Norsk del, Gullvekta
Gardar og hendingar i Hjørundfjord  ❀ 2
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Frå Hjørundfjord - 2:

Moane  —   Molaupen  —   Morka  —   Myrholen  —   Rekkedal  —   Saure  —   Saure: Fram-Saure  —   Saure: Ner-Saure

Frå Hjørundfjord

Hjørundfjord er i dag del av Ørsta på på Søre Sunnmøre. Tilfanget som følger, er mest av alt utdrag frå Hjørundfjordboka, band 3.

Molaupen

Molaupen – gardsnamnet har vore skrive på ulike måtar, og er eigentleg frå namnet på eit fjell ved garden. Næraste grannegarden var knapt halvannan kilometer utanfor. Det har vore ein hopehav dei imellom. To gjel kjem ned på kvar side av Molaupen: Slættegjelet utanfor bøen og Molaupsfonna innanfor, også kalla Gjøtta. I om lag 500 meters høgde deler hovudgjelet seg opp i fleire mindre gjel. Det var her sju menn miste livet i ei rasulykke i 1971 (nedanfor).

Delar av Molaupen ligg så solvendt til at varmekjære treslag som barlind, alm, osp og hassel trivst godt. Bjørka dominerer likevel, og i slike mengder at brukarane har hatt både til sal og til bortbygsling av skogteigar. Å brenne kol var ikkje ukjent på Molaupen i si tid.

Molaupstunet ligg på eit bergfylt nes. Gjødselvatnet derifrå kunne derifrå sige nedover åker og eng, til noko av beste bømarka på garden.

I 1860-åra hadde Molaupen 20 mål åker og tjukkeng. Dei hadde også ti mål natureng og mange utslåttar og utmarksteigar. Dei fôra seks kyr og tjue sauar, og hadde beitemark nok til desse, enda om ho var bratt.Vinterfôret drygde dei ofte ved å ta lauvkjerv når dei veda, og i seine vårar fekk rogna smake kniven, då rognebork var likaste "kraftfôret" dei visste om. Mesteparten av det som skulle til tuns, kom dit på ryggen. I vårt hundreår blei det bygt vegar både til sjøs og på bømarka, slik at det somme stadar kunne nyttast trillebår. Løypestrengar var til god hjelp, helst då for vedinga.

Molaupen har ei strandline på om lag tre kilometer. Veglaus som garden var, fekk sjøen mykje å seie. Molauparane dreiv jamt fiske. Nausta på garden hyste færingar [robåtar], storfæringar og trering. Mykje vegn skulle ha plass i nausta, som var romslege. Fjordfiske dreiv dei, og hadde også lakseverpe (gilje). Det er ein fiskereiskap som blir brukt til laksefiske – ei krysning mellom not og ein stor håv. Ein leier laks over garnet og trekker opp kantane av garnet før fisken rekk å komme seg vekk. Fiskemåten var utbreidd på Vestlandet før. Vanlig laksenot var også i bruk på garden så lenge det budde folk her.

Heilag-Olav som gøymde ein koparkjel full av gullmyntar, og andre Molaupen-historier

Det merkeleg fjellformasjonane i Molaupsstranda og Molaupsfjella har gitt næring til fantasien og skapt fleire segner. Mest kjend er segna om Trollgjøttemannen. Også til Molaupssåta knyter det seg ei segn. På sørsida av denne 900 med høge toppen er der eit hòl gjennom fjellet. Dette er synleg litt utpå fjorden mellom Strandabøen og Molaupen. Oppi hòlet skal der stå ein koparkjel full av gullmyntar. Det var Heilag-Olav som i eit knipetak, då han var på røming inn fjorden, gøymde kjelen der. Han skulle vidare gjennom Norangsdalen.

Ei langt seinare segn knyter seg til Skafonna. Eit brudefølge frå Hundeidvika hadde vore ved Hjørundfjordkyrkja. Då dei rodde forbi gjelet, lausna fonna, og heile følget kom bort. Det finst ikkje skriftlege kjelder om dette.

Det kan leggast til at Gamle-Eljas (1841-1929) på garden var livande redd bjørnen. Han gjekk alltid med ein munnladningspistol når han var i marka, og i ungdommen svidde han av Stokkelida for å skremme bjørnen.

Leie hendingar

Til Molaupen knyter det seg i dei siste hundre åra to triste ulykker der menneske strauk med. Først kollsiglde ein båt i 1919 undervegs til skulen med småskuleborn. Båten fekk ei bye, og dei fekk ikkje ned snøgt nok ned, og gjekk under. Tre skuleborn blei berga. To vaksne og to skuleborn drukna.

Over femti år etter utløyste geitebukkhenting, vind og fonner ei ny tragedie. I 1971 skulle folk hente ned geitebukkar som hadde fått vere i fjellet, men ikkje eingong skytevåpen kunne nå dei til sist, og snøen kom tidleg det året. Bukkane var i fare for å svelte i hel i høgda, men seint i november blei bukkane sett oppfor enden av det djupe gjelet i Molaupsfonna.

Neste dag la fire karar la ut over fjorden i ein liten motorbåt for å ta seg opp til bukkane. Karane blei samde om å prøve fonnbreen. Breen var god å gå, så enda om det var langt opp, kom dei fort opp dit bukkane stod. Ein bukk var daud, men dei andre var i fin stand. Ved hjelp av tau fekk dei fire bukkane nedpå breen, og det skulle gå fort å komme seg ned att. Men så kom ei kraftig vindbye, og dernest ei fonn farande ned frå eit sidegjel. Under det langtrukne redningsarbeidet gjekk storfonna over dei som var komne til mens dei grov fram ein av karane som hadde blitt tatt av fonna. "No kjøm ho!" lydde ropet. Det gjekk to snøras, og snø pakka seg rundt dei så sju av mennene slokna nedi snøen. Tre kom levande frå det. 12-1400 menneske fylgde dei omkomne til grava. Året etter blei det reist ein minnestein ved kyrkja over dei.

[Hjørundfjordsboka, band 3, s 18-27]

OPP

Morka

Morka ligg i Skjåstaddalen på båe sider av elva, og eitt bruk ligg dessutan på sørsida. Truleg er Morka utskild frå Skjåstad. Namnet Morka tyder "skogen". Namnet på garden skulle tilseie at det fanst skog her i store mengder ein gong i tida. Truleg har Morka hatt den aller beste skogen i dalen og såleis fått namn av det. Timberet til den såkalla "Tingstova" på Bjørke skulle vere hogge i Morka alt i mellomalderen, seier tradisjonen. Korso er, timbreskogen er i alle høve vekk, og mykje tyder på at sist på 1600-talet var fura uthoggen.

Morka har nokre av dei flataste bøane i Hjørundfjord. Elva kunne vere nærgåande og ville fylle kjellarane, og det hende det at folket på garden var heilt isolerte under flaum. Både i 1924 og i 1956 blei Raustadvatnet senka, og det hjelpte litt på elva. Det tredje tunet ligg høgre og trygt for flaum. Heller ikkje er det utsett for ras.

Dei tre bruka har vore jamstore. Av åker og tjukkeng hadde dei til saman 61 1/2 mål. I åkrane gav tre tønner blandkorn 12 tønner i avling, femten tønner havre gav i alt 42 tønner, og seks tønner poteter gav 7 1/2 så mykje. Åkrane låg spreidde utover. Elles rekna dei 51 mål natureng. Frå utslåttane henta dei dessutan 66 lass årleg. Høyet meisa dei ned fjellsidene til dei nådde i det med høyslede. Seinare kom løypestrengar i bruk.

Med halmen og dei ulike høyslaga fødde kvart bruk 1 hest, 9 kyr og 14 sauar jamt over. Til desse hadde dei den hamninga som trongst. Dei hadde godt vårbeite, og nytta Skipedalen til setredal. Det var ikkje lang seterveg opp i Sledalen for dei. Morka og Skjåstad hadde også beiterett i Skipedalen med Eggladalen, som båe ligg på sørsida av hovuddalen.

Blankfisk gjekk frå gammalt opp frå sjøen like til Buvatnet. Morka-karane hadde også rett til vassfiske i Raustadvatnet. Steffen Eriksson kjøpte båt til det bruk i 1841, og båten finst enno.

Grøfting og utnytting av den flate, før heller vassjuke jorda har auka avkastinga monnaleg. Og i 1980-åra har dyrkinga av rundt 300 mål i Sledalen saman med dei andre grunneigarane der gjort bruka meir livskraftige.

Morka og Skjåstad hadde kyrkjebåt saman. Då det blei vanskeleg å få tak i parafin under andre verdskrigen, gjekk Morka og Skjåstad saman om å bygge elektrisitetsverk i Sledalselva. Dette verket gjekk til 1962, då Tussa Kraft overtok forsyninga.

OPP

Saure

Saure skal opphavleg ha vore ein gard. Namnet skriv seg frå det gamle namnet Saurar, som kjem av 'saurr, dynd, søle', og blir brukt om myrlendt grund (etter Rygh)." Same namnet finn vi også i Sande. Garden Saure er "avla" ifrå Bjørke. Skriftleg er Sauregarden først nemnd i 1582.

Dei to Sauregardane som er no, ligg ved enden av kvar sitt vatn: Ner-Saure i øvre enden av Saursvatnet og Fram-Saure i nedre enden av Raustadvatnet. Våtlendt er der nær begge vatna.

Det er vanligast å meine at Saure overlevde Svartedauden. På Saure heldt livet fram, om enn i otte for ras. Ein har elles funne flintsigd i Oddemyra på Fram Saure, solsida av dalen, og sigden vitnar om tidleg busetting og korndyrking. Frå yngre jernalder er det funne eit sverd.

Elling Urke-gjerde fortel at i gammal tid skulle det ha vore særs godt granneskap mellom Saure og Raustad. Dei to gardane har hatt mykje sams, som seter saman på Saursstøylen i Sledalen.

På Fram-Saure stod elles Skjåstaddalen Meieri, som kom i gang i 1896 og var i samanhengande drift til 1912, sidan på ymse vis, dels og som ysteri. Under krigen kom det opp eit lite kraftverk på Fram-Saure, så pass at alle hadde straum til lys.

Fisket blei sett høgre enn på dei fleste strandgardane, for det var bra fjordfiske, dei var med i Bjørke notlag, det største i fjorden, og dei gjorde det jamt over godt på både sild, sei og småtorsk. Alle fire bruka på Saure var bra utstyrte med båtar. Mest blei dei nytta under vintersfisket i Borgund.

Det noko særmerkte for Saurs-gardane var sjøfisken som gjekk opp gjennom Vikeelva. Ner-Saure var særleg godt stilte, sidan dei også hadde eit vatn nedfor stovedøra. Difor hadde bruka der kvar sitt naust med båt i Lissjevika. Det var såleis ikkje små mengder med laks og sjøaure dei drog til lands, sidan dei også hadde høve til å bruke både garn og not. Fisken gjekk elles vidare oppover. Saurefolket laut elles gå til retten for at ikkje bjørkefolk nedanfor skulle stenge for all laksen med nøtene sine.

Saurefolket hadde gravarlag og tekkarlag saman med Bjørke. Køyrelag for mjølk i setretida like eins.

Saure: Fram-Saure

Tunet til Fram-Saure ligg omtrent 75 meter høgt. og ei kvart mil frå sjøen, og ein halv kilometer frå tunet på Ner-Saure.

Ein liten torvkledd steinhaug med hellekiste blei funnen på Reitabakkane søraust for tunet. Noko som kunne vere oldsaker, blei også funne under jorddyrking på bruk nummer 1, og det skulle bli innsendt til Bergen.

Dei to Ner-Saure-bruka var jamstore. med åkrar og eng, og dei låg like ved elva, så det var ikkje langt å gå til kvern, eller opprigga, vassdriven truskemaskin. mål. I tillegg til høy frå over 105 mål natureng fekk dei 8 lass høy frå utslåttane.

Med dei ulike høyslaga og halmen fødde kvart bruk hest, 11 storfe og 12 sauar. I gamle dagar fanst også grisar som beita ute, og det var også geitehald der før i tida.

Støl hadde dei i Sledalen for bukrøtera sine. Det var ei blanding av mas og kav i byrjinga, og lettvint frakt over eit vatn lenger på vegen. Når kyrne ikkje var på setra, hadde Skjåstaddalen eit lite meieri frå 1896 på Fram-Saure mellom tuna og elva. Der var mottaksrom for mjølk, eit for separering og kinning (smørromet) og dertil eit kammers for meierska. Eit tilbygg gav plass for ved og stall. Meieriet gjekk med små avbrot til 1914. I setretida flytta dei utstyret til Meierihaugen på Skjåstad.

Det fanst ikkje barskog på Fram-Saure heller og ikkje meir lauvskog enn til brenneved. Dei tok del i notlaget på Bjørke, og hadde laksen som gjekk opp elva. Det var også eit brukande moldtak på lettbrukte Fram-Saure.

Som på alle gardar i Skjåstaddalen har det også her stått hus av svært timber.

Sporvetiend

På Fram-Saure har det vore mykje snakk om sporveskatt eller sporvetiend. Det var ein liten pengesum dei betalte einkvan presten for å bede dei fri for sporveplaga i kornåkrane. Dei kunne og kjøpe seg vern mot steinras og liknande på same vis. Det skulle vere Vanylvs-presten som tok på seg dette, og ordninga stod ved lag til kring 1930, då avgifta blei innløyst med ein pengesum. Laus landskyld var nemninga.

Saure: Ner-Saure

Ner-Saure ligg ved øvre enden av Saursvatnet, knappe to kilometer frå sjøen. Dei to bruka på Ner-Saure var jamstore, og matrikkelarbeidet frå 1860-åra gir eit godt haldepunkt for kjennskap til naturgrunnlaget, og korleis det blei utnytta. Åker og tjukkeng låg på 44 mål i alt. Til saman sådde dei 2 tønner blandkorn, avla 9 tønner, sådde 12 tønner havre og avla 44 tønner, sette 4 tønner poteter og avla 30. Dei var blant dei få gardane som ikkje sådde bygg. Kornåkrane var bra store. Elles hadde dei elva like ved og låg såleis lagleg for drivkraft då truskemaskinene kom til gards kring 1860. Og kvernhuset, var sams, stod beint over elva.

Vidare nemner kommisjonen at bruka hadde i alt 104 1/2 mål. I tillegg sanka dei noko høy frå utslåttane, men berre 4 lass på kvart bruk. Utslåttane låg på nordsida av dalen og gjekk heilt oppunder egga. Med høyet og halmen vinterfora dei på jamnen kvar sin hest, kvar sine 10 kyr og kvar sine 12 sauar. Dei nytta seg elles av ordninga med fødkyr utpå øyene. Heimemarka var nokså brattlendt for bufeet, og dei måtte gjæte mot fare. Lagleg setredal hadde dei ikkje, så dei slo følge med Bjørke og kom seg til Sledalen ei mils veg oppfor Skjåstad. I Sledalen hadde dei sin eigen støyl, Saursstøylen, med kvar sine sel, og ein av gardane hadde også fjøs der.

Garden var utan barskog. Der fanst heller ikkje lauvskog som var eigna til uthusbygging, men det var nok av brenneved.

Elling Urkegjerde har notert følgande tradisjon kring 1920: "Måsen kjem til Saure 14. april og fyrebur seg til å verpe. Er det stygt vêr kjem han først den 15.", men slenteren (oteren) kunne vere lei med både egg og ungar.

Guten som visste råd for å komme klar tenesta

Stabburet i Knutegarden er merkt av brann, og det har ein dramatisk bakgrunn. Ein gut tente der midt i 1830-åra. Han var så plaga av heimlengt at han visste ikkje si arme råd. Halvt i ørska hadde han stole pengar, men ordna opp i det. Til slutt ei natt sette han eld på løda, og meinte han då skulle komme klar tenesta. Domarane synest ikkje å forstå . . . men dømte han til å ha "sitt liv forbrudt" for freistnad på mordbrann. Han skulle betale mykje som det måtte vere uråd for han å greie. Etter søknad fekk han straffa omgjord til livsvarig "slaveri" i bolt og jern, om no det var så mykje betre. I 1838 blei han innsett, men slapp fri i 1846.

Innhald


Hjørundfjord lokalhistorie, gardshistorier  

Dale, Bjørn Jonson. Ørstingar: Ættebok for Ørsta 1600-1900. Ørsta: Ørsta kommune, 1995.

Fidjestøl, Bjarne. Sagalitteraturen - eit utval: Soga om volsungane; Soga om Gange-Rolv. Oslo: Det Norske Samlaget, 1984.

Hødnebø, Finn, og Hallvard Magerøy, eds: Norges kongesagaer, bd 1. Oslo: Gyldendal, 1979.

Skjervheim, Hans. Deltakar og tilskodar og andre essays. Oslo: Aschehoug, 1996.

Strømme, Lars og Ragnar Standal. Hjørundfjordboka. Band III: Gard og ætt. Ørsta: Hjørundfjord bygdeboknemnd og Ørsta kommune, 1988.

Strømme, Lars og Ragnar Standal. Hjørundfjordboka. Band IV: Gard og ætt. Ørsta: Hjørundfjord bygdeboknemnd og Ørsta kommune, 1990.

Strømme, Lars og Ragnar Standal. Hjørundfjordboka. Band V: Gard og ætt. Ørsta: Hjørundfjord bygdeboknemnd og Ørsta kommune, 1993.

Hjørundfjord lokalhistorie, gardshistorier, opp Seksjon Sett Neste

Hjørundfjord lokalhistorie, gardshistorier BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]