![]() |
Lokalhistorie. Gardar og stubbar | |||||
| 15 3 12 | ||||||
|
Frå Trondheim"Ikkje alle har bispen til morbror" (Ordtak). Ikkje eg heller. Det er truleg enda færre som har erkebispen til far og stamfar. Ikkje eg heller har. Men ein av anane mine var bror til erkebiskop Olav Trondsson og farbror til Gaute Ivarsson, erkebiskopen som kom etter Olav. Erkebispen sjølv kunne vanskelig få legitime barn, i det han var katolsk geistleg. |
|
|
ErkebisparNoreg fekk den første erkebiskopen sin i 1154, i Nidaros (no heiter det Trondheim). Embetet blei lagt nedt ved reformasjonen. Den norske kyrkja valde å ikkje gjeninnføre erkebispeembetet då bispeembetet blei gjenoppretta, men nokre andre protestantiske kyrkjer har erkebiskopar, til dømes Den svenske kyrkja (erkebispesete i Uppsala). Den anglikanske kyrkja heldt fast ved å ha erkebispar, og har erkebispeseter i mellom anna Canterbury, Toronto og Sydney. Kvar si lyst, som ein seier. Sambandet mitt til to norske kyrkjefedre i eldre tid er slik: Ein av stamfedrene mine, Arne Trondsson til Husby, levde mellom ca. 1405 og ca 1470. Han er nemnd i historiske kjelder i tidsrommet frå 1458 og til 1473. Han hadde to brør, Iver og Oluf. Dei tre var av Aspa-ætta, som hadde hovudsete på og omkring gardane Aspa og Boksaspa på Aspøya. Det er ei øy og ei bygd i Tingvoll kommune på Nordmøre i dag. Ætta fostra ikkje berre ein, men to erkebispar. Den eine var bror til Arne, og den andre var son til den tredje av brøørne. Og erkebispar hadde sete i Trondheim den tida byen heitte Nidaros. ["Aspa-seminaret", s. 15.; Wikipedia, s.v. "Aspa"; DIS: "Hr Toralde Sigurdsons ætt - 'Smørhatt'", innlegg 14]
Eine broren til ArneBror til Arne fekk lære latin og blei erkebiskop. Den katolske kyrkje kallar denne første kjente erkebispen "i slekta" for Olav i dag. Oluf er ei eldre form av namnet. Olav sat som erkebisp i Noreg frå 1458 til 1474. Han blei utnemnd til erkesetet av pave Calixtus. Olav drog då søretter og trefte paven i Perugia, blei godt mottatt, og vigd til erkebiskop i Perugia, Italia, i 1459. Sommaren same året kom han htil Noreg att, og var erkebiskop i Nidaros (Trondheim) i femten år. Kjeldene vitnar om at kongen var mellom dei som ikkje hadde noko dårleg å seie om han nokon gong. Tvert imot var Olav rekna som "ein heiderleg, klok og visleg mann", og rusta med betydelege diplomatiske evner, og dessutan statsmannskløkt. Store norske leksikon skriv det slik: Alt tyder . . . på at Olav var både klok og rettskaffen i sin embetsførsel og at han var i besittelse av betydelige diplomatiske evner. Han stod seg godt med både kongen og tyske kjøpmenn. Olav var mildare enn forgjengaren Aslak Bolt, og hadde arva mykje jordegods. Ein del av dette godset og alt arvegodset sitt gav Olav i 1473 til Nidaros domkyrkje til bruk i tretti år. Men kyrkja gav ikkje godset tilbake til arvingene slik ho plikta. Det kom først tilbake til ætta etter hundre år, etter Reformasjonen blei innført, eineveldet var komme i gjenge og Noreg var blitt lydrike. Men her er det den heiderlege diplomaten Olav som er i fokus. I god tid før Reformasjonen til kongemakta fekk han bygt opp att det forfalne og forlatne Elgeseter kloster og gjenreiste det økonomisk også. Olav avrunda virket sitt med å dra til Roma og døy der om hausten 1474. Han blei gravlagt i klosterkyrkja San Agostino i byen. Tolv år etter kom ein gravstein på grava. No er steinen borte, men det er reist ei minneplate: Under denne gravskrift kvilte fordum
Nevøen til ArneWikipedia fortel at Gaute Ivarsson (1437-1510) blei erkebiskop etter farbroren Olav Trondsson, og at Gaute i 1475 fekk heile det gamle Trøndelagen i len av kongen, med unntak av Sparbu, Stjørdal, Gauldal og Ytterøy. Gaute kom til å rå lenger enn nokon annan erkebiskop i Nidaros: i trettifem år var han den fremste i den norske kyrkja, og mykje opptatt av politiske dragkampar også. Men var Olav verkeleg onkelen hans? Jf. Store norske leksikon [s.v. "Gaute Ivarsson"]. Fylkesvåpenet til Sør-Trøndelag er tufta på våpenskjoldet (seglet) hans. Motivet er to krosslagte raude økser med ein raud krosstav framfor seg. [Wikipedia, s.v. "Olav Trondsson"] "Frå Trondheim" er ikkje det det varFrå ein gong på 1500-talet til kring 1600, var Karsten Jonsson Randall frå Bergen gift med Maren Jørgensdotter Staur "frå Trondheim" - men Trondheim i den tida var eit stort embetsdistrikt, og ikkje berre byen Nidaros. [Busetnadssoga for Volda, band 3, s 274-76] Far hennar, Jørgen, var gift med Gudrun (Guren) Jonsdotter Teiste, og døydde rundt 1588 på Sakshaug i Inderøy. Før den tid hadde han vore lagmann (dommar, o.a.) i Trondheim len. Det er noko komplisert, men her er ei lita oversikt: Trondheim len var ei administrativ eining i Noreg, og Nidaros - seinare kalla Trondhjem - var administrasjonsbyen. Frå 1503 blei Noreg inndelt i fire hovudlen: Akershus, Båhus, Bergenhus og Trondheim. Trondheim hovedlen omfatta opphavleg Nord-Noreg, men midt i 1540-åra blei Nord-Noreg lagt under Bergenhus. Omkring 1560 femna Trondheim len dermed over desse underlena: Romsdal, Jemtland og Herjedalen. Hovudlenet femna over dagens Sør- og Nord-Trøndelag, og dessutan Nordmøre. Etter reformasjonen i 1537 tok danske lensherrar seg inn i Erkebispegarden i Trondheim stad og hadde Erkebispegarden som hovudsete i 150 år. Dei mishandla 'Trondheims len' til 'Trondhjems len'. [Jf. Wikipedia, s.v. "Trondhjems len"] Dermed gir det nok mening å hevde: "Den adelege trondheimsslekta vår busette seg i det som i dag er Trondheim og med tida nok også i Nord-Trøndelag." Kjeldene er ufullstendige. Olav Tryggvasson gjennom historias krinkelkrokar
Over sentrum i Trondheim står Olav Tryggvasson på ein ruvande sokkel. Olav I Tryggvason (rundt 968-1000) var son av Tryggve Olavsson, småkonge i Vika. Av Snorre blir Tryggve kalla barnebarn av kong Harald I Hårfagre. Men det skal ein tvile på, meiner Jo Rune Ugulen i "Norske kongar", og fortel at presten og historikaren Adam av Bremen (d. ca. 1080) reknar Olav som soneson av Håkon Ladejarl. Adam er ei av dei eldste kjeldene vi har, utan at det er sagt at han er mykje påliteleg, han heller. [1] I Aspa-ætta, som eg kjem frå, har det vore ein sterk munnleg tradisjon ifrå mellomalderen om å stamme direkte frå Olav Tryggvasson. Som tilhøva er i dag, kan ein neppe prove tradisjonen er feil og heller ikkje at han stemmer. Så får ein vurdere sannsyn, som for eksempel: "Kor truverdig var to til fire hundre års munnleg overlevering i ei norsk adelsslekt?" Ein ser kanskje sidevegs til professor Knut Liestøl for å sondere i slike spørsmål, for han undersøkte i si tid i kva grad munnlege overleveringar i Råbyggjelaget har blitt rett traderte (overleverte) over lang tid, over mange hundre år. "Soga varierar ikkje så mykje i dei historiske fakta, i dei einskilde data", skriv han (1922:156). Jamvel om munnlege overleveringar kan vere godt rette, kjem ein vanskelig klar av gjettverk. I den grad ein ikkje får fakta på bordet, famlar ein i skodde (sjå Olav på sokkelen sin). Det er visst noko "skoddedis" rundt Olav Tryggvasson. Men Spesialitet Norge kvir seg likevel ikkje for å marknadsføre tingvollostar ved hjelp av "den store Aspa-ætta", som kan stamme frå Kong Olav I. Vi finn: "◦Aslak Jonsson, trolig etterkommer av Olav Tryggvason." Er kanskje lokalpatriotiske marknadførarar pålitelege når det kjem til norsk historie? Kanskje ja eller likså godt tja. Men Gerhard Schønning (1722-80) då, som blei "professor i veltalenhet og historie", og reiste rundt på Nordmøre ca 1772 - 1773, og vitja hovudgarden på Aspa i 1773, kan han seie noko vettig i eit høve som dette? Tja, det er ikkje i tittelen vettet sit. Men han stadfestar ein munnleg slektstradisjon for over 200 år sidan. Og han stadfestar at han ikkje kjende til skriftlige prov på noko slikt samband: Omtrent fra Frey ca. 1/4 Miil, ligger Aspen, der i lang Tiid har været beboet af Bonde Familie, som paastaar sig at nedstamme fra den Norske Konge Oluf Trygvesøn, og har derfor, skiønt kun i senere Tiider givit sig det Tilnavn Trygge. Jeg har giennemseet de gamle Pergament-Breve og Papirer, som endnu findes paa Gaarden Aspen. Af dem kan sees, at Familien i forige Tiider har været riig, og besiddet anseeligt Jordegods, man ser og, at den har staaet i et Slags Connexion eller Forvantskab med den udvalgte Trondhiemske Erkebisp Oluf Throndsen, men om den foregivne Konge-Herkomst findes slet intet -". No høyrer det med å vurdere kor pålitelege kjeldene er innan visse rammer. Denne kjelda, Gerhard Schønning, kor pålitelig var Noregs første profesjonelle historikar som meinte at dei edlaste forfedrane våre helst ville bu høgt til vêrs? Han meinte ein burde følge dette idealet. "Elles vil barna våre ende som dvergar", åtvara han. Det kan fort bli feil for nokon kvar om fakta ikkje stør kongstanken og ein drar forhasta og galne slutningar. Men kanskje godt skolerte folk kan gi hjelp. Kloke utan offentleg skolegang mellom andre. No er det mange krinkelkrokar i forskinga og spekulasjonane og påstandane rundt Aspa-ætta i DIS slektsforum i høvet. Det flyt ut så ein kan bli fole lei, ikkje heilt ulikt slik det kjennast å gå i sekkedye, gjørmehol. Det kan vere som det vere vil. Og same kva og åkkesom, vikingkongen Olav har fått æra av å kallast grunnleggar av Trondheim. Olav Tryggvason har fått ein spesiell plass blant dei norske kongane i vikingtida. Som krigarkonge står han fram som ein lysande helteskikkelse. Snorre Sturlason har skrive "Soga om Olav Tryggvason". Den står å lese på engelsk her. |
|
© 2012, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKE] |