon, s.v. "Førde".

Wikipedia, s.v. "Førde", "Grunnkretser i Førde kommune".

Førde lokalhistorie, Holmevik gardssoge, opp Seksjon Sett Neste

Førde lokalhistorie, Holmevik BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]