Norsk del, Gullvekta
Skodje lokalhistorie: Strømmen i gammal tid
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Skodje

Skodje (utt. /skøye/) er ein mellomstor kommune i Ålesundsregionen på Sunnmøre, og grensar til Ålesund i vest, Haram i nord, Vestnes i nord-aust, Ørskog i aust og Sykkylven over fjorden i sør. E39 går gjennom kommunen.

Kommuneadministrasjonen er i Skodje rådhus. Kommunen hadde 4 184 innbyggjarar den første januar 2012. Halvparten av dei bur i Skodjebygda. Om lag 60% av innbyggjarane er under 40 år. Folk i Skodje bur jamt over nær natur og by, og har vilkår for fiske, friluftsliv i vide skogar med setrer og gamle skogsvegar, snaufjell og toppar med vidt utsyn. I Solnørelva er det laksefiske. Saltvasstraumen ved Skodjebruene i Straumen er ein god fiskeplass. Området ved bruene over Straumen er også mykje brukt til dykking. Om vinteren finst preparerte skiløyper i familievennleg terreng mellom Skodje sentrum, Fylling, Ørskog, Ørskogfjellet, Tomrefjord og så vidare.

Kommunevåpenet har motiv frå Skodje bru (Straumsbrua, eigentlig to bruer), som i si tid var Nord-Europas største steinbru. Brua stod ferdig i 1922, men er frå 2004 ikkje i bruk som bilveg. Den gamle brua er no sykkel- og gangveg og skal bevarast som kulturminne.

[Kjelde: Skodje Kommune]

Straumen bru i Skodje
Skodjebruene (frå 1911 til 1919) kryssar Storstraumen og Heggestraumen. Dei var i bruk for biltrafikk til 2004. I dag er dei opne som gangbruer.

Strømmen og ei formor derifrå

Mormor Jensine Joakimsdotter (1876) •~ Marte Jakobsdotter (1833, Langevåg) g.m. Joakim Johannesen Jamne Breivik •~ Anne Marta Ellingsdotter (1808, Kvistad, Hjørundfjord) g.m. Jakob Olsson Hole •~ Elling Knutsson Kvistad (1782, Kvistad) g.m. Marte Torbjørnsdotter •~ Ragnhild Rasmusdotter (1756, Kvistad) g.m. Knut Henriksson •~ Marte Hansdotter (ca. 1722, Strømmen, g.m. Rasmus Jetmundsson, Kvistad

Fleire data her: [◦Søk]

Strømmen er ein pittoresk stad, og ligg i ein kommune med mange gode som er med å gjere livet godt utan for mykje gjeting.

Tipp-tipp-tipp-tippoldemor Marte Hansdotter blei født kring 1722 på garden Strømmen (rett ved Straumen) i Skodje. Ho døydde i 1757 på garden Kvistad i Hjørundfjord, og står nemnd i sjuande leddet i rekka over brukarar av Ellinggarden der (gnr 36, bnr 6) i fjerde band av det omfattande verket Hjørundfjordboka av Lars Strømme og Ragnar Standal (Ørsta: Hjørundfjord bygdeboknemnd og Ørsta kommune, 1990, s 440).

I Louis Giske si Bygdebok for Skodje: gard og slekt. (2 band, Skodje: Skodje sogelag, 1986) står det om garden Strømmen (gardsnummer 28, mellom side 737 og side 757 i første bandet. Før 1582 var garden Giskegods. I 1586 tok kongemakta det etter reformasjonen sin.

No, det blei fiska i vågen, sådd, hausta og fôra på garden. Han låg på ei høgde med husmenn under seg . . . Jordsmonnet var variert. På garden var ein hest, sju kyr, fem ungfe, åtte sauar, fire geiter det året. Brukaren i 1774 blei sjølveigar.

Det gamle matrikkelnummeret til Strømmen i Skodje var elles 52. I 1723 heitte oppsitjaren på garden Hans, står det i brukaroversynet til Louis Giske: Hans Ingebriktsen (Skodjebøen?) var den andre brukaren i rekka av kjende brukararpå bruk nummer 1, Strømmen. Hans var født omkring 1656 og døydde kring 1745 truleg. Han blei gift i 1715 med Berte Larsdotter Innvik (gnr 35, født 1677, daud 1728). Dei fekk desse kjende barna: (1) Karen, født i 1716, og (2) "Marte født 1720, daud 1770. Ugift." (Bygdebok for Skodje, band 1, s 737-40, utdrag).

Her er problemet: Er det feil i Skodjes bygdebok? Fanst ein annan Hans på garden Strømmen, ein som ikkje er med i den bygdeboka? Eller hadde Hans ei dotter til som heitte Marte, enda ei Marte Hansdotter frå Strømmen som blei født eller døypt i 1722, gifta seg, fekk kjente barn i ei brukarrekke på garden Kvistad og døydde i 1757?

Det verkar rimeleg og kan vere rett å kople Marte Hansdotter frå Strømmen til den kjente Hans på Strømmen, fordi stad, tidsrom og namna passar midt i blinken. Opplysninga om at Hans hadde ei dotter som heitte Marte frå tidsrommet, bør også med. Det koker ned til: Hjørundfjordbokas Marte Hansdotter frå Strømmen døydde gift. Giskes bok verkar mindre pålitande for Strømmen-folk født i den tida.

Ein får avvege: Marte Hansdotter, Strømmen, finn ein i Skodje bygdebok, første bandet. Ho har ein far med namn og adresse og stilling som høver, og ho har levår som nok høver godt nok inntil vidare - men ho blei altså ikkje gift før ho døydde, står det. Det meste ifrå Giskes bygdebok for Skodje stemmer godt med det som står i Hjørundfjordboka, bortsett frå dette - I Hjørundfjordboka, føyer Marte Hansdotter frå Strømmen seg inn i ei rekke av foreldre og avkom på garden Kvistad. Eg har ingen grunn til å tvile på dette.

Fanst kanskje to Hans'ar og/eller to Marte Hansdotter frå Strømmen i tidsrommet? Vi har ikkje data om det. Er det feil eller manglar i Bygdebok for Skodje? Det kan det vere.

Konklusjon: Det verkar bra sannsynleg at Skodje-bokas Hans Ingebriktsen (ca. 1656 - 1745) på Strømmen og Marte Hansdotter (Strømmen) på Kvistad-garden i Hjørundfjord var far og dotter. Avveginga er til ende.

Innhald


Skodje lokalhistorie, Strømmen gardshistorie  

Giske, Louis. Bygdebok for Skodje: Gard og slekt. Band 1. Skodje: Skodje sogelag, 1986.

Giske, Louis. Bygdebok for Skodje: Gard og slekt. Band 2. Skodje: Skodje sogelag, 1986.

Strømme, Lars og Ragnar Standal. Hjørundfjordboka. Band IV: Gard og ætt. Ørsta: Hjørundfjord bygdeboknemnd og Ørsta kommune, 1990.

Skodje lokalhistorie, Strømmen gardshistorie, opp Seksjon Sett Neste

Skodje lokalhistorie, Strømmen gardshistorie BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]