Norsk del, Gullvekta
Gardar i Salten - Lokalhistorie  ❀ 3
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Steigen

Steigen kommune i Nordland fylke grensar til Bodø, Sørfold og Hamarøy. Det er ein ganske liten kystkommune med vel 2600 innbyggarar i 2011, og med et areal på rundt tusen kvadratkilometer. Kommunesenteret ligg i Leinesfjord. Busettinga er spreidd, med mindre tettstadar rundt i kommunen.

Hovudnæringane er landbruk, fiske og havbruk (sjøbruk). Havbruk femnar om fiske, sanking og oppdrett av fisk og skaldyr. Det finst også små og større verksemder, og tre store og reine sandstrender.

Før drog folk i Steigen til Lofoten i opne fembøringar og åttringar. Johan Bojer har skildra livet i Lofoten før i tida, i boka "Den siste viking". Folk sleit og leid mykje vondt.

På Bø er forhistoriske tunanlegg frå rundt år 300 og 600.

Folkloren lever:
http://www.historier.no/index.php?option=com_sobi2&catid=354&Itemid=305

Steigenhistoria

Frå historia. Steig er nemnd tidleg i Noregs historie. Den største øya i heradet heiter Engeløya (i oldtida Ongull).

Mange historiske minne er knytte til Steig. Det er mange gravhaugar, ei rekke oldsaker frå den yngre jernalderen rundt om på gardane. På garden Eidet står sju såkalla jutulsteinar, som enten er minnesmerke over avdøde eller innhegning av ein tingstad.

I oldtida skal Kong Sigar ha budd på Steig, og segna om Signelil og Hagbart er stadfesta her. Ein holme heiter den dag i dag Hagbardholmen, og det er funne oldsaker der.

På Harald Hårfagres tid budde ein Lodin Ongull der, til han utvandra til Island for di han blei misnøgd med jarlen til Harald. Lodin døydde på reisa. Sonen hans, Eyvind, tok land mellom Eyafjord og Skjalfande.

Garden Steig var herresete i gamle dagar. Her budde på Kong Magnus Berrfots tid Sigurd Raneson, gift med halvsøstera til kongen, Skjalvar. Sigurd følgde Magnus på hærtoget hans til Irland og deltok i det blodige slaget ved Ulster i 1103. Han var ein av dei som heldt lengst ut der. På Steig budde lagmennene over Nordland og Finnmark, truleg frå 1223 til 1797. Den 17. juni blir det halde halde lagting på Steig, og diktarpresten Petter Dass har eit rim om det i Nordlands Trompet.

Steigar kyrkje og Steigar prestedøme blir nemnde alt i 1432, og Steiga sokn hos Aslak Bolt. Den opphavlege steinkyrkja er venteleg frå før 1200. Petter Dass har skrive rimvers om kyrkja på "Stegen", som stormar kasta taket av og lyn slo ned i fleire gongar.

Steigen kommune femna over Steigen Prestegjeld med Ledingen Sokn (Leines Sokn) og Steigen Sokn, og Folden Prestegjeld med Nordfolden Sokn.

Hopehavet med Hamarøy blei avvikla midt på 1700-talet, men det er usikkert nøyaktig når Hamarøy blei eige prestegjeld.

Ved brev fra Kirke- og undervisningsdepartementet 27.6.1977 blei Nordfold sokn i Folda prestegjeld overført til Steigen prestegjeld. Overføringa blei iverksett frå 15.8.1978. (Kjelde: Riksarkivet).

Steigen herad blei delt i 1900 ved at undersoknet Ledingen blei skilt ut som eige herad, som heiter Leiranger no.

Gløtt frå slektshistoria vår

Steigen ligg langs den indre leia nordetter frå Bodø. Ein av forfedrene våre, Jørgen Henriksen Staur (født før ca. 1580), flytta frå Storfosna gods i Trøndelag til Steigen, der han blei lagmann [dommar på tinget] i Nordland og Finnmarken. Etter at førstkona Øllegård Hansdotter døydde, gifta han seg med Karen Pedersdatter Schønnebøl (ca. 1590–1627). Ho var dotter av lagmann i Nord-Noreg, Peder Hansson Schønnebøl (1530–1603) og Guren (Gudrun) Chistophersdatter Grøn (ca.1560–1603).

Bror til Karen, Manderup Schønnebøl (1603–1682) gifta seg med eine dottera til Jørgen, Maren Jørgensdotter Staur (nemnd ovenfor), og blei eigar av mykje jordegods distriktet, blant anna i Agdenes. Det var tredje ekteskapet hennar. Manderups likpreike er god å ha for etterkommarar, og Marens Jørgensdotters anetavle og likpreika hennar like eins.

Faren og andrekona hans, Jørgen Staur og Karen Schønnebøl, fekk tre barn som er kjent. Jørgen døydde på Steigen i Nordland i 1648. Andrekona hans døydde før han på same staden, i 1627.

Slekt har budd på Steigen: Eg får kan hende presisere at formor Maren og forfar Jørgen flytta til Steigen og budde der (venteleg på lagmannsgarden Steig), og at slekta deira der ikkje er blant direkte anar for meg, for i vår familie går slektstråden via Maren og første ektemannen hennar, Carsten Randall og til faren Jørgen, og førstekona hans, Øllegård Hansdatter.

Men vi har anar via andre kanalar frå Steigen-gardane Holm(v)åg, Bø og Stensland (Steinsland).

Gjenferdsnakk og ei tragisk avretting

Skaalvoldstrollet fanst på garden Skaalvold då presten Arne Hartvigsen levde, seier folk. Hartvigsen var prest i Steigen i heile 68 år, frå 1776. Prosten Møinichen skriv om trollskapen 1787. Og presten Petter Dass åtvara folk i Nordlands trompet mot å reise til Skaalvold og høyre på spetakkelet.

Dei kalla det trollskap, men det var det ei sørgeleg gjenferdsak. Saka kulminerte med at tenestejenta Nille blei halshogd den sekstande desember 1687 for å ha født i dulsmål. Tiltalen og straffa var ikkje heilt uvanleg mot slutten av 1600-talet. Det som gjorde saka spesiell, var at det ikkje fanst fysiske prov i saka, at dommen var bygt på rykte, og at jenta blei skulda for brotsverket av eit gjenferd.

Nille hadde blitt tilsett som tenestejente på Skålvold tidleg på 1670-talet. Ho skal så ha blitt gravid med ein gift husmann på garden. Sterke rykte blant folk og tolka gjenferdbodskap fekk det til at Nille fekk eit gutebarn i 1673. Så tok ho livet av barnet og gøymde liket. Og husmannen var daud før saka kom for retten.

I 1684 flytta eit nygift ektepar til garden og beheldt Nille som tenestejente. Men dei likte seg ikkje i huset, og utover 1685-86 skal dei ha byrja å høyre banking, skraping og slag i huset. Dei sa det var eit gjenferd. På hausten 1687 starte gjenferdet å snakke. Det høyrdest ut som eit barn som sa det var avla av Nille Jensdatter og Mads Titing, og at Nille hadde tatt livet av han etter fødselen.

Denne historia fekk allmogen del i. Den trettande november 1687 mana soknepresten Nille til å tilstå spedbarnsdrapet frå 1673. Først nekta ho, men tre dagar seinare tilstod ho drapet. Dagen etter skal presten sjølv ha snakka med gjenferdet og fått stadfesta det ekteparet sa. Den 24. november 1687 blei Nille Jensdatter dømd skuldig i fosterdrap på eit ekstraordinært ting i Steigen.

Særleg i prosten i Salten futedømme, Jens Møinichen, kritiserte saksbehandlinga. Våren 1688 blei så sentrale sentrale styremakter merksame på saka, og irettesette lokale og regionale embetsmenn strengt for korleis dei hadde handla.

[Dalen, 2011:7]

Kort soge frå Holmvåg

Maren Olsdotter og Lars Kristoffersen budde på Holmvåg omkring midten av 1800-talet og var mykje heimsøkte av ulv og bjørn.

(Svein Fygle: "Gammelt fra gården Holmvåg", Årbok for Steigen (ved Steigen Historielag), 1978, s 100).

Frå det eine til det andre

Det har lykkast å få mange sjeldne tre og frukter til å vekse på sørsida av Engeløya, der dei står verna mot nordavinden av ei høg fjellrekke med toppar som Hanekammen (542 m) og Prestekona (648 m). Frå Prestekona ser ein Lofotveggen heilt ut til Værøy og Røst.

Innhald


Utdrag frå Salten, Folda, Nordfold, Sørfold, Steigen, Bodø, Fauske gardshistorier og lokalhistorie  

Dalen, Ingebjørn Aamlid. Ei tjenestejente, to prester og ett spøkelse: en undersøkelse av trosforestillinger, rettspraksis og resepsjonshistorie i Nille-saken fra Steigen 1687–88. Mastergradsoppgåve ved Universitetet i Tromsø, 2011.

Hansen, M. B. Slekter og gårder i Steigen prestegjeld: Folk og slekter i Leiranger og Steigen [Trondheim] : M.B. Hansen, 1955.

Lind, Asbjørn P. Slektsbok for Nordfold. Valnesfjord: Eige forlag, 1985.

Lind, Asbjørn P. Slektsbok for Sørfold, band 1. Sørfold kommune, 2007.

Lind, Asbjørn P. Slektsbok for Sørfold, band 2. Sørfold kommune, 2008.

Lind, Asbjørn P. Sørfold bygdebok, band 1. Sørfold kommune, 1996. (Også på Internett)

Lind, Asbjørn P. Sørfold bygdebok, band 2. Sørfold kommune, 1997.

Lind, Asbjørn P. Sørfold bygdebok, band 3. Sørfold kommune, 1998. (Også på Internett)

Pedersen, Per Bjørn. "Fortidsminner i Steigen." NRK Nordland fylkesleksikon.
www.nrk.no/nordland/fylkesleksikon/index.php/Fortidsminner_i_Steigen

Utdrag frå Salten, Folda, Nordfold, Sørfold, Steigen, Bodø, Fauske gardshistorier og lokalhistorie, opp Seksjon Sett Neste

Utdrag frå Salten, Folda, Nordfold, Sørfold, Steigen, Bodø, Fauske gardshistorier og lokalhistorie BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]