Gullvekta
Franske eventyr og segner  ❀ 3
Seksjon › 36   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Katten med støvlane

Ein møllar døydde, slik møllarar til sist gjer. Det einaste som var att til dei tre sønene hans, var mølla, eit esel og ein katt. Den arven var snart delt. Brørne gjekk verken til lensmann eller skrivar for å ordne med det, men blei samde seg imellom om at den eldste skulle ha mølla, han nest eldste skulle ha eselet, og den yngste skulle ha katten. Men han trudde han hadde arva for lite til å leve av.

"Brørne mine klarer seg nok om dei slår seg saman", sa han, "men kva med meg? Om eg et katten og lagar meg vottar av skinnet, kjem eg kanskje til å døy av svolt likevel, og kort etter."

Katten høyrde kva han sa, sjølv om han ikkje lét seg merke med det, og no svarte han sindig og alvorleg:

"Ta det ikkje så tungt, husbond. Gi meg berre ein sekk og eit par støvlar som eg kan bruke i kjerr og kratt, så skal du sjå at arven din ikkje er så dårleg som du trur."

Guten la ikkje større vekt på det katten sa til han, men han hadde fleire gongar sett kor lur katten kunne vere når han fanga mus og rotter - som å gøyme seg i mjølet og late som han var daud -, så etter å ha tenkt seg om, meinte han at det kanskje ikkje var heilt umogeleg for katten å hjelpe han.

Då katten hadde fått det han hadde bedt om, trekte han støvlane på seg, tok sekken på nakken, og heldt i snorene med forlabbane. Så gjekk han til eit skogholt der det krydde av ville kaninar. Han putta litt kli og kålblad i sekken, og så la han seg på ryggen og lét som om han var daud. Der låg han og venta på at ein lettsindig, ung kanin som enno ikkje hadde høyrt om verdas vondskap og list, skulle hoppe inn i sekken for å ete det som katten hadde lagt der.

Og ikkje før hadde katten lagt seg ned, så blei ønsket hans oppfylt - ein ung kanin hoppa inn i sekken. Katten drog fort i snorene så sekken blei lukka, fanga byttet og gjekk til slottet med det. Der bad han om å få snakke med kongen, og straks han blei geleida fram for han, bukka han djupt og sa:

"Konge, her kjem eg med ein ung villkanin frå husbonden min, markien av Carabas." Carabas var eit namn han fann på i farten.

"Takk han frå meg", svarte kongen, "og sei eg set pris på gåva."

Ein annan dag gøymde katten seg i ein kornåker og passa godt på å halde sekken sin open. Snart smatt to åkerhøner inn i han. Katten drog i snorene så sekken blei lukka, og gjekk til kongen att. Kongen blei glad for fugleviltet og gav katten ein slant til påskjønning.

Slik heldt katten på i eit par månader. Stadig var han hos kongen med vilt han fanga. Ein dag fekk han høyre at kongen skulle på køyretur langs elva med dottera si, og ho var han vakraste kongsdottera ein kunne tenke seg. Så sa han til husbonden sin:

"Om du no gjer som eg rår deg til, er lykka di gjord. Det einaste du har å gjere er å bade i elva der eg viser deg. Overlat så resten til meg."

Guten skjønte ikkje kva det skulle tene til, men gjorde som katten sa. Mens han bada i elva, kom kongen køyrande forbi. Straks sette katten i å rope av full hals:

"Hjelp, hjelp, markien av Carabas kan drukne!"

Katten med støvlane, teikna av Gustave Doré. Utsnitt.
Katten med støvlane, av Gustave Doré

Då kongen høyrde katteropet, stakk han hovudet fram i vogndøra. Han kjende straks igjen katten som hadde komme med godt vilt til han så mange gongar, og sa til tenarane sine at dei skulle skunde seg og hjelpe markien.

Mens tenarane trekte markien opp av vatnet, gjekk katten bort til vogna til kongen og fortalde at tjuvar hadde stole kleda til markien mens han bada, enda han sjølv hadde ropt "Stopp tjuven!" I røynda hadde han luringen av ein katt gøymt kleda under ein stor stein mens han ropte med munnen inn mot armen sin, så det nesten ikkje kunne høyrast. Alt dette visste ikkje kongen. Han gav straks tenarane sine beskjed om å hente nokre av dei vakraste kleda han hadde, og gi dei til markien av Carabas.

Då kongen fekk sjå markien i dei fine kleda, sa han at markien såg fin ut i dei. Guten var nemleg fin og velskapt. Også kongsdottera likte guten - ho blei vilt forelska i han straks han helste høfleg på ho.

Kongen bad han no om bli med opp i vogna og vere med dei på turen.

Katten var fornøgd med at det no tok til å gå slik han ønskte. Han sprang i førevegen, og då han etter ei stund kom forbi nokre slåttekarar som gjekk og slo gras i ei eng, truga han dei:

"Høyr, godtfolk, når kongen om litt kjem forbi, skal de seie at det er markien av Carabas som eig enga, elles skal eg få dykk hakka i småbitar."

Kongen spurde ganske riktig kven som eigde enga.

"Markien av Carabas", svarte dei alle som ein, for dei var blitt skremde av trugslane til katten.

"Der har du sanneleg ei fin eng, marki", sa kongen til guten.

"Ja, enga ser bra ut og gir godt utbytte år etter år", svarte den markien.

Katten sprang stadig i førevegen, og no kom han forbi nokre onnefolk som gjekk og skar korn.

"Om de ikkje seier til kongen at heile kornåkeren høyrer til markien av Carabas, blir de hakka i småbitar."

Ei stund etter køyrde kongen forbi, og han ville vite kven som eigde den fine kornåkeren.

"Markien av Carabas", svarte onnefolka, og kongen gledde seg igjen.

Heile tida sprang katten i førevegen og sa om lag sameleis til alle han møtte. Og kongen blei etter kvart heilt forundra over all rikdommane som han fekk høyre markien eigde.

Til sist kom dei til eit vakkert slott. Det høyrde til eit ustyrteleg rikt troll. Det var dette trollet som åtte alle dei fine åkrane dei hadde køyrt forbi. Før katten gjekk innanfor, var han klok nok til å forhøyre seg litt om kven trollet var og kva det dugde til. Så bad han om å få snakke med trollet. Han ville ikkje la høvet gå frå seg til å helse på eigaren til slottet når han gjekk forbi, sa han

Trollet tok imot katten så høfleg som eit troll no kan, og bad han sette seg.

"Eg har høyrt", sa katten, "at De er i stand til å skape Dykk om til kva dyr som helst; at De for eksempel kan gjere Dykk om til ei løve eller ein elefant."

"Det stemmer det", brumma trollet, "og for å prove det skal eg bli til ei løve her og no!"

Katten blei livredd då han fekk sjå løva framfor seg, og hoppa og klora seg i ein fart opp til taket langs eit forheng. Det var ikkje lett med støvlar på. Men etter ei stund blei trollet til troll igjen, og då klatra katten ned. Han måtte vedgå at synet av ei løve hadde skremt han fælt, men så sa han:

"Eg har også høyrt noko anna som eg har vondt for å tru, nemleg at De også kan omskape Dykk til bitte små dyr, som rotter eller mus - men det held eg no for å vere heilt ugjerleg."

"Ugjerleg - høh!", sa trollet, "No skal du få sjå!" Straks skapte det seg om til ei mus og tok til å springe bortover golvet. Ikkje før hadde katten sett musa, så kasta han seg over ho og åt ho opp. Då var det ute med trollet.

Imens hadde kongen og følget hans nådd fram til det vakre slottet, og kongen fekk lyst til å gå inn. Katten høyrde vogna komme rullande over vindebrua [1]. Han sprang kongen i møte og sa: "Velkommen til markien av Carabas sitt slott."

"Men i all verda!" utbraut kongen og vende seg til "markien" ved sida av seg. "Er dette slottet også Dykkar? Eg har aldri før sett noko så vakkert som slottsplassen med bygningane rundt. Kan vi få sjå slottet innvendig?"

Markien tok den unge kongsdottera ved handa og følgde etter kongen, som følgde etter katten. Dei kom inn i ein stor sal med eit gildt dekt bord. Trollet hadde nemleg gjort i stand til gjestebod for vennar han hadde. Dei var venta same ettermiddagen, men ingen hadde våga seg inn, for dei hadde fått nyss om at kongen og soldatar var der.

Kongen var reint sjarmert av kor høfleg markien tedde seg, og av all rikdommen hans. Og då kongen også la merke til at kongsdottera var blitt forelska i han til opp over øyra, tok han seg eit par gode slurkar vin og sa til markien:

"Det står til dykk, kjære marki, om De vil bli svigersonen min."

Markien bukka djupt fleire gongar og takka ikkje nei til det ærefulle tilbodet. Alt den same dagen blei han vigd til kongsdottera. Katten blei adla, og frå den dagen fanga han mus berre for moro skyld.

~ೞ⬯ೞ~

Fegåvene

Det var ein gong ei enke som hadde to døtrer. Den eldste likna på mora i sinn og skinn. Dei var så like som to dropar vatn, og begge var så ufordragelege og hovmodige at ingen kunne halde dei ut. Den yngste var derimot lik faren sin. Ho var så snill og god som dagen var lang, og samtidig så vakker som noka ungjente kunne vere. Men mora var reint forgapt i den eldste dottera si, sidan dei var så like kvarandre, mens ho knapt nok tolte synet av den yngste; ho laut ete på kjøkkenet og alltid slite og streve.

To gongar kvar dag måtte den stakkars vakre jenta hente vatn dryge fem kilometer heimanfrå, og den store krukka måtte vere heilt full når ho kom heim.

Ein dag ho var ute ved kjelda, kom ein fattig kone bort til ho og bad om litt vatn å drikke.

"Klart du skal få vatn", svarte den vakre jenta. Og straks skylde ho krukka si og auste opp vatn frå den beste staden i kjelda, der vatnet var klarast. Så heldt ho krukka fram for det gamle og passa på å støtte ho godt så det blei lettare å drikke.

Då kona hadde drukke, sa ho: "Du som er så vakker og god og snill, må sanneleg få ei gåve av meg. Gåva mi er at det skal falle blomster eller edelsteinar frå munnen din kvar gong du seier noko særleg."

Då den vakre jenta kom heim, skjente mora på ho fordi ho kom så seint med vatnet.

"Eg er så lei for at eg blei så lenge vekk", sa jenta. I det same ho sa det, fall det tre roser ut av munnen hennar, og tre perler og tre store diamantar også.

"Kva i all verda!" ropte mora forundra. "Eg trur mi sann det kjem perler og diamantar ut av munnen på deg! Kva skal dette bety, dotter?" Det var første gong ho kalla jenta 'dotter'.

Jenta fortalde truskyldig om alt som hadde hendt, og mens ho talde, strøymde det heile tida diamantar frå munnen hennar.

"Du verda, eg må sende søster di dit også! Kom og sjå, kva som kjem ut av munnen på søstera di når ho snakkar. Ville det ikkje vere fint om du fekk same gåva?" sa ho til eldstesøstera. "Det einaste du skal gjere er å gå til kjelda og hente vatn, og når det kjem ei fattig, gammal kone og ber deg om litt å drikke, må du vere snill og gi ho det ho bed om."

"Meg får du ikkje til å gå til kjelda, nei!" svarte den leie dottera.

"Du skal", sa mora sint, og så måtte eldstedottera bort til kjelda likevel, same kor ho grein på nasen.

Ho tok med seg den finaste sølvkanna i huset. I det same ho kom til kjelda, kom ein dame i fornemme klede ut av skogen og bad ho om ein slurk vatn. Det var same fea som hadde vist seg for søstera, men no førte ho seg som ei kongsdotter og hadde tatt på seg kongsdotterklede for å sjå kor uskikkeleg denne jenta kunne vere.

"Trur du kanskje eg er kommen hit for å gi deg noko å drikke?" sa den leie, hovmodige jenta, for ho tenkte ikkje å hjelpe andre enn ei fattig, men gåvmild gammal kone. "Trur du eg har tatt med sølvkanna vår for å skjenke deg vatn? Nei, min sann, du kan legge deg ned og drikke av kjelda!"

"Du er ikkje særleg høfleg", sa fea utan å vise harme, "men høyr her: Fordi du er så lite vennleg av deg, blir det slik at det kjem til å dette ein orm eller ei padde ut av munnen din kvar gong du snakkar."

Så snart mora såg ho komme heim att, ropte ho:

"No, dotter, korleis gjekk det?"

"Korleis det gjekk?" svarte den leie dottera, og i det same spytta ho ut ein orm og to padder.

"Himmel", skreik mora, "kva er det eg ser? Her må nok søstera di ha vore på ferde; det skal ho få svi for." Og straks sprang ho etter den andre dottera for å denge ho.

Den stakkars jenta flykta heimanfrå og gøymde seg i skogen. Kongssonen, som var på veg heim frå jakt, fekk auge på ho og ville vite korfor ho gjekk aleine i skogen og kva ho gret for.

"Akk og ve! Mor har jaga meg heimanfrå", svarte ho. Kongssonen såg at det fall fem-seks diamantar og like mange perler ut av munnen hennar mens ho snakka, og bad ho forklare korleis det hadde seg. Så fortalde ho han heile historia.

Kongssonen blei forelska i ho, og då han skjøna at gåva ho hadde fått, var mykje meir verdt enn noko som andre kunne bringe i medgift, tok han ho med til far sin og heldt bryllaup med ho på slottet, og det var alle nøgde med.

Men søstera gjorde seg så avskydd at hennar eiga mor til sist jaga ho på dør. I lang tid lang streifa den slemme jenta omkring utan å finne nokon som ville ha med ho å gjere. Til slutt la ho seg til å døy langt borte frå folk.

Vennlege ord til hjarta skulle nå djupare inn enn diamantar og perler og gullpengar.

  Innhald  


Bøker      

Franske eventyr, soger og segner frå Frankrike.    Seksjon     Sett    Neste

Franske eventyr, soger og segner frå Frankrike. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2007–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]