Norsk del, Gullvekta
Gaular i stutte drag
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Gaular

Inst i Dalsfjorden i Sogn og Fjordane ligg Gaular kommune med nynorsk målform og lunt klima. Før 1910 heitte kommunen Indre Holmedal. Jordbrukskommunen grensar mellom anna til Askvoll og Førde. Første juli 2008 budde det 2719 gaulværingar i kommunen.

Det er mange små bygder i kommunen, og tre befolkningssenter, som er tettstaden Sande; Bygstad; og Vikja i Viksdalen. Dei fleste i kommunen bur utanfor dei sentera. Lundegrenda der vi slektar ifrå, ligg i Sandekrinsen, og Sande ligg midt i kommunen og er administrasjonssentrum for kommunen.

Gaular svarer til Sande, Bygstad og Viksdalen sokn i Gaular prestegjeld, Sunnfjord prosti i Bjørgvin bispedømme.

Naturen i Gaular kommune er variert. Gaularvassdraget går gjennom kommunen frå aust til vest med laks, fossar, stryk og innsjøar. Rundt elva ligg grender, gardar og eit kupert fjellandskap. Landbruk er ein viktig næringsveg. Dei fleste i den landlege kommunen bur langs den sju mil lange hovudelva Gaula. Fossane i Gaular kommune er med blant dei kommunale "varemerka", og det same er kunstferdig trehusflid og kunstferdig rosemåling, kalla "Kjelstadmåling" og "Viksdalsmåling".

Det er godt med skog i dalane, og mange fjell. Gaularfjellet er eit mykje brukt tur- og hytteområde.

Historie

Det har budd folk i Gaular i 4000 år, syner arkeologiske utgravingar. Dei eldste gardane er rydda før romartida. I førromersk jernalder blei skikken etter kvart til at daude blei brende og gravlagde med få eller ingen gravgåver. Endra gravskikkar i romartida (fvt. - 400 evt) = (fvt = før vår tidsrekning, f.Kr.; evt. = etter vår tidsrekning, e.Kr.) førte til at personlege eignelutar kom med i gravene, og dei syner kontakt med kontinentet. I somme graver frå Vestlandet og Sunnmøre er gull ein del av gravgodset. Mektige ætter sat oppetter kysten på Vestlandet. I folkevandringstida (ca. 400-570 evt.) auka busetnaden og nye gardar blei rydda. Ein vanleg gard på den tida kunne ha 3-5 hus som var grindbygt med trevegg og med ein ytre jord- og steinvegg til isolasjon. Enkelthusa kunne bli opptil 90 m lange. Dei første dyra var små og lettbeinte og klarte seg godt sjølve. [1990:76-95 o.a.].

Yngre jernalder (ca. 570 - 1050 evt.) blir delt inn i to tidsbolkar: merovingartida før 800 og vikingtida deretter og fram til 1050. Frå merovingertida har ein gravfunn frå ei mannsgrav på Lunde. Garden og bonden var føresetnaden for bygdesamfunnet. Godt beite for dyra hadde mykje å seie. Folk nytta hakker, jernsigdar, ljåar, bryner. Dei dyrka havre, bygg, rug og noko kveite. Havre og bygg var viktigast. I tillegg kunne dei samle og dyrke urter og grønsaker: løk, kål, kvann, humle, lin og hamp. Også plommer og eple kjenner vi frå Oseberg i Vestfold. Husdyra var småvaksne. Storfe hadde 104-110 cm skulderhøgd, og hesten 137-140 cm. Sauen var som den vestnorske utegangarsauen. Mykje beite gav høve til stort fehald. Småfehaldet med sau og geit var særs viktig, for det gav mat, skinn og ull. Ein viktig del av husdyrhaldet var sankinga av fôr.

Gaular er kjent frå vikingtida gjennom jarlesetet Gaulum ved Osen inst i Dalsfjorden. Før og i vikingtida voks bygder innover og opp mot fjella, og bønder tok til å nytte kysten til sesongfiske. På Lunde står det eit freda loft frå mellomalderen (før 1536). Loft tyder i denne samanhengen ein lafta bygning i to høgder (med svalgang), stabbur.

For å lage seg mat hadde folk eldstål og flint og så som gryte av kleberstein, som held godt på varmen. På Lunde, mellom anna, er det funne kleberførekomster. Gryter av kleberstein var rett varlege i vikingtida. Langskafta steikepanne og steikerist høyrde med. Mellom trereiskapa var vispar, sleiver og tvorar [stenger med kransar av stubbar i enden, til å røre og stampe med], trau og trebollar. Reiskapar frå vikingtida var så funksjonelle og godt forma at dei har halde seg godt fram til moderne tid.

Bøndene var sjølvhjelpte med det meste - snekring, treskjering og smiing - og kunne også bygge småbåtar.

Mannsdrakta var nærast som i eldre jernalder. Skjorte, lange bukser og ei kappe halden saman med ei ringnål eller spenne på skuldra. Rundt livet eit belte og sannsynlegvis ei perle til knapp i halsen på skjorta. [1990, s. 106-107]

Kvinna og kvinneverksemd før

Kvinnene vov og sauma. Huskona sine oppgåver i vikingtida var innearbeid, ta del i gardsarbeid, sjå til barn, gamle og gardsfolket, syte for klede og teppe til folka på garden. Klipping av sauane, karding, spinning og veving. Reiskap som dei nytta her var sakser, ullkammar, spinnehjul, vevskeier og vevtyngder til renninga. Toskaft var den vanlegaste vevteknikken. Undersøkingar i Vest-Europa viser at "Vest-Noreg sannsynlegvis var opphavsstad og produksjonsstad for stoff vove i finaste mønster og ullkvalitet. [s 105]" [1990, s. 103-105]

Båtar blei bygt med stor teknisk innsikt og dukleik. Det finst talrike graver med småbåtar langs heile vestlandskysten. Frå vikingbåten går det ein ubroten tradisjon til mindre trebåtar frå vår tid. Båtbygging var høgt akta. [s. 107]

Kvinna bar ein lang serk med lange armar, og over serken ein stakk - som dekte brystet - med selar haldne saman over brystet med store ovale bronsespenner, ofte med eit perlekjede mellom spennene. Perlene var av glas, og no og då av bergkrystall.

Over stakken kunne ho ha ei kappe som blei halden saman i halsen med ei spenne, som for eksempel var pryda med dyreornamentikk. På føtene hadde ho skinnsko. Håret var helst langt. Avbildingar viser kvinner både med hestehale eller håret dekt. [1990, s. 106-107]

Høgmellomalderen

Ifrå høgmellomalderen, perioden mellom 1050 og 1350, kjem skriftleg materiale fram i dagen. Kongemakt og kyrkjemakt overtok etter høvdingane langs kysten. Kongen kunne verne freden og rettane til mange. Leidangen som forsvarssystem blei bygt opp for at folk skulle mobilisere i ufredstider. Skipsreide kom av kor mange og store skip folk i fylka kunne sende og ruste ut, reie ut, når det var full mobilisering. Folk trong både mat og våpen i slike høve, og bål skulle tennast på høge stadar for å bringe bodskapen fort fram. Dessutan blei det brukt bodstikker. Var bodstikka svart, varsla det krig.

Båtane skulle haldast i stand så ein var budd, og naust var tiltrengte. Utstyret til skipet trong fornying. I Sunnfjord hadde dei sju skipsreier, syner ei Gulating-liste. Det vanlege var at kvar skipreide stilte med eitt femti-manns skip. [s. 137-42]

Rovdyr i Gaular

Siste soga om bjørnejakt skriv seg frå Eldalsdalen i 1884, då eit stort lag jakta på ein bjørn som var jaga over frå Haukedalen.

[Fire kjelder til teksten ovanfor: Wikipedia, s.v. "Gaular" og Store norske leksikon, s.v. "Gaular" og "Gaular" og "Viksdalsmålinga som næringsveg" i NRKs fylkesleksikon over Sogn og Fjordane]

Lunde i Gaular

Frå Lunde i Gaular. Utsnitt. Kjelde: Wikimedia Commons.
Frå Lunde i Gaular [Detalj frå panorama]

På bruk 2 på Ytre Vevring i Naustdal var Erik Eriksson brukar. Han var født kring 1675 på Lunde, står det i Naustdal Bygdebok: Gards- og ættesoge. Band 1 av Geir Kleiveland. (1995, s 219.)

Erik Erikson d.e. [f. ca. 1675, d. 1740], far til Erik d.y. frå Lunde, flytta frå garden Lunde. Det verkar rimeleg at det var garden Lunde i Gaular, bruk nr 6 der, for der fanst ein Erik i det tidsrommet som høver, og dessuten følger Erik-namnet slekta.

På garden Lunde, gnr. 105, bnr. 6, var brukaren frå 1699 til 1733 Ola Eriksson. Han var født kring 1662. Kona er ukjend. Vi kjenner namnet på ein son: Erik, født i 1693. (Bygdebok for Gaular, band 6, 1999, s 648).

På dei fem andre bruka på Lunde garden er ingen Erik oppført i tidsrommet som høver. "Vår" Erik d.y. og Ola kan ha vore brør. Formuleringa "truleg" syner eit makeleg atterhald.

Innhald


Gaular, Lunde slekt, litteratur  

Kleiveland, Geir. Naustdal Bygdebok: Gards- og ættesoge. Band 1. Naustdal: Naustdal Sogelag, 1995.

Timberlid, Jan Anders. Bygdebok for Gaular, band 1. Frå dei eldste tider og fram til omkring 1660. Sande i Sunnfjord: Gaular sogenemnd, 1990.

Timberlid, Jan Anders. Bygdebok for Gaular, band 5. Gardar og folk. Sande sokn. Sande i Sunnfjord: Gaular sogelag, 1999.

NRKs Fylkesleksikon, s.v. "Gaular".
www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Gaular


Gaular, Lunde gardssoge, frå gardshistoria, opp Seksjon Sett Neste

Gaular, frå Lunde BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]