Norsk del, Gullvekta
Lebesby
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Lebesby

Lebesby kommune ligg midt i Finnmark og har noko over 1300 innbyggarar. I kommunesenteret Kjøllefjord på Nordkinnhalvøy bur tusen. Langs Laksefjorden ligg bygder som tettstaden Lebesby. Tettstaden var hovudkyrkjesokn etter 1890. Kommunen strekker seg frå Kinnarodden på Nordkinnhalvøya til eit fjell på Laksefjordvidda, det vil seie frå det nordlegaste fastlandspunktet i Europa til det høgaste fjellet i Aust-Finnmark.

Naturen er god for fiske- og jaktinteresserte, med langstrakte vidder, storhav, fuglefjell og rike fiskefelt. Den nordlegaste bjørkeskogen i verda ligg i kommunen.

Folk livnærer seg på fiske, jordbruk, havbruk, handel, service og kraft frå to vasskraftverk og ein vindmøllepark.

Midnattsola kan ein sjå mellom midten av mai til sist i juli. Mørketida varer berre to månadar og ei veke! Og nettene er lyse frå 24. april til 20. august.

[To kjelder: Wikipedia, s.v. "Lebesby" og Lebesby kommune på nettet.]

Nordkinnhalvøya

Namnet Nordkinn (og Nordkyn) kjem av norrønt kinn, 'bratt fjellside'. Nordkinnhalvøya ligg i kommunane Lebesby og Gamvik, Finnmark, mellom Laksefjorden og Tanafjorden. Halvøya er eit nakent og vilt fjelland med mange vatn. Det nordlegaste punktet på Nordkinnhalvøya, Nordkinn eller Kinnarodden er nørst på det europeiske fastlandet. Det er ferjefritt vegsamband med Riksveg 98 i Ifjord.

Nordkinn ligg på 71 gradar nord. Kinnarodden reiser seg 234 meter over Nordishavet. Sørvest for Kinnarodden ligg Sandfjorden. Der blei det samla store mengder lausmateriale ved slutten av siste istida. Havbårer har jamna det ut til ei flate. Flata blei seinare løfta opp og er blitt ein markert terrasse. I Sandfjorden budde det folk til fram mot slutten på 1800-talet, og blant dei var noko av slekta vår . . . Det var også handel og fiskekjøp der i den tida. I dag er staden eit freda, naturverna område. Ein fottur ut til Kinnarodden i den bergprega naturen kan vere ei gild oppleving, men det kjem mykje an på vêret.

Finnkirka ved Kjøllefjord
Steinformasjonen Finnkirka med ein gløtt av administrasjonssenteret Kjøllefjord i bakgrunnen

Garden Saur (Sandfjord) i Lebesby

Folk flytta på seg før i tida også, for eksempel på 1800-talet. Fram til 1910 hadde rundt ein tredel av folket emigrert til Amerika, mens andre våga seg nordetter for å prøve å brødfø seg og sine langt nord. Mellom 1830 og 1875 var det gode prisar på fisk, og fisket nordpå blomstra opp. Mange som berre med nød og neppe skaffa føda til seg og sine på heimgardane, prøvde lykka nordpå. Tippoldefar og tippoldemor var to av dei. Dei flytta nordover om lag som er skissert under Gamvik, og frå Gamvik til Kjøllefjord i Finnmark.

Ei anerekke

Morfar (født i Kjøllefjord, Lebesby) •~ Karl Johan Johnsen (født i Gamvigs sokn), gift med Pernille Helene Johnsen (født Pedersdatter, født i Salten) •~ John Olsen Saur, gift med Karen Gautsdatter Storvedde (frå Nærøy i Namdalen) •~ Ole Johnsen Saur (Saur i Steinkjer), osv.

[◦Søk etter meir her]

Dei flytta på seg. Gardsnamnet Saur finn ein att i namn lenger bak i anerekka her, og stammar då frå garden Saur i dagens Steinkjer. Garden Saur/Sandfjord i Finnmark kan ein knyte til tippoldefar John Olsen, som flytta dit etter at tippoldemor Karen døydde. Då tok tippoldefar John Olsen Saur med seg to av barna til garden Sandfjord (Saur) i Lebesby og fekk to barn til med andrekona si der. I huset var også ein losjerande fiskar og ei tenestejente.

Oldefar blei født før den tid, i Gamvik sokn i Tana prestegjeld, og budde i Gamvik ei tid. Men i 1875-teljinga for Lebesby står oldefar oppført som eigar av garden Saur (Sandfjord, gnr 12) i Kjelsvik, Lebesby. Han var då husfar, gift fiskar og sjølveigar av eit gardsbruk med to kyr, kalv og ti sauar. Han og oldemor var om lag like gamle. Ho var frå Rørstad i Salten, Nordland. Familien hadde to små barn i 1875, og dessutan budde halvbror til oldefar saman med dei som pleiebarn. Familien hadde ein tenestekar, og svigermor til Karl hadde flytta ifrå dei til Kifjord. Søstrene hans kan ha søkt teneste andre stadar.

"Fiskehavet utenfor værene ble delt inn i linesett for hvert enkelt båtmannskap, oftest med en rettighetsmann som høvedsmann og setteier", skriv Einar Niemi i Vadsøs historie band 1. 27. Oldefar var rettigheitsmann. Og han drukna.

År 1900 budde det ingen i Sandfjorden lenger. Oldefar og oldemor var enten daude eller flytta ut av kommunen. Eine dottera var no gift i Skjøtningberg, med tre barn. Ho fekk stor etterslekt. Den yngste sonen gifta seg i Sør-Trøndelag og fekk familie der. Ei dotter derifrå gifta seg med ein kar frå Kvasnes på Sula i dåverande Borgund på Sunnmøre.

Frå dette:

  • Dess lenger nordover ein flyttar, dess tyngre kan det bli berre å overleve.
  • Fiske kan ein drukne av, også som rettigheitsmann, og det kan bli låkt for etterlatne.
  • Gardane kan vere så ulike. Somme, som Gamvik, blir museumsområde, på sett og vis daude. Andre blir forlatne utan å bli museum: Sandfjord er no blitt freda, naturverna område.

Innhald


Lebesby lokalhistorie, gardshistorier  

Hødnebø, Finn, og Hallvard Magerøy, eds: Norges kongesagaer, bd 1. Oslo: Gyldendal, 1979.

Lebesby lokalhistorie, gardshistorier, opp Seksjon Sett Neste

Lebesby lokalhistorie, gardshistorier BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]