Norsk del, Gullvekta
Gardar og hendingar i Hjørundfjord  ❀ 3
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Frå Hjørundfjord - 3:

Sellereite  —   Skår  —   Standal  —   Store-Standal  —   Valset  —   Viddal  —   Villane  —   Øye og Øyehol

Frå Hjørundfjord på Søre Sunnmøre

Gardane i framstillinga her ligg i noverande Ørsta kommune. Tilfanget som følger, er mest samandrag ifrå Hjørundfjordboka, band 3.

OPP

Viddal

Viddal er ein av dei største gardane i Hjørundfjord med i alt ti bruk. Saman med dei to bruka på Hole har dette vore eit lite grendesamfunn. Viddalsbøndene eig i tillegg til dalen oppover ei 6 km lang strand utover fjorden og ei 3 km lang strand på andre sida av fjorden.

Frå yngre jernalder er det funne ein spydodd og 2-3 økser. Det er også ei segn frå svartedauden der jenta gifta seg med ein sunnylving. Viddal har heller ikkje vore heilt fråflytt etter svartedauden.

Flaumar har etter kvart tatt jord, naust, dei fleste kvernhusa og bru, men no meiner folk at elva er blitt bra sikra. Rasfare er det heller ikkje mykje av der husa no står. Av snøfonner er det helst Rauden frå Holssida som trugar i nærleiken.

Tre fellestun låg så nær einannan at dei på avstand såg ut som eitt stort klyngetun, ei "samværsgåve" frå nordisk mellomalder, som var frå midten av 1000-talet og fram til midt på 1500-talet. Det finst foto av dei gamle tunsamlingane.

Matrikkelen frå 1860-talet oppgir 127 mål åker og tjukkeng. Det blei dyrka bygg, havre og poteter. Dei hadde fleire åkrar. I ein av dei, Bjønnåkrane, åt bjørnen havre ut av hesjane. Truskemåten var tust og skjedde til 1850-åra, og i åra seinare kom kvernkall. Kring 1870 hadde alle komme til å bruke kverner, enten aleine eller saman med andre. Men flaumen i 1953 tok dei fleste kvernhusa. Då blei det jamt slutt med heimemalinga.

Av natureng hadde Viddal i 1860-åra rundt 218 mål. Dette var gras som voks eit stykke unna hus og åkrereiner, så ingen gjødsla der etter at haust- og vårbeitinga på desse stadane tok slutt i 1920-åra. Elles fanst der gode utslåttar på strendene, og derifrå henta dei heim 152 høylass. Det var eit slit med dette strandahøyet. Var dei så uheldige at meisa rulla på sjøen, var det eit fole slit å få henne på det tørre att. Fleire fall i dauden under slik høysanking, syner Hjørungfjordsoga. Men mindre ulykker enn å miste livet blei fort gløymde.

Med dei ulike høyslaga pluss halmen fødde dei i 1860-åra på Viddal 10 hestar, 77 kyr, 10 geiter og 102 sauar. Beite for sauar var det nøgda av, sjølv om det blei noko kliving etter krøtera haustatida. og ikkje utan fare. Hausten 1947 miste såleis Lars Viddal livet under sauesanking. Han blei tatt av ei snøfonn.

Brukarane utnytta dessutan beite på slakkare parti langs strendene ved å frakte mjølkekyr dit i seksring-båtar og ha vårsætrar der frå omkring byrjinga av juni og tre vekes tid utover. Krøtera måtte gjætast for fare, og før hundreårsskiftet også for udyr. Likevel blei mange dyr skadde, eller dei fall innunder breane i gjøla. Komne heim att derifrå, beita dei ei tid i heimemarka til det var tid å fare på sommarsætra frå om lag første halva av juli og mot slutten av august. Men sela var ikkje trygge for fonner, så dei måtte ofte vølast og stundom byggast oppatt.

Sauane blei mjølka sommarstida i førre hundreåret. Geitene tolte både frost og snø og fann seg noko å ete ute om vintrane. Det blei sett opp geitefjøsar for kvart bruk, og barn stod for både pass og mjølking av geitene sommarstida.

Etter hundreårsskiftet tok dei til å halde skikkelege avlsoksar for å forbetre kurasen. Desse oksane blei også temte slik at dei kunne nyttast til køyring. Når noko verkeleg tungt skulle flyttast, spente dei heller oksen enn ein hest framfor lasset.

Ulv, bjørn og bjørnejegerar

Det var stundom mykje udyr på ferde. På bestemte stadar sette dei gjerne opp snarer for både ulv og bjørn, og stundom fanga dei nokre. I 1778 fekk såleis viddalskarane åtte riksdalar for å ha skote seks ulvar. Bjørnen var likevel vissare; han slo inn fjøsdørene på både Viddal, Hole og Leira. Stundom jaga dei bjørnen i lag. Ein gong omkring 1850 heldt det på å gå retteleg gale. Somme karar jaga bjørnen i eit bestemt retning, dit Hau-Ola og Jørn-Bern sat og venta og skulle skremme bjørnen utfor ein berghammar når han kom. Men dei to rauk opp i ein politisk diskusjon, og før dei visste ordet av det, kom bjørnen farande. Ola bykste til og sette foten i sida på bjørnen for å drive han utfor hammaren, men bjørnen hogg klørne i vadmålsbuksa til Ola, så Bern hadde si fulle hyre med å slite Ola laus før også Ola fall utfor hammaren; ikkje berre bjørnen.

Det var snautt for fureskog på garden. Elles voks der mykje lauvskog, også varmekjær lauvskog, og ikkje minst hassel. Dette gav emne til tønneband og neter dei fleste åra, og begge delar gav kjærkomne attåtinntekter. Men også klivring i bratte hamrar etter bandestakar kravde liv.

Bjørka var viktigaste treslaget og gav emne til både uthusbygging, ved anna, og årleg gjekk det vedfamnar til Borgund og Ålesund.

Den lange strandlina gav gode fiskeplassar for heimefiske. Fleire lakseverpe, som gjennom åra blei vekk-leigde, kasta bra av seg. Største inntekta skreiv seg likevel frå notfisket. Offisielt blei ikkje notlaget oppløyst før i 1985. Elles deltok dei i vintersfisket etter både torsk og sild, det siste til godt uti etterkrigsåra. Heller ikkje dette gjekk føre seg utan tap av menneskeliv, og verst var det då Viddalsåttringen kom bort. Presten noterte i kyrkjeboka i 1762: "D. 20 april blev efterfølgende 6 mænd borte paa havet, . . ."

Det er også slik at somme som har drukna har ikkje komme med i kyrkjebøkene, når etterlatte ikkje hadde noko lik å legge i grav.

Viddalingane som andre prøvde å få pengar utav fonnbreane sine også. Etter at sommarsfisket på Storegga uti havet tok seg opp frå 1860-åra av, blei det etterspurnad etter is, og fonnbre var brukande. Dei bygde renner av plankebord for å få isen ned til skutene

Etter utskiftinga i 1930 kunne dei bryte opp samanhengande jordstykke å dyrke. I 1970-åra dyrka dei også vidare fram gjennom dalen. I 80-åra gjekk dei fleste saman med Hole og sette i gang dyrking på Holsmyrane eit par kilometer framme i dalen på sørsida, eit felt på 70-80 mål. Elles har folket i både Hansgarden og Pegarden satsa på gartneridrift.

Når det gjaldt ferdsle, brukte dei heller vegen Haugen-Bjørke over Urbakken enn farlege fjellstiar med høge fjellovergangar – slike høge overgangar som hindra turistane i å strøyme til Viddal i særlege mengder. Telefonen kom til Viddal i 1924. Kai bygde dei seg i 1912, og utvida 10 år etter. Først etter 1965 blei veg tatt i bruk på rett. I 1983 kom det fast dekke på vegen, og i 1984-85 overbygg over dei 3 verste fonnene.

I 1905 fekk dei eige skulehus eit stykke ovanfor kaia, men dei sakna eit hus til meir allsidig bruk. Meieriet blei då nedtatt og materialen brukt saman med materialen frå eit meieri frå Austefjorden, og dette blei eit bra hus.

Elva i dalen hadde ikkje noko markert fall og var ikkje lett å bygge ut, men til jul 1953 kunne dei kople seg til Hjørundfjord Kraftlag, og det blei eit stort ombyte. [Sampla frå Hjørundfjordboka, bd 3, s 387- 403]

OPP

Øye

Øye – gardsnummer 15, frå 1964 gnr 125 i Ørsta – ligg ved botnen av Norangsfjorden på nordsida av elva. Rundt tunet ligg flate marker berre ti meter over havet, ei gåve frå elva. Den hadde kasta seg og fare vidt utover før. Elvegreinene saman med fjorden har vore med og gitt garden namn. Øye er tilnærma lik "flad strækning ved vand." (Rygh).

Gardfolka sådde bygg, havre og poteter, fødde hestar, nokre titals naut, nokre titals sauar og nokre grisar. I 1860-åra hadde dei til dømes 67 mål med åker og tjukkeng. I åkrane sådde dei 10 tønner bygg, avla 48 tønner, 18 tønner havre, avla 52 tønner og 10 tønner poteter, og avla 80 tønner.

Vidare rekna dei med 212 mål med natureng og 24 høylass frå utslåttane. Då kunne dei fôre 4 hestar, 44 kyr og 64 sauar, og til desse hadde dei også bra med beite. Heimeslåtten blei lite nemnd, endå så kronglete det kunne vere mellom runnar og steinar. I 1840-43 blei det halde utskifting slik at slåttemark og skogteigar i utmarka følgdes åt, og desse var etter måten store. I 1899 blei det halde ny utskifting med overutskifting i 1902, og no kom talet på innmarksteigar ned på 4-5 stykke.

Dei fire gardane på Øye, Arnegarden, Toregarden, Bårdgarden og Styrkegarden, hadde sel med gode beite. På Øye hadde dei på 1800-talet tønneband og litt never å selje, og neter å plukke. Eitt år fylte dei veslestova i Bårdgarden frå ljoren med neter. Til garden høyrde òg eit godt moldtak ved Moldmyr-haugen.

Kring 1880 veitte dei heim noko av elva frå Storsteinen (nedfor Solheim) til bakkane ovanfor Aggardsgrova, ei veite på nærare 1 km. Der sette dei opp 2 vasshjul som var i bruk til dei i 1918 kjøpte seg eit Nidaros A truskeverk.

Øyekarane budde nær sjøen, og inn fjorden kom både sild og sei. Notbruket var mest i samarbeid med Norang. I 1871 blei "Nordengs & Øye Nodlag" nemnt i eit kommisjonsforlik. På Øye må det også ha vore større fartøy før i tida, helst ei jakt, men tradisjonen er borte.

Storbrannen på Øye

Ei ulykke råka dei fire bruka i Øyane natta til 5. september 1835. Då brann alle husa, men det gjekk heldigvis ikkje menneskeliv. I Arnegarden hadde dei tørka korn dagen før, og om natta rauk det opp ein sønnavindsstorm. "Vinden vekte ei glo i skorsteinen", var det sagt. Arne-Karl i Norang vada elva i berre skjorta for å varsle folket. Dei arbeidde så hardt med å berge Arnegarden at dei ikkje merka det hadde tatt fyr over alt, og derfor blei lite berga. Berre ei smie og kornmagasinet stod att dagen etter. Krøtera hadde dei i nausta utover hausten, og elles sette dei i gang med oppattbygging så snart det let seg gjere. Styrkastova, til dømes, blei kjøpt på Hellesylt, tatt ned og frakta til Øye. ( Foto i bd 2, s 448).

Soknepresten var noko seint ute då han 30. mars 1836 skreiv til Stiftsdireksjonen og 31. mai til biskop Neumann om ulykka. Han nemner då at elden hadde "lagt alle deres huse i aske, berøvet dem betydelige bohave og mange kreature, ja fortæret næsten alt hvad en enkelt af dem, nemlig Jetmund Steffensen eiede, saa at han med nød op neppe nøgen reddede sig tid af luerne." Soknepresten bad bispen om å appellere til bergensarane og minne dei om at hjørundfjordingane "i sin tid efter evne bidrog til de ulykkelige i Bergens by, der hjemsøgtes for nogle aar siden af en frygtelig ildsvaade ... " Om dei fekk noko hjelp utanfrå, er ikkje kjent. I Hjørundfjord blei det samla inn høy . . . [Hjørundfjordboka. Band III, 1988, s 227.]

Anerekke frå Hjørundfjorden

Mormor •~ Marte Breivik (født Jakobsdotter på Fyllingen i Langevåg, gift med Joakim Johannesen Jamne Breivik, ein ålesundar•~ Anne Marta Ellingsdotter, gift med Jakob Olsson Hole. •~ Marte Torbjørnsdotter, gift med Elling Knutsson Kvistad •~ Anne Karsteinsdotter, gift med Torbjørn Andersson Krumsvik frå Volda (flytta til Ner-Saure i Hjørundfjord).

Anerekkene våre greiner seg vidt i Hjørundfjord-området. Oldemor blei født i Langevåg då bygda var del av Borgund kommune. Familien kom frå Øye: Tippoldemor Anne frå garden Kvistad og tippoldefar Jakob frå garden Hole, slo seg til på Øyehol (Øye), og blei utsette for storbrannen der, etter at dei først hadde mista hus og heim i ein brann ein annan stad. Meir om kvar enkelt: [◦Søk]

Innhald


Hjørundfjord lokalhistorie, Ørsta gardshistorier, litteratur  

Dale, Bjørn Jonson. Ørstingar: Ættebok for Ørsta 1600-1900. Ørsta: Ørsta kommune, 1995.

Fidjestøl, Bjarne. Sagalitteraturen - eit utval: Soga om volsungane; Soga om Gange-Rolv. Oslo: Det Norske Samlaget, 1984.

Hødnebø, Finn, og Hallvard Magerøy, eds: Norges kongesagaer, bd 1. Oslo: Gyldendal, 1979.

Skjervheim, Hans. Deltakar og tilskodar og andre essays. Oslo: Aschehoug, 1996.

Strømme, Lars og Ragnar Standal. Hjørundfjordboka. Band III: Gard og ætt. Ørsta: Hjørundfjord bygdeboknemnd og Ørsta kommune, 1988.

Strømme, Lars og Ragnar Standal. Hjørundfjordboka. Band IV: Gard og ætt. Ørsta: Hjørundfjord bygdeboknemnd og Ørsta kommune, 1990.

Strømme, Lars og Ragnar Standal. Hjørundfjordboka. Band V: Gard og ætt. Ørsta: Hjørundfjord bygdeboknemnd og Ørsta kommune, 1993.

Hjørundfjord lokalhistorie, gardshistorier, opp Seksjon Sett Neste

Hjørundfjord lokalhistorie, gardshistorier BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]