Norsk del, Gullvekta
Anetavla til Maren Jørgensdotter
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Maren Jørgensdotter (Staur) si anetavle
Anetavla er frå Wikipedia, s.v. "Maren Jørgensdatter Staur"

Biletet syner ikkje skjelpadder på bakføtene og med breittståande auge og rare hovudplagg og krimskrams, men seksten våpenskjold ifrå ei gammal, skandinavisk anetavle etter Maren Jørgensdotter (Staur) frå 1685. Ho er direkte ane for mange, deriblant bror min og meg. I den grad Marens anetavle er rett, har vi folk frå dei seksten opplista adelsættene blant anane våre. Men ein skal ikkje utan vidare godta gamle anetavler - ein og annan feil kan ha snike seg inn der.

Kjelda: Rigsarkivet i København, 860, Håndskriftssamlingen I, Terkel Klevenfeldt (1710-1777), Dokumenter vedr[ørende] adelege familier, pakke 37. Kopien er eit stort ark som utbretta er 80 x 33 cm. [jf. Wikipedia, s.v. "Maren Jørgensdatter Saur"]

Namna under våpenskjolda i Marens anetavle er med gamle og nyare skrivemåtar frå toppen og venstre (farssida):

1. linje: frå venstre Grann, Rustung, Benkestock, Stauffr (Gran, Rustung, Benkestokk, Staur);

2. linje: Von Bergen, Sckancke, Flemming, Bunden (von Bergen, Skanke, Flemming, Bonde);

3. linje: Galtung, Colden, Haar, Basse (Galtung, Kold, Haar, Basse);

4. linje: Sinckler, Adelsteen, Gast, Graa (Sinklair, Adelsteen, Gast, Graa).

På høgre side (morssida hennar) er det frå

1. linje frå venstre: Røed, Rustung, Vinter, Gaaes (Rød, Rustung, Vinter, Gås);

2. linje: Seefeld, Skancke, Gaelskytt, Bagge (Seefeld, Skanke, Gaelskytt, Bagge);

3. linje: Rostrup, Evindzøn, Naegel, Theiste (Rostrup, Evindzøn, Nagel, Teiste);

4. linje: Jylling, Maaneskiold, Freberg, Hartgenger (Jylling, Måneskjold, Freberg, Hartgenger).

Mor til Maren var dotter til den danske adelsmannen Hans Ovesen Lunov frå Jylland. Han og kongen i København bytte eigedom, og Hans fekk fleire i Trondheim og omeign, så som Lade og Ringve. Sidan adel jamt gifta seg med adel i dei tider også, kom fleire danske adelsætter inn i bildet (les: i tavla), og den siste norske erkebispen, Olav Engelbrektsson. [Meir]

Dei fleste norske adelsslektene var fordrivne på 1500-talet - skvisa ifrå adelskap og fordelane med det, ved det som blei regulert på dei frå kongen i Danmark. Han favoriserte dansk adel, mens norsk adel gjekk nedover til bondestatus eller døydde ut.

Gjennom kvinneledd stammar mange nordmenn frå eldre slekter med ei eller anna form for adeleg status, også frå norsk adel.

Adel i Noreg: Informasjon om og lenker til einskilde ætter ein kan fine noko tilfang om i Wikipedia under "Norsk adel".

Adel ifrå Danmark står det eit stutt oversyn over i Wikipedia under overskrifta "Danske adelsslekter".

TO TOP

Rett adelege

Kven er rett adelege? Heiderleg folk. Og den meininga ligg bygt inn i sjølve ordet, som kjem av tysk "edel, eigentleg, uforfalska." Men med røter i historisk tradisjon har jo adelen vore ei samfunnsklasse med særskilde juridiske privilegium - skattefritak eller skattelette - men også gitte plikter. Adel var i mange tunge år den øvste samfunnsklassa - folk som kunne seg med ufred, kriging og våpen, fekk adelstitlar av kongen fordi dei kunne vere til nytte slik, berre dei ikkje vende seg mot han. Og det var det no somme som gjorde . . . Etter kvart blei adelstitlar og særrettar gjort arvelege. Slik utvikla det seg adelsslekter med rangordningar og særrettar, privilegium - Slik er livet, for menneskelystene har sine grove utlaup.

Overhovudet i eit rike kan vere konge eller dronning. Hertugar kjem under dei, og så kjem kanskje ein skokk jarlar, baronar, grevar og riddarar med meir.

Etter "Luster bygdebokverk" har både farssida og morssida anar i Kruckow-ætta og andre adelsslekter i mellomalderen og seinare, slik anetavla ovanfor gir gløtt inn til. Det er tenkeleg at bondeadel frå Vigra er involvert også, slik Hjørundfjordsoga ymtar om for Marit Hareid i slektstreet ◦her.

Slikt kan vere godt å sette i ein breiare samanheng, for eksempel kva som er gjennomsnittlig, sånn omtrent: "Ei av 8 000 var adeleg, men kva med resten? Og er "adelsskvetten" i blodet stor nok til å farge blodet blåare så ein verkar meir fornem?" Gjer nokre "adelspromillar" ein betre? Meir livsdugleg? Det kan vel vere lurt (les: erfarent) å la vere å konkludere over slikt før ei utprøving, ei godkjend testing.

Fiskarsoge – sanning eller skrøne eller noko imellom

Far vår fortalde stundom skrøner og fiskarhistorier. Ei soge handla ein kjenning som pukka på at han hadde blått blod i årene. Han dreiv sjøen (var fiskar) i lag med far før far gjekk i land etter mange år.

I ein grov storm til sjøs tok far seg ut frå byssa og såg at kjenningen hang utfor ripa etter berre hendene. Far skunda seg å hale mannen inn på dekket før karen forsvann i havet.

"Korfor skreik du ikkje etter hjelp?" spurde far.

"Skulle ein med blått blod i årene rope om hjelp frå vanleg folk?" spurde mannen.

Korleis ein finn seg blått blod å harpe på

Ganske visst hadde far også dropar med blått blod i seg, men ingen av dei to visste noko om det. Både far og mor stamma frå Kruckow-ætta, Teiste, Torekrans og meir til, men dei visste ikkje om det; dei hadde ikkje røkt etter.

Saka er at langt attover er det mange titusen å slekte på og mange å gløyme av, men til sist dukkar det vel opp adelsfolk, futar, lensmenn, borgarmeistrar og prestar for den som ikkje gir seg og finn gode kjelder. Det er meir uvanleg å ha barnlause i anerekka si. Som han sa, mannen: "Dersom foreldra dine ikkje fekk barn, er det sjanse for at du ikkje får barn, du heller."

Kva skal ein då seie mot at den siste norske erkebispen dukkar opp i ane-samanheng? Katolske prestar i dag får ikkje bli anar, men i tidene før Reformasjonen makta dei ting som det . . . Ein skulle sjå nøye etter i slike høve. [Katolsk mord-bestillar og erkebiskop]

Her er tal for å sette eventuelle hurra-anar i perspektiv:

  • EIT HUNDREÅR BAKOVER. 2 foreldre, 4 besteforeldre, 8 oldeforeldre - det blir tre generasjonar, lausleg rekna til 100 år.

  • EIT HUNDREÅR TIL. Så kjem 16 tippoldeforeldre, 32 tipp-tipp-ar, og 64 tipp-tipp-tipp'ar, og vi er gått tilbake til rundt år 1800.

  • KANSKJE TRE HUNDREÅR. Dernest kjem 128, 256 og 512 til i neste hundreår, frå år 1700 til 1800.

  • KANSKJE FIRE HUNDREÅR. Så har vi 1024 tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tippoldeforeldre - det blir lausleg 9 generasjonar bak i tid- og 2000 og 4000 i generasjonane bakom i dette hundreåret, og vi kan ha komme tilbake til rundt år 1600.

  • KANSKJE FEM HUNDREÅR. Så har vi - lausleg - 8000, 16000 og 32000 i dei neste tre slektledda, og har fått med om rundt tolv slektledd tilbake til tida mellom 1500 til 1600, sånn omtrent Ein finn neppe fram til alle dei.

Dette er grove, lauslege tal. Dei syner at kvar har mange å slekte på, nok til å fylle ein ganske stor norsk by i sum når ein grev fram alle frå dei siste fem hundre åra. Går ein berre langt nok, kan ein grave opp adelege og berme: sannsynet taler for det. Mange håper vel å finne adelege framfor bandittar, trass i at høvdingar og kongar hyppig gjekk for å vere fremst blant bandittane (vikingar, røvarar og krigarar) og blei opphav til seinare adel også. Får ein historia noko på avstand, kan vel adelen i anerekkene verke flott - ikkje sant vel?

Noko til: Det som heiter normalfordelingskurva tilseier at mange er ganske gjengs, nokre skil seg ut negativt, og andre skil seg ut positivt. Dess fleire som går inn i reknestykket, dess større sjansar blir det - statistisk - for å finne glupe og idiotar, adelege og strevsame arbeidsfolk, for eksempel. Ja, ein kan også finne strevsame adelege, glupe adelege, og idiotar som er født i adelen. Det skulle plage ingen. Det har vore mange slike i Europas adel og nokre kongehus i tillegg.

Sidan småkårsfolk ikkje har komme med i slektsoversyn i same grad som væpnarar og andre adelege - jordeigarar framfor alt - kan ein godt komme til å tru at ein har meir blått blod i årene enn rimeleg er, fordi jordeigarar har komme inn i offentlege register.

Det ein ikkje så lett finn i gards- og ættesoger, er folk utan gard, utan fast bustad og utan ætt og jord i ryggen. Etter Svartedauden fanst det nok mange slike. I eit par hundreår etter 1349 då pesta kom, gjekk mykje frå gammalt over ende. Norsk skriftspråk gjekk ad undas, danskar fekk meir og meir kontroll, og skattane fann ikkje så ofte vegen til vanlig folk sine lommer heller, om dei hadde lommer. Sjeldan bad fint, gromt folk om orsaking for at andre leid nød heller.

Dette vil mellom anna seie det er ikkje heilt enkelt å spore opp slekt og slikt frå tida rett etter Svartedauden, og frå landlause og huslause men likande og kjekke forfedrar.

Ein skulle freiste å ta vare på den slekta ein har, og gjerne gi dei levande førsteprioritet.

Befolkingsvekst gav husmannsveldet

Bakom utvandring og husmannsveldet: stor befolkingsauke. Når ein ser baketter i slekta, finn ein vel ganske mykje og forskjellig. Somme har hatt gardar og gifta seg opp att mest med det same ektemaken døydde. Det var andre forhold og mindre statlig styring. Somme har ikkje eigne gardar, men hus og høve til å nytte mark dei ikkje eigde, til noko krøtterstell, men sjeldan i veldig stort omfang. "Attåtsyslar" som fiske, jakt og bærplukking gagna mange.

Barnerike familiar førte til at rundt ein tredel av folket utvandra mellom 1835 og 1915, men det var langt frå berre fattigdom som dreiv folk til å fare over til det som blei USA i dag [1].

Utvandringa bremsa opp utviklinga av husmannsveldet, som hadde ein topp midt på 1800-talet, og som det var mest av på Austlandet. Vestpå var husmannsveldet mindre omfattande, og skilnadane mellom jordeigarar og dei som ikkje eigde jord til gard, var ikkje så store heller. Mange husmannsplassar hadde så mykje jord at folket der kunne brødfø seg. Om ikkje, laut folket ha anna arbeid for å klare seg, til dømes innan fiskeri eller handverk. Smått om sett blei det reist industriverksemder med nye arbeidsplassar for mange også.

Utover 1900-talet blei husmannsveldet avvikla. Det blei lovfesta i 1928 at husmenn kunne kjøpe ut plassane sine og gjere dei om til sjølvstendige småbruk. Tommelregel: Gardar hadde hestar, mange småbruk hadde det ikkje.

Med så mange husmenn og "huskoner" som det har vore i forhold til gardfolk, kan ein vanskeleg unngå at somme i slekta har vore plassfolk, i og med at dei fanst i store skarar. Dei trong ikkje vere betre eller verre enn bønder flest heller, fordi om dei sleit verre for å overleve vinteren og ikkje li nød elles heller.

For nokre månadar sidan kommenterte eg til ei med anar tilbake til kongelege: "Dei trekker fram folk å sole seg i glansen av, men ikkje hestetjuvane i slekta." Så nemnde eg at eg hadde funne to lausgjengarar bak i slekta mi, begge frå Luster. Den eine var elles "nasjonalsoldat" til tider, nokre år før unionen med Danmark brast. Det eg ikkje hadde oversikt over då, var at begge sidan blei bønder med kvar sin gard. Men det er ikkje hovudsaka. Og kva som kan vere happy ending kan vere så forskjellig. Det er ikkje sikkert dei blei lykkelegare som bønder i Sogn og Fjordane enn som lausgjengarar/soldatar, men det synest mykje mogeleg.

Av dette kan det skine gjennom at eg ikkje gjerne vil døme folk etter kleda eller kor dei bur heller. Mange gjer det, trass i at det kan komme stor gut frå lite hus, som ordtaket seier. Og omdømme sitt kan ein få med rette og urette.

Kven finn ikkje plassfolk i slekta bakover?

Same kva ein finn i slekta, har ein først og fremst seg sjølv, som er nokon ein kan jobbe med, kvar etter si lyst, tenker eg. Kva to, tre og fire oldefedrar og oldemødrer vasa seg bort i den gongen då, det tilhøyrer dei og det er berre fair å greie ut om forholda deira, mens ein ber i hugen nokre kloke ord som ein amerikansk president, Abraham Lincoln, ein gong sa: "Eg veit ikkje kven bestefar var; eg er mykje meir opptatt av å finne ut kva sonesonen hans blir til."

Og finn ein forskjellige velstandsfolk – kongar, adel, gilde bønder, sokneprestar og anna slikt blant anane sine, kan ein hugse det er vanskelig å sole seg på rett i skuggen av andre, og at folk før i tida var rike og privilegerte ved å vere gjerrige med goda overfor andre som dei rei på.

Og dessutan: genemikset

Det er vel stort sett stas å bli merksam på namna til forfedrar og formødrer og anna i ætta som har bore fram far, mor, besteforeldre, oldeforeldra, tippoldeforeldre og vidare der ein finn dei. Det kan bli ei interessant reise til tider.

Innhald


Maren Jørgensdotters anetavle, adelege, adel, litteratur  

Note
  1. Odd Lovoll har skrive om utvandrarane frå Noreg i to særs gode bøker. Den eine heiter The Promise of America (Revidert utg. Minneapolis: University of Minnesota Press, 1999), og den andre The Promise Fulfilled (Minneapolis: University of Minnesota Press, 1998). Den første av bøkene finst på norsk, der ho heiter Det løfterike landet, er gitt ut på Universitetsforlaget i Oslo, seinast i 1997. Dei første åtte sidene fortel meir om det eg skisserer i teksten.

    Den siste av bøkene dokumenterer elles at dei fleste (og etter kvart utblanda) norske etterkommarane av alle som overlevde møtet med Nord-Amerika, var blitt del av amerikansk middelklasse rundt 1998 - ikkje betre, og ikkje verre.


Maren Jørgensdotters anetavle, adelege, adel, opp Seksjon Sett Neste

Maren Jørgensdotters anetavle, adelege, adel BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]