Norsk del, Gullvekta
Soger frå fleire stadar
Nærøy og gardar
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Nærøy

Geografi med gammalnorsk. Nærøy kommune i ytre Namdalen nord i Nord-Trøndelag fylke og ut mot kysten, har namnet sitt frå Nærøya, som på norrønt var Njarðøy. Det tyder Njord-øy etter norrøne Njord, gud for vind, sjø, eld med meir.

Kommunen femner over områda på begge sider av Indre Folda og distriktet utanfor ut til Nærøysundet, som skil Nærøy og Vikna kommunar. Den ytre delen av Nærøy har ei rekke halvøyer og øyer med smale fjordar og sund mellom.

Nærøy svarer til Nærøy sokn og prestegjeld, sokna Kolvereid og Foldereid i Kolvereid prestegjeld og Gravvik sogn i Leka prestegjeld, Nærøy prosti i Nidaros bispedømme, Nærøy lensmannsdistrikt i Nord-Trøndelag politidistrikt og høyrer under Namdal tingrett, fortel Store Norske Leksikon. Kommunegrensene i dag følger samanslåinga av kommunane Gravvik, Kolvereid, Nærøy og det meste av Foldereid i 1964. Den 1. 10. 2011 budde det 5045 menneske i kommunen.

Gammalt senter. Nærøya ligg ved kystleia, og har vore eit religiøst senter - kultstad, hovstad - i førkristen tid. Frå 1100-talet fram til 1847 var det kyrkjestad. Øya var religiøst og administrativt senter frå eldre jernalder og fram til midten av 1800-talet. No er ho i privat eige.

Næringsvegar. Nærøy er blant de ti største oppdrettskommunane i landet i dag, og er den kommunen som dyrkar fram mest laks i Nord-Trøndelag. Landbruk og meieridrift er også viktige i kommunen; i indre delar også skogbruk. Å utvinne elektrisk kraft av vind har ein også tatt til med. Vind fanst det godt med før i tida også, men først i vår tid har folk det som skal til for å dra mykje og regelmessig nytte til lands av at det blæs. Segl utnytta vindkraft like snedig før, så folk kom seg over sjø og hav, om enn med livet som innsats til tider. Men vindmøller kunne kanskje ikkje konkurrere med møller i elver før her i landet, slik naturforholda hyppig var. I flate land utan mykje rennande vatn men med mykje vind, blei det omvendt. Der kom det vindmøller, som i flate Nederland.

Kunst og kulturminne. I Fingalshola finst førtiåtte ◦holemaleri av menneske og dyr. Det er Nord-Europas største samling av holemaleri. Maleria er mellom 3000 og 4000 år gamle. Det er fire felt med maleri i hola. Ho ligg i fjellsida ved Tennfjord i Gravvik. Inngangen er ved eit platå som er 150 moh. og under ei fjellside. Hola blei oppdaga først i 1961, og er i dag stengt for publikum. [WP, sv. "Fingalshula"]

Andre gamle kulturminne. I Nærøysund-området mellom Nærøy og Vikna er det funne fleIre gravhaugar frå vikingtida. Ved Ramstadgardene ligg gravhaug over Snorre Sturlassons stamfar, Kjetil Høng, som var datterson til segnhelten Kjetil Høng frå vikingtida, hovudperson i ein islandsk fornaldarsaga. Kjetil d.e. budde også på Hrafhista (som er Ramstad i Nærøy). Han var far til Grim Loddenkinne og farfar til Orvar-Odd. Dattersonen til Kjetil Høng, Kjetil Høng, utvandra til Island saman med Skallagrim Kveldulfsson, som blei far til den omflakkande skalden Egil Skallagrimsson. (jf. Egils saga). I nørrøn samanheng er dette for kjendisar å rekne - og Kveldulv, far til Skallagrim, heitte eigentlig Ulv, men blei kalla Kveldulv fordi han var så arrig og gretten om kveldane.

Kjendispresten. Diktarpresten Petter Dass (ca. 1647–1707) var mellom dei som fekk vekse fram i Nærøy i formbare år, hos fosterforeldrer på Nærøy prestegard etter at den skotskætta far hans, Petter Don Dass (Dundas), døydde. Tre kommunar i Nordland kivar elles om å vere fødestaden hans. På Nærøy blei Petter Dass "skula", og samtidig arbeidde han som gjetargut og gardsgut i seks-sju år til han blei tretten. Derifrå kom han til Bergen og gjekk på latinskolen der, og så i 1666 fór han til København for å studere, einsam og fattig. Seks år etter fekk han kongens tilgjeving i København for å ha sett barn på Margrethe Andersdatter utan å vere gift med ho, og det året tok han bispeeksamen også.

Han blei eit av dei mest sentrale namna i den dansk-norske litteraturhistoria på 1600-talet. Og ikkje nok med det, i Nord-Noreg er Petter Dass blitt eit ikon for identitet, tilhøyr og sjølvkjensle, og blei kåra til årtusenets nordlending i 1999.

ESKATOLOGI. Ordet 'eskatologi' kjem frå to greske ord., eschatos, sist, o..a., og logos, ord, lære. Eskatologiske merknader kan ein dermed forstå som sluttord og gjerne vide, tenksame lærdommar. Her kjem samandrag så langt:

  • At laksen gjer nordmannen rik, betyr ikkje at han er glad for det. Han er tatt til fange, blir gjødd og innestengt og har slutta å vere til for seg sjølv mest av alt. Han har fått krympa det eigne lakseverdet sitt under utbyttarane som hevdar dei eig han. Så rå er menneske flest.
  • Dyrevern som er bra, hjelper ikkje berre dyr mot å bli mishandla på det grovaste i utbyttinga av seg; det hjelper kan hende somme menneske å halde seg meir menneskelege og lenger menneskelege i tillegg.

Kongevitjing

"Kong Harald har funne lakseeldoradoet sitt", skreiv Lars Mørkved i Namdalsavisa den 25. mai 2004. For tredje året på rad ville kongen til Namdalen og oppsøke dei tre elvene Søråa, Bjøra og Namsen for å fiske i tida for storlaksen.

Kongen og dronninga kom på offisiell gjesting i Nord-Trøndelag, og mellom kommunene var Nærøy. På ferda kunne kongeparet opne det nasjonale kystkultursenteret Norveg. Og ro og fred fann han blant anna i Namdalen langs elvebredda med flugestonga si.

Kong Harald er kjend for å vere ein dyktig flugefiskar. "Det er ikkje mange som er like hendige med flugestonga som kongen", har fleire laksefiskarar fortalt.

Etter tida i Namdalen i 2003 sa kongen blant anna dette: "Eg har hatt ei kjempefin helg her i Namdalen saman med hyggelege menneske."

Twig

Gardar og folk

Har det budd andre enn slekt i mindre øysamfunn? Ja då. Men berre eit utval frå slekta er med i oversynet her. Hovudkjelda til det er bygdeboka (sjå nedst på sida).

Moritsøya, gardsnummer 12

Moritsøya er ei halvøy. Ho er om lag to km lang og ligg mellom to parallelle fjordarmar: Moritsøystraumen og Lonet på sørsida og Øyavågen på nordsida. Halvøya har form som eit lågt, smalt nes som er 150-200 meter breitt frå strand til strand. Garden Øyahalsen grensar til Moritsøya på landsida i aust.

Første del av 1600-åra hadde elendig klima, med uår etter uår. Den første kjente brukaren var frå den tida. Men avlingane både dobla seg og firedobla seg etter at "den vesle istida" var slutt i 1620-åra.

Prøvematrikkelen frå 1723 har eit notat: - 231 Øya. Anders bruker. Kongen bygslar og eig. Ingen husmannsplass. Ingen skog eller seter. Inga kvern. Ikkje noko [innlands-]fiske. Ligg i sørli, lettvunnen og middels kornviss. Utsæd: 1/2 tønne blandkorn, I tønne havre. Høyavling: Omtrent 13 sommarlass. Buskap: 2 kyr, I ungfe, 6 småfe [osv.].

Frå 1755 eller 1756 var her to brukarar. Tipp-tipp-tippoldefar Ole Sivertsen (ca. 1719 - 1797) brukte halve eigedommen i alle fall til 1763, frå då av kanskje også [den andre] parten i tre år, deretter halvparten igjen til 1789. Ole var den første kjende av ei slekt som kom til å bruke denne garden dei neste to hundre åra.

[Sjå Sveinung Leirvik: Nærøy bygdebok, band 4, s 355-57]

Anerekke til Moritsøy i Namdal

Morfar •~ Karl Johan Johnsen, gift med Pernille Helene Pedersdatter •~ Karen Gautsdatter Storvedde (også: Storvea), gift med John Olsen Saur •~ Karen Olsdatter Storvedde [Moritzøen], gift med Gaut Andersen Sørå •~ Ole Sivertsen Moritzøen (mykje truleg).

Opplysningar om dei enkelte: [◦Søk etter dei enkelte]

Div.

Storvea, Storvedde. Gard nummer 10 i Nærøy

Gardnamnet Vea store er gammalt, men ikkje brukt i talemålet. Truleg kjem namnet 'vea' av det oldnorske vidir som tyder skog eller ved. Etter 1557 er former som Wede, Weda, Storwede og Storvedde blitt brukte. I Aslak Bolts jordebok ca. 1440 står garden innførde som nædra Vidom. I ei skatteliste var i 1521 brukt forma Vedenn. Før reformasjonen tilhøyrde garden erkebispestolen i Nidaros.

Storvea har frå eldste kjende historisk tid vore ein sentral gard. Jordfunn frå yngre jernalder fortel at garden er gammal, og "Namdalens historie" nemner spor etter menneske eller busetting på Vea-gardane i steinalderen.

Her var kort veg til vågen og sjøfiske. Det var rimeleg rotur til Nærøya og aktivitetane der, og kort, oversiktleg veg til nabogardane på alle kantar.

Opphavleg buplass - no bruksnummer 4 - hadde brukarane meir eller mindre i lag og med eit felles tun til utskiftninga i 1884. Elva frå Storveavatnet var av stor verdi for Storvea, som eigde i vassfaret.

Då Storvea låg under erkebispestolen før reformasjonsåret 1536, skulle garden svare 2 pund smør i årleg landskyld. Men etter reformasjonen blei Storvea lagt under kongen som krongods i tider det var vanskelig for vanlege bønder å eige jord. Kongen hadde bygselretten til heile garden. Ein godseigar kjøpte i 1660-åra eigedomspartane av brukarane: kanskje han pressa dei til det.

Noko etter overtok futen, som bygsla til dyktige og betalingssikre brukarar. Arvingane hans delte godset, og dei to som fekk Storvea, døydde begge like før 1750. Slik blei tre barn eigarar av ein part i garden.

I 1750-60-åra kjøpte Peter Jacob Sverdrup ein god del krongods, og også landskyld som var tilgjengeleg i Storvea. Han var den siste verkelege fjerneigaren av garden. På fjerde gongs dødsbuauksjon etter Sverdrup i 1796 kjøpte Jacob Henriksen Melgaard eigedommen Storvea for 352 riksdalar. I 1805 selde han halve garden. Minst éin av sønene slo seg ned her. Den siste av den familien flytta frå Storvea i 1880.

Garden blei sjølveigargard ved at sersjant Melgaard kjøpte han, og har sidan tilhøyrt brukarane. Brukarar følgde etter kvarandre, dyrka jord og brukte husdyr på gammalt vis; hest, kyr, geiter og sauar. Matrikkel-protokollen frå 1723 har med så som: "Utsånad: 1/2 pund rug, 3 tønner blandkorn, 7 tønner havre. Slått: Ingen utanom garden. 70 sommarlass høy. Buskap: 2 hestar, 12 kyr, 4 ungnaut, 10 småfe."

Eine tippoldemor mi hadde Storvea i namnet, og mor hennar like eins.

[Sjå Sveinung Leirvik: Nærøy bygdebok. Band 4, s 305-08]

Anerekke til Storvea i Namdal

Morfar •~ Karl Johan Johnsen, gift med Pernille Helene Pedersdatter •~ Karen Gautsdatter Storvedde (også: Storvea), gift med John Olsen Saur •~ Gaut Andersen Sørå, gift med Karen Olsdatter Storvedde [Moritzøen] •~ Anders Olsen, født på Søråa, gift med Ingebor Jørresdotter Nærøy, begge døydde på Vikna. •~ Ole Gautsen, født på Søråa, Nærøy, gift med Anne. •~ Gaut Olsen •~

Opplysningar om årstal og annan dokumentasjon omkring dei er samla her: [◦Søk etter dei enkelte]

Div.

Sørå, gnr 4 i Nærøy, Nord-Trøndelag

Anerekke til Søråa i Namdal

Morfar •~ Karl Johan Johnsen, gift med Pernille Helene Pedersdatter •~ Karen Gautsdatter Storvedde (også: Storvea), gift med John Olsen Saur •~ Gaut Andersen Sørå, gift med Karen Olsdatter Storvedde [Moritzøen] •~ Anders Olsen, født på Søråa, gift med Ingebor Jørresdotter Nærøy, begge døydde på Vikna. •~ Ole Gautsen, født på Søråa, Nærøy, gift med Anne. •~ Gaut Olsen •~

Mellom Sørsalten og Eidshaug-Sandvika går eit dalføre. Frå vasskilet i dalen renn elva Søråa søretter. Søråa tyder Sørelva. For lenge sidan tok gardane langs elva til å få namn etter ho. Søråa eller Søråen er ein av dei, og ligg mellom Søråaunet og fjorden og mellom Fossåa og Holand. Garden Søråa kan ha blitt rydda ved slutten av yngre jernalder. Det finst mange slags gamle skriveformer for gardnamnet.

Garden er sørvendt med noko bakkete innmark. Der det opphavlege tunet venteleg var, er det godt utsyn mot fjorden. Lokal-ferdsla til fjordane i aust og nord for Søråa gjorde garden til ein av dei sentrale i nordbygda.

Liksom nabogardane var Søråa lagt til Nærøy sokneprestembete. I 1838 blei halve garden seld til brukaren, og i 1851 andre halvparten til ein annan brukar. Dei to halvpartane blei skilde frå kvarandre med grense ved utskiftinga i 1850.

Frå historia I 1657 år var det ei husdyrteljing som kom til at dei to bruka på Søråa hadde 1 hest, 5 kyr, 3 geiter og 3 sauer kvar. Dei to bruka hadde kvar si kvern i elva i 1661. Attåt korntienda skulle dei skatte til sjøforsvaret (leidangen) som hadde mønstring ved Nærøyberget, og dei var pliktige såkalla småtiend.

"Omkring 1690 . . . nærmer [vi] oss nå et klarere mønster for sammenheng med nyere bruksdeling.

Tipp-tipp-tipp-tipp-tippoldefar og brukar på Søråa-garden, Gaut Olsen var 68 år i 1701 (død kring 1710)." Han fekk sonen Ole på Søråa-garden rundt 1689, og Ole tok over etter foreldra før 1720. Han fekk ny bygsel [jordleige] i 1731 på dei same 18 mkl. Det ser ut som sokneprest Johan Randulf ønskte å rette opp mangelfulle kontraktar. Ole brukte andre hovudparten av garden [med løpenummer 340] enn faren.

Ole var gift med Anne. Ho var født ca. 1680, daud i 1756 i Søråa. Som enkemann flytta Ole før 1760 til Storarnøya. Det er mogeleg han hadde son eller dotter der. Han døydde på Storarnøya i 1779.

I Prøvematrikkelen 1723 er notert om Søråa-bruket:

Ole [er] brukar. Nærøy prestebol bygslar og eig. [Det ligg] Ingen husmannsplass [til bruket]. [Det finst] Skog til husbygging og brenneved. Inga kvern. kkje noko fiske (ferskvassfiske). Utsæd: 1/2 tønne blandakorn, 2 tønner havre. Høyavling: Omtrent 20 sommerlass. Buskap: 1 hest, 4 kyr, 2 ungfe, 8 småfe. Skyld, 18 mkl., foreslått forhøgd med 6 mkl.
Ole og Anne hadde to søner ein veit av:
  1. Gaute Olsen, født ca. 1715. Brukar av løpenummer 341. Han døydde i 1757, men før det blei han gift 17.04.1746 med Karen Hansdatter von Aphelen. Mykje taler for at Gaut[e] Olsen, brukte gardparten med løpenummer 341 frå 1747. Bygselbrevet fekk han frå sokneprest Peter Høyer i april 1750. Gaute døydde i førtiårsalderen, og enka Karen og nokre av barna flytta til Storarnøya. Ho blei såleis det tredje kjente familieoverhovudet som flytta dit frå Søråa, så det var nok sterke band som drog den vegen, står det i bygdeboka. [Jf. DIS: "Slekta Von Aphelen"]
  2. Anders Olsen, blei brukar av Søråa, løpenummer 340. Som enkemann gifta Anders Olsen seg opp att den 10. juli 1755 med Ingebor Jørresdatter Nærøy. Kanskje var Ingebor og Anders i Søråa til ca. 1770. Mykje taler for at også dei flytta til Vikna like før Arent Andersen tok over bruket på garden Søråa. Arent kunne vere son frå Anders Olsens første ekteskap, står det i bygdeboka.

[To brør delte såleis garden Søråa med kvart sitt bruk.]

Anders Olsen og Ingebor fekk mellom andre sonen Gaute, født 1757, daud i 1830 på Bondøya i Vikna. Gaut(e) Andersen blei gift med Karen Olsdotter Storvea [Storvedde], født i 1764. Familien flytta til Vikestad, Benna og Sør-Gjeslingan i Vikna.

- KJELDA: - Sveinung Leirvik. Nærøy bygdebok IV: Brukerhistorie. Gårder og slekter i Nærøy 1600-1964. Nærøy: Nærøy kommune, 1989, s 140-41, 143, 340-41

Div.

Stor-Arnøya i Nærøy

Stor-Arnøya, også kjend som Arnøen store, har gardsnummer 18 i Nærøy kommune. Og arn er norrønt for ørn. Øya har brusamband og om lag 50 innbyggarar i dag, og eiga hamn for fiske- og fritidsbåtar. Gardsbruk og fiske er hovudnæringar.

Storarnøya ligg sør for Lillearnøya og er skilt frå ho med ein smal fjordkil. Det er eit eid imellom i nordaust, og mindre øyer omkransar ho. På 1800-talet blei mange slike øyer eigne matrikkelgardar.

Busettingssoge. Første busettinga på Arnøyene skjedde kanskje i eldre jernalder, i førkristen tid. Lillearnøya og Storarnøya er oftast omtalde i lag i eldre kjeldeskrifter - Arnøya var erkebiskopgods.

Garddelinga skjedde før 1521, før reformasjonen. Etter reformasjonen tilhøyrde Storarnøya stiftsgodset. Kongen sat lenge på ein stor del av stiftsgodset, som kom til å bli kalla krongods. Men i 1720-åra var husa til forfall og garden nesten utan brukarar. Så kom krongodsauksjonar og dødsbuauksjoner, nye kjøparar og eigarar, leigarar og plassfolk. Storarnøya var blant dei siste gardane i bygda der brukarane kunne bli sjølveigarar på 1800-talet. Å vere sjølveigarar var elles ei uvant og krevjande oppgåve. Det var nødvendig å låne pengar, og rentefoten hadde det med å stige om han blei skifta.

Det var fire bruk på øya i 1723 og éin brukar. Tre av bruka var erklært aude. I 1750 var to av bruka avfolka.

Flyttingar dit frå Søråa

Halle Olsen flytta frå Søråa til Storarnøya med familien sin, til bruksnummer 2, løpenummer 392 der.

I 1756 var kona til Ole Gautsen daud. Som enkemann flytta Ole før 1760 til Storarnøya. Det er mogeleg han hadde son eller dotter der. Han døydde på Storarnøya i 1779. Det kan vere at Ole Gautsen hadde barn gift inn i familien Halle Olsen, men om Ole kom til same garden på Storarnøya, kan eg ikkje seie sikkert.

Karen Karen Olsdatter Storvedde [Moritzøen], var gift med Gaut Andersen Sørå. Då ho blei enke, flytta ho og nokre av barna til Storarnøya. Med det var ho det tredje kjente familieoverhovudet som flytta dit frå Søråa.

- KJELDE: Sveinung Leirvik. Nærøy bygdebok IV: Brukerhistorie. Gårder og slekter i Nærøy 1600- 1964. Nærøy: Nærøy kommune, 1989, s 141-143, 146, 562

Innhald


Nærøy lokalhistorie, Moritsøya, Storvea, Storvedde, Sørå, Stor-Arnøya gardshistorier, litteratur  

Hødnebø, Finn, og Hallvard Magerøy, eds: Norges kongesagaer, bd 1. Oslo: Gyldendal, 1979.

Leirvik, Sveinung. Nærøy bygdebok, band 4. Nærøy kommune, 1989.

Leirvik, Sveinung. Nærøy bygdebok, band 5. Nærøy kommune, 1991.

ELLES: Nærøy kommunes nettsider, Wikipedia, s.v. "Nærøy" og Store Norske Leksikon, s.v. "Nærøy".

Nærøy lokalhistorie, Moritsøya, Storvea, Storvedde, Sørå, Stor-Arnøya gardshistorier, opp Seksjon Sett Neste

Nærøy lokalhistorie, Moritsøya, Storvea, Storvedde, Sørå, Stor-Arnøya gardshistorier BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]