NORSK DEL, GULLVEKTA  

Latter som hjelper

 13 › 3 › 12

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Latter som hjelper

Om forfattaren

Franciska Munck-Johansen er utdanna latterinstruktør, har skrive fleire bøker om sjølvutvikling og livsglede, og er også kjent frå vekepressa og anna. Ho slutta seg tidleg til den latterrørsla som starta i India i 1995, fortel Dr. Madan Kataria. [jf. 5].

Gjer det beste ut av latter: nedafor er maksimer av Franciska Munck-Johansen og somt som bygg på ting ho har skrive. Det som står her er nokre små brokkar omsett og tilmåta frå den gode boka Latter - til helse og glede . Dei er sett i eit system som gir gode råd for trivsel og latter. Dei får ein tilpasse til seg sjølv så godt ein kan.

Sidetilvisingane er til boka - referansane står nede på sida. - Tormod Kinnes

Med stil
"Latter lyfter oss opp og gjer livet lysare." [s. 15]

LoEin kan gå tom for lungekapasitet - men søk lege før det skjer

LATTER har ein innebygd balanserande mekanisme som gjer at vi når vi ler, både stimulerer og avslappar vi systemet på same tid [24]

Ein kan gå tom for vitsar. I så fall kan ein lære å le "på tomgang". Det er berre å setje i gang; det er noko slikt latterkurs driv med [17]

Vantande fridom kjennest drepande. [jf. 85](2)

Auka lungekapasitet og øvingar for mellomgolvet og mageseksjonen vil hjelpe skodespelarar til å få betre kontroll over tale og song. [jf. 27].

LoDu får få deg til å le godt; prøv det

VER SNILL mot deg sjølv — Oppsøk menneske som får deg til å le, for å førebyggje utbrentheit. [jf. 45, 67]

LoSpontane og greie barn hjelper og viser vegar til å ha det lettare

LATTERHIKSTA kan auke lungekapasiteten og oksygennivået i blodet [jf. 26]

Latter er særskilt viktig for legar, lærarar og andre i yrke med mykje stress og høgt tempo. [jf. 62 ]

Ein morosam vri, særleg om barna tek til å bli store, kan vere å dra med gode venner på Tusenfryd [fornøyelsespark] og gjer alt det dei gjorde som barn. [jf. 40]

Dei aller fleste grupper har stor glede av å le — Dr. Madan Katarias latterterapi er spontan, uprovoserande, og utan bruk av spesielle hjelpemiddel — Ein kan la deltakarane sitje på alle andre stader enn på stolane. [57, jf. 20, 73] MM

Ein stor fordel med latterøvingane, slik vi nyttar dei, er at dei ikkje høyrer til noka form for religion eller livssyn — For å meditere lyt ein til vanleg bruke stor konsentrasjon og innsats for å nå til eit ønskt nivå. [18, 27]

Latter løfter oss opp og gjer livet lysare. Vi slappar meir av og stressar mindre . . . vi setter større pris på andre menneske . . [15]

Gjer det triveleg der du jobbar. [jf. 48]

Ver god mot deg sjølv. [45](6)

[For dei trygge:] Om vi i tillegg rundar av kvelden med ein god action-film, kan vere heilt visse på å ha fått i oss ein god dose [underhaldning]. [opp. 37]

Det blir fortalt at dei nordamerikanske Ojibway-indianarane hadde eigne legeklovnar som lækte sjuke ved å more dei. [jf. 11](7)

"Murstein og mørtel skaper kanskje eit hus, men barnelatter skaper ein heim." - [Etter irsk ordtak]

Både når ein har hammar, levande hummar og humor kan ein verke spennande [jf. 93]

Latter har synt seg å vere ein av dei mest effektive metodane vi har til å fjerne stress [midlertidig, iallfall] — Det å berre vere til og ikkje alltid skulle vere i farten heile tida, er også med på å gjere kvardagen kjekkare. [24, 52]

Hald deg ifrå å ake ned trappa innadørs [Leveregel for 8 års gut] — Barn kjem også med mange flotte fråsegner som kan vere med på å spreie god latter. [101, 97]

Tenk over kva nett de to i parforholdet synest er kjekt. [jf. 83].

I sum

I SUM

  1. Ein kan gå tom for lungekapasitet - men søk lege før det skjer -
  2. Og du får få deg til å le godt; prøv det (også).
  3. Spontane og greie barn hjelper og viser vegar til å ha det lettare.

IN NUCE Søk lege som får deg til å greie mangt som sunne og normale barn får seg til og har det lett ved.

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

Munck-Johansen, Franciska. Latter - til helse og glede. Oslo: Gyldendal, 2004.



OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


  BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE]
   © 2005–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]