Norsk del, Gullvekta
Rissa med Lille-Rein
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Rissa

Rissa kommune ligg på Fosenhalvøya i Sør-Trøndelag, og grensar til Trondheim kommune og andre. Kommuneadministrasjonen ligg i tettstaden Rissa.

Namnet Rissa (lokal uttale: Ressa) er ikkje sikkert forklart. Det er lansert tre alternativ.

Rissa kommune svarer til Stadsbygd prestegjeld i Den norske kyrkja, og er følga av kommunesamanslåing i 1964.

Landbruk er den viktigaste næringa i kommunen.

Det er funne helleristingar frå yngre steinalder, frå då folk i Trøndelag levde langs kysten og levde av fiske og fangst, og av skjell, plantar og røter.

Sildefisket har vore godt. Det finst gode fiskevatn også.

Det er godt rom for friluftsliv. Det finst badeplassar.

Forfattaren Johan Bojer var rissværing.

Stadsbygd

Kristoffer Reins bygdebok (band 1) er kjelda til denne vesle runden.

Gjennom dansketida var bygda eige tinglag. Storkommunen Rissa blei skipa den 1. januar 1964. Då blei Stadsbygd og ein stor del av Stjørna kommune slått saman med Rissa. Unntatt var grenda Ingdalen som blei lagt til Agdenes kommune. Etter samanslåinga er ikkje Stadsbygda eigen kommune meir.

Det er nokså sannsynleg at dei eldste gardane i Stadsbygda blei rydda og bygd opp i romartida (fram til ca. 400 e.Kr.). I vikingtida gjekk mangt brutalt for seg, og enda med at kongen og hans menn rådde over gardar i fleng.

Kyrkja blei med tida ein stor jordeigar, og folk blei leiglendingar. Det er rekna ut at ut frå betalt landskyld i første halvdel av 1300-talet eigde kyrkja 40% av jorda i landet. På same tid av sat sjølveigande bønder på 35% av arealet, og adel og aristokrati eigde 18%, mens 7% var krongods.

Så kom Svartedauden med farsottar, folketap, stillstand og tilbakegang etter seg. Kanskje døydde rundt halvparten av folket i bygda, og fleire gardar og mange mindre bruk og buplassar blei lagt øyde ved daude og fråflytting. I Stadsbygd blei fleire gardar og fleire småbruk liggande øyde i lang tid, til dels i over to hundre år. Det fekk gode følger for mange leiglendingar. Dei kunne flytte fra små, vanskelege plassar til langt betre og større gardar.

Det første klosteret som fekk jord i Stadsbygda var Nidarholm på Munkholmen, det første klosteret i Noreg. Det var etter at bispen hadde sikra seg fleire av dei beste gardene.

Det neste klosteret i Trøndelag var Bakke nonnekloster i Nidaros, grunnlagt i 1120. Det meste av klostergodset låg på sørsida av Trondheimsfjorden. I Stadsbygd kom garden Rein til å bli lagt under dette kloster, men det er uvisst når det hende.

Omkring 1170 blei det første augustinarkloster i landet skipa i Nidaros - Elgeseter kloster. Klosteret fekk heilt frå starten eigedommar og gardpartar i Stadsbygd, halvt så store som dei to første.

Tautra kloster kom til dernest.

Til sist kom Reins kloster i Rissa omkring 1230.

Så kom Svartedauden. Kongar hadde tatt gardar og jord i fleng då landet blei samla og kristna. No fekk dei det trongare i hundreåra etter.

I Stadsbygd var alt krongods gått over til andre eigarar like før Reformasjonen (1536-37). Men ved Reformasjonen kom ein stor del av kyrkjegodset over på statens hender, og i 1661 var nesten 40% av jorda i Stadsbygd krongods. Og i tillegg kom Reins klostergods, som i røyndna også var krongods.

Men kostbare hoff-vanar og uheldige krigseventyr bringa kongemakta i slike økonomiske vanskar at kongen måtte selje krongods i stor skala for å berge seg i 1660-åra. Jorda som blei seld i Stadsbygd hamna for det meste hos to høgtståande militærslekter i Trøndelag. Men også ein bonde i bygda var frampå og sikra seg to bra garder då.

Stortinget vedtok i 1821 at prestegodsa - "det til geistligheden beneficerede gods"- skulle seljast. Det blei helst til leiglendingar som sat på bruka - i Stadsbygd minka den geistlege jorda jamt i løpet av femti år. Det siste bruket fekk sjølveigarstatus i 1872.

Div.

Rein (Lillerein), gnr 11 i Rissa kommune

Garden Lillerein ligg i Statsbygd prestegjeld i Rissa kommune. Namna Lille-Rein, Stads-Rein og Rein har blitt brukt om kvarandre. I Rissa ligg ein annan Rein-gard. Der har det vore kloster. Men sidan det er to Rein-gardar i same kommune, kallar kommunen garden Rein i Stadsbygd prestegjeld for Lillerein.

Ved Lillerein er det att tre gravhaugar frå jernalderen - kanskje frå 400-600 e.Kr. Dei er omkransa av fruktbar åkerjord. Etter det Gerhard Schønning fortel, var det i 1774 i alt sju gravhaugar, men fire er sidan blitt utraderte av jorddyrkarar. I utmarka ved Slakken, på eit område som no blir eigd av det frådelte bruket Reitan, ligg dessutan fleire store og nokre mindre gravrøyser som fagfolk meiner er frå bronsealderen. Det er oppdaga helleristingar og andre gravfunn på garden.

Namnet rein(e) kan ha samanheng med åkerreiner. Ei reine er ein kant av enga kring ein åker. Reiner skilde gode makters dyrkajord frå utmark, der jotner og vette og mørkemaktar fanst (gammal tru). Det finst eit par andre forklaringar, men dei var ikkje truverdige nok for Oluf Rygh (1833-99), forfattaren av bokserien Norske Gaardnavne.

Lillerein-garden ligg i søraustre del av flatbygda, og grensar i sør mot fjorden, i aust til eigedommane Trongen og Vålen, i nord og vest til Vålvatnet og eigedommane Håssåker og Myr.

Kristoffer Rein skriv at Reins-garden ganske sikkert høyrer til dei eldste i distriktet. Og heilt frå tidleg historisk tid har garden vore ein av dei større i distriktet, med ein seksdel mindre landskuld enn den andre Rein-garden.

Garden er nemnd i segn og saga som høvdingsete og kongsgard. Truleg blei Rein kongeleg eigedom alt i rikssamlingstida, då Harald Hårfagre "tok odelen frå bøndene". Det er mogeleg at Einar Tambarskjelve hadde tilknyting til garden. Eigedommen skulle vere ein av dei gardane Einar fekk av kong Magnus. Etter Einars tid var det visstnok igjen kongemakta som tok garden. Saman med ei rekke andre gardar blei han så ein gong på 11-1200-talet lagt til Bakke kloster i Nidaros - klosteret blei eigar i 3-400 år.

I 1574 fekk lensherren Hans Ovesen Rød-Lunov kongeleg makeskifte­skøyte på Rein saman med ein del andre større eigedommar i landsdelen. Med det blei garden sjølveigarbruk. Lensherren budde på Storfosna gods og vel også tidvis på Lade hovudgard. Men nokre av arvingane og etterslekta hans var i periodar brukarar av Rein.

Adelseiga varte i 64 år. I slutten av adelsperioden var Rein midtpunkt i eit godskompleks på i alt tjuetre gardar og gardpartar - dei fleste i Trøndelag, men fem låg i Salten i Nordland. I denne tida blei gardnamnet endra til Lillerein for å unngå forveksling med Reins kloster i Rissa.

Det er godt mogeleg at mellomaldergarden var bygd omkring same tunet som det hovudbruket no har. Rein har i dei siste 150 åra blitt oppdelt i fleire bruk og mindre parsellar.

Adelen på Rein

Terje Sørensen fortel om adelen på Rein:

nn

Hans Ovesen til Søgård var dansk adelsmann. I 1577, då Frederik II (1534-1588) var konge i Danmark-Noreg, fekk han len-tildelingsbrev på bl.a. Bakke klostergods med plikt til å halde seks hestar med utstyr og seks ryttarar "når krig eller feide kjem på". Sjølve klosteret, eit nonnekloster som låg der Bakke gard i Trondheim no ligg, hadde visstnok tilhøyrt benediktinarordenen, men både klosteret og klosterkyrkja blei ødelagde av svenskane i 1564.

Då Hans Ovesen Rød i 1574 inngjekk eit omfattande eigedomsbyte ved å legge ut frå godset sitt i Danmark til vederlag, fekk han hand om ganske mykje jordegods i Trøndelag. Slik blei han eigar av gardane Storfosen, Garten, Kråkvåg, Leksa, Værnes, Terningen, Moldtun, Lade, Devle, Ringve, Åremmen og Lille-Rein. (Dei fem siste av gardane hadde før tilhøyrt Bakke klostergods).

Hans Ovensen Rød var gift med Maren Engelbrektsdotter Rustung, født kring 1555. Ho var dotter av Engelbrekt (Embret) Olavsson (ca.1520 -) og Birgitte Hansdotter Gaas. (Maren var ei sonedatter av den siste katolske erkebispen i Noreg, Olav Engelbrektsson (ca. 1480 - 1538) og dotterdotter av Hans Gaas (1549 - 1578), den andre i rekka av lutherske bispar i Trondheim) . . .

[Dottera] Birgitte Hansdatter Rød var gift med Laurits Dall. Ho arva gardane Åremmen, Lille-Rein, Terningen og Kråkvåg. (Men Terningen gjekk før 1624 over til eigaren av Storfosen-godset). [Mi omsetting frå bokmål, nokre avsnittsinndelingar og uthevingar er lagt til. TK]

[◦Originalen]

◦Jørgen Henriksson Staur står det også eit konsentrat om. Han står i ◦eigarlista.

Terje utdjupar: "Etter Hans Rød arva dottera Birgitte gardane Åremmen, Lille-Rein, Terningen og Kråkvåg. . . . (Men Terningen gjekk alt før 1624 over til eigaren av Storfosen, Jørgen Henrikson Staur, som var gift med søster til Birgitte, Øllegård). Eigedomsbytet som er nemnt ovanfor, la grunnlaget for at ikkje mindre enn tre adelege setegardar blei oppretta: Storfosen, Lade og Lille-Rein. Lavina Dall (dottera til Birgitte og Laurits Dall), som var gift med Salomon Blix, skreiv seg til "Lille-Rein". Ho heldt visstnok også hus der." [Mi omsetting frå bokmål. TK] [DIS Sør-Trøndelag. Slektsforum. Strengen kalla "Lavina Dall på Lille Rein?": Innlegg 467, 30. mars 2005.]

Ord

len-tildelingsbrev: Eit dokument om tildeling av eit landområde, kalla eit len. Det heiter forleningsbrev frå gammalt og på dansk. Her er det forklart: Å forlene er å tildele eit landområde som len. Til gjengjeld for lenet plikta lensherren truskap og hjelp til å føre krig til givaren (kongen). Forleningsbrev er dokument der vilkåra for å få len er med.

eigedomsbyte: det same som makeskifte: byte av fast eigedom mot annan fast eigedom.

vederlag: motyting, godtgjersle.

jordegods: stor jordeigedom.

lagmann: dommar i gammal tid. Lovkunnig mann som tolka lova på tinget, avgjorde tvistemål og meir.

Rød og Rød-Lunov Namnet Rød (etter ein avvikande farge på våpenet i forhold til Lunov), blei ikkje brukt av "Rødane" sjølve, fortel danske kjelder. Det vanlegaste i dansk lågadel var å bruke namnet til faren og legge til -søn. Dermed: Hans Ovesen. Ætta var Lunov, står det i den danske adelskaldenderen.

Utfyllande

Hans Ovesen Rød-Lunov eigde Lillerein frå 1574 til 1598. Hans hadde høg militær stilling, og kongen sende ham til Trøndelag for å tukte svenskane då krigen braut ut i 1560-åra. Hans greidde oppgåva bra og blei kongens lensherre i landsdelen.

I 1574 fekk han bytt med kongen ein del av eigedommane sine i Danmark mot nokre gardar i lenet, mellom anna Lade, Storfosna, Ringve, Rein og Devle. Dei to første var dei største og like store. Ringve og Rein og Devle var noko mindre. I tillegg overtok han nokre mellomstore bruk.

Hans budde for det meste på Lade og Storfosna. Han dreiv fleire av eigedommane sine med eigne folk; også på Stadsbygd. Det verkar som det var han som fekk bygd det første rettelege sagbruket i Eksetfossen.

Hans hadde tre døtrer. (1) Else, gift med Otte Jensen Bjelke. (2) Birgitte, gift med Laurits Dal til Sandviken og Malkenes. (3) Øllegård, gift med lagmann Jørgen Henriksen Staur, og frå dei to slektar bror min.

Sjølv var Hans gift med Maren (Marine) Embretsdotter (født Rustung). Ho døydde på Storfosna i 1601. Ho var ikkje av slik adelsætt at kongen etter reglane i den tida kunne la døtrene arve adelskapet etter faren eller jordeigedommane han eigde. Men Hans søkte sin gode venn kongen om fritak frå regelen, og det fekk han, føresett at døtrene gifta seg med adelsmenn. Det gjorde dei, og Birgitte Dal arva Rein.

Dei som dreiv Rein-garden i Hans Ovesens tid kjenner vi ikkje mykje til. Det kan ha vore ein av dei næraste slektningane til lensherren, Hans Høk. Hans Høk står oppført som neste brukar. At han i mange år dreiv eigedommen på Rødslektas vegner, verkar nokså sikkert, skriv Kristoffer Rein.

Den danske slekta Høk var sterkt inngifta og blanda med slekta Lunov.

Birgitte Dals dotter Lavina tok over Rein og blei neste brukar. Då ein bror døydde i 1623, delte ho og broren Ove arvegodset. Det var 23 gardar med i det, og dessutan "... løsøre, være sig kveg, fæ, stort og smått, kobber, tinn, messing, sengeklæder og alt andet husgeråd som nu findes på Rein".

Innhald


Rissa lokalhistorie med Lille-Rein  

Rein, Kristoffer. Bygdebok for Stadsbygd: Ei bok om bygda og folket fra fjern fortid og fram til 1980-åra. Band 1. 2. opplag. Trondheim: Nidaros trykkeri, 2006. — Forfattaren: stortingsmann, lokalhistorikar politikar og gardbrukar på Rein i knapt førti år.

Rissa kommune. Heimesider.

Store norske leksikon, s.v. "Rissa"

WP, Wikipedia, s.v. "Rissa" og "Stadsbygd".

Yrjar Heimbygdslag. "Matrikkelgården Storfosna, G.nr. 60."
www.yrjarheimbygdslag.no/bebyggelse/60_storfosna/starten_s.htm

Rissa lokalhistorie med Lille-Rein, opp Seksjon Sett Neste

Rissa lokalhistorie med Lille-Rein BRUKARGAID: [Lenke]
© 2014–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]