![]() |
Frisk igjen av stress og verre | ||||||||||||||||||
|
Vink mot stress m.m.ER vi misnøgde med livet, kan livet i oss ta til å fungere feil. I dagens samfunn blir det kravd mye kontroll over "steinaldermennesket" i kvar og ein av oss. Mye kontroll verkar hemmande, og hemming kan gå ut over kontrollsystemet til organismen, for eksempel så vi blir mentalt, emosjonelt eller sosialt verre av stress, og kanskje gjort sjuke av det etter kvart.Same kva du hører og helst vil, så gå til fastlegen din og få gjort dei undersøkjingane av deg som skal til, utan å utsetje ting. Kast heller ikkje vrak på legebehandling. Neste punkt blir kan hende meir eigenomsorg og sjølvhjelp og komplementerande (utfyllande, supplerande) ting og tiltak i samråd med legen din. Det er mange ulike oppfatningar rundt omDr. Esther Sternberg gjør det klart: Tenk ikkje berre på å bli kvitt stresset ditt; tenk på å få nytte av det.Om ikkje, kan du bli nedfor og sjuk. Det gjeld mange, og til ein viss grad, opp til eit visst nivå, kan det ha mye for seg. Men det finst ulike overslag ifrå USA som konkluderer med at 75-90% av alle vitjingar til vanlig lege (primary care physicians), er for problem som heng saman med stress. Frå same kanten (USA) syner ein rapport at 70-90% kjenner seg stressa i arbeidet og elles. I eitt oversyn var det 89% (ca. ni av ti) av dei som svarte, som opplevde "høge stressnivå". Stress heng ofte saman med (for) høgt tempo. Det kan også bli dyrt å bli stressa over lang tid: Om vi ikkje klarer å ta betre hand om og kontrollere liva våre i forhold til stress, kan vi bli sjuke og tilmed dø av det, med statistisk sannsyn. Hjerte- og karsjukdom, kreft, og mye anna kan henge saman med stress. Du får sjå meir om det her. Oppvarming: Noen få fysiske teikn på stressForhøga blodtrykk Stramming og spenning i brystet, nakken, kjaken og ryggmusklar Hovudverk, migrene Søvnforstyrringar Utmatting Større sjansar til å pådra seg mindre sjukdommar.Emosjonelle teikn på stressIrritabel Fiendtlig Tilbakedraging Kjensler av uvirkeligheit eller av å vere "over-kvikk" (over-alert) Lågare oppfatting/fornemming av det positive Svekking av positive (varme) kjensleresponsar.Noen andre stress-symptomGlømsk FortidsorientingFrå ein annen vinkel: langtidsverknader av stressUnder stress produserer organismen meir av hormona adrenalin, noradrenalin and corticosteroidar. På kort sikt frambringer desse hormona spente musklar, kjappare pust og puls, og at ein kan kjenne seg uvel. Langsiktige plager som heng saman med stress omfattar:Aldringsprosessar framskunda Allergiar Angst og depresjon Astma Ein kan eldast snøggare Eksem Gikt Hjertesjukdom Hovudverk og migrene Høgt blodtrykk Impotens og for tidlig sædavgang hos menn Irritabel urinblære Irritable tarmar (eit syndrom) Kolitt og ulcerøs kolitt ("sår i tjukktarmen, kolon) Meir utsett for virussjukdommar (ofte pga. tappa immunforsvar-system) Menstruasjonsproblem hos kvinner Munnsår og magesår Muskelverk Palpitasjon Panikk-anfall Svekka immunforsvar Søvnløyse Utmatting Vondarta celle-forandringar, kreft. OgsåTilpasningsproblem Hugsar dårligare (svekka minne) Framskunda hippocampus-forfall.Ord frå ei bokDet som kan hjelpe mot stress-relatert kreft, kan tenkjast å hjelpe bra mot verknader av middels intens, kontinuerlig stress også - T. KinnesNedafor finn du nyttige tankar omkring stress og positiv haldning frå ei bok av O. Carl Simonton, Stephanie Matthews-Simonton, og James Creighton: Du kan bli frisk igjen: En bok for kreftsyke og deres familier. Aventura, Oslo, 1993. (På engelsk heiter den Getting well again). Frå meg får ein berre attgiving i omsetjing til nynorsk. - TK Noe frå forordet i nyutgivingaLEGE STIG BRUSET skriv i forordet til den norske nyutgivinga:Etter djuptgåande studium av medisinsk og psykologisk litteratur, kom [O. Carl Simonton] til eit vegskilje i karrieren sin og flytta . . . (s. 5) I 1980 publiserte Simonton og medarbeidarar resultata frå ein studie i tidsskriftet "Psychosomatics", der 210 pasientar hadde følgt eit 5-dagars program kvar tredje månad. Pasientane, som lei av ulike krefttypar, blei samanlikna med overlevingstal frå det nasjonale kreftregisteret. Konklusjonen var at pasientane levde monalig lenger, mange opptil dobbelt så lenge, som tilsvarande pasientar behandla av det tradisjonelle helsevesenet. Andre forskarar bl.a. frå Stanford University har stadfesta desse gode resultata frå gruppeterapi. . . . I løpet av dei 15 åra som har gått sia den førre utgivinga av Du kan bli frisk igjen, har eit nytt fagområde vakse fram i grenselandet mellom psykologi og medisin. Psykonevroimmunologi, forkorta PNI, byggjer bru mellom kropp og sjel og hjelper oss å forstå at kvar og ei belastning rammar fleire delar av mennesket samtidig. Psyke og kjensler påverkar nervesystemet, som igjen påverkar hormona, som i sin tur påverkar immunapparatet. Simontons metode lærer oss korleis ein gjennom sinnet kan påverke kreftsjukdommen og effekten av behandlinga. (s. 6). Forfattaren "overtar roret":"Dei metodane og teknikkane vi skildrar i denne boka, er den metoden vi brukar i forskings- og rådgivingssenteret vårt for å vise kreftpasientar korleis dei sjølve kan delta i arbeidet for å bli friske att og leve eit rikt og givande liv," skriv Simonton og medarbeidarane (s. 12).Korfor er det noen pasientar som blir friske og andre som dør, når begge kategoriane har fått same diagnose? Dette problemet tok til å interessere O. Carl . . . (s. 12). "Etter at vi i tre år hadde lært pasientar å bruket sinnet (hugen) og kjenslene til å endre sjukdomsgangen sin, bestemte vi oss for å gjøre ei undersøking . . .," skriv Simonton og medarbeidarane (s. 20). Pr. januar 1978 er tilstanden for dei pasientane som er i live, slik:
Ingen teikn til sjukdom: 14 pas. Prosent 22,2%
Alle desse pasientane blei vurdert som medisinsk ulækjelige. (sjå s. 21)
Biofeedback og evnen til å påverke helsetilstandenI MANGE år har folk i Vesten hørt om den forbløffande kroppskontrollen til indiske yogiar. Vi har fått høre at dei kan stikke lange nåler inn i kroppen utan å blø eller kjenne smerte. Det blir meldt om andre som er blitt gravlagt i kister i jorda i lengre tid. Etter at lufta i kista for lengst skulle vere brukt opp, har dei krope ut levande og friske. Andre yogiar skal ha spasert over glødande kol utan å kjenne smerte og utan å få så mye som ei blemme. . . .Biofeedback-forskarar har oppdaga at det er mogelig for vanlig folk, ikkje berre for yogiar, å lære seg å viljestyre hjerteslag, muskelspenning, sveittekjertlane sin aktivitet, hudtemperatur og ei lang rekkje indre fysiske tilstandar som før normalt blei halde for å stå under ubevisst kontroll av det autonome nervesystemet. Framgangsmåten for å lære å kontrollere desse fysiske tilstandane er ikkje særlig komplisert. . . . (s. 40) Elmer og Alyce Green ved Menninger-klinikken er pionerar innan biofeedback, og dei har meldt om eksperiment der forsøkspersonen har skaffa seg viljekontroll over éi enkelt nervecelle. Dei hevdar at biofeedback-teknikken er eit klart prov for det fysiologiske prinsippet at "kvar ei endring i den fysiologiske tilstanden, bevisst eller ubevisst, blir følgt av ei tilsvarande endring i den mentale tilstanden, kjensletilstanden, og at omvendt, kvar ei [(s. 41] endring i den mentale tilstanden og kjensletilstanden, bevisst eller ubevisst, blir følgt av ei tilsvarande endring i den fysiologiske tilstanden. (s. 42) . . . "Psyken kan både lindre sjukdom og skape den," skriv dr. Barbara Brown, pionér i biofeedback-forsking (s. 42 Å rekne med kosthaldet som ein mogelig årsak til kreft er forholdsvis nytt . . . . Det finst andre faktorar enn maten som kan forklare den lave førekomsten av kreft i Japan samanlikna med andre industrialiserte land. (s. 50-1 Immunforsvaret - vårt naturlige forsvar mot sjukdomDEI FLESTE menneske som blir utsett for kjente kreftframkallande stoff, held seg likevel friske (s. 52)Sterkt forenkla kan vi seie at immunsystemet er sett saman av ulike typar celler som angrip og øydelegg fremmendkroppar (og) sjølvlækjingsprosessen går for seg samanhangande (s. 53). Kroppen (kjempar mot) kreftceller reint rutinemessig og sørgjer for at dei blir isolert og øydelagt slik at dei ikkje får gjort noen skade (s. 53). "Når livet blir for hektisk, og forsøka på å meistre situasjonen mislykkast, er sjukdom det triste resultatet. [Og] Når teknikkane for å takle situasjonen er feilaktige, når dei manglar relevans for . . . problema som skal løysast, (kan motstandskrafta mot sjukdom bli svekka)," skriv Holmes og Masuda (s. 62). Forsøk med dyr stadfester desse oppdagingane . . . Mange dyreforsøk har synt samanhengen mellom stress og kreft . . . (s. 62). Stress kan føre til kreft (s. 63). Dei fysiske verknadene av stress er høgst reelle . . . kronisk stress svekkjer kroppen sitt immunsystem, som altså har til oppgåve å oppsluke og øydeleggje kreftceller og fremmendkroppar (s. 65):
Ifølgje Lawrence LeShanDoktor Lawrence LeShan . . . er ein av dei fremste teoretikarane når det gjeld kreftpasientars psykologiske bakgrunn. . . . LeShan skil ut fire typiske komponentar i livshistoria:
Eit anna element i LeShans skildring, det at kreftpasientar er tilbøyelige til å kjenne håpløyse og hjelpeløyse allereie før dei blir råka av kreft, er blitt stadfesta av to andre undersøkingar, der (a) kjensla av hjelpeløyse let til å vere ein medverkande faktor; og (b) leukemi eller lymfom utvikla seg når ein hadde opplevd tap og åtskiljing som hadde ført til fortviling, håpløyse og mangel på kontinuitet (s. 79-80). Mange som blir kreftpasientar har vanskar med å gi uttrykk for negative kjensler, og har behov for heile tida å ta seg godt ut i andre sine auge (sjå s. 80). Å ha krefter å stride medDESSE elementa: defensive trekk; mange emosjonelle sjokk; å ikkje makte å redusere spenninga ved hjelp av fysisk aktivitet; uttrykksmogeligheita blokkert av trongen til å gjøre godt inntrykk - kan verke inn på veksttempoa til svulstar i uheldig retning, syner E. M. Blumberg (s. 80).Doktor B. Klopfer syner i ei undersøking at dersom mye energi går med til å forsvare eget (kalla "ego-forsvar") og eins eiga livsoppfatning, minskar organismen sine krefter til å kjempe mot og kjempe ned svulstane (s. 80). God kontakt med eige eg [eiga eg-kjensle, eg-fornemming] kan såleis ha noe å seie (sjå s. 83). Forventingar kan påverke sjukdomsgangen (sjå s 94) Programmer deg som best du kanTil ein viss grad kan autosuggesjon og visualiseringar nytte, syner bl.a. Tony Buzan og Michael J. Gelb i ei bok.Eksperiment gjort av psykologar verda over, syner at visualisering verkar, og kanskje særlig når ein tar mange sansar til hjelp ved det (sjå Buzan og Gelb 1995, 54-55, 57)Med ein sakte sjølvoppfyllande profeti meiner vi elles at for di vi venta at noe skal hende, handlar vi på ein måte som gjør det sannsynlig at akkurat dette hender (s. 95). Visualisering kan bli tilskunding til personlig utvikling eller til å moderere uvanar (s. 150; Buzan og Gelb 1995, 57). Det kan kanskje gjøre godt å sleppe å leve opp til andre sine store forventingar (sjå s. 150). Ein kan også ha i minne at ein sjukdom kanskje kan ivareta underliggjande behov - utfriing frå stress, tilgang på . . . omsorg, (s. 150). Elles kan ein merkje seg at avslapping i klinisk forstand (er) ikkje det same som å ha ein rolig kveld framfor TV-en, ta eit par drinkar eller sitje og snakke med gode venner . . . slike former for "avslapping" (fører) ikkje til skikkelig utladding av fysisk stress, men at regelmessig trim kan bli ein måte å minske stress på . . . som ein parallell til "kamp/flukt"-reaksjonen (s. 153). Men som vist, "avslappings- og visualiseringsteknikken er eit av dei beste hjelpemiddela vi har funne når det gjeld å få pasientane til å tru på si eiga evne til å bli frisk av kreft," skriv Simonton og medarbeidarane (s. 157). Vi går ut frå at mange av lesarane våre ikkje har kreft, men at dei kanskje likevel vil bruke visualiseringsteknikken mot andre smerter og lidingar (s. 163) Meir om visualiseringarÅ visualiser er å sjå for seg - å danne seg synsbilete for sitt indre blikk, å lage seg ei indre synsførestelling om eitkvar, ein eller fleire ting.Som hjelp til å overvinne problem kan visualiseringar tas med: Dei kan ha ein viss effekt, bidra eit stykke på veg, og kanskje gjøre utslag nok i noen tilfelle, slik Simonton-forskinga viser (andre seksjon ovafor). ein får tenkje på desse momenta. Kanskje noen av dei kan hjelpe:
Noen menneske er meir visuelle enn andre - dei tenkjer i bilete. Andre sansar tinga
på andre måtar. Noen føler dei, noen tenkjer i ord (s. 167). Kom i hugDet er snakk om bruk av ressursar i striden for å bli frisk att. Det er det dette handlar om (sjå s. 175).Det er i tillegg fornuftig å ha eit vakent auge for hang (særskilt godhug, alias preferansar) og nytte ulike tryggleiksmarginer så det neppe blir noen som helst skadar av komplementerande metodar. Rundt mogelige tilbakefallÅ VERE mentalt budd på tilbakefall er bra for å redusere angsten - og spenningane - omkring denne mogeligheita (sjå s. 254).Ein treng å kjempe mot fortviling - og kjærleik, omsorg og forståing frå pårørerande er svært viktig, bl.a. mot humørsvingingar (sjå s. 254) Kontroll kan også ha noe å seie, i og med at kreftceller er celler ute av organismen sin kontroll. Den kloke Boken om kreft gjør dette klart (Lewitt 1980). Tilbakefall blir tolka av Simonton som bodberar om at det trengst hjelp frå terapeut for om mogelig å meistre konfliktar betre. Eller kanskje pasienten har prøvd å gjennomføre for mange og for store endringar på ein gong, og altfor fort. Det kan i seg sjølv føre til fysisk stress, og det må ein prøve å unngå (sjå s. 255). Det er særs viktig å forstå dei bodskapane som eventuelt kan liggje i tilbakefall. Noe ein kan gjøre er å undersøkje perioden som gjekk føre tilbakefallet (sjå s. 256). Til slutt kjem vel "søvnens storebror" likevel. Også til dei som har klart å hevde seg bra, halde kommuniseringane sine reielige, med sans for å hegne om eigen integritet utan å bli utillatelige. Det gjør godt for mange involverte om døden kjem stille og rolig og ein har fått ta tilfredsstillande farvel. Noen må likevel nøye seg med mindre, viser det seg - men også at noe av det som gjør godt, nok blir betre enn ingenting (sjå s. 262, 272-73, 275 o.a.) Ikkje alle reagerer likt. Evna til å godta ulikskapar er ikkje likt fordelt heller. Ein skulle ta høgde for det, fordi det kan bli mindre bitterheit av det, og familien av etterlatne kan utvikle psykisk styrke som den kan nyte godt av i lange tider etterpå. Det gjeld nok også i mange tilfelle (s. 287 o.a.). Fleire vinkDet Amerikanske Instituttet for kreftforsking (AICR) meiner at den beste måten å fremme god helse på i det store og heile, er å ete balansert, og få i seg mest plante-basert og næringsmessig kompakt (dense) kost. Dei fleste kaloriane bør komme frå grønsakar, frukt, fullkorn og bønner, heiter det der i garden. Ein blir rådd til å ete mindre feitt, mindre sukker - i sær mindre kvitt, mineraltømt sukker - og meir fiber, dersom ein kan tole fiber i kosten, då.Mindre kjøt og mjølkeprodukt for di dei er stinne av metta feitt og kolesterol. Kaldpressa planteoljar i staden for smør og margarin. Unngå herda feitt. Mye mindre steikt, tung-salta og røya mat. AICR tilrår nesten alle desse stega som vern mot ulike krefttypar, og som hjelp til å minske risikoen for hjerte- og karsjukdom. Og så fremmer slikt inntak god helse, heiter det. Den med matallergi lyt gjøre det han eller ho kan for å tillempe vinka til seg og si stode.
Det Nasjonale Kreft-Instituttet (NCI) koplar ein tredel av alle kreft-dødsfall til
kosthaldet. Instituttet seier vi kan minske risken for kreft og andre kroniske sjukdommar
gjennom kosthaldet. Både AICR og NCI trur at det i det store og heile gjør
godt å ete plantebasert kosthald. Det kan vere fornuftig å innlemme meir av
det, men: Balanse, moderasjon og variasjon er nøkkelorda å jenke slikt
til. - og ha eit positivt livssyn (så lenge du er god for det)Kan vi kanskje leggje til noe?
Litteratur Gelb, Michael J. og Tony Buzan: Lessons from the Art of Juggling. Aurum Press. London, 1995. Lewitt, Paul et al.: Boken om kreft. Universitetsforlaget. Oslo, 1980. Simonton, O. Carl, Stephanie Matthews-Simonton, and James Creighton: Du kan bli frisk igjen. Aventura. Oslo, 1993. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 19992007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||