Norsk del, Gullvekta
Borgund og Spjelkavik lokalhistorie i utval
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Gamle Borgund med bygda Spjelkavik

Bydelen Spjelkavik i dagens Ålesund var før ei bygd i Ålesunds nabokommune, Borgund, og bygda hadde vakse fram ifrå den gamle garden Spjelkavik. Store norske leksikon fortel at dette tettstroket i noverande Ålesund har variert og monnaleg industri, mellom anna møbel- og trevareindustri, tekstil- og lineindustri (notbarkeri, fiskereiskapsfabrikk) og dessutan plast- og verkstadindustri, - og lager- og engrosverksemd. Stroket er eit sentralt kommunikasjonsknutepunkt med eit større handels- og servicesenter (Moa), og ein vidaregåande skole. [Attgiving]

Nedanfor og på neste side står meir om "Vika" og om Borgund i kultursamanheng.

Borgund

Uksenøya og noko som renn gjennom

Øya. Uksenøya blir også kalla Oksnøya. Noko av øya låg under Borgund før, og så blei Borgund og Ålesund slått saman i 1968. No er Oksnøya den største øya som Ålesund ligg på – og strekker seg frå Nørvasundet i vest til (Nørdre) Dragsundet i aust. Det ca 10 km lange og smale Brusdalsvatnet om lag midt på øya er drikkevasskjelde til Ålesund kommune.

Til sjøs. Frå vatnet renn Brusdalselva ut i det oppdemma Lillevatnet i Spjelkavikbygda, og nedetter ifrå oppdemminga nordaust i bygdesenteret renn det som er att av Spjelkavikelva (Gamleelva). Ho renn ut i sjøen i sjølve Spjelkavika aust i Åsefjorden. I ein rapport frå 2001 var det observert at det var mykje aktivitet i nærområda til Spjelkavikelva: Det var gravearbeid med tilføring av partiklar, utslepp av sementrestar, avrenning frå steinmasser og meir til. Det verka ikkje som om folk forstod kva for potensial elva hadde som lakse- og aureelv fram til Brusdalsvatnet austetter - dette gjaldt privatpersonar, entreprenørar og den kommunale forvaltinga [Braband, s 6, 18].

Kanalen ved Spjelkavik sentrum. Ved osen går elva saman med ein kanal. Kanalen stod ferdig i 1924 for å forsyne eit lokalt kraftverk med vatn ned gjennom ei rørgate nær ved utlaupet til Gamleelva. Delar av elva blei demma opp for at det skulle bli vatn med fall og fart nok i ei kort rørgate ned til kraftstasjonen kloss ved elveosen. For å få til slikt, blei det bygt ein steinsett, flatbotna kanal med demning ved Spjelkavik sentrum. Dermed blei også vassføringa i den litt strie Gamleelva regulert på ei vis. Bygginga tok til i 1917 og stod ferdig i 1924. Svenske rallarar gjorde arbeidet.

Til gagn for folk og ikkje fisk . . . Spilkevigs Snøre- Not- & Garnfabrik låg ved og over Gamleelva og hadde mykje å seie for bygda i mange tiår. Hans Pedersen Mittet (f. 1861) frå Veøy i Romsdal starta fabrikken i lag med kompanjongar. Då blei det fabrikk i Spjelkavik for snøre, liner, garn og not, og med snurpenøter og torskeliner som spesialitet, og fiskereiskapar for alle fiskeri (sjå Fiskets Gang nr 2, 1937). Etter kvart blei fabrikken stor med mange tilbygg. I bygda fekk grunnleggaren bauta med portrett av seg. Bautaen blei avduka i 1945 etter å ha stått der sidan 1941. Men sommaren 1945 – då okkupasjonen av Noreg var til ende – blei det markering med hornmusikk, song og talar. [1]

Framsteg med kimar til nedgang i seg. I 2011 var kraftstasjonen ved osen av Gamleelva lagt ned, og kanalbotnen låg dekt av sprengstein, plastrøyr, syklar, handlevogner, presenningar og boss av forskjellig slag (artikkel i ◦Sunnmørsposten) [2]. I artikkelen blei Gamleelva og kanalen kalla ei skrotfylling gjennom sentrum. Det blir kanskje ikkje prima forhold for blankfisk (laks og aure) av slikt. Stoda er elles at kanalen er teknisk kulturminne og regulert som vassdrag – Om lag slik låg det til om sommaren 2011.

At tidene forandrar seg ved sal og anna, fram til boss, rot, rusk og rask gjennom sentrum av ei bygd, er utslag av låk framgang og låk kultur. Det er ganske vanlege skuggesider ved naiv og gal urbanisering som er skissert her.

No er store delar av Oksenøya oversvømt av folk. Dermed skrumpar behageleg livsrom for mange også. Mykje som var bra og vakkert, er gått dukken på grunn av korttenkt hang til vinning same kva, kanskje med fasadar som dårar og blendar, og kanskje ikkje. Ikkje alt som blir kalla utvikling er av det gode.

Borgund, ein kaupang

I første band av Borgund og Giske gardssoge står noko om den gamle handelsstaden i Borgund frå vikingtida, og i andre bandet kjem historier, eigarar og brukarar til gardar som var der før i tida. Utvalet som kjem, er frå Borgund og Giske, band 2.

Gammal handelsstad. Namnet "Borgund" er sett saman av borg som tyder 'borg, bygdeborg' og -und, 'rik på'.

Borgund kaupang: Området rundt Borgund kyrkje i noverande Ålesund var handelsstad i mellomalderen, den største kaupangen mellom Bergen og Trondheim i den tida. Arkeologiske utgravingar har synt det fanst tett busetnad over ca. 40–45 dekar. Det er grave fram kai, veg, brønnar, 40–50 bustadar, lagerskur, fjøs osv. i forskjellige konstruksjonar. Staden hadde i mellomalderen tre, kanskje fire kyrkjer. To gravplassar og ei kyrkje er utgravne, og enda ei kyrkje er påvist.

- og så var Svartedauden innom. Busetnaden ved Borgund-kyrkja går tilbake til første del av 1000-talet. På 1200-talet var det truleg tettbygt busetting der. Forfall kom på 1300- og 1400-talet. Då hadde Svartedauden vore innom.

Ei steinkyrkje brann ned. Kyrkja som står der i dag, er ikkje særleg gammal: I april 1904 tende nokon på Borgund Steinkyrkje som stod der frå før. Tre månadar før hadde også også store delar av Ålesund sentrum brunne ned natt til 23. januar under ein orkan.

Noko er tatt vare på frå Borgunds kultursoge. I kultursoga har Borgund merkt seg ut med bl.a. borgundskoen, "moteskoen" frå Borgundgavlen på 1200-talet. Sunnmøre Museum i Borgundgavlen er eit folkemuseum som blei skipa i 1931. Det har ei omfattande samling av mellom anna hus og båtar.

Historia bakom går til Ålesund Museum, som blei skipa i 1903 og miste alt dei hadde året etter. Det var då store delar av bykjerna brann ned ei februarnatt. Etter brannen samla museumsfolk inn mykje gammalt frå bygdene omkring byen. Det var helst gammalt ein kunne syne fram og ta vare på, men som ikkje var i mykje bruk lenger. I 1910 kom dei på at dei skulle opprette eit Sunnmørstun under Ålesund Museum. Det var vanskeleg å finne plass. Men interessa for museumsarbeid vakna i fleire sunnmørsbygder rundt 1920, og mykje av det Ålesund Museum hadde samla inn kom frå sunnmørsbygdene. Då meinte mange at bygdekommunane burde vere representerte i styret, og etter heftig strid kom det forslag om dette på årsmøtet til Ålesund Museum i mars 1931. Forslaget fekk ikkje eit tiltrengt to tredels fleirtal og blei forkasta. Då blei Sunnmøre Museum skipa i staden, den 11. april. Striden mellom dei to partane heldt fram enno ei tid, og arbeid for samanslåing førte ikkje fram.

Sunnmøre Museum fekk overta ei festetomt på 28 mål under Borgund prestegard. Ut gjennom 1930-talet blei det flytta ein del gamle bygningar til museet. Opningsdatoen var sett til 9. april 1940, men utsett på grunn av krigsutbrotet. Under krigen fekk mange nytte det tomme betonghuset til lagerplass, legalt og illegalt. Det eldsikre huset blei opna 16. juni 1946 av kronprins Olav, som seinare blei konge. Heilt frå starten overtok Sunnmøre Museum fleire gamle bruksbåtar. For å ta vare på den store båtsamlinga som voks til, blei det bygt fire samanhengande båthallar i 1955. I 2009 rådde museet over vel 40 båtar. Dei fleste er gamle bruksbåtar av sunnmørstypen og møringstypen. I 2012 blei det bygt ein eigen båthall for stand-by-utstillingar av mellom anna Kvalsundskipet og "kvilestad" om vinteren for Borgundknarren. Det er ein båttype. [Wikipedia, s.v. "Sunnmøre Museum"]

Borgunds kommunesoge

Borgund svikta nynorsken – Borgund blei for svak. Frå førkristen tid og fram til Hansatida var kjøpstaden Borgund eit sentrum på Sunnmøre. Mange hundre år etter nedgangstidene på 1300- og 1400-talet, blei Borgund kommune skipa i 1837 som formannsskapsdistrikt. I 1849 blei Skodje skild ut som eiga eining. Og frå januar 1908 blei Giske skild ut. Det kom dernest nokre mindre justeringar og reguleringar fram til 1. januar 1965. Då blei Grytastranda, Søvik og Gamlem med øyene vestanfor slått saman med det meste av Haram og Vatne kommunar til den nye Haram kommune. Første januar 1968 blei resten av Borgund med 20.132 innbyggarar slått saman med Ålesund kommune og svikta nynorsken. Første januar 1977 blei så øya Sula som før var ein del av Borgund, skipa som eigen kommune med nynorsk som målform.

[To kjelder: Wikipedia, "Borgund i Møre og Romsdal" Store Norske: "Borgund kaupang"]

Spjelkavik bydel. Kartutsnitt
Spjelkavik - no ein bydel i Ålesund

Div.

Matrikkelgarden Spjelkavik

Det følgande er utplukk frċ Borgund og Giske gardssoge band 2, somtid med "något attåt". - TK

Spjelkavik (gardsnr. 24) ligg ved sjøen inst i Borgundfjorden, ved utlaupet av elva frå Brusdalsvatnet. I dag er Spjelkavik eit tettbygt sentrum. Den opphavlege garden strekte seg over heile det området som for nokre tiår sidan var kalla Spjelkavikbygda, og no er ein bydel.

I sør gjekk gardgrensa til Blindheim langs fjellryggen, i nord til Brusdalsvatnet og Lillevatnet. Den opphavlege austgrensa er meir usikker: Det er mest rimeleg å tenke seg at Vasstrand òg ein gong høyrde til Spjelkavik, men sikkert er det ikkje. Det var i alle fall utmarksgrense mellom Vasstrand og Spjelkavik i 1713. Vestgrensa er heller ikkje heilt viss. Kanskje var elva den opphavlege grensa, men Spjelkavik har tidleg strekt området sitt vestanfor ho, for den gamle Nedregarden er rydda under Spjelkavika.

Alderen til garden kan vi ikkje vere trygge på. Men garden er gammal; det viser både namnet*, den sentrale plasseringa og den opphavlege utstrekninga, så busetnaden må i alle fall vere frå vikingtida.

* I ei tilføying til Aslak Bolts jordebok frå omkring 1500 er namnet skrive: Spielkandewiik . . . Namnet må då vere laga av ordet spjolk (spjalk, spjelk) = eit trestykke til å spile ut noko med, t, d. ein vev, eit skinn eller eit brote bein. Ordet er enno i levande bruk. Ord som stav, stokk og liknande er vanlege i elvenamn, særleg på elver som har eit stutt og beint laup, og det er tilfelle her. {s. 220]

Dei første skriftlege meldingane vi har om Spjelkavik er frå 1495 og ca. 1500. Men det er lite truleg at garden har lege aude etter Svartedauden.

Spjelkavik har vore driven som eitt samla bruk så langt vi veit, berre i nokre år omkring 1800 var garden delt mellom 2 brukarar, og var då teigbytt dei i mellom. Gjerdet og Neset blei utskilde og skyldsett som eigne gardar på 1500-talet eller før. Men omkring 1615 blei dei lagde under hovudgarden att og drivne saman med han. Frå omkring 1700 har innmarka minka litt etter litt. Gjerdet og Neset blei tatt opp att som eigne bruk, og plassane Remvika og Prestesetra blei fråskilde, likeså Nedregarden. Og frå 1800 og utover blei stadig nye plassar rydda, og sidan skyldsett til eigne småbruk, så i matrikkelen 1907 hadde den opphavlege einmannsgarden omkring 50 bruksnummer, dei fleste av desse med jord.

Garden blei rekna [som] god og lettdriven, og låg lagleg til. Som Hans Strøm skreiv i 1760-åra: "En smukk gaard". Det var rimeleg at her blei sete for mange embetsmenn opp gjennom tidene. Spjelkavik var futegard i 1592-98, 1609-16, 1633-35. Borgundpresten Hjermann hadde han som avlsgard 1650-90, her var futegard att 1707-43 og 1775-80, og skrivaren budde her 1748-54 og 1780-1800. Spjelkavik blei ein gard som merkte seg ut også når det gjaldt husbygningar. Husa stod mest sannsynleg der dei framleis står, på kanten av ei nokså slakk halling ned mot sjøen.

Utdrag frå opprekningar av husa gjennom tidene: 1748: "Den store vaaning tvers over veien; rullebod med loft og indestaaende rulle; et bryggerhus med indemuret bryggerkjele, bryggerovn og et malet kjøkken; en skriverstue; et vedskjul og andre smaahuse; en stue kaldet Skolen; et stabbur med 2 kammer; en smie; en stor sjøbod; et nøst; tillige med indihegnet have etc." . . .

1810: Branntakst på desse husa: 1. Stovebygningen 30 x 14 alner, 6 alner høg. I sørenden gråsteinskjellar. Huset er tekt med bord og raud takstein. Romma i huset var:

  • Storstove, måla innvendig, 4 fag kittvindauge, 3 etasjers jernomn.
  • Kammer, 2 fag blyvindauge.
  • Kammer med 1 blyvindauge.
  • Gang, tvers gjennom huset, med dobbelte dører på begge sider, herifrå går trapp opp til 2. etasje.
  • Daglegstove, 2 fag kittvindauge, 2 etasjes jernomn, stova måla innvendig og trekt.
  • Pulterkammer med 1 blyvindauge.
  • Daglegkammer, 1 fag blyvindauge, måla og trekt.
  • Spiskammer, ---
  • Blyvindauge.
  • Kjøkken, {s 221] 1 fag blyvindauge, med grue og skorstein.
  • Eit kammer.
  • Eit klekammer. Takst 1500 riksdalar.

  • Nystovebygning, 9 x 9 alner, 2 etasjer, bordkledd med raudt steintak. Takst 600 riksdalar.

  • Eldhus, med bake- og vaskesaker 50 riksdalar. Takst på husa i alt 2150 riksdalar.

1827: Skifte. Husa var: 2-etasjes hovudbygning 75 spesidalar. Stabbur, 27 spesidalar. Eldhus, 6 spesidalar. Kufjøs, 12 spesidalar. Smalefjøs og stall, 4 spesidalar. Løe, 16 spesidalar. Sag, 4 spesidalar.

Dei husa som står no, er bygt i 1860-åra.

Spjelkavik har nok vore ein av dei mest veldyrka gardane i distriktet, på grunn av dei opplyste folka som har site på garden. Kjøkken-, urte- og frukthage er nemnt frå 1748. Garden blei rekna som ein god korngard. Korndyrkinga tok slutt i mellomkrigsåra. Garden har alltid hatt nok slåtteland på innmarka til vinterfôret.

Der har også vore god utmark, sjølv om fjellbeita er noko brattlendte. Seter har garden hatt, nemnd 1723, og sel er omtalt i eit skifte frå 1803 (frå Spjelkavikgjerdet). Det er ikkje urimeleg at Prestesetra blei utlagd som seter til garden i presten Hjermanns tid. Lillestølen kan vel også ha vore heimeseter eller mjølkeplass. Men kor setra sidan har vore, og når ho blei nedlagt, er usikkert. {s 222]

Utmarka har også gitt garden skog til husbruk og sal. Fleire gongar har skogen vore nedhoggen, men har vakse seg til att. Utmarka var felles for alle gardane som var tatt opp frå Spjelkavik til utskiftning i 1864 (bortsett frå Prestesetra, som hadde fått utmarka si fråskilt før).

Om elva, sildevågen og anna attåtarbeid på garden, sjå innleiinga om Spjelkavikbygda.

Skylda til Spjelkavikgarden frå gammalt av

Skylda til garden har forandra seg ein del opp gjennom tidene, og har representert skiftande gardsområde:

I 1620-åra hadde Spjelkavika (når ein legg saman eigar-partane) ei skyld på 6 våger og 2 pund fisk. I denne skylda var medrekna Gjerdet og Neset, som då blei brukte under hovudgarden.

1656 blei skylda nedsett med 2 pund på grunn av elveskade, og heldt seg så på 6 våger fram til 1723 (Gjerdet og Neset var framleis medrekna).

I dei første åra på 1700-talet blei Gjerdet og Neset fråskilde som eigne gardar att, med ei skyld på 1 våg kvar. Så frå 1720-åra og ei tid frametter stod Spjelkavika att med ei skyld, på 4 våger. I desse 4 vågene var Remvika, Nedregarden og Prestesetra medrekna, etter kvart som dei blei rydda. Dei 4 vågene blei snart rekna for ei låg skyld på alle desse gardane, så etter ei tid blei skylda sett opp med ei våg, som blei lagd på Prestesetra og Remvika (desse to plassane blei særskilt skyldsette omkring 1770).

Frå 1770-åra hadde altså Spjelkavik med Nedregarden ei skyld på 4 våger framleis. Av det fall 2 på hovudgarden og 2 på Nedregarden. Dei 2 vågene til Spjelkavik blei i 1818 omgjorde til 4 skylddalar, 4 ort 4 skilling, og i 1890 revidert til 12,83 skyldmark. Av det fall 8,31 på hovudbruket.

Om garden, krøtterhald og avling - utdrag

1723: 3 mann. Gjerdet og Neset medrekna. Avling 16 tønner bygg, 70 tønner havre. Før 4 hestar, 36 kyr, 10 ungfe, 22 sauar, 22 geiter. Til garden brenneved og litt annan småskog. 1 lita seter. 3 små kverner til gardens bruk og litt til leigemaling. 1 liten sildevåg, "hvorudi sjelden noget faaes". Garden er lettdriven og årviss til korn. {s 223]

Eigarar i utdrag

Borgarmeister i Bergen, Jon Randall frå Orknøyene, og adelskona hans, Magdalena Tørrisdotter (ca. 1515-) fekk sønene Tomas og Carsten. Tomas slo seg ned i Spjelkavik, og Carsten på Fyrde i Volda. Begge var adelege. Carsten Jonson Randall fekk stor etterslekt. Broren, Tomas Jonson til Spjelkavik kan også ha hatt kone og barn, "men etterslekta er ikkje kjent," fortel Bjørn Jonson Dale. Tomas blei dømd til dauden i Bergen i 1589 for ei unemnd misgjerning og sidan avretta, men årstalet for avrettinga er ikkje kjent: Frå eit brev som mora arbeidde ut i 1592 ser det ut til at ho rekna med at han var i live då, skriv Dale [3]

Eg vil sitere Dale vidare:

Før 1495 var heile storgarden Spjelkavik (med Neset, Gjerdet og Remvika) reint ættegods, men dette året selte ei Ingrid Ketilsdatter til giskeherren Alv Knutson så mykje ho åtte i "Spel­ingevik". Kring 1600 utgjorde dette 4 pund fisk (1 våg 1 pund). 1503 ga så ein ukjent fra seg 2 mællag i "Spielkandewiik" til erkebispen mot erkestolen si oste- og korntiende av Borgund 1504 og 1505. Dette utgjorde 2.5 pund fisk kring 1600. Resten, 13.5 pund (4.5 våger fisk), var midt på 1500-tallet i eiga til adelige: 3 våger fisk i Bjelke­ætta på Austråt og 1.5 våger i Magdalenaætta.

Kring 1400 kan éin mann ha eigd Spjelkavik aleine - ein adelsmann. Mykje tyder på at han var av den kjente Kane-ætta, som på mannssida døydde ut med riddaren Arald Kane - lensherre på Sunnmøre - som bøndene slo i hel 1496/-97. Bjelkeadelen på Austråt var Kaneætlingar, noko som Tørrisætta også kan ha vore.

I alle fall: Tomas Jonson kunne [kanskje] ikkje bruke Spjelkavik som setegard utan å ha odel i garden. Avrettingsdommen over han innebar at eiga hans i garden (Gjerdet og Neset) blei lagt under krona som bot. Men ætta kunne enno ha rettar - t.d førsterett til å bygsle ein slik "tapt" gard.

Seinast 1592 var Peder Hansson fut på Sunnmøre (til 1597), og kanskje brukte han heile Spjelkavik frå den tida, slik han gjorde til 1608/-09. Peder var også ein slags adelsmann, men borgar av Bergen også. For han var, svært trulig, frilleson av den velbyrdige Hans Pederson til Tjøtta, hustru Magdalena sitt søskenbarn på farssida, og Tomas Jonson sin tremenning.

Då Peder Hansson døydde tok den uadelige sunnmørsfuten, jyden Hans Simonsen, over bruken av Spjelkavik (og kanskje Peder si enke), og dermed var adelssoga om Spjelkavik ute. Men i nær 300 år utetter var Spjelkavik som ein herregard å rekne; dei siste "herrane" som rådde der var prokurator Andreas Mathias Sanne (1809-92) på Øvregarden (Liljedahlgarden) og landmålaren Henrik Wind Daae (1831-1902) på Nedregarden (Langelandgarden).

Spjelkavik er ikkje mykje herskapelig i dag; snautt skapelig - og minnet om fortida er like mykje øydelagt som landskapet. [Bjørn Jonson Dale (Med nokre få språkrettingar)]

I Borgund og Giske, band 2, står det nemnt ein tidleg brukar av Spjelkavik: Peder "paa Spilkenwigh". Han er nemnd i Tiendepenge-skattemanntalet 1520.

Neste kjente brukar var Tomas Jonson (daud etter 1589). Han var brukar i tidsrommet rundt 1570-89. Tomas flytta frå Bergen og busette seg i Spjelkavik. Han har vore ein hard kar. I 1580 klaga høvedsmannen på Bergenhus til Herredagen i Oslo at Tomas med vald hadde tatt krone- og kyrkjegods på Sunnmøre (det var kanskje på den måten han fekk tak i Spjelkavik òg. Eit minne etter han er truleg namnet Tomasneset, som Spjelkavikneset blei kalla rundt 1600. Etter at Tomas var daud, blei garden dradd inn under krona att og utlagd til futegard. {226]

Dei første fullstendige oppgåvene over eigarane til Spjelkavik har vi frå 1620-åra. Då eigde krona Gjerdet og Neset og ein part i hovudgarden, til saman 2 våger 1 pund. Giskegodset; Jens Bjelke, som var kongens kanslar; og Nettelhorst til Blommenholm eigde det meste.

Frå tidlegare tider finst dessutan spreidde opplysningar om eigedomspartar i Spjelkavika, mellom anna at den delen av eigedommen som krona eigde, og delen som Giskegodset eigde, kom i hendene på Hannibal Sehested 1649. Sidan kjøpte borgarmeister i Bergen, Rasmus Larsen, det. Han fekk skøyte på resten av garden også, i 1643. Han kjøpte av Jens Bjelke, som på den tida hadde fått tak i Nettelhorst sin part.

Gjennom arv og makeskifte fekk så borgundpresten Kristoffer Hjermann heile garden til odel og eige, står det i bygdesoga. I 1708 kjøpte futen Nicolai Astrup, og Spjelkavika var i hans ætt til 1748 og 1753, då sorenskrivar Leganger fekk skøyte. Enka etter han, Catrine Astrup, blei sidan gift med J. F. Krøpelin i Bergen. Han sat med garden til 1777, då selde han til futen Mats Sørensen for 1200 riksdalar. I 1782 kjøpte sorenskrivar Bull. Alle desse overdragingane gjaldt også Gjerdet, Neset og dei andre gardane som er utskilde frå Spjelkavik. {s 225]

Etter fleire transaksjonar med kjøp, sal, bygseldelingar og arv kom garden i hendene på Ole Jonsen Svare frå Vågå i Gudbrandsdalen. Han kjøpte garden 1810. Året etter skøytte han frå seg garden til Tor Pederson frå Luster i Sogn. Dei første åra sat han med halve garden, men frå 1814 hadde han heile Spjelkavik, heile garden. Han var velhalden, for han gav i 1811 3522 riksdalar for garden kontant. Tor Pederson var den siste som eigde heile Spjelkavikbygda samla. Då han døydde i 1815, fekk sonen Peder Torson (1799-1873) hovudgarden og Prestesetra, sonen Lars fekk Nedregarden, Lillestølen og halve Vasstranda, dottera Ågot (Agatha) fekk Neset, Gjerdet, Remvika og den andre halva i Vasstranda.

Enka etter Tor, Britha, dreiv garden nokre år etter han var daud, til sonen Peder Torson (1799-1873) overtok rundt 1820. Britha gifta seg opp att og flytta til garden Leirmo i Luster. Peder var eit par gongar i forlikskommisjonen for å ha helseslått plassemenn under garden. Det eine tilfellet var alvorleg. I 1819 fekk han barn med ei jente frå Skodje, og i 1823 med Lisbet (Elisabeth) Tomasdotter Spilchevig (født ca. 1799). Ho gifta han seg med sidan. Ho døydde i 1827. Det ser ikkje ut til at Peder gifta seg opp att, men han fekk endå eit barn, i 1829.

Då Lisbet døydde, hadde dei på garden 2 hestar, 8 kyr, 7 kviger, okse, 9 geiter, 10 sauer. Jorda var taksert til 516 spesidalar. I 1850 skøytte Peder frå seg garden til fargaren Christian Emil Jonsen frå Bergen og fekk kår slik.

Jonsen måtte la garden gå på auksjon, heftefritt. Sakføraren A. M. Sanne (1809-92) i Ålesund fekk tilslaget på auksjonen over Spjelkavik i 1856, for 2401 spesidalar. Sanne la i veg for å få meir utbytte av gardsdrifta, bygde nye hus, ei mengde grøfter. Mykje av arbeidet blei gjort med leigehjelp. Han avla opp til 100 tønner korn på garden. Han hogg også mykje skog, "til slutt var det berre juletre att", står det.

Postmeister Edvard A. Liljedahl (1845-1924), frå Vik i Sogn, kjøpte garden i 1893. Han var stortingsmann i mange år, eit par gonger statsråd.

Ivar Sjursen Liljedahl (1853-1915) frå Vik i Sogn overtok i lag med kona si, Karen. Ho var født i Vik i Sogn (1859-1930). Ved sida av garden hadde Liljedahl post og handel i eine stova i hovudbygningen, sidan i det nedlagde meieriet.

Sonen Apolonius Liljedahl (f. 1896) - gift med Inga Viddal (f. 1900) - overtok bruket etter dei to, og budde i fred i det gamle gardstunet med ein allé store, fine lerketre fram til seg. {230]

Ivar Kjell Liljedahl arva siste rest av garden dernest.

"Hønsebrøt"

No er mykje mark utparsellert til rekkehus og einebustadar. Ei av konene i slekta, eg tenker det var Lisbet (ca. 1799 - 1827), var kjent for givnader som klok kone, det vil seie "helbredelseskunst på folkemedisinsk grunnlag" og å vere synsk. Vi kan formulere det noko annleis: Ho var god mot dyr og profeterte eit og anna i tillegg. Ho skal ha føresagt at "det skal ikkje bli så mykje som eit hønsebrøt igjen" av storgarden. Eit "hønsebrøt" (dialekt) er arealet som er tiltrengt for å fø ei høne. Standardar varierer. Økologiske høns må ha minst 5 kvadratmeter ute, og høgst 5 høner per kvadratmeter innandørs. Burhøns har meir trangbudde kår.

Så kanskje garden ikkje femner over hus og mark for høns og gardsdyr meir, men desto fleire bustadar. Noko er gått tapt og noko er vunne.

Div.

Spjelkavikneset (Neset)

Spjelkavikneset, gardsnummer 22, ligg mellom garden Remvik i sør og sjølve Spjelkavika nordanfor. Spjelkavikneset eller Neset er rydda under Spjelkavik, truleg seint på 1500-talet, og blei omkring 1600 kalla Tomasneset, kanskje etter Tomas Jonson til Spjelkavik.

Omkring 1610 låg Neset folketomt ei tid: frå året 1613 har vi eit bygselbrev som seier at "den øde plads Spilkevignes" er bygsla av futen, Hans Simonsen som budde i Spjelkavik. Resten av 1600-åra blei så Neset drive saman med opphavsgarden, Spjelkavik, gardsnummer 24. Rundt år 1700 høyrer vi om ein husmann som sat her, og frå 1707 blei Neset drive som sjølvstendig gardsbruk, til 1740 med éin oppsitjar, sidan med to brukarar fram til 1827. Det året kom eit nytt bruk til, det fekk ein part av kvart av dei 2 andre. På 1800-talet blei også fleire plassar rydda under garden, dei blei sidan eigne småbruk, og i 1907 hadde Neset åtte matrikulerte bruk.

Husa til Utigarden og Berngarden har truleg lege saman på nordsida av neset der Berngaren no har tunet sitt. Her låg dei beste {s 205] åkrane, Sandingane, ned mot sjøen i Spjelkavika, her kom også gardsvegen frå Remvika over neset, før Magerholmvegen blei bygt i 1830-åra.

Innmarka til dei to hovudbruka var småbytt i teigar heilt til utskiftninga som var avslutta i 1944. Åker og eng var bytt, og dei brukte landemerke og méd - siktemerke i naturen - til å skilje ut stykka sine på fiskarvis. Bruksnummer 2 og plassane under garden hadde stykka sine samla.

Neset treska kornet sitt i Brokkedalen i sør. Det var ein stadig krangel med grannegardane om tilsiget til vassleidninga frå utmarka. Neset og Breivika byttest om å ta vatnet frå kvarandre, men etter utmarksutskiftninga i 1860-åra fekk Neset oppdemmingsretten.

Garden hadde del i Spjelkavikbygda fellesutmark til 1860-åra, då heimeutmarka blei utskift.

I fjellet finst framleis stadnamnet "Nessetra", men i nyare tid er ikkje seterdrift kjend, då har dei hatt sommarfjøsar ovanfor Spjelkavikgjerdet.

Eigarar

Garden hadde dei same eigarane som Spjelkavik (gnr 24) til 1817. Då blei Spjelkavikneset utlagt til dottera, Ågot (Agatha) i skiftet etter Tor Pederson. Mannen hennar, Kristoffer Hansen Høyum, makeskifta i 1820 med Hans Olsen Lermo (Leirmo), som året etter selde til oppsitjarane.

Brukarar

Den første Nes-oppsitjaren i bygdeboka, er Hans Eriksen i Tommisnes. Han sat her i 1603 og dreiv heile garden til 1614. Dernest blei Spjelkavikneset inndradd under hovudgarden Spjelkavik, og driven saman med hovudgarden gjennom resten av 1600-talet.

Peder Pedersen (daud 1758, 95 år), bygsla i 1707. Han var gift med Anne Jakobsdtr. (daud 1757, 91 år), og dreiv heile garden til 1740. Då blei Neset delt i to like bruk: Berngarden (bnr 1) og Utigarden, også kalla Utigar.

Utigaren

Utigar, bruksnummer 3, fekk ei brukarrekke som starta med Peder Pedersen den yngre Spjelkaviknes (1712-49), son til Peder Pedersen på Berngaren. Peder d.y, bygsla halve garden i 1740.

Den femte i brukarrekka tok kår i 1810, og bygde ein liten plass under garden, Synnaforplassen.

Neste brukar, Jonas Pedersen Engeberg (ca. 1785 - ca. 1850) kom frå Volda. Far hans var elles Peder Jonassen frå Brynestad i Stryn, slår dei frampå om i Busetnadssoga for Volda under Ellingsgarden på Engjaberget (gnr 63, bnr 1), I alle fall: Peder eigde og dreiv Ellingsgarden frå 2.9.1780 til 1795, og sonen Jonas dreiv Utigarbruket frå 1810 til 1845. Han var gift med Karen Larsdotter (ca. 1785 -ca. 1850). Jonas kjøpte bruket i 1821 for 526 spesidalar.

Kjente søner

Jonas og Karen blei foreldre til desse sønene og eventuelt andre barn eg ikkje kjenner til:

  1. Peter Andreas, født kring 1811. Peter gifte seg i Borgund den 17.9.1836 med Anne Margrete Andreasdotter. Ekornes, født kring 1809. Far hennar var Andreas Halvorsen Ekornes.
  2. Lars, født 16.7.1815 ifølge Luster gards- og ættesoge. Lars gifta seg med Tomasine Pedersdotter Spjelkavik, f. 1823, i Borgund den 26.7.1840. Ho var dotter av Peder Torsen Spjelkavik. Dei slo seg til på Gravarhaugen (Haugen) kloss ved.
  3. Antonius Britanus, født kring 1826, gifta seg den 1.7.1849 i Borgund med Maren Beate Larsdotter Nedregaard, født kring 1828. Ho var dotter av Lars Larsen.

Faren til dei tre, Jonas, skøytte frå seg Utigarden til sonen { s 208] Peter Andreas Jonassen (f. 1811), som var brukar frå 1845 til 1888, og gift med Anne Margrete Andreasdotter Ekornås, Sykkylven (1810-94). Peder skøytte til sonen Johan, og sonen til Johan, Peter, var snikkar. Han overtok bruket ca. 1900 og fekk skøyte i 1913. Sonen Johan Petersen Spjelkaviknes (1909-93) dreiv bruket etter skøyte frå 1950. Han var gift med Lina Hauge (1915-96) frå Sande.

Johan og Lina budde i eit kvitmåla hus i sveitsarstil ute på neset. Sveitsarstil er eit norsk namn på ein arkitekturstil som gjorde seg gjeldande i Noreg frå 1860-åra og inn på 1900-talet for hus som blei bygd i tre især. Namnet "sveitserstil" oppstod på folkemunne, og blei etter stutt tid allment akseptert som nemninga på "den nye Træstiil".

Bygningar i sveitserstil har saltak som stikk langt fram over ytterveggane i både gavlpartia og elles. Bustadhusa er gjerne på halvannan eller to etasjar og med dominerande verandaer som har sitt eige saltak og store og framheva gavlar, og vindauga er store krysspostvindauge (firedelte glasflater) eller T-postvindauge (tredelte glasflater) med markerte innrammingar. Verandapartia, gesimsane, gavlfelta, vindaugeinnrammingane og anna er vanlegvis dekorerte med utsaga mønster og ymse andre snikkardetaljar, såkalla "snikkarglede". Husa blei bygde for å ligge fritt, ikkje kjeda saman med grannehus - og slik låg huset på Utigaren til for nokre tiår sidan.

Brokkevik, nedlagd plass

I 1921 fortalde Tomas Eliassen Spjelkaviknes til P. Stensager at det ein gong skulle ha vore ein plass i Brokkedalen, lengst sør på den gamle innmarksgrensa mot Remvika. Plassen skulle vere nedlagd for over 100 år sidan då, og dei siste folka her skulle ha heitt Jo (Brokkedals-Jo) og Gunnhild. "Dette er sikkert rett, i 1720 er nemnt plassen "Brockevig", som då svarte 1/2 riksdalar i årleg leige til Astrup i Spjelkavika."

Div.

Gravarhaugen (Haugen)

Gravarhaugen (Haugen), bruksnummer 2, ligg ved grensa til Spjelkavikneset. Bruket blei rydda omkring 1830 av Tore Hallkjellsen (d. 1839). Gravarhaugen blir også kalla Spelarhaugen, etter Ole Pedersen Djupvik (1766-1830), "Spelar-Ole", ein kjent felespelar som var den første som budde her.

Lars Jonasson Spjelkaviknes (1815-1904) busette seg på Haugen. Lars var son til Jonas Pedersen Engeberg (ca. 1785 - 1849), som kom frå Engjaberget (gnr 63, bnr 1) i Volda og busette seg på Spjelkaviknes. Med kona Karen Larsdotter (ca. 1785 - ca. 1850) fekk Jonas Lars, som fekk feste på Haugen i 1840 og gifta seg same året med Tomasine Pedersdotter (1823-1900). Ho var dotter til Peder Torson Spjelkavik. I 1840-68 brukte Lars halve Prestesetra attåt. Dei sat på plassen til 1887, då dei tok kår hos sonen Peter A. Larsen (1854-1927). Peter gifta seg i 1886 med Jakobine Knutsdotter Opskar (1862-1954), og fekk skøyte på Haugen året etter.

Svigersonen Egil Rensvik (f. 1899), gift med Tea (Mathea) Petersdotter Haugen (f. 1902), dreiv bruket etter skøyte frå 1931, med Prestesetra attåt. Dei fekk tre søner.

Div.

Jørnmyra (Myren)

Jørnmyra (Myren), bruksnummer 3, ligg ovanfor riksvegen, ved grensen til Spjelkavikneset, og blei rydda i 1815.

(Peter) Daniel Larsen Spjelkavik (1850-1925), son til Lars Jonassen, var gift med Henna Rasmusdotter Kvalen (1863-1945) frå Sande, og fekk skøyte på Jørnmyra i 1887.

Sonen til Daniel i Jørnmyra, Johan Danielsen Myren (1896-1977), dreiv bruket etter dei, etter {232] skøyte frå 1922, og var skomakar i tillegg. Han var gift med Synnøve Stokke (1895-1972).

Sonen Knut Ragnar Myren (1909-91) overtok dernest. Han var gift med Petra (1919-2001).

I dag går det ein brei veg gjennom sentrale deler av garden.

Henna Myren (Avisartikkel)

IMAGE

[TEKSTEN.] 80 år. Henna Myren. Spjelkavik, fyller 80 år den 1. mars. Hun ble født på Kvalen ved Larsnes. Her ble hun kjent med Daniel Larsen, Spjelkavik, som var gårdsgutt på prestegården. Da de skulde gifte seg reiste de til hans heimbygd. Daniel arbeidet forskjellige steder. Men etter et par års forløp kjøpte han en myrstrekning i utkanten av farsgården. Og no begynte det en strevsom men også interessant tid for Henna og Daniel, med bygging av hus og dyrking av jord.

- Det ble hverken med hest eller plog men med hakke og spade, sier den blide Henna til oss, da vi vitjer henne i høve dagen. Og det ble heller ikke minering, hver en stein ble slått i stykker. Om lag 30 mål er dyrket opp, men først måtte stoven og fjøs med løse [løe] reises. Vi ble en stor familie. 7 gutter og 2 gjenter, det ble 11 som skulde ha mat og klær. Daniel måtte derfor ta annet arbeid og det ble i de sparsomme fristunder han fikk arbeide for seg sjøl. Man [Han] drev mest som murer og drev også sjøen. Inne i stoven var det vevstol og rokk som fikk være prydnaden. Alt strikket og sydde jeg til barna, og når en hadde så mange karer som 8 ble det arbeidet tidlig og seint. Etter hvert som barna vokst til reiste noen av dem ut, to sønner drog til Amerika, hvor den ene døde. Seinere er en datter også død. No har hun de fleste av barna omkring seg, idet de har fått seg heimer på Myren, og dertil mange barnebarn, heile 40 og 11 barnebarnsbarn. Hun har vært enke i 18 år. No er det sønnen Johan D. Myren som driver gården ved sia av at han har skomakerverksted.

Det er er 60 år sia, Henna kom til Spjelkavik. - Den gang var det langt mellom hver nabo, no er det hus i hus alle steder, sier hun.

Henna Spjelkavik er ualminnelig kjekk for alderen men så har hun alltid hatt en god helse. Hun steller sin egen lille heim, og er svært fornøyet slik hun no har det. No kviler hun ut etter en lang og strevsom arbeidsdag."

Avisartikkelen er frå 1942, då Henna var 80 år. Ho døydde tre år etter.

Utfylling: Ein dotterson fortalde at dei som rydda og bygde Myren-garden i Spjelkavik, også henta mold ifrå lia ovanfor garden. Dei bar molda i sekkar på ryggen (meis) og tømte ut over bergrabbar på flatene der innmarka til garden kom i stand om senn.

Innhald


Borgund lokalhistorie, Spjelkavik gardshistorie, litteratur  

Braband, Åge. "Brusdalsvassdraget med Lillevatnet i Spjelkavik, Ålesund kommune: Forvaltningstiltak basert på kartlegging av egnethet for laksefisk." Rapport nr. 205. Universitetet i Oslo: Laboratorium for ferskvannsøkologi og innlandsfiske (LFI) Zoologisk Museum, 2001.

Dale, Bjørn Jonson. "Halvt lilje, halvt ørn". Udatert.
www.soga.no/bjodale/kronologien/hustmagd.htm

Detaljar frå slektstilhøva: MyHeritage-side.
www.myheritage.no/site-166739191/tormod-kinnes-og-ivar-bakken.html

Kjelland, Arnfinn, hovudred., Olav Myklebust og Eldar Høidal. Busetnadssoga for Volda. Band 3: Høydalen – Austefjorden – Hjartåbygda. Volda: Volda kommune, 2007.

Kleiveland, Frode. "Vil stelle til elv og kanal i Spjelkavik". Ålesund: Sunnmørsposten, 9. juni 2011.
www.smp.no/nyheter/article357040.ece

Store norske leksikon: "Borgund kaupang", "Spjelkavik".

Øvrelid, Ragnar. Borgund og Giske. Band 2 Gardssoge. Gardsnr. 1-51 Np: Borgund og Giske Bygdeboknemnd, 1962.

Wikipedia, s.v. "Borgund i Møre og Romsdal".

Notar

  1. (a) Folketelling for Ålesund, år 1900. "Informasjon om bosted".
    www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1501&kenr=006&bnr=0021&lnr=02

    (b) Romsdals Amts Adressekalender 1900, s. 23. Ålesund: J. E. Furø og O. Barmann, 1900. Søkbar.PDF: Romsdal sogelag.
    www.romsdal-sogelag.no/pdf/Adressebok_1900_Sokbar.pdf

    (c) Fiskets gang, 13. januar 1937. PDF.
    biblioteket.imr.no/fg/1931-1940/1937/fg_1937_02.pdf

  2. Kleiveland, Frode. "Vil stelle til elv og kanal i Spjelkavik." 08.07.2011. Ålesund: Sunnmørsposten.
    www.smp.no/nyheter/article357040.ece
  3. Dale, Bjørn Jonson, under "Tomas Randell fra Orknøyene", post 21, datert 30. nov. 2005.
    forum.arkivverket.no/topic/119785-34242-tomas-randell-fra-orknoeyene/page__st__20#entry977499


Borgund lokalhistorie, Spjelkavik gardshistorie, opp Seksjon Sett Neste

Borgund lokalhistorie, Spjelkavik gardshistorie BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]