Norsk del, Gullvekta
Gardar og hendingar i Hjørundfjord  ❀ 1
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Frå Hjørundfjord - 1:

Aklestad  —   Bjørke  —   Hole  —   Hustad  —   Kvistad  —   Leira  —   Lida

Frå Hjørundfjord

Hjørundfjorden, kartutsnitt frå Hjørundfjordportale;
Hjørundfjorden liknar Italia-støvelen

Hjørundfjord er eit område på Sunnmøre - og blei del av Ørsta kommune frå 1964. Før det var Hjørundfjord eigen kommune med strandstaden Sæbø som sentrum. Namnet kjem frå den vakre Hjørundfjorden. Hjørundfjord er også prestegjeld i Ørsta kommune, og består av sokna Hjørundfjord og Storfjorden.

På vestsida av Hjørundfjorden ligg Sæbø med Hjørundfjord kyrkje. I fjordbotnen er Bjørke med Storfjorden kyrkje. Inst i fjordarmen Norangsfjorden ligg turiststaden Øye. Norangsdalen er blant anna kalla den vakraste og villaste dalen på Sunnmøre. Om han ikkje er det, er det neppe langt ifrå.

Frå gardar i Hjørundfjord

Somme har hell og følger anerekkjer attende til 1500-talet utan å finne for mange grove og låke der. Frå 1500-talet og før det er det mangt som ein ikkje finn nedskrive noko om.

Hjørundfjordgardane i framstillinga som følger, ligg alle i Ørsta kommune etter kommunesamanslåinga i 1964. Tilfanget som følger, er først og fremst henta frå Hjørundfjordboka, band 3. Det som kjem er utplukk og samandrag om kvarandre.

OPP

Bjørke

Bjørke ovanfrå
Del av Bjørke ovanfrå, med fjord i nord (lysast blå). Frå større foto

Sjølv om lendet er bratt og det er høge fjell i sør, ligg Bjørke trygt for fonner. Sjølve storfonna, Kvilebrekka, har gått ut over skog og krøtter – fonnvåren 1855 gjekk rundt seksti bjørkegeiter tapt sist i mai, men ikkje folk og hus. Dei fann att dei daude geitene om sommaren oppi urdene bortanom Saursvatnet.

Segna om skatten i Kjelshaugen på Bjørke

Ovanfor Knute-husa på Bjørke er ein haug som heiter Kjelshaugen. Ei "finske" sa til ein mann frå Knute-garden:

"Du skal ikkje fare her og reise oppi Nordland, men reis heim att og grav oppe i haugen ovanfor husa dine; der ligg ein kjel full av mynt – nok til å skatte for Noreg [til Danmark eller Sverige] i sju år. Men omkring kjelen ligg ein orm, og den mannen som finn denne skatten, skal bli helselaus alle sine dagar."

Skatten ligg der endå. Om det er redsla for å bli helselaus som har gjort at dei ikkje har grave nok, skal vere usagt." (Elling Urkegjerde.)

Med gild planlegging kunne dei enkelt komme til ved å la ein innbitt olding med grufulle plager og dauden i auga gjere dei aller siste spadetaka og sette krona på verket før dauden fridde han – No, segna finst i ulike variantar mange stadar.

Høgt, fritt, liketil

Bjørkegardane ligg høgt og fritt på bøen så væta frå dyr og folk kan sige nedover og gjødsle nedanfor. Lendet stig i terrassar som avspeglar gamle strandflater. Bjørke har gammal kulturgrunn, men få skriftlege minne finst att om tidlegare tider. Bjørke er jamvel å rekne blant dei eldste gardane i Hjørundfjord, om ikkje den aller eldste. Første gongen vi kjem bort i namnet Bjørke, er i 1520. Der finn vi 3 namneformer: Birke, Berke og Birthen. Skrivemåten av namnet har skifta mykje. Namnet tyder truleg "samling af birketræer", skriv Rygh. Ivar Grøvik spekulerer at Birthen var Bjørke, og i så fall hadde tre brukarar. Den eine, Erland, såg ut til å vere far til ein lagrettemann i 1568, Ola Erlandsson Bjørke. Dette var i øydetida etter svartedauden.

Bjørke si grense i nordaust kan opphavleg ha følgt Tyssa. Det er gjort fornfunn frå eldre jernalder på garden, og det finst også forskjellige gravhaugar. I ein av dei blei det funne eit sverd, eit hestebeksel, ein lang kvessestein, ei jernplate og ei lita handkvern. Området kan ut frå desse funna gå attende til eldre jernalder, altså før 600 evt. (etter vår tidsrekning).

Ved sjøen ligg ei vakker slette kalla Leikevollen. Der er det gjort fleire funn både frå eldre og yngre jernalder. Det er også gjort fornfunn oppå Leitet og nedi Bjørkevika.

Det finst ikkje skriftlege kjelder om tingstad på Bjørke, men dei gamle snakka om'Tingstova' og ei kiste i "Tingstova" med verdfulle papir som blei øydelagd med innhald.

Bjørkegardane har godt jordsmonn, men utmarka har ganske lite storfebeite nær ved. Matrikkelkommisjonen frå 1860-åra viser at dei 6 bruka rådde over kring 150 mål åker og tjukkeng i alt. Dei sådde korn og planta poteter og fekk at det firefaldige for korn og det åttefaldige for poteter. Avlinga for heile Bjørke var opp i 24 tønner bygg, 84 tønner blandkorn, 84 tønner havre og 144 tønner poteter.

Kommisjonen syner også at det var i alt 237 dekar natureng for heile Bjørke, og dessutan 48 lass utslåtthøy frå mange plassar i fjell og ved strand. Oppå Vikefjellet samla dei høyet på ein stad dei kalla Lødeplassen. Der låg nokre store steinar, og over dei la karane stokkar og tekte til så det blei ei slags løe. Høyet meisa dei ned på hard snø ein kan køyre på med hest og slede. Løeplass hadde dei også under Bjørkeberget. Somme teigar låg langt meir avsides til, og frå nokre slike frakta dei høyet i båt før dei kunne køyre det til gards. Frå andre bar dei høyet frå fjell før dei kunne bruke meis ned berget.

Med dei ulike høyslaga pluss halmen kunne kvart bruk fø hest, 9 kyr og 12 smalekrøtter, som er både sauar og geiter.

Unntatt utskifting skulle desse felta vere: Leikevollen (turkeplass), Brattefjøra (nausttomter), Bjørkeøyra (også nausttomter), Drivet under Tyssefossen, Kvia, alle vegar, også dei til brønnane. Moldstykka nedpå myra i dalen blei også haldne utanfor.

Bjørn og oksar

Etter Einar Saure dreiv Elias Saure og Oggdals-Syver med oksar i Tyssedalen i yngre år. Største vansken skapte bjørnen, som hadde fritt spelerom der. Ein gong jaga han sju oksar uti det som seinare har fått namnet Oksehølen. Ein annan gong jaga han oksane på Tyssevatnet. Eine oksen blei biten så grovt at dei såg innpå lungene.

Fiske

Storgarden Bjørke rådde over heile Tyssemyrane, og skaffa seg tidleg Sledalen ovanfor Skjåstad som setredal. Fisket hadde mykje å seie for levemåten. Sild og sei gjekk inn i fjorden sommarstida, men også makrell og brisling. Bjørke notlag finst det munnleg tradisjon om attende til 1820-åra, og truleg mykje lenger attende.

Ein vanske vinterstida var sjøisen som ofte la seg og kunne vere seig. Mykje ferskvatn kom med Tyssa, Vikeelva og Bakkedalselva. Dette gjorde Bjørkevika frostnem, ja langt vidare utover fjorden òg. Særleg ille var det når dei skulle i vintersfiske. Også ferskvassfisket har spela ei viktig rolle. Dei to elvestubbane har vore lakseførande, då særleg Vikeelva eller Bjørkeelva, som ho blir kalla av tilreisande. Gamlekarane parterte kvar einaste fisk med innmat i seks jamstore delar. Så var det for borna å springe rundt til dei ulike gardane med delane.

Turistane oppdaga lakseelva på Bjørke før første verdskrigen, og ho har halde bra på ryet sitt sidan. Det har vore heller stor fisk som har gått opp der. Men trass i laksefisket i Bjørkeelva har ikkje turismen slått til i dei seinare tiåra på Bjørke heller.

Vegsamband

Dei skaffa seg etter kvart vegar til gardar omkring seg, og nokre fjellvegar førde også til Bjørke. Ein av dei var ferdsleveg til og frå Austlandet. Éin veg gjekk gjennom Tyssedalen mot Nordfjord. Då som no kunne det fort bli dårleg vêr til fjells, veg eller ikkje. Det blir fortalt om ein mann frå Oggdalsgarden som fraus i hel på fjellet mens hunden stod over og vakta han.

Hotell Søndmør

I 1880-90-åra slo turisme gjennom, og Bjørke skaffa seg eit topp moderne storhotell, kalla "Søndmør". Det stod på Leikevollen, og kom truleg opp i 1891, samstundes med Union hotell på Øye. Det hadde 30 rom og var føre si tid. Men gjestetalet stod ikkje i høve til kostnaden, og etter nokre år måtte dei gi opp. Hotellet blei seinare flytta langt vekk, til Os i Hordaland. For bøndene på Bjørke blei "Hotel Søndmør" eit alvorleg økonomisk tap.

Handel, skole og kraft

Jakob Mork bygde mange år etter eit større funkishus på Leikvollen og kalla det Tyssheim. Der dreiv kona og han pensjonat til 1960-åra.

Frå gammalt av blei det drive både trondheimshandel og bergenshandel med jakter frå Bjørkeområdet. Sist på 1800-talet tok Ålesund over som handelsstad.

Med Jakob Rørstad opna handel på Bjørke i 1901, og han var i drift til 1985. Snart sette nokre kvinner med Oddbjørg Saure og Jorun Øye Sætre i spissen i gang "Ny Design" med husflidsprega tekstilar i lokala, og har såleis skapt kvinnelege arbeidsplassar i bygda. I 1931 starta Knut R. Bjørke frå Oggdalsgarden butikk, og no er det etterkomarane hans som har einehandel på Bjørke.

Bjørke overtok heilt som skolestad for Storfjorden frå 1965. Lærarbustad kom opp i 1971, og der har både bank og lækjar hatt kontorrom. Den nye svømmehallen på Åkre, som Tussa Kraft gav til Storfjorden i 1987, fekk innreidd dokterkontor - legetenesta er flytta dit.

I 1949 blei A/L Tussa Kraft skipa. 16. januar 1961 kunne krafta påsettast. Tussa Kraft kom i gang på Åkre kring 1960. Steinmassane blei nytta til fylling utover mot Kaineset, og i 1965 blei vegen opna til Viddal. I pinsa året etter gjekk ferdsla til Ålesund over frå rutebåt til buss og ferje. Men all skiftinga mellom buss og ferje blei noko masete, og Volda-Ørsta kom etter kvart til å bli "byen" for storfjordingane.

OPP

Hole

På Hole er det to gardsbruk. Trollfossen eit stykke forbi setra set grense for garden den vegen, og mot Leira er det Merkingsgjølet. Blæja, Holshornet og Kårdalstindane set stenge mot søraust. Blæja har fått namnet sitt av den store snøbreen som lyser som ein kvit duk heile sommaren.

Namnet Hole kjem vel frå Holl, eit gammalt ord for isolert forhøging, helst ei rundaktig ei, skriv Rygh. Namnet like gjerne kan tyde "langagtig forhøyning", skriv Ivar Aasen. I samansetting får me forma Hols-, t.d. Hols-geitene. I alle høve må det vere høgda ovanfor som har gitt garden namn.

Garden er sikkert gammal. Ein mellomaldergard visseleg, og truleg går han og attende til tidleg vikingtid.

Når ein har slike høge, bratte fjell tett innpå seg, ville det ikkje vere urimeleg at ulukker kunne råke både hus og folk. At hus har fått skade, er ikkje ukjent. Elva har også vore lei for Hole når det har vore storflaum. Ho riv då gjerne av elvebardane og vil ta seg nytt far. Det skjedde også på 1700-talet, då to tredeler av enga forsvann. Fjellskred er også nemnt.

Matrikkelarbeid frå 1860-åra tar føre seg naturgrunnlaget til Hole og kva levekår dette gav. Dei 2 brukarane hadde 23 mål med åker og tjukkeng kvar. I åkrane sådde kvar bygg, havre og poteter og avla mange gongar meir. Ivar S. Viddal har omtalt eine åkeren: "I borkebrødstida hadde dei ein åker innanfor Bø-røysa som dei kalla Livbergaren. Den låg der i lunaste vika, og var visstnok ein av dei fåe åkrar som bar mode korn."

Frå 1860-åra nytta dei truskemaskin, dratt av kvernkall, og dei fekk vel drøftemaskin om lag på same tid. Bruka eigde kvar si kvern.

Av natureng hadde dei i alt 98 mål. I tillegg rekna kvar med å slå 26 lass utangjerds. Holsrimane var truleg dei beste utslåttane i heile Hjørundfjorden, og dette gjorde sitt til at bruka blei høgt skyldsette. Der var 7 teigar på kvart bruk. Helst såg dei at der var 4 vaksne karar og like mange kvinner frå kvart bruk når dei slo i marka. Og slo gjorde dei alt i ei breidde av rundt 1 km og oppunder faste fjellet. Så var det med meising å få høyet ned i fjøra og føring i båt derifrå og heim til turkeplassen. Dei hadde elles ei slette nedved sjøen som dei også nytta til tørkeplass.

Med dei ulike høyslaga fødde kvart bruk på jamnen 1 hest, 13 storfe og 18 sauar. Til desse hadde dei òg rikeleg med beite. Beitet kom noko seinare til enn på solsida av dalen, men skein ikkje så fort av. Oppå bakkane hadde dei vårfjøsar eller gardfjøsar, som dei der blei kalla. Desse stod i garden kring slåttegjerda, så det var lettvint å sleppe ut og inn krøttera, og greitt med gjødsel til gjerda.

Setra låg kring tre kilometer framme i dalen. Dit gjekk det både ei øvste-rås for kyrne, og ei nedste-rås for tausene, men der var knappast køyrande med slede. Fram til 1940 hadde dei gjerne eit par takekyr utanfrå Sulalanda. Sommarstilla var mjølkemengda så stor at einkvan måtte bere heim kveldsmålet. Setre-tausene gjekk gjerne då heimpå Kvile, og derifrå blei mjølka henta til gards av unggutane. Setringa tok slutt kring 1950, og i det store fonnåret 1968 blei sela sopte av murane.

Udyr på ferde

Udyr var det tidlegare på Hole som andre stadar, og bjørnen var verst i mørke hausta-netter. Gamle Hols-Jo låg gjerne ute oppå Bakkane og hadde med seg storekjelen som han banka på når kyrne vêra bjørn og tok til å bli urolege. Ein gong kring 1860 var det sauane bjørnen var ute etter. Dei beita då ovanfor bøgarden, og han jaga dei føre seg inn gjennom Rimane. I Kolfossen innmot Leira skremde han tretti sauar utfor ein hammar. "Kjøtdungen blei so stor at dei siste som kom øvst levde, men hadde fått so mykje skade at dei måtte slaktast", skriv Ivar S. Viddal.

Av skog fanst det berre lauvskog, og dei mest varmekjære slaga av den, som alm og hassel, vanta mest heilt. Dei hadde ved nok til eige bruk, også litt "gangbeine" og never, men noko å selje var der ikkje. Heller ikkje brukte dei å lauve, ser det ut til.

Det som då kunne ha noko å tilføre garden, var sjøen. Slik sett låg dei lagleg til med husa så å seie i fjøresteinane. Fjorden var dessutan fiskerik. Skifta alt frå 1700-talet nemner ulike båttypar større enn færingar: kjempefæring, trering, seksring og fjørefar. I storleik stod nausta i høve til dette. Me får òg vite noko om litt uvanleg fiskevegn, og då er det oftast sildenøtene og søkkjenøtene som går att. Notfisket etter sild var i full drift til uti etterkrigstida, og om dette samarbeidde Vidda] og Hole (og nokre bruk på Leira.) I siste tida hadde Hole nothenget og naust ståande på seg til dess veg og ferjekai skipla det heile midt på 60-talet. Eit lakseverpe høyrde også til garden. Elles var det eit rikt heimefiske av både sei, torsk og ulik linefisk som grunnlag i det daglege kosthaldet. For dette blei kvar av brukarane tillagde 2 dalar 3 ort i skatt. Når me då veit at vanleg verdsetting av fisket for strandgardar var 1 ort, må fisket her inne ha vore svært rikt. I tillegg kom så det årvisse vinterfisket etter torsk, men det var allment for heile fjorden.

Det som merka drifta mest i 1970-80-åra, var maskindyrkinga. Ei omvelting blei det også i 1961, då dei to brukarane blei samde om å gå over til geitehald.

Når det galdt sosialt samvær, samferdsle o.l., gjekk Hole alltid saman med Viddal. Kyrkjebåt hadde dei saman med Hau'en på hi sida av elva, så dei måtte over elva for å komme med i laget.

Då tankar om å komme over frå ferdsel på sjø til ferdsel på slo seg fram i Hjørundfjord på 60-talet, blei Hole møtepunkt for fylkesveg og ferjerute med ferjekai og det som høyrer til.

Eit kraftverk som gav 2,5 kilowatt straum, blei sett opp i 1944 av Syver Hole og brørne hans.

Hole høyrde i lang tid Giskegodset til og er nemnd i 1582. Fram til 1757 hadde garden same eigarar som Ytre-Trandal. På auksjonar og elles var det mange som kjøpte og arva dei to delane av garden. Den halvdelen som heiter Simagarden – som tippoldefar kom frå – kjøpte, selde og arva mange fram til 1875, til då brukarane hadde fått tak i alt i eige – Jogarden, bruk nummer 1, og Simagarden, bruk nummer 2.

OPP

Leira

Leira er ei blanding av strandgard og dalgard nær fjorden. Det er ein gammal gard, og namnet har blitt skrive uliket gjennom tidene frå Ledrene i 1325, Lerennt og Lera i 1606, Liere i 1666 og no Leira

Nokre fornfunn er gjort på garden; ei stridsøks, eit spyd og ein treurne som skulle ha tilhørt ein konge.

Matrikkelkommisjonen frå 1860-åra slo fast at då fanst det fem bruk på Leira, med til saman 79 mål med åker og tjukkeng. I åkrane fekk dei att om lag det tredoble av det dei sådde av bygg og havre, og nesten det seksdoble for poteter. Trusking av korn med maskin og vasskraft kom truleg i gang i 1860-åra.

Av natureng fanst det 182 mål. Det fanst i lang tid ikkje gjerde på bømarka mellom Leira og grannegarden Sellereite, berre bytesteinar. Men etter kvart kom det gjerde gardane imellom retta på, frå før 1850. På den tida skipa dei også i stand ordningar så krøttera på Sellereite fekk vatn i vinterhalvåret frå eit oppkome på Leira, og med reserveløysing klar.

I 1860- åra henta dei til vanleg 43 lass høy frå utslåttane. Dei måtte føre høyet heim i båt etter at det var meisa ned gjennom rimane, og alle hadde då tørkeplassar nær nausta. Med dei ulike høyslaga fødde dei 4 hestar, 46 kyr og 65 "sauar". Geiter fanst nok, men blei her omrekna i sauar. For sau og geit var det også brukande beitemark. For bukrøttera blei beitet for snautt sommarstida. Den svære Bakkedalen ei mil vekke, blei etter kvart løysinga, etter ein god del knubbing mellom gardar. I fleire av grannetvistane blei bytesteinar og gjerder løysinga. Og i Bakkedalen fekk altså Leira rett til seterdrift.

Frå 1894 dreiv Leira og Finnes meieri i lag. Vinterstida heldt dei til på Leira, sommarstida på Finnes, men i setretida flytta dei også meieriet til Bakkedalen.

Skog var det fint lite av, som stort sett elles i fjorden. Stor furuskog som hadde vore nokre stadar, var for lengst borte. Det går ei segn om at dei svei av skogen mot udyra.

Fiske i sjøen vog opp for mykje. Særleg gav sildenøtene og søkkjenøtene god forteneste. Folk frå Leira var med i to notlag, eitt med Viddal og eitt med Finnes. Det blei slutt på denne attåtnæringa då storfonna på Finnes i 1968 sopte alt på sjøen.

Leira hadde dessutan eit godt moldtak som kunne auke gjødselmengda, og var "lettbrukt".

Etter kvart skaffa dessutan Leira med Sellereite seg ymse som kunne lette arbeid og tilvære. Telefon kom til staden i 1918. Om lag samstundes bygde dei seg kai: etter fleire forsøk lykkast dei. Men då omgangsskulen veik for stadbundne skulehus, måtte borna frå 1905 reise til Viddal for skuling.

I 1939-40 gjekk Leira og Sellereite saman om eit kraftverk. Det var på rundt 8 kw, så det skaffa straum til lys vinterstida og litt til koking sommarstida. Men så kom arbeidet med Tussa Kraft gang, og fylkesvegen til Viddal blei gjort ferdig i 1965.

I 1970-åra gjekk dei som hadde setrerett i Bakkedalen, saman om å bygge veg dit opp. Der var store dyrkingsfelt, og til midten av 1980-åra var omkring 115 mål fulldyrka, og ein god del overflatedyrka. Det blei også reist fellesfjøs med mjølkeanlegg.

Innhald


Hjørundfjord lokalhistorie, gardshistorier  

Strømme, Lars og Ragnar Standal. Hjørundfjordboka. Band III: Gard og ætt. Ørsta: Hjørundfjord bygdeboknemnd og Ørsta kommune, 1988.

Strømme, Lars og Ragnar Standal. Hjørundfjordboka. Band IV: Gard og ætt. Ørsta: Hjørundfjord bygdeboknemnd og Ørsta kommune, 1990.

Strømme, Lars og Ragnar Standal. Hjørundfjordboka. Band V: Gard og ætt. Ørsta: Hjørundfjord bygdeboknemnd og Ørsta kommune, 1993.

Hjørundfjord lokalhistorie, gardshistorier, opp Seksjon Sett Neste

Hjørundfjord lokalhistorie, gardshistorier BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]