Norsk del, Gullvekta
Todalen lokalhistorie - utdrag
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Frå Todalen

Tre store fjordar skjer seg inn gjennom Nordmøre. Den mellomste har fleire namn. Ytst ute heiter han Halsafjorden, lenger inne Stangvikfjorden, og inst er det Todalsfjorden. Her ligg bygda Todalen med rundt 350 innbyggarar i dag. Bygda går for å vere ein landsby-idyll med gardsdrift, industri og natur side om side. Den reinaste lufta og det klaraste vatnet i Europa er å finne ◦inst i bygda. Og nedetter bygda går fiskeelva Toåa.

I bygda budde ein gong ein stamfar av meg, Arne til Husby. Nokså lite er kjent om han, men litt er det:

Arne til Husby og slekta

Arne (ca 1405 - ca 1470) var bror til erkebispen Oluf Trondsen og Iver Trondsen på Aspa. Han er nemnd mellom 1458 og 1473. Foreldra til dei tre Aspa-brørne var mest truleg Trond Toraldsson "Smørhatt" (omtalt 1410–20) og Joran [Jorun] Aslaksdotter (daud 1443). [Aspa-seminaret, s. 15; Store norske leksikon, s.v. "Olav Trondsson"]

Aspa var namnet på ei samansett norsk adelsætt knytt til garden Aspa i Tingvoll på Nordmøre. Slekta er først kjend på 1300-talet. Den mest kjende mannen i slekta var erkebisp i Nidaros, Olav Trondsson (daud 1474). Det er neppe slik at etterfølgaren Gaute Ivarsson (daud 1510) var av same slekt, om ein skal gå ut frå ei gammal opprekning av slekta der Gaute ikkje er nemnd. Slekta er ganske godt belyst gjennom mykje kjeldemateriale, og ho har etterkommarar blant ei rekke storbondeslekter langs kysten av Møre og Fosen. [Store norske leksikon, s.v "Aspa-slekten"]

Frå om lag midt på 1400-talet la jorddrotten Ivar Trondson på Aspa under seg nokre gardpartar i Todalen. I 1458 kjøpte han 4 1/2 spann* i Husby av Kjetil Hallsteinson, og fem år etter kjøpte han 3 spann i Halle av Engel Eindrideson og Gudrun Åsmundsdotter. I 1471 kjøpte han 4 spann til i Husby av Peder Botolvson, og dermed var han eigar av i alt 11 1/2 spann jord i Todalen, så lenge det varte. [Leif Halse. Todalen bygdebok, s. 24]

*spann (her): eining for skatteskyld. I mellomalderen blei landskylda betalt med smør: Eit spann smør var 15,42 kg før 1500. Andre varer kunne omreknast til det.

Ivar Trondson var bror til erkebispen Olav Trondson. Med Ivars samtykke og vilje gav erkebiskop Olav alt jordegodset dei hadde arva etter foreldra sine til Nidaros domkyrkje til bruk i tretti år. Gåvebrevet var dagsett Nidaros 24. juni 1473, og mellom dei gardane som var nemnde i brevet var Husby og Halle. [Ibid, s 270]

Men kva med broren Arne til Husby i dette? Han hadde kanskje sine eigne gardar, han. Kven veit? Her skal eg fortelje om Todalen på Nordmøre, sidan slekt har budd der. Husby gard ligg der enno.

Kårvatn
Den reinaste lufta og naturen i Europa kan vere ved turiststasjonen Kårvatn i Todalen

Todalen ramma inn

Opp frå Todalsfjorden stig Todalen i terrassar, høgre og høgre, til dalen blir smalare og går i bratte lier til fjells. Nedst er dalen brei og open og med tett busetnad, men drar seg saman til ei lang og smal flate mellom bratte lier. Ved Talgøy kjem ein femte terrasse i ei høgd av 138 meter over havet, og derifrå er det ei halv mil jamn stigning til Kårvatn, som er den øvste garden i dalen, og staden med friskast luft.

I Sørliene veks svær furuskog og tett lauvskog heilt opp på fjellbrunene. Der stansar skogen. Berre fjellbjørka og vidjeriset vågar seg innetter fjelltelene og seterdalane. Men ein gong var det skog her.

Omkring dalen skyt fjella til vers med snøfonner i fanget heile sommaren. Ramgjøra stuper seg beint i sjøen i lange, svartblanke sva. Blåfjellet har eit snøbilde på sida. Det heiter Høna og kjem att like eins kvart einaste år. Først på sommaren brånar halsen av. Då blir det liv i ungane, og dei kappspring til elva, for det er gammel skikk og tru i dalen at når Høne-halsen brånar av, så har ungane lov til å lauge seg, fortel Halse i Todalen bygdebok frå 1943. Han skriv også at i Kjerringa er det og eit snøbilde. Det ser ut som ein gris og heiter Purka. Så kjem Snøfjellet, og Skjerdingfjellet går opp i ei lang og tagget egg og, liknar ein skjerding. Lengst inn ligg Grinarann og, Slangelifjellet. Alle desse fjella ligg i sør for Todalen.

I aust stig Tohatten til vers og er bytestein mellom Todalen og Oppdal. Ikkje langt unna står Neådals-snota. Ho er den høgste i heile laget og mæler sine 1625 meter over sjømålet og er bytestein mellom Todalen og Surnadal. I nord for Romådalen står Rognnebba, Botnnebba og Skuggefjellet, og Nordviksula sluttar av denne veldige stein-utgarden kring dalen og bygda.

Elva heiter Toåa. Ho kjem frå Tovatnom innmed Tohatten og går i fossar og strie stryk til dals. Lenger nede går ho i store svingar frå li til li ned gjennom dalen og flyt ut i fjorden. Frå fjella i nord og sør kjem tverrelvar som renn i hop med Toåa eller Stor-elva som ho gjernast blir kalla, medan Rossåa som kjem frå Kvennsetdalen, renn ut i fjorden ved Todalshaugen.

Om gardane i Todalen

Det er tretten gardar i Todalen, og dei er delt opp i tjuefire bruk. Dei ligg i grender og einbøles (for seg sjølve) oppunder liene på begge sider av elva og utetter langs fjorden. Det er berre eit par mils veg frå den ytste garden Svinvika og til Kårvatn, som er den øvste garden i bygda.

Noko av det som spring sterkast i augo ved synet av bygda, er dei store husa. Todalingane bygger stort og romsleg, men i gamle dagar var husa både mindre og lægre, men det var fleire av dei. Det var gjernast to stabbur på kvar gard og dertil eldhus og smie.

Fjøs, stall, sauestall og grisehus blei ei tid bygde i hop. I staden for to stuebygningar og tre fjøsbygningar, fekk ein så éi lang stuelån [lån: lang bygning] og éin lang fjøsbygning på kvar gard.

Det var meir folk på gardane før i tida. Sengerom og liggeplassar var det ikkje så storvegs med i røykstuetida. Kallfolket låg i kammerset, og den skikken heldt seg etter at dei fekk loftstuer og held seg framleies. Så hadde dei sengestua eller nystua. Tenarane låg i fjøset, og somme av drengane låg i stallen, og elles låg dei i stabburskaven og på låven sommars tid. Då loftstuene kom i bruk, blei det nøgda med soverom. Drengane flytta inn på loftet over stua - stuåloftet, og ofte blei det "tu-gjevla" eit rom av stuåloftet, og det rommet blei tatt til kvinnfolkloft.

Folk i bygda brukte stutte senger før i tida. Major Henrik Angell undra seg over dei då han fór i Todalen. "Det er to ting her i bygda som eg ikkje får til å samsvare: At det er så lange karar, og at det er så stutte senger?" sa han.

Innreiinga i stuene var fast og regelbunden. Der benkane møtest hang eit skap som var vakkert måla med blant anna latinske fyndord som Solt Deo Gloria (Gud aleine har æra), Ora et Labora (Bed og arbeid), Recte Faciendo (Gjer det rette), Neminem Timeas (Ottast ingen) og Memento Mori (Kom i hug dauden, dvs., hugs at du også skal døy).

Stuebordet var eit massivt furubord på trauste føter. Framfor bordet stod storknakken (storkrakken), ofte med innbygt rom til reidskap av ymse slag. Midt imot skapet stod ein stor bakaromn med grue framfor. No er helst elektrisk komfyr komme i staden.

Attmed døra til gangen var eit skap som no er bytt ut med vask og grytebenk. Elles var det skikk og bruk at kvar vaksen kar hadde ein kisteknakk og kvart vokse kvinnfolk hadde ein kistestol, og desse stod i stua og var del av innbuet.

Jorda har født bygda. Med kunstgjødsling og i-såing fekk dei i ei tid jorda til å yte det mangedoble. Ein bonde fortalde at der far hans fekk sekst lass høy på marka, fekk han sjølv det doble.

Tidleg på 1900-talet tabba todalingane seg i fleire år etter at krøtterkunnige hadde fortald at grått øyfe høvde så godt på Nordmøre. Todalingane gjekk då i gang med å ale seg gråkyr. Men det synte seg at dette krøtterslaget høvde kleint i bygda. Somme bønder tok då til å føre inn raudt trønderfe, men dette feslaget var like uskikka til fjellbeita og dei lange stigane som gråkyrne. Då kjøpte todalingane inn ◦sida trønderfe og ala det vidare. Det førte fram til finlemma, godlynte og tidleg kjønnsmodne dyr som kan ta seg lett fram i terrenget. Dei fleste buskapane i bygda høver godt til marklenda og gir god avdrått.

Med dei rike fjellbeita som høyrer bygda til var det greitt at seterdrift i lange tider spela ei stor rolle i krøtterhaldet, og seterturane gav ekstra mykje av seg etter at dei store viddene som før blei brukte til utmarksslått, blei lagt ut til krøtterbeite. Tidene forandrar seg. Seterarrangement for turgåarar og turistar kan vere bra og gi kjekke "Ferdaminne", men kanskje i mindre omfang enn Åsmund Olavsson Vinje fekk sommaren 1860. Då vandra han til fots frå Kristiania til Trondheim. Han opnar diktet med linjer som desse brokkene er tatt frå:

Far vel, hovudstaden!
Ufrisk i varmen

Derfor til fjells
vil eg draga.

Sauealet i Todalen har hatt særs gode vilkår, og har det vonaleg enno. Gudbrandsdalshesten har vore det vanlege hesteslaget i bygda, men det har også vore fjordingar, særleg på småbruk og mindre gardar.

Om skogen i Todalen skreiv Amund Helland i "Norges land og folk": "Det lille dalføre hadde ry som fogderiets beste skogbygd". Skogen er vel jamt over ikkje så storvaksen som i gamle dagar, men for rundt seksti år tilbake fanst enno skog av store dimensjonar og med vakre stammeformer.

Etter at bygda fekk elektrisitetsverk, rådde mange bønder seg med sagbruk heime på gardane. Ikkje så lite tremateriale har gått til Talgøs møbelfabrikk og dei to mindre møbelverkstadane i bygda. Dei har kjøpt både furu og bjørk og litt alm.

Alt i 1914 var det første elverket bygt. Det var Todalen elektrisitetsverk, Raudåverket.

Todalen, til glede for turistar

Det kom etter kvart veg oppover dalen til fjellgarden Kårvatn. Der har det i mange år vore stasjon for turistar, og derifrå går det tre turistruter inn gjennom Trollheimen. Ruta går gjennom Bjøråskaret og til turisthytta i Inderdalen blir nemnd som ei av dei vakraste rutene på lang leid, og i Den norske Turistforenings årbok for 1941 stod det at det var prektig fotturterreng, og at turane var uvanleg vakre og gav storslåtte utsyn over fjell og daler, så ein knapt såg maken her i landet. Og Kårvatn gard blei kalla eit ypparleg turistkvarter for den som går nedetter dalen og så på snaufjell til ein stad der storslått, praktfull utsikt over ei lang rekke mektige tindar opnar seg - vakre og storarta utsyn.

Todalingane er gjestfrie folk. Opne og ærlege er dei, og dei seier meininga si enten ho smakar deg bra eller beiskt, skriv Leif Halse. I somme andre Nordmørsbygder har dei det ordet om todalingane at det nyttar ikkje å bede dei heim, for dei kjem! For sjølve brukar dei aldri ord og bedingar som dei ikkje meiner noko med, og reknar dei med at det er av hjartet meint, så kjem dei!

Det var helst før i tida, det vel.

Todalingstradisjonar

Sansen for opplysning og lesnad har vore sterk mellom bygdefolket i lange tider., og Todalen var første krinsen på Nordmøre som førde inn nynorsk mål i skolen. Det var i 1901.

Få stadar har samlarar av folkemusikk funne så mykje som i Todalen, og også tonen på det gamle juleverset "Et lite barn så lystelig", som er oppskreven i fleire variasjonar. Han blei sungen og batt folk og heimar i hop med sterke tilhørsband.

Song og musikk har allveg hatt ein brei plass både i lag og heimar, og korsong er gammal i bygda. Mange ætter syner sterk musikalsk givnad og har fostra songarar og spelemenn.

På mange måtar blei bygda omskapt først på 1900-talet. Ho er ikkje så avsides og avstengd lenger, men sed og skikk i bygda har vel enno preg av gamle dagar. "Godt mot!" helsar todalingen når du møter han på vegen, og "Signe maten!" og "Signe arbeidet!" er vanlege helsingar i bygda den dag i dag, skriv Halse, og finn at todalingane gjer seg nytte av det nye mens dei også held fast på det som er vakkert og verdifullt av arven frå farne ætter.

[Todalen, s 9-21, passim]

Frå gammalt

Tidleg fann folk vegen til denne bortgøymde og avstengde dalen. Det er gjort ulike funn frå den yngre steinalderen og seinare. Ei gammel segn fortel at det var fredlaus mann som først sette bu i bygda. Han heitte Tov, og dalen skal ha namnet sitt etter han. Frå berghammaren Sjåar-berget hadde han utsyn over dalen og fjorden, og såg etter båtar og folk.

Den eldste skriftlege fråsegna om bygda er eit skøyte som er skrive i Stangvik den 12. april 1422. I omsetting blir delar av brevet slik:

". . . vi var med i Stangvik påskedagen i året 1422 og såg at Jon Bårdsson og Frek Eiriksson handtokst og høyrde at nonemnde Frek vedkjende seg at han hadde selt til førnemnde Jon Bårdsson 4 spann leige jord i Husby, som ligg i Todalen i Stangvik skipreide frå seg og sine arvingar og til Jon Bårdsson og hans arvingar til eigedom og odel, frelst og fritt og åtalslaust for kvar mann med alle dei luter og lunnar som dertil ligg eller har lege frå gammal tid og ny . . ."

Innhald


Todalen lokalhistorie, Husby gardshistorie  

Halse, Leif. Todalen bygdebok. Todalen: Bygdeboknemnda for Todalen, 1943.

Vigerust, Tor H., red. Aspaseminaret 1996-97. Sandvika 25 oktober 1996, Kristiansund 6-7 september 1997. Kane.benkestokk.teiste forlag 1997.

Todalen lokalhistorie, Husby, gardssoge, lokalhistorie, gardshistorie, opp Seksjon Sett Neste

Todalen lokalhistorie, Husby BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]