![]() |
Gamvik og Kåven | |||||
| 15 3 12 | ||||||
|
Gamvik med KåvenNamnet 'Gamvik' kjem kan hende av 'gang', grasmark. Gamvik er ein av dei aller første norske busetnadene i Finnmark syner skrivne kjelder frå tidleg 1500-tal. Først etter 1814 blei styringa og dei offentleg regulerte samfunnstilhøva jamt over som i Noreg elles. På 1800-talet var det ikkje uvanlig at fiskarar frå Nordland var med på torskefisket utanfor Finnmark, og at somme busette seg i Gamvik. Omkring 1840 kom det stor tilflytning til Gamvik. Fiskarane frå Nordland hadde betre båtar enn dei som var i Gamvik frå før. Eine tippoldefar min flytta frå Stod til Nærøy, der kona kom ifrå. Dei flytta vidare til Buksnes i Nordland. Dei budde ei tid på Hamarøy også. Der blei dottera Barbro født ikring 1855/56. Etter nokre år bar det vidare til Kåven (også Koven og Kaaven) nær Gamvik sentrum på Nordkynhalvøya først på 1840-talet. Familien følgde "1840-bølga". Kåven er no blitt regulert inn i Gamvik-museet for å gi besøkjande nokre gløttar inn i kvardagstilværet i eldre tider. Kinnarodden i kommunen er det nordlegaste fastlandspunktet i Europa. Tilflyttarfamilien fekk ein son - han som blei oldefar min - i tillegg til dei tre barna dei hadde frå før. Så døydde tippoldmor. Tippoldefar gifta seg opp att fem år etter med ei frå Tranøy, og fem år etter det igjen står han oppført i 1865-teljinga under Lebesby, som er nabokommunen til Gamvik i dag. I folketeljinga står han oppført som fiskar og sjølveigar med fire kyr og åtte sauar i Kjøllefjord. Familien med husfar, husmor og barna hadde garden Sandfjord Saur, Lebesby. Kva slags folk trekker opp til kulde, audslige trakter, isvatn og mørke? Det svarar eg ikkje på. Kva slags kyr kan vere i lag med dei? Vel, det er slik at vaksne kyr ikkje tar til å skjelve av kulde før det nærmar seg 25 minusgrader. Det er forsvarleg å halde kyr i trekkfrie omgivnadar ned til minus 25 grader, berre dei blir godt fôra, får vatn, godt stell og har tørre liggeplassar, fortel veterinær Marit Sandersen i Vadsø. [1] Ein vits: 183 grader minus: "Bakteriar i mat døyr. Kyrne i Finnmark klagar over at bøndene har kalde hender." Svaret på kva slags folk som drar til Finnmark og får seg kyr og sauar der, kan vere: "Folk med gode, varme hender - det kan vel tenkast . . ." |
|
|
|
|
|
[1] Slik har kua det i 22 minus: Mange av landets nye fjøs er hverken isolert eller oppvarmet. NRK Nordnytt, 7.1.2010. |
|
© 2012, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKE] |