The Name of the GameThe name of the game (kva spelet heiter) er stress, med førebygging, handtering og freistnadar på kureringar der det har gått føre seg lenge, for langt og vidt. Så det handlar om stress. Stress er organismens motsvar på hendingar som forstyrrar eller trugar med å forstyrre at vi fungerer godt nok fysisk og mentalt. Stress fører med seg kjensler av å vere overvelda, å ikkje greie det som skal til eller lyt gjerast. Stress påverkar helsa negativt ved å underminere immunsystemet og få oss til leve annleis enn det som er sunt og behageleg. Det finst mange måtar å minske stress på. Støtte frå familie og vennar kan godt hjelpe ein del, og av og til mykje. (Baron og Branscombe 2012:413-16) Stress kan føre til vekst etter hendingar og opplevingar med psykiske skadeverknadar, det vil seie etter traumar. Fysiologiske stressresponsar blir styrt av hypotalamus-området av hjernen og det samansette samvirket mellom hormon og nervesystem. Helsepsykologien vil hindre sjukdom gjennom høvelege livsstil-faktorar, eller bote sjukdom ved psykososiale middel eller på psykososiale plan. Psykososial sjukdomsbehandling er ei form for pasientbehandling. Ein skulle gå inn for å skape eit hyggeleg miljø det ein kan. Richard Gerrig setter fram ni punkt for slikt. (2013:352). Forståing kan hjelpe mot skiftande stress, men kanskje ikkje nok. Forståing og omformingar av tilhøve og forhold kan brukast for å handtere stress. Sosial støtte kan også moderere stress i fall det høver til forholda. Personar med optimistiske åtferdsmønster kan lettare gi seg i kast med meir enn dei kan klare av, og dermed li nederlag, så optimistane kan stå seg på å avgjere ekstra godt kva for bører og motgang dei venteleg kan klare før dei gir seg i kast med noko svært (Gerrig 2013:352-54). Stress er å forstå som organismens reaksjon på motgang, press, og krav, og i ganske primitive, ikkje langvarige tilhøve der steinalderske tilsvar kan bli iallfall ei første løysing, kan stress-responsen berge liv. Det skjer ved auka adrenalin og det som følger med han (det er den såkalla stress-responsen). Langvarig stress er derimot til skade for immunsystemet, så stress i langdrag skulle ein unngå, helst frå starten, så aukar ein sjansane sine for å halde seg bra nok i langdrag, og kan "yte og nyte", som det heiter. Stress har sine diffuse, kanskje indirekte teikn, til dømes psykologiske; mykje meir direkte symptom (biologiske), og årsaker (til dømes mykje press, og at ein må skunde seg). Det gjeld å vere trygg nok så ein kan stå imot stress ei tid iallfall (vere meir stress-resistent). Suppler med rimelege førebyggingar, kan hende former for stress management. Og i fall ein blir skadd av stress - det blir mange - kjem mange slags forsøk på å restituere seg, eller få seg reparert, i den grad det går. Stress kan ein freiste å avhjelpe med humor, og av gode grunnar. Sven Svebak ved NTNU har dokumentert at vennleg humor gagnar helsa. Det er gjennomsnitts-baserte tal på det. [Svebaks funn] Legane Lee Berk og Stanley Tan fann i 2008 at å le aukar mengda av helse-vernande hormon (beta-endofinar, som hjelper mot depresjon, og veksthormon, som hjelper immunsystemet mot sjukdom). Dei fann også at berre det å sjå fram til å få ein positiv og humoristisk latter kan minske mengda av potensielt skadande hormon, som kortisol - eit hormon som er knytt til stress-responsen. Latter kan også minske mengde av adrenalin (epinefrin) og hjernekjemikalet dopac, som er med i produksjonen av adrenalin. I ein annan studie fann forskarane og kollegaane deira at gjentatt, glad latter får organismen til å reagere som om han fekk moderat trening, så ein blei lettare til sinns, fekk stimulert immunsystemet, og fekk mindre av det "dårlege" kolesterolet og lågare blodtrykk. Ein fekk også meir av det gode kolesterolet og ei mindre mengde stresshormon. Så det kan gå å le seg friskare innan visse grenser, vel å merke. (Ciccarelli og White 2012:408). Kjerna i dette er at stress er årsak til ei mengd sjukdommar og plagar, og at det finst fleire måtar å takle ting på også. Stress gjer korso er forhold verre, men stress kan ein få bukt med innanfrå og utanfrå. "Ja takk, begge delar" går godt i ei tid. Men dersom ein både slit helsa og avstressar jamt og trutt, vil det seie at forholda ikkje er ideelle. Då skulle ein sleppe å venne seg til ein levemåte som kjempar mot symptoma aleine, men heller sjå om ein kan justere somme av hovudforholda sine til det betre - som kan vere blant årsakene til symptoma. Somme flyttar frå landet til varmare strok, andre ut på landet, men dei fleste held seg i byar og tettstadar, der stresset stort sett er størst, fridomsgradane minskar mest, og natur og folk lir i eksosskodde. Det er litt trist. Om fem av ti vanlege sjukdommar i vår tid heng sterkt saman med emosjonelt stress [Smith et al. 2003:505], kan det hjelpe å kjenne til kva stress er, korleis det ytrar seg, og kva som kanskje kan hjelpe. Kos kan hjelpe. TM kan hjelpe, humor og realistisk optimisme kan kanskje hjelpe, og kanskje mang ein teknikk for stressminsking kan gagne også. Men det mest høvelege kan vere å endre leveforholda, roe ned litt om det skulle vere mogeleg, og la vere å bli utnytta av kjøpmenn, til dømes. I det følgande kjem hovudpoeng frå kapittel fjorten om stress, helse og stressmeistring i ei lærebok om psykologi. Den gir lettfatteleg oversyn. Boka er fjortande utgåve av Hilgard's Introduction to Psychology, og er frå 2003. [Jf. elles WP, "Stress"; "Stress management"] StressorarLeie kjensler og sjukdommar kan henge saman med stress. Stress kjem når hugen oppfattar farar for fysisk eller mentalt velvære. Slike farar kallast stressorar (påkjenningar går også). Korleis folk reagerer på påkjenningar av dette slaget, blir kalla stress-responsar. Kva som er stressande, kan variere. Men dei fleste opplever visse hendingar som stressande, og stress kan ha både direkte og indirekte verknadar på helsa. Psykososiale faktorar har samgang med biologisk sårbarheit. Mange kan ha nytte av å handtere stress betre for å betre helsa. [493] Det er mange slags hendingar som gir stress. Somme stressorar er akutte, andre er kroniske. Dei kroniske går føre seg i langdrag, som i eit uhøveleg ekteskap. Konfliktar mellom ulike ønske og motiv inni ein kan også gi stress; det er ikkje berre ytre konfliktar. Offer for særs vonde og leie opplevingar kan bli engstelege, få konsentrasjonsvanskar, og ha vanskeleg for å komme ut av minna om dei vonde hendingane. [494]
Noko av det mest stressande er at ektemaken døyr, under føresetnad av at det ikkje er ein ektemake ein blir stressa og forbanna av dag ut og dag inn. Å gifte seg kallar somme for middels stressande. Holmes og Rahe heiter to som i 1967 lagde ein skala over kva dei trur er mest stressande for gjennomsnittsamerikanarar ut frå dette. Skalaen er mykje brukt den dag i dag, enda om den ikkje tar omsyn til kulturskilnadar, individuelle forskjellar - og at det er forskjell på å bli gift med ei kakkenynne og ein engel, til dømes. Jamvel om mangt kan sjå likt ut ved første augekast, er det det som er inni som gjer skilnaden i langdrag. Det som følger er heller ulikt, får ein tru. Med andre ord gjeld ikkje alle store og vide gjennomsnitt som einkvan har tenkt seg til eller rekna ut, for alle. Og så er det også slik at det som somme opplever som stressande, opplever andre som utfordrande og oppkvikkande. Slikt lyt kvar enkelt ta omsyn til. Det går fram av skalaen til Holmes og Rahe at ti-elleve av dei fjorten verste hendingane i ein gjennomsnittsamerikanars liv er forårsaka av giftemålet sine ulike ringverknadar. Så det er god grunn til å vurdere den nære slekta. Det er ikkje berre kriminalstatistikken og Jesus som vil ha det til at ein manns fiendar er i hans eige hushald. Holmes og Rahe meiner i grunnen det same, men skil mellom ulike stressgivande element - det er grader av plaging frå ulike hald, og grenser for kor mykje den enkelte kan tole også. Det gjeld å velje sin make med omhug, syner tala. Dei femten verste livshendingane for gjennomsnittsamerikanaren er postulert til å vere:
Det er ikkje lett å leve, med andre ord. Men det er ikkje likt for alle. Når det er fortalt at mykje kjem an på kven og kva ein giftar seg med og som drar slekta si inn i det, er det også forskjell på korleis det blir opplevd å skilje seg. For somme er det om lag som å drikke eit glas vatn, og for ein katolsk professor i pedagogikk ein stad var det den lykkelegaste dagen i livet hans, sa han sånn omtrent. Ikkje berre for han, men ho som hadde vore kona hans også. Betyr det at katolikkar ikkje har store gleder? Ikkje nødvendigvis. Lette kan vel vere betre ord på det dei opplevde. Det er såleis forskjell på katolikkar. Ikkje alle tar skilsmisse like tungt. Indre konfliktarMykje av det folk vil ha, passar ikkje for dei. Slike hendingar gir opphav til ord som "Pass på kva du ønsker deg; du kan få det." Det er ikkje alt som der glimrande ut, som er det. Og dersom to mål verkar like tiltrekkande, kan enkelte få det som eselet i fabelen: Han stod midt imellom to høystakkar som verka like fine, kunne ikkje bestemme seg for kva for høystakk han skulle gå bort til, og døydde av svolt. I menneskeriket har ein kvalar over å måtte velje, og kan angre på valet i tillegg. Men ein døyr helst ikkje av å ha to fine tilbod samstundes. Konflikt kan ein også ha når indre behov og motiv går imot kvarandre. I mangt eit industrialisert samfunn er det fire felt som har rom for alvorleg konflikt:
Sånn omtrent er det, og å prøve å finne eit brukbart kompromiss mellom motiv som kjem i strid mot kvarandre, kan gi opphav til ein heil del stress, og stress er ikkje det beste . . . Vi kan seie at høve eller problem ein enno ikkje har løyst for ei tid eller for godt, kan gi mykje stress. Løysingar kan variere med tida. For eksempel, når ein er ungdom, vil ein helst uttrykke seximpulsane annleis enn bestefar helst ser det. Men når så ungdommen sjølv tar til å bli gammal, hender det at holdningane og åtferda endrar seg - om enn med variasjonar. Mange eldre held seg unge av sinn og hjarte til siste slutt, fortel somme. Overslaga haglarMedisinske vurderingar: 40 - 80% av alle legebesøk kan vere direkte knytte til stress, så det gjeld å slappa av. Langvarig stress gir inflammasjon, betennelsar i organismen. Det kan gi fleire utslag, både i organismen og i livsførselen. Stress tærer altså på kropp og sinn og påverkar sjukdom og helse. Kronisk psykologisk stress heng saman med at organismen ikkje klarer å hamle opp med langvarig belastning - ikkje klarer å regulere den inflammatoriske responsen godt nok. Dermed kan ein få sjukdommar inn over seg, og dei kan vekse og bli tunge å bere. [◦Kjelde] Stressa personar har ein hang til å drikke meir alkohol og ete mindre næringsrik mat. Dette og følgeverknadar av slik ferd kan i stor grad auke risken for å utvikle ei form og hjarte- og karsjukdom. Det er den vanlegaste dødsårsaka. Vanligste dødsårsak i Norge er fremdeles hjerte- og karsykdommer, som er skyld i 29,6 prosent av dødsfallene i fjor . . . Kreft er nest hyppigste dødsårsak både i Norge og OECD-landene ellers. . Ulike krefttyper er til sammen skyld i hvert fjerde liv som går tapt. (Dagsavisen, 4. november 2015) Stress kan vere hardare for organismen enn hardt fysisk arbeid. Det tel også kor flinke vi er til å handtere stress, og om vi har andre som støttar eller hjelper oss. Handterleg stress gjer neppe stor skade. Nokon som lever under stress i lang tid, bør ein løyse problema som gir stresset, og elles slappe av betre og bli mindre utsett for skadar ved det. Ein kan trene seg å jobbe meir (og meir) avslappa. til dømes på judovis (Herrigel). Ein kan lære seg TM, som hjelper mot fleire stress-tilknytte sjukdommar. Stress er ei kjempeplage i i-land; altså vanleg. Her er ei liste over sjukdommar som blir kopla til stress i den forstand at stress kan vere opphav til dei, aleine eller i lag med andre påverknadar:
Lista av sjukdommar som stress kan føre til som hovudårsak eller sideårsak, er ikkje uttømmande. Frå forskingaEit forskarteam leia av Carnegie Mellon University Sheldon Cohen har vist at folk som lir av psykisk stress er meir utsette for å utvikle forkjøling. Med vanlig forkjøling er symptoma ein "sideverknad" av den inflammatoriske reaksjonen som blir utløyst for å kjempe mot infeksjonar. Dess større kroppen sin inflammatoriske reaksjon på viruset, er, dess større sannsyn for for å oppleve forkjølingssymptom (slike plager). Cohen fann at hos folk som opplevde ei langvarig stressande hending mangla immuncellene evne til å svare på hormonelle signal som normalt regulerer betennelse. Dermed blei sjansane større for å bli forkjølt i møte med virus.
"Immunsystemet si evne til å regulere betennelsar gir ei forklaring på korleis stress kan fremme sjukdom ", seier Cohen, og "Betennelse speler ei rolle i mange sjukdommar som hjarte-, astma og autoimmune sjukdommar." [◦Kjelde]
Psykologiske reaksjonar på stressDet posttraumatisk stressyndrom, PTSDStressande situasjonar genererer kjenslereaksjonar som spenner frå storhumør, lyfting, når hendinga er krevjande men makta - til otte, sinne, aggresjon, apati, motløyse, nedtrykt sinnsstemning, depresjon og redusert tenkeevne kalla kognitiv forverring og svekking og anna. Nervøsitet, uro, otte og mismod er vanlege responsar på ein stressor. Dei som gjennomlever hendingar utanfor det vanlege, som kidnapping og betinging attåt, utviklar somtid eit sett av ottetilknytte symptom. Symptoma blir kalla PTSD for Post-Traumatic Stress Disorder ("traumatisk sjukdom etter stress"), som er eit alvorleg sett av forstyrringar og problem som kjem i kjølvatnet av harde påkjenningar og slikt stress over lang tid. Amerikanske soldatar får mykje slikt i ettertid, etter å ha blitt sendt til Vietnam og andre stadar. Under PTSD kjenner somme seg som framande overfor andre, som om dei ikkje lenger kan ha noko forhold til sjølv nær familie og vennar. Det hender dei sit og stirar ut i lufta i timer. Somme blir for nervøst spente (anspent), andre får forstyrra søvn, andre får vanskar med å konsentrere seg, og andre blir for vaktsame. For mange blir det uråd å konsentrere seg om noko som helst, om samtalar, og køyre bil. Dei kan ha hyppige mareritt, urolege netter og vakne opp utslitne. Enkelte slit også med fæl skuld over i det heile å ha overlevd. PTSD kan utvikle seg med det same etter eit traume (psykisk skadeleg oppleving), eller kan komme av mindre stress som ein opplever gjennom veker, månadar og år. Slikt langvarig stress kan tilmed gå føre seg i tiår og meir i nokre tilfelle. PTSD kan komme etter katastrofar som rammar den enkelte. Det blir neppe betre om katastrofane blir fortagt og hykling lagt oppå. Kvinner som har blitt valdtatte viser symptom frå "PTSD-galleriet" av symptom den første eller andre veka etter valdtekta. Foa og Riggs finn at nesten halvparten av kvinnene har PTSD-symptom tre månadar etter valdtekta. Stoffmisbruk, vald og mellommenneskelege problem har statistisk samgang med PTSD. [499] Vanskar på skolen eller i arbeidet, problem med vennar og droppe ut kan forårsake PTSD, og vedvarande konfliktar likeins. [500] Sinne, aggresjon, likesæle og tilbaketrekningEin stressande situasjon kan føre til sinne, og sinne kan føre til aggresjon. Barn kan bli sinte over å bli frustrert. Ein som blir kraftig irettesett på arbeidet kan sleppe ut harmen i heimen. Frustrerte elevar kan gå inn for vandalisme - somme norske skolar har blitt brent ned til grunnen. Apati, som er sjukleg likesæle, kan forverrast til mismot (depresjon), og somme lèt til å lære seg hjelpeløyse. Ho er kjenneteikna ved apati, tilbaketrekning, og å sitte med hendene i fanget urimeleg mykje (vere passiv). Kvinner som blir slått av ektemennene, kan la vere å prøve å komme unna valden. Offer for overgrep kan få vanskar med å samle seg, konsentrere seg, og bli monnaleg svekka psykisk. Overgrep og anna stressgivande kan også gi vanskar med å hugse, og ein kan ty til eldre, infantile (barnslege) åtferdsmønster som ikkje passar i situasjonen. [502] Alt i alt:
Fysiologiske reaksjonar på stressOrganismen reagerer standardisert på ei fare, same kva fare det er, og same om den er innbilt eller verkeleg. Organismen går inn i ein modus som blir kalla fight-fright-and-flight-responsen, eller no helst fight-or-flight berre. [501] Når det skjer, i slikt eit knipetak, blir ein opprusta til eit basketak. Det er ein gammal respons - eit stressreaksjonsmønster - som ikkje alltid høver i kontor med glasveggar bak glatte, høge fasadar. Mønsteret - etter Hans Selye - har tre fasar:
Gjentatt og vedvarande stress utmattar, gir årsak til lite kjærkomne tilpassingar, og gjer ein meir utsett for å bli sjuk, ser det ut til. [503] Som det står, kronisk (langvarig) stress kan føre til fysiske sjukdommar. Legar vurderer det dit at kjenslestress spelar ei viktig rolle i over halvparten av alle medisinske problem. [505] Nesten halvparten av alle daudfall i USA kjem av hjarte- og karsjukdom. Kronisk stress kan bidra til det. Krevjande familieliv attåt ein stressande jobb kan påverke kvinna si "hjartehelse". Mødrer i jobb risikerer å utvikle hjartesjukdom meir enn heimeverande. Afroamerikanarar med låg inntekt, i brutale nabolag, med dårleg utdanning og vanskar med å få seg godt arbeid, kan få høgare blodtrykk enn sunt og godt er.
Immunsystemet er med i eitkvartImmunsystemet (immunforsvaret) blir påverka av stress. Det faktumet er sentralt i forståinga av kva som kan komme av kraftig stress og lang tids stress - av omstende ein ikkje handterer bra nok, eller som ein ikkje meistrar eller makter av andre grunnar. Dei grunnane kan tilmed vere moralske. Immunsystemet er komplisert, og står i nært samband med hjernen og nervesystemet. Stress-signalEr vi misnøgde med livet, kan livet i oss ta til å fungere feil. I dagens samfunn blir det kravd mykje kontroll over "steinaldermennesket" i kvar og ein av oss. Mykje kontroll verkar hemmande, og hemming kan gå ut over kontrollsystemet til organismen, for eksempel så vi blir mentalt, emosjonelt eller sosialt verre av stress, og kanskje gjort sjuke av det etter kvart.Same kva du høyrer og helst vil, så gå til fastlegen din og få gjort dei undersøkingane av deg som skal til, utan å utsette ting. Kast heller ikkje vrak på legebehandling. Neste punkt blir kan hende meir eigenomsorg og sjølvhjelp og komplementerande (utfyllande, supplerande) ting og tiltak i samråd med legen din. Det er mange ulike oppfatningar rundt om
Dr. Esther Sternberg gjer det klart: Tenk ikkje berre på å bli kvitt stresset ditt; tenk på å få nytte av det. Om ikkje, kan du bli nedfor og sjuk. Det gjeld mange, og til ein viss grad, opp til eit visst nivå, kan det ha mykje for seg. Men det finst ulike overslag ifrå USA som konkluderer med at 75-90% av alle vitjingar til vanleg lege (primary care physicians), er for problem som heng saman med stress. Frå same kanten (USA) syner ein rapport at 70-90% kjenner seg stressa i arbeidet og elles. I eitt oversyn var det 89% (ca. ni av ti) av dei som svarte, som opplevde "høge stressnivå". Stress heng ofte saman med (for) høgt tempo. Det kan også bli dyrt å bli stressa over lang tid: Om vi ikkje klarer å ta betre hand om og kontrollere liva våre i forhold til stress, kan vi bli sjuke og tilmed døy av det, med statistisk sannsyn. Hjarte- og karsjukdom, kreft, og mykje anna kan henge saman med stress. Du får sjå meir om det her. Nokre få fysiske teikn på stressForhøgd blodtrykk • Stramming og spenning i brystet, nakken, kjaken og ryggmusklar • Hovudverk, migrene • Søvnforstyrringar • Utmatting • Større sjansar til å pådra seg mindre sjukdommar. Emosjonelle teikn på stressIrritabel • Fiendtleg • Tilbakedraging • Uverkeleg-kjensle eller kjensle av å vere "overkvikk" (over-alert) • Lågare oppfatting/fornemming av det positive • Svekking av positive (varme) kjensleresponsar. Nokre andre stress-symptomGløymsk • Fortidsorientering Frå ein annen vinkel: langtidsverknadar av stressUnder stress produserer organismen meir av hormona adrenalin, noradrenalin and corticosteroidar. På kort sikt frambringer desse hormona spente musklar, kjappare pust og puls, og at ein kan kjenne seg uvel. Langsiktige plager som heng saman med stress omfattar: Aldringsprosessar framskunda • Allergiar • Angest og depresjon • Astma • Ein kan eldast snøggare • Eksem • Gikt • Hjartesjukdom • Hovudverk og migrene • Høgt blodtrykk • Impotens og for tidleg sædavgang hos menn • Irritabel urinblære • Irritable tarmar (eit syndrom) • Kolitt og ulcerøs kolitt ("sår i tjukktarmen, kolon) • Meir utsett for virussjukdommar (ofte pga. tappa immunforsvarsystem) • Menstruasjonsproblem hos kvinner • Munnsår og magesår • Muskelverk • Palpitasjon • Panikkåtak • Svekka immunforsvar • Søvnløyse • Utmatting • Vondarta celleforandringar, kreft. Også
Tilpassingsproblem • Hugsar dårlegare (svekka minne) • Framskunda
hippocampusforfall (forfall i ein sentral del av hjernen).
Åtferd og helseRøyking er ein av dei leiande årsakene til mykje sjukdom og daudfall.Vitskapsfolk anslår at dei fleste sjukdommane folk i industrialiserte land døyr av, blir tungt påverka av helserelatert åtferd, det vil seie kor sunt vi ter oss dagen lang. Å sove for lite - til dømes fem timar om natta berre to netter i rad, minskar kva ein får til når det gjeld matematikkproblem og kreative tenkeoppgåver [508, 509]. Å halde seg oppe om kvelden og natta føre ein eksamen kan gjere ringare det ein får til dagen etter. Folk som lever sunt med lite feitt i kosten, nokså lite alkohol, får nok søvn og mosjonerer regelmessig, fortel ofte at stressande hendingar verkar meir overkomelege, og at dei har meir kontroll over liva sine. Samandrag.
Etter psykoanalytisk teori finst det umedvitne konfliktar i somme, og som følge opplever dei fleire hendingar som stressande. [510] Åtferdsterapien hevdar at fobiar kan bli utvikla ved klassisk betinging. PessimistarKognitiv teori framhevar at pessimistiske studentar får meir sjukdom enn optimistiske studentar. Pessimistiske menn i 25-årsalderen hadde større sjansar for å utvikle fysisk sjukdom i dei følgande åra enn optimistiske menn ved 25. Pessimistar frisknar seinare til etter bypass-hjarteoperasjonar og har alvorlegare hjartekrampe (angina pectoris). Pessimistar opplever hendingar som meir stressande, og det medfører meir fysiologisk skade. Pessimistar har kronisk høgare blodtrykk enn optimistane. Eit pessimistisk syn kan påverke helse direkte ved å svekke korleis immunsystemet fungerer, eller indirekte ved å få pessimisten til å gjere mindre av det som fremmer helsa. HardføreHardhausar står imot stress betre. Dei blir ikkje fysisk eller emosjonelt skadd sjølv ved svært stressande høve. Hardføre er ganske typisk meir aktivt involvert i arbeidet og det sosiale livet sitt. Dei er meir orientert mot utfordring og endring, og kjenner dei har meir kontroll over liva sine. Kjensle av kontroll og at ein har mål å gå inn for, og kanskje også utfordringar, ser ut til å gagne dei. Hardbalne ligg også an til å få betre psykisk og fysisk helse enn mindre hardføre. Men det er vanskeleg for folk å involvere seg i arbeid og sosiale aktivitetar når dei er sjuke. MeiningsjaktDet seiast å gagne helsa at ein finn meining og ein sunnare perspektiv på kva som er viktig i livet, og gjer endringar til det betre som er djupe og meiningsfulle. Å finne meir meining bak somt som skjer kan vere av det gode. Når folk som får opprivande hendingar over seg finn noko positivt i det, kan det føre til mindre otte og depresjon etterpå enn dei elles ville fått. Optimistar finn lettare positive tankar - positivt spinn - å omkranse nakne hendingar med. Hardhausar kan også finne fleire fordelar og vinne på stressfulle hendingar. Sinne som blir underkua kan gi hjartesjukdom. Å slappe av utan å kjenne seg skuldig, og å arbeide utan å bli oppskjørta, skulle hjelpe. [513-14]
For den underkua kan sjølve prosessen med å finne god forankring i tilværet, vinne til betre orienteringar, og makte å sjå i kvitauget kva som skjer, kanskje vere så hard at den skadar. Forkasta får nok meir plager enn dei første, som sette i gang utenlege spiralar. Somme kan bli gale av slikt, og hos somme bryt det ut ved hardt arbeid mentalt, kanskje for lite nattesøvn i lengre tid, og anna som kan sette inn, også dårlege levekår. Tragedien er nesten slik at mange som har det rett ille, kan bli gale av å prøve å reise seg att. Det er ikkje minst fordi dei mentale nyorienteringane som krevst, og dei rette, sjølvhevdande handlingsmønstra å lære seg blir for vonde i sinnet. Dette betyr at det hjelper ikkje alle, og neppe nok, berre å herde seg.
Livshandtering og meistring nokÅ meistre stress i inntil moderate former, kan ein sjå som del av overordna livsmeistring. Korleis hendingar verkar inn på deg og livet ditt, heng mellom anna saman med korleis dei er, kor harde for deg, og korleis du handterer dei. Når dei er overkomelege og du handterer dei greitt, kan vi seie du klarer livsmeistring denne gongen, eller coping, (frå cope, klare greie, makte, hamle opp). Det gjeld hyppig å finne ein eller annan utveg, og viss ikkje, å lindre kjenslene og mildne nederlaga frå stressfulle hendingar. Mange prøver begge delar: (1) å fokusere på problem, så dei som utfordringar og helst løyse dei på eit vis, meir eller mindre, og (2) stelle vel med kjenslelivet til involverte, for å svekke uheldige reaksjonsdanningar som elles kjem til. 1. Ein kan kanskje bli flinkare til noko, klare å vege for og mot, vurdere situasjonane, lage arbeidsflytskjema, og følge opp. Ein slik strategi kan hjelpe folk å overvinne nederlag og mismot og handtere stressfulle hendingar betre. Det høyrer nok også med å vurdere kva for steinar i vegen ein får la ligge inntil vidare, når ein ikkje klarer å lyfte dei vekk. Kanskje ein kan gå utanom med ein smil. Slikt inngår i kognitive strategiar - å sette problemet til side midlertidig, og få betre vett, kan hende. Det kan kanskje også hjelpe å komme i form og halde seg i form, søke kjenslestøtte frå vennar. Men det kjem an på kva for støtte ein får, og frå kven. Somme vennar og slektningar kan vere byrder snarare enn til hjelp i stresstider. Uheldige samband kan såleis gå utover immunsystemet. Somme nektar for at dei har negative kjensler og skur dei unna bevisst merksemd. Dei fortrenger, som det heiter. Det kan gå utover helsa. Å undertrykke viktige sider ved ein sjølv - ved eigen identitet - kan skade helsa. [515] 2. Når folk steller kjenslene sine ved å søke støtte og meir tryggleik frå familie, slekt, vennar og andre, er det for om mogeleg å sta seg mot negative kjensler som gjer dei ute av stand til å gjere noko særleg og løyse problema. Å søke kjenslestøtte frå andre lèt til å hjelpe folk å justere seg emosjonelt og fysisk til ei stresskjelde. Det skil seg kor god hjelp ein person får etter eit traume. I tillegg til at somme slektningar og gamle vennar kan bli byrder som syg, kan fortrenging av problema hindre arbeidet med å handtere dei kunnig. Når folk fornektar problem, kan dei vanskeleg tilkjempe seg å meistre det. [515] Dei som blir oppmuntra til å avdekkje dei personlege trauma sine i dagbøker eller essay, betrar helsa. Ein får komme seg vidare enn til berre å rugge og ruge over problema sine, og heller forstå korleis ein aktivt kan arbeide med dei og gjerne løyse deg på beste vis. [516-18] StresshandteringDet finst teknikkar for å minske dei negative verknadane av stress på kropp og sinn. Blant teknikkane er biofeedback (biologisk tufta tilbakemelding), avspenningstrening, og aerobisk trening. Biofeedback kan hjelpe mot visse kroniske helseproblem. Avspenningstrening omfattar muskelavspenning, å sakke ned farta, og samle tankane. [519] Det hjelper mot høgt blodtrykk. Ein fin standardmåte er først å spenne musklane, så slappe av og merke seg skilnaden. Ein kan godt ta til med føtene, og så arbeide seg opp gjennom rumpe og rygg - heile kroppen. Det hjelper også i tannlegestolen. Det hjelper generelt å lære å slappe av, men kor tenleg dette er, kjem an på den enkelte. Meditasjon er effektiv hjelp til å slappe av og få det godt innom seg. Hos somme som mediterer finne ein endra hjernebølgjemønster av ulikt slag. Ein har også funne at meditasjon hjelper mot kjensler av kronisk angest, hjelper til betre sjølvakting, og kan betre forholda for alvorleg depressive i tillegg (Snaith, 1998). I ein studie av kreftpasientar, var dei som blei lært å meditere, mindre deprimerte, mindre sinte, mindre ottefulle, og fekk færre plager i hjarte, lunger og fordøyelsessystemet. Mosjon kan også gagne mot stress, slik at ein ikkje får så høgt blodtrykk i stresset og maset sitt, og får mindre risiko for å bli sjuk etter stress og hardkøyr. Alle monnar drar, meir eller mindre. Somme litt, andre betre, og så bortetter. [519] Framgang til nye vanskarDet kan følge vanskar med framgang, og som følge av han. Slik som ei oppdaging i vitskapen seiast å føde ti nye problem, kan ei vellykka løysing godt føde store vanskar, uforutsette vanskar og vidare. Slikt vil ein gjerne sleppe, sidan ein ikkje alltid klarer å vinne over alle vanskane ein får i livsvegen. Då hjelper vel kjernesunn framtanke og ettertanke og noko midt i mellom. Gradvis framgang langs helsevegen verkar betre enn gradvis tilbakegang med plager attåt. Det kan vanskeleg kallast gale å finne ut av kva som fører fram heller. Når ein er plaga og har mistanke om at stress kan ligge i det og under det, får ein bli litt systematisk og notere symptoma sine. Neste steg er ein kanskje nøydd til å overlate til legen sin, som gjerne vil finne ut kva som vel kan vere årsak(ene). Når løysinga ikkje er å skrive ut noko slags legemiddel, som nervemedisin, kjem det vanskeligaste steget. Det er å endre - helst betre - den stressande situasjonen, måtane å tenke omkring den på, og eiga åtferd. Det kan bli mange steg å ta for den sjuke sauen (den kristne) [Matteus 9:11-12, Johannes 10:27] Mellom dei mildare vala finst trening i sjølvhevding framfor hyppig å dra seg unna og tape terreng. Ein vil hyppig trenge anna og meir enn kunsten å slappe av, nyttig som den kan vere. Kognitiv åtferdsterapi er ei slags førstehjelp til å dra kjensel på og modifisere tankar og åtferd som er svar på stress. Å utdanne seg og bli dyktig i arbeid som ber godt av seg, og bo godt i fredeleg nabolag hjelper bra for folk flest ved at det hindrar stress i å falle over ein, eller minskar summen av stress i tilværet eins. [523] |
Baron, Robert A., and Nyla R. Branscombe. Social Psychology. 13th ed. Upper Saddle River, NJ: Pearson Education, 2012. Ciccarelli, Saundra K., and J. Noland White. Psychology. 3rd ed. Upper Saddle River, NJ: Pearson Education, 2012, Chap. 11: "Stress and Health". Cully, Jeffrey A., and Andrea L Teten, A.L. A Therapist's Guide to Brief Cognitive Behavioral Therapy. Houston, TX: Department of Veterans Affairs South Central MIRECC, 2008. Einstein, Danielle A., ed Innovations and Advances in Cognitive Behaviour Therapy. Brisbane: Australian Academic Press, 2007. Everly Jr, George S., and Jeffrey M. Lating. A Clinical Guide to the Treatment of the Human Stress Response 2nd ed. London: Kluwer Academic, 2002. Friedberg, Robert D., Jessica M. McClure, and Jolene Hillwig Garcia. Cognitive Therapy Techniques for Children and Adolescents: Tools for Enhancing Practice. New York: The Guilford Press, 2009. Gerrig, Richard H. Psychology and Life. 20th ed. Upper Saddle River, NJ: Pearson Education, 2013. Hofmann, Stefan G., and Michael W. Otto. Cognitive Behavioral Therapy for Social Anxiety Disorder: Evidence-Based and Disorder-Specific Treatment Techniques. Abingdon, Oxon: Routledge, 2008. Kahn, Ada P. The Encyclopedia of Stress and Stress-Related Diseases. 2nd ed. New York: Facts On File, 2006. Morris, Robin, and Geoff Ward, eds. The Cognitive Psychology of Planning. Howe, East Sussex: Psychology Press, 2005. Somers, Julian, with Matthew Querée. Cognitive Behavioural Therapy: Core Information Document. Vancouver, BC: Centre for Applied Research in Mental Health and Addictions (CARMHA), 2007. Spielberger, Charles D., and Irwin G. Sarason. Stress and Emotion: Anxiety, Anger, and Curiosity. London: Routledge, 2005. Murray, Michael T. Stress, Anxiety, and Insomnia: What the Drug Comapnies Won't Tell You and Your Doctor Doesn't Know. The Natural Solutions that Can Change Your Life. Coquitlam, BC: Mind Publishing, 2012. Smith, Carolyn D., ed, et al. Hilgard's Introduction to Psychology. 14th ed. Belmont: Thomson Wadsworth, 2003.
Zautra, Alex J. Emotions, Stress, and Health. Oxford: Oxford University Press, 2003.
|
BRUKARGAID: [Lenke] © 1999–2016, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post] ᴥ Ansvarsfråskriving: [Lenke] |