Norsk del, Gullvekta
Steikjer og Saur
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Frå Steinkjer

Det bur over 21 000 i Steinkjer, bykommunen som er administrasjonssenter for Nord-Trøndelag og har det geografiske midtpunktet for heile landet einkvan stad innanfor grensene. Byen inst i Trondheimsfjorden grensar i nord til Namdalseid, Overhalla og Grong, i nordaust og aust til Snåsa, i sør til Verdal, og i vest til Inderøy og Verran.

Byen ligg på ein flat sandmo ved osen av Steinkjerelva og den mindre elva Figga. Han er i stor grad grunnlagt på jordbruk og industri, men kan også skilte med mykje handel, jernbane, hamn, E6 og steinkjersdialekten, ein variant av trøndersk, med svingande tonefall.

Bykjernen ligg i ei naturleg hesteskoforma gryte som opnar seg mot sør, godt i ly for austlege, kalde vindar. Åskammane og moreneryggane rundt har blitt til bustadområde.

Steinkjer har godt klima for jordbruk ved at sommaren er godt varm, og kommunen har mykje lågland – gammal havbotn – som sand og leire som gir god jordbruksjord i opptil 150 meters høgd.

Steinkjer blei eigen kommune den 23. januar 1858. Då blei kommunen skild ut frå Stod kommune – og hadde 1 150 innbyggarar. No blei nabokommunar og delar av nabokommunar tatt inn i Steinkjer i tiåra som følgde. Og den 1. januar 1964 blei Steinkjer slått saman med Beitstad, Sparbu, Ogndal, Egge, Stod og Kvam kommunar til den nye Steinkjer kommune.

Bygdene i kommunane gir byen økonomisk grunnlag som ein av dei største jord- og skogbrukskommunane i landet, med stor produksjon av korn og mjølk.

Namnet Steinkjer kjem av norrønt "steinker", som kan bety demning, steinkar. Ein brukte steinkar i elva til å fange laks med før i tida. Ogna, Byaelva og Figga, som renn ut her, har alltid vore gode lakseelver.

Steinkjer er rik på fornminne. På Mærehaugen var gudehov og tingstad; no Mære kyrkje, som er ei steinkyrke frå 1100-talet. Ei naturalistisk veideristing av ein rein i full storleik ligg om lag 30 km aust for Steinkjer sentrum langs riksveg 763 ned mot Snåsavatnet og provar at det budde folk her kring 6000 før vår tidsrekning. Same staden er det også funne helleristing av ein skiløpar. Her får ein vite at skisporten ikkje blei født i Morgedal med Sondre Norheim - men han blir gitt æra for den moderne skisporten med innsving og full hælbinding.

Bardalfeltet i Sør-Beitstad er elles ei av Nord-Trøndelags største samlingar av helleristingar. Og Skeifeltet sør for Steinkjer er Nord-Trøndelags største gravfelt med heile 113 gravhaugar. Der finst det også kokegropar, bautasteinar og eit ringforma husanlegg med åtte hustufter.

Steinkjer med småplassane Mære og Egge har vore eit historisk maktsentrum gjennom mange hundre år før: Snorre Sturlason fortel i Heimskringla at ladejarlane Svein Håkonsson og Eirik Håkonsson hadde hovudsete i Steinkjer før dei rømde landet. Trona Haka, Olve på Egge og Kalv Arnesson budde på Egge, moreneryggen nord for Steinkjer. Kalv deltok i bondehæren som gav Olav Digre fæl motgang i slaget på Stiklestad i 1030.

Byen brann 15. august 1900, og blei i løpet av få år bygt opp på nytt i jugendstil, som Ålesund. Den 21. og 22. april 1940 blei Steinkjer bomba og lagt i ruinar att. Tre firedelar av byen blei totalskadd. Etter krigen blei byen ein funksjonalisme-murby i etterkrigsstil.

Blant dei som er fødde eller har budd i Steinkjer - utanom slekta mi i Stod og anna - kan eg ta fram målaren Jakob Weidemann (1923-2001) og skihopparen Torgeir Brandtzæg (1941-).

Stod

Stod er ei rik jordbruks- og skogsbygd, eit sokn, og ein tidlegare kommune i Nord-Trøndelag. Før 1857 nådde Stod herad (kommune) heilt ut til Beitstadfjorden og omfatta dei seinare Egge og Kvam herada og området der byen Steinkjer voks fram. Frå 1. januar 1964 har Stod vore del av den utvida Steinkjer kommune. Då blei Beitstad, Egge, Kvam, Stod, Sparbu, Steinkjer og Ogndal slått saman til éin kommune.

Vest for Stod-bygda er Steinkjer bykjerne. Bygda ligg sør for den vestlige del av Snåsavatnet. I vest er veldyrka bakkeland med sletter og låge skogkledde åsar. Lenger mot aust er eit skoglandskap med åsar i 200-400 m høgde, og med det 3,1 km² store vatnet Øyingen. Busetnaden ligg for det meste på leirbakkane i vest.

I dag arbeider største delen av bygdefolket i Steinkjer by.

Stod er særleg kjend for helleristningsfeltet Bølareinen med rundt seks tusen år gamle ristningar av dyr og menneske.

[Hovudkjelder: Store Norske Leksikon, Nynorsk Wikipedia (Utdrag)]

Jarle Skjei orienterer: "Steinkjer kommune av i dag besto i 1850 av 2 prestegjeld, Sparbu og Stod, og deler av et tredje, nemlig Beitstad prestegjeld. Da formannskapslovene vart vedtatt i 1837, var det de gamle grensene for prestegjelda som vart grensene i de nye kommunene. Sparbu prestegjeld og kommune omfatta Sparbu og Ogndal. Sørsia av strandstedet Steinkjer tilhørte slik Sparbu. Stod prestegjeld og kommune bestod av Stod, Kvam og Egge, slik at Nordsia lå i Stod. Beitstad prestegjeld og kommune utgjorde Beitstad, Namdalseid og Malm. De fleste kirkesokna i prestegjelda vart etter hvert egne kommuner."

http://www.steinkjer-kommune.net/eggevandring/egge/index.php?meny=112

Jarle Skjei er også redaktør for 1. band av Bygdebok for Stod, Kvam og Egge. Stod står det om i band 4a, som er redigert av Roger Lyngstad.

Garden Saur i Stod, med gardsnummer 232

Namnet blir uttala som det skrivast. Som stadnamn har det opphav i "våt, myrlendt mark". Saur-garden er venteleg frå yngre jernalder (550–1050 e.Kr.). Det er registrert ein rundhaug der, eit slikt fornminne. Gården blei lagt aude i seinmiddelalderen og tatt i bruk att i 1540-åra.

Saurgardane har seter-, slåtte- og beiterett i Nordsjø/Bogn og Gilten allmenning. Setra ligg i Nordsjø allmenning. I 1723 blei setra kalla Nordsjøsetra og brukt i fellesskap av Saur-gardane. I 1790 er Saursgardane oppførte med to setrar her. Dei skal ha lege i den same beitemarka.

Saur har også ei heimseter, Asan eller Asvollen. Ho var i bruk til rundt 1930.

Saur hadde kvern i 1621, då Peder Saur betalte 1 ort i kvernskatt. I 1723 hadde Saurgardane ei felles kvern. I 1766 stod ho truleg i Saursfossen i Olselva. Dette stod ved lag i 1838. Det året hadde dei sagbruk i ein annan foss i tillegg.

I folketeljinga for 1801 står det at Saurgardane hadde stampebruk. Ei stampemølle, ei stampe, er for å bearbeide så som vadmelstøy og skinn i eit kar. Ein stokk blei løfta og sleppt over, om og om att. Stokkane blei drivne med vasskraft, og låg ved fossefall der ein kunne utnytte vasskrafta. Stampemøller ble også brukt i tidleg papirindustri.

Før 1668 var Saur éin gard. Men det året blei Saur delt i to like store delar, austre og vestre. I 1801 blei Saur austre delt i to bruk, mens Saur vestre blei delt i 1854.

I jordbøkene på 1600-tallet er Saur definert som bondegods, det vil seie på private hender. I 1723 eigde arvingane av Ole Hatling halve Saur austre, og Peder Nordgård andre halvparten. På Saur vestre eigde Peder Nordgård halvparten mens ein Hans Jensen Collin eigde andre halvparten der. Han var justisminister, president og lagmann i Trondheim, og svigerson til rådmann i Trondheim, Hans Horneman.

Frå 1728 var brukaren av Saur vestre sjølveigar, og likeins på Saur austre frå 1736.

Jordboka for 1621 fortel om Per Saur. Koppskatten (hovudskatten) i 1645 fortel at brukeren heitte Peder Souder. Det er gjerne den same. Kvegtellinga i 1657 synte at garden hadde to hestar, åtte storfe og fem småfe (sauar, geiter).

Paul Bårdsen Saur var brukar mellom 1661 og 1685. Garden kunne fø to hestar og ti naut, og ein kunne så fem tønner korn.

Ole Larsen var oppsitjar her i 1685. Han var son av Lars Nilsen og Berit Eriksdotter på Agle austre i Snåsa. Han gifta seg med Kirsten Jonsdotter. Ho døydde i 1695. To år etter gifta Ole seg om att. Barnet deira, Johan, født ca. 1686, kan vere den Johan Saur som døydde i 1719.

Svenske styrkar var innom garden hausten 1718 og forsynte seg med ei halv tønne bygg og matvarer.

Ole Andersen Hatling, brukar på Asp i 1705 og seinare på Hatling, var gift med Gjertrud Andersdotter Haug. Dei fekk fire barn. Då Ole døydde i 1719, gifta Gjertrud seg året etter med Anders Olsen Klæbu, som då blei brukar på Hatling og eigar av Saur.

Eine sonen til Ole og Gjertrud, Tarald Olsen, født i 1710 på Asp, blei brukar på Saur. Han fekk skøyte på Saur av stefaren Anders i 1736, og gifta seg i 1735 med Marit Olsdotter Følling. Ho levde enno i 1762.

Før pinse i 1739 brann begge Saurgardene ned. Dei låg i eit felles tun. Brukarane då var T(h)arald Olsen og Størker Bertelsen.

Tarald Olsen og Marit Olsdotter på Saur austre fekk sonen Ole Taraldson Saur i 1742. Han gifta seg med enka Marit Hågensdotter Nastad (født 1729 eller 1738) på garden Ol. Ho var datter av Hagen Tomassen Nastad og Anne Olsdotter, født Klæbu. Dei fekk sonen Tarald i 1766, og han blei neste brukar. Og sonen Anders, født i 1770, blei dernest brukar av halve garden. Før Ole Taraldsen døydde, delte han garden i to like delar mellom sønene Tarald og Anders. Ein komplikasjon kjem til: Ole Taraldsen eigde garden frå 1767 til 1785. Då fekk stesonen Arnt Mikkelsen skøyte. Det ser likevel ut til at dei delte garden mellom seg. Folketejinga i 1801 viser at dei dreiv kvar sin halvdel av garden til Ole døydde i 1801 eller 1808. Det er bygdeboka som gir ulike årstal nokre stadar, også for Ole.

Anerekka

Problemet no er å knyte saman bygdebokdata med anerekka frå kyrkjebøker og folketeljingar. Det er nokre familieforhold som bygdeboka ikkje har fått tak i. Ein gjer elles vel i å merke seg at god, offentleg dokumentasjon tel mange gongar meir enn bygdebøker som kjelder.

Jon Christophersen (født ca. 1747) og sonen Ole Jonsen (født ca. 1778) er oppførte i folketeljinga frå 1801 som Saur-bønder. Ole Johnsen står også nemnd som forlovar i Egge kirke den 30. mars 1821. Og han og far hans, Jon Christophersen, står oppførte på Saur i folketeljinga for Stod Prestegjeld, datert 1801.

Samband kan ein somtid få peikepinn på ut frå namneskikkar før i tida. Det var vanleg at barnebarn blei kalla opp etter besteforeldra. Bestefar til Ole Jonson kan ha heitt Ole. Det er det eine. Det andre er at Ole var eit vanleg namn i slektsrekkene på Saur austre. Det tredje er at Ole var eit svært vanleg namn i dei tidene. Det fjerde er namnet Jon (Johan), som ein også finn for Saur austre.

Morfar, Johan Karlsen •~ Karl Johan Johnsen (1844, Gamvik), g.m. Pernille Pedersdotter (1853, Rørstad) •~ John Olsen Saur (f. 1805, Saur), g.m. Karen Gautsdatter Storvedde (f. 1809, Øyahalsen, Nærøy) •~ Ole Johnsen (f. ca. 1778), g.m. Ane Pedersdotter •~ Jon Christopherson Saur (f. ca. 1747), m. ukjend førstekone. •~

Flere data her: [◦Søk]

Innhald


Steinkjer lokalhistorie med Saur i Stod  

Lyngstad, Roger. Bygdebok for Stod, Kvam og Egge, bind IVa: Folk og heimer i Kvam - Hegge - Grøtan. Steinkjer: Bygdeboknemnda for Stod, Kvam og Egge, 2007

Skjei, Jarle, red. Bygdebok for Stod, Kvam og Egge. Bind 1: Allmenn bygdehistorie fram til ca. 1660. Steinkjer: Bygdeboknemnda for Stod, Kvam og Egge, 2006.

Store norske leksikon, s.v. "Steinkjer"

Steinkjerleksikonet. http://www.steinkjerleksikonet.no/

Steinkjer kommune.

WP, Wikipedia, s.v. "Steinkjer"

Steinkjer lokalhistorie med Saur i Stod, opp Seksjon Sett Neste

Steinkjer lokalhistorie med Saur i Stod BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]