NORSK DEL, GULLVEKTA

Gardar i Salten - Lokalhistorie 1

 15 › 3 › 12 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR SNORRE-SAMLINGA  OR NORR&Oslahs;RRØNT

Gardar i Salten, Nordland

Her kjem eit lite oversyn frå den delen av slektstreet som omfattar trønderar, nordlendingar og finnmarkingar. Dei som er funne, er frå (1) Steinkjerområdet, (2) Nærøy og Vikna i Nord-Trøndelag, (3) Salten med Bodø, og (3) Nordkinn, Finnmark. Slik ligg det til:

  • Morfar blei født i Finnmark.

  • Oldefar: Født i Finnmark av to opphavlege trønderar der.
  • Oldemor: Født i Sørfold, Nordland. Frå henne går ei grein til Salten i Nordland i og med at ho, mor hennar og far hennar alle kom frå Salten i Nordland, med vidare forgreiningar tilbake i Nordfold, Sørfold, Fauske, og Bodø – flest i Sørfold.

  • Tippoldefar: Frå Steinkjer. Frå han går ei grein til Steinkjer gjennom far og farfar hans, ser det ut til.
  • Tippoldemor: Frå Nærøy i Namdalen, og med slekt også i Vikna i Namdalen.

Slekta frå Nord-Trøndelag er ikkje med i dette oversynet. Det er Salten-slekta som skal fram her.

Nordlandsbygder og -gardar på morfar-sida

Under er eit førebels oversyn over slektsgardar i Folda og nær ved. Det som før var gardar, kan ha vakse til bygder med industriområde og bergverk i dag. Og mang ein gard har blitt delt opp i mange bruk etter kvart. Det kan elles stå noko allmennt om garden under "vis profil" for somme anar, men det oversynet er ikkje fullstendig:

  • SØRFOLD: Hammerfall, Haukenes, Helland, Hestvik, Håsand, Røsvik, Seljeåsnes, Sjunkan, Styrkesnes Indre, Styrkesnes Ytre.
  • NORDFOLD: Lakså, Sandseth (truleg), Segelstein Indre.
  • I TILLEGG: Ytre Leivseth og Grønås i Fauske, Holmåg i Steigen, Skjerstad (no i Bodø).

I langt dei fleste anebiografiane våre står opplysningar om gardane dei kom frå, flytta til og døydde på. For somme av dei kan det stå litt anna også. I fleire slektsbøker og bygdebøker blir opplysningar frå gardssoga og ættesoga gitt ved skjematiske oppriss og mange forkortingar. Når ein avkodar dette, får ein fram enkle oversyn.

For eksempel, den tredje familien i lista over gardbrukarar på Helland-garden i Sørfold var familien Ole og Ingen Pedersen og barna dei fekk i lag. Ein kan finne ut kor det blei av barna som voks opp ved å greie ut kodane som er nytta. Garden Helland er synt fordi eg har ei anerekkje som går tilbake til 1500-talet der, til far til Ole Pedersen, som var tredje kjente brukaran:

3. brukar/brukarfamilie i rekka av kjente brukarar på garden:
Ole Pedersen ca. 1601-1681 (barn til første kjente brukaren på garden, som var Peder Olsen, gift med Marit Hansdotter). Ole var gift med Inger, som døydde i 1674. Barna deira:

  1. Marit, ca. 1638 (til garden Styrkesnes Indre, femte brukarfamilie der).
  2. Berit, ca. 1641 (fjerde brukar på same garden som far og mor, altså Helland).
  3. Peder, ca. 1642 (åttande brukar),
  4. Siri, ca. 1648 (til garden Sommerset, tredje brukarfamilie der).
  5. Hans, ca. 1653 (niande brukar).
  6. Lars, ca. 1654 (sjuande brukar).
  7. Elias, ca. 1656.
  8. Iver, ca. 1658 (til garden Styrkesnes Indre, åttande brukarfamilie).
  9. Maren, ca. 1658 (til garden Styrkesnes Ytre, andre brukarfamilie der).
  10. Kari.

Døme:

  1. Siri, som blei født rundt 1648, kom til garden Sommerset som kone i den tredje brukarfamilien der på garden. Og brukarrekkene står i oversyn av Asbjørn P. Lind i gardssoger og slektssoger ifrå Salten (sjå nedst på sida)
  2. Sonen Hans, født kring 1653 og det femte barnet i familien, blei niande brukar på same garden som far sin, altså Helland. Slik er det enkle oversynet å forstå.

Nordfold og Sørfold gardshistorier – SAMLINGA
Nordfold og Sørfold gardshistorier – SLUTTBOLK

Lokalhistorie, gardshistorie – LITTERATUR  

Lind, Asbjørn P. Slektsbok for Nordfold. Valnesfjord: Eige forlag, 1985.

Lind, Asbjørn P. Slektsbok for Sørfold, band 1. Sørfold kommune, 2007.

Lind, Asbjørn P. Slektsbok for Sørfold, band 2. Sørfold kommune, 2008.

Lind, Asbjørn P. Sørfold bygdebok, band 1. Sørfold kommune, 1996. (Også på Internett)

Lind, Asbjørn P. Sørfold bygdebok, band 2. Sørfold kommune, 1997.

Lind, Asbjørn P. Sørfold bygdebok, band 3. Sørfold kommune, 1998. (Også på Internett)

Nordfold og Sørfold gardshistorier – OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Nordfold og Sørfold gardshistorier BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkeråd, tilvisingar og meir. [LENKE]
© 2012, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKE]