NORSK DEL, GULLVEKTA

Lokalhistorie og anna

 15 › 3 › 12 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR SNORRE-SAMLINGA  OR NORR&Oslahs;RRØNT

Olsvik-Breivik i Borgund som var

Olsvik-Breivika (Breivik) ligg i Ålesund, innpå ti kilometer aust for sentrum på Aspøya. Før Ålesund og Borgund slo seg saman, låg Breivik i Borgund. No kjem gløtt inn i fortida til Breivik, frå Borgund og Giske gardssoge, band 2.

Breivik med gardsnummer 36 ligg ved Ellingsøyfjorden, vest for Olsvik, og blir gjerne kalla Olsvik-Breivik for å skilje garden frå Breivika på Blindheim sør for. For 100 år sidan var Breivikgarden ei lita bot med inngjerda mark, omgitt av lyngrabbar og myr. For femti års tid sidan var heile Breivikområdet blitt eit samanhengande stykke veldyrka innmark, som i vår tid i avgjerande grad har blitt offer for industri og trafikk i byen Ålesund, som trong vekseplass. Det heiter urbanisering. {319]

Sjølve garden var ikkje nemnd i skriftlege kjelder før i 1660-åra, og hadde eitt udelt hovudbruk til 1960-åra. Fleire plassar hadde blitt rydda under garden og nær han på 1800-talet. {319, 320]

Plassar blei rydda og mange der tok med tida etternamnet Breivik. I åra mellom 1860 og 1900 blei heile utmarksstrekninga mellom det gamle hovudbruket i Breivik i aust og Nakken i vest tatt til nærare tjue plassar, som var rydda i fellesmarka til Åse, Furmyr, Nedre-garden og Nedre-Nakken, men dei blei rekna med til Breivika, og dei fleste folka der tok namnet Breivik til etternamn.

Eigarar og plassefolk. Ludvig Daae på Solnør i Skodje eigde Åse, Furmyra, og Nedre-Nakken. Han kjøpte Nedregarden i Spjelkavik i 1859. Sonen hans, Henrik, fekk desse gardane i 1864, og Henrik fekk nokre år etter bruk for mykje arbeidskraft til å dyrke opp Nedregarden. Han let derfor plassefolk slå seg ned i Breivika under gitte vilkår, så han fekk seg arbeidarar. Ein kontrakt frå 1874 gir eit bilete av bygselvilkåra for av ein av plassane, Vilhelmsplassen.

Plassemannen betalte årleg avgift på 4 spesidalar, pluss 8 {326] arbeidsdagar på Nedregarden, på eigen kost. Daae hadde rett til å få heile jordleiga betalt med arbeid, til 36 skilling om dagen om sommaren, 24 skilling vinteren, på eigen kost. Tilsvarande lønn for "voxent fruentimmer" på eigen kost: 24 skilling sommar, 18 skilling vinter. Mann og hest blei betalt med 40 skilling per dag. Plassefolka måtte alltid halde seg med mat sjølv på arbeid på Nedregarden. Dei var mange, Daae var ungkar, mykje ute og reiste, og hadde lite fast hjelp på garden. Utanom pliktarbeidet var plassemennene pliktige å møte på Nedregarden når som helst, året igjennom, til vanleg daglønn. Om han ville, slapp plassemannen fri i fisketida, som var frå 15. januar til 14. april. Dersom han ikkje møtte "efter tilsigelse", hadde Daae rett til å leige hjelp på plassemannens kostnad. Plassen fekk ikkje rettar i utmarka. Husa som plassemannen førte opp, skulle tilhøyre Daae. Plassingen slapp dermed innfestingsavgift. I tillegg til dette kom vanleg kår til forgjengaren.

Vilkåra var såleis ganske strie, og likna mykje på husmannsvilkåra på Austlandet. Så då var dei ikkje bra.

Plassefolkas levekår under eitt. Plassefolka hadde knapt klart seg om dei ikkje hadde hatt fisket og fisketørkinga å falle tilbake på. Ein god del av dei som slo seg ned her var innanfrå fjordane, og frå Gudbrandsdalen, uvande med fiske. Dei tok oftast arbeid på trandamperi og liknande, eller som rokarar.

Alle plassane fekk fiskeberg ved sjøen, og der tørka dei fisk for andre. I den første tida var det berre vintertorsk som dei sjølv måtte hente og bringe til byen. Sidan kom også i sommarstilla fulle båtlaster med saltfisk frå Nord-Norge, dei kom heilt inn i Breivika og leverte fisken der.

Plassemennene og gardbrukarane køyrde steinar frå jorddyrkinga til fjøra, og laga plattingar som dei tørka fisk på, og dei talrike barneflokkane passa fisken mens dei vaksne var i arbeid på Nedregarden.

Ved sida av Nedregarden og fisken skulle også jorda passast. Det tok oftast fleire år før dei fekk rydda så mykje jord at dei kunne fø dyr, og dyrke litt korn. Dei første åra var tunge for plassefolket, ofte kunne dei gå på hardt arbeid på Nedregarden utan ein matbit. Daae hjelpte til noko med oppsetting av hus, i regelen små hytter med hellegolv i starten

Då tilhøva hadde stabilisert seg rundt nittenhundreårsskiftet, heile utmarksområdet var blitt oppdyrka plassar, og Klondyke-stemninga frå dei {327] første åra hadde lagt seg, då skulle plassane ha tre-fire kyr, sjølv om dei måtte støttast på avkrefta, vaklande bein ut av fjøsen om våren; det var skam med mindre enn tre-fire kyr, større enn å svelte dyra. Dyra beita på innmarka for det meste.

Plassane hadde ikkje hest. Åkrane spadde folka om dei ikkje kunne få lånt ein hest. Men etter kvart blei det populært med fôrhestar, for turisttida hadde komme inne i fjordane, og der blei skysshestane ledige utanfor sesongen. Desse hestane tok dei på fôr i Breivika, og brukte dei særleg til å køyre latrinegjødsel frå byen og til våronna på plassane.

Etter som kornåkrane voks til, laga dei fleste seg dammar ovanfor tuna, der dei mødesamt samla vatn til tresking. Korndyrkinga var slutt i 1930-åra.

Torv til brensel fekk dei ta på myrene innanfor Lillevatnet, der Spjelkavik stadion ligg i dag. Lauv fekk dei plukke i Vasstrandsmarka.

Plassane i Breivika var for små til å brødfø ein familie, plassefolka måtte alltid ha inntekter attåt. Etter siste krigen blei fisketørkinga avløyst av anna og fastare arbeid. Rundt hundreårskifet var også Amerika ein brukbar utveg i nokre år.

Plassane låg som nemnt i fellesutmarka til Åse, Furmyr, Nedregarden og Nedre-Nakken. Daae på Nedregarden åtte alt, og så lenge han levde og den store eigedommen var samla, svarte plassane skylda si til han på Nedregarden.

I 1902 blei den gamle fellesutmarka fordelt på opphavsgardane (Åse, osv), og då måtte også plassane fordelast og gjevast skyld. Dei fleste blei derfor skyldsett i 1903, nokre under Nakken, nokre under Åse og nokre under Furmyra. Til Nedregarden kom berre dei plassane som låg på Spjelkavik-sida.

Div.

Joakimsplassen, Furmyr

Joakimplassen (bruksnr. 10) blei rydda under Furmyr, frå 1860-åra av Joakim Johansen Spjelkavik (1832-91) som voks opp i Ålesund. Far hans var Johannes Monsen Jamne (f. 17. juli 1811) i Bergen, og med slekt frå Bergen og Vaksdal i Hordaland. Johannes var tresmed (bøkkar) i Ålesund. Kona hans var Elen Anna Jamne, født Hansdotter Weblungsnes den 1. februar 1839 i Grytten prestegjeld, som er Rauma i Romsdal i dag. Veblungsnes er nokre få kilometer ifrå Åndalsnes.

Borgund og Giske bygdebok fortel at Joakim Johansen – som var frå Ålesund – kom frå teneste i Haram og i 1863 blei gift med Marta Jakobsdotter Øye frå Hjørundfjorden (1833-1905). Joakim fekk festebrev på jorda i 1878.

Han overlét plassen til sonen Jens Joakimsen (1866-1948), som fekk feste i 1897 og skøyte 1904. Jens blei i 1895 gift med Bastianna Lovise Nilsdotter Nakkegjerdet (1859-1933) frå Sykkylven. Dei fekk kår hos sonen Johan Jensen Breivik (f. 1896), som var gift med Lina Petersdotter Vatnehol (f. 1906).

Johan og Lina hadde jorda til 1970-talet – meir eller mindre – etter skøyte frå 1936. Det var vel i 1970-åra ein gong at Ålesund kommune eksproprierte garden – heile eller delar av han, men det står ikkje i bygdeboka, som ikkje har med hendingar og omveltingar frå dei siste 44 åra.

Mormor vår, Jensine, (1876-1969) voks opp på Joakimsplassen. Ho var søster til Jens som overtok der. Etter at ho blei gift, flytta ho med tida til Digerneset sør i Spjelkavik. Området er i dag regulert til kommunalt friområde.

TO TOP

Spjelkavik

Heimværet
Store delar av Borgund i 2008 i store drag, ifrå Randerstoppen (1414 m høg) på sørsida av Storfjorden i 2008. Nærast er Storfjorden, så kjem delar av Sula kommune. Mot høgre (aust) ein stad ligg bydelen Spjelkavik.

Ellingsøyfjorden går midt gjennom skilderiet. Far min blei født på Ellingsøya langt vest på øya bakom den fjorden (utanfor biletet). Og i bakgrunnen er frå venstre Gamlemsveten, Vidfjellet og Hildrehesten. (Basert på eit foto frå Stranda turlag på nettet)

Tettstrok og historier. Spjelkavik – først var det ein gard på Uksenøya i Borgund kommune på Sunnmøre, så blei garden utstykka så det blei ei bygd, og så blei bygda etter kvart til ein bydel i det veksande Ålesund den 1. januar 1968.

Div.

Digerneset

Digerneset (nr 21, bnr 2, no nedlagt plass) sør i Spjelkavikbygda stikk ut inst i Borgundfjorden nord for Blindheims-Breivika. I nord går Digerneset bratt i sjøen, mens det inst i sør hallar jamt ned i ei vik, Remvika.

Digerneset blei rydda frå garden Remvik rundt 1820, og låg langt ute på neset, bak den store hammaren der. Det er bratt ned til sjøen der ytst på neset; plassen hadde gangveg gjennom tunet på hovudgarden, og naustplass saman med den andre garden i sjølve Remvika.

Offisielle oppgåver for gardsdrifta finst frå 1868: då var der 6 mål dyrka jord, 9 mål natureng, og plassen avla 1 1/2, tønne bygg, 4 tønner havre, 9 tønner poteter og 12 skippund høy. Der var 3 kyr og 4 sauer, torv til brensel og ingen skog. Plassen var tungbrukt og mykje utsett for tørke og frost. Det var fiske som heldt liv i folket. Dei dreiv mykje med fisketørking, hadde gode berg med jamn vind til det.

Plassen blei fråflytta i 1930-åra. Remvika brukte ei tid marka til kulturbeite, men no er området regulert til friareal for kommunen. Den gode utsikta var grunn god nok.

Brukarar

(1) Gunder Gregoriussen Røssevoll (1786 – ca. 1840) rydda plassen, han fekk feste 1820, mot årleg avgift på 1 spesidalar. . . .

(3) Martinus Torsteinsen Øvrebust (1825-71) frå Stordalen, kom hit saman med kona og fekk feste 1857. Han kjøpte plassen i 1861 for 100 spesidalar. Sonen deira, (4) Torstein Martinussen (f. 1848) og kona overtok då faren døydde. Sonen hans, femte kjente brukar der, var Martinus Torsteinsen (1876-1904). Han gifta seg med Jensine Breivik (f. 1877). Han døydde, og Jensine gifta seg andre gongen med Johan Karlsen (1871-1941) frå Kjøllefjord i Finnmark. Etter nokre år på Frøya, slo familien seg ned på Digerneset.

Karlsenfamilien fekk etter kvart mor mi og tvillingsøstera hennar. I alt hadde Jensine seks døtrer og ein son. Den nest eldste dottera arva Digerneset og utmarka i Trollskaret oppi fjellsida austanfor der, men etter at ho blei enke, blei ho sjuk og selde frå seg det meste etter kvart. {jf. 204]

Trollskaret (gnr 21, bnr 41). Utmarksteigen med det namnet kjøpte eg på vegner av foreldra mine. Troll såg eg ikkje der. Ti dekar av teigen blei selt til Planor AS for drygt tretti års tid sidan, og Planor fekk opp einebustadar der innanfor det større Skåthaugfeltet. Resten av teigen eig bror min i dag, og i tillegg to arvelottar etter gnr 21, bnr 2.

[Ei meir fullstendig brukarliste fram til 1962 står i Borgund og Giske bd 2, s 204.]

Lokalhistorie, gardshistorier – SAMLINGA
Lokalhistorie, gardshistorier – SLUTTBOLK

Lokalhistorie, gardshistorie – LITTERATUR  

Øvrelid, Ragnar. Borgund og Giske. Band 2 Gardssoge. Gardsnr. 1-51 Np: Borgund og Giske Bygdeboknemnd, 1962.

Lokalhistorie, gardshistorier – OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Lokalhistorie, gardshistorier BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkeråd, tilvisingar og meir. [LENKE]
© 2012, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKE]