Norsk del, Gullvekta
Snillfjord
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Snillfjord

Snillfjord kommune med fjell, fjordar og lange strandlinjer ligg i Sør-Trøndelag. Kommunen blei skipa i 1964 då austre del av Heim herad og ytre del av Agdenes herad blei slått saman med Snillfjord. Dei noverande grensene er frå 1995, då ca. 30 km2 med 21 innbyggarar - med Moldtun - blei overførte frå Agdenes kommune.

Første leddet i namnet Snillfjord kjem truleg av eit elvenamn, frå norrønt snild, av snjallr, 'rask', i tydinga 'strid elv'.

Kommunen grensar i nordaust til Agdenes og over fjorden i nord til Hitra. Fjell som stig bratt opp frå fjord, og fjordarmar, gjorde reising mellom tettstadane tungvint før. Men det har også ført med seg at dagens Snillfjord har ein sterkt desentralisert struktur. Krokstadøra innarst i Snillfjorden er kommunesenteret utan å vere tettstad: Snillfjord har ingen tettstader. Det er for det meste ute ved kysten at folk bur.

Ein riksveg går gjennom kommunen innanfor fjordbotnane og bitt saman Snillfjord med Orkdal og Hitra. Det finst også fylkesveg til Kyrksæterøra i Hemne kommune.

Mellom ressursane er skogbruk, jordbruk og ferskvatn. Hovudnæringa er landbruk, der hovudvekta er på jordbruk (blant anna med sauehald), til dels blanda med skogbruk, fiske og fiskeoppdrett. Jordbruksarealet utgjer ca. 2 % av heile arealet i kommunen, og ligg i mindre, lågare område ved bukter, fjordarmar og i skogkledde dalar.

Div.

Moldtun

Moldtun (Moltun, Molltua, Molltuen, Moldtuen) er namnet på ein gammal gard og eit område som var del av Agdenes kommune fram til 1995.

Moldtuen blir omtala i den islandske "Landnåmaboka". Ein mann rømde derifrå fordi han skulle ha drepe einkvan. Karen blei sjølv drepen på Island. Ein av etterkommarane heitte Snorre Sturlasson.

Eigarlista for Storfosen gods og gard viser at adelsmannen Hans Ovesen Lunov eigde Moldtun og mykje anna ved Trondheimsfjorden etter å ha bytta eigedom i Danmark med kongen. Hans er ein av dei vi slektar frå i familien vår.

Hans Ovesen til Søgård var dansk adelsmann. I 1577, då Frederik II (1534-1588) var konge i Danmark-Noreg, fekk han len-tildelingsbrev på bl.a. Bakke klostergods med plikt til å halde seks hestar med utstyr og seks ryttarar "når krig eller feide kjem på". Sjølve klosteret, eit nonnekloster som låg der Bakke gard i Trondheim no ligg, hadde visstnok tilhøyrt benediktinarordenen, men både klosteret og klosterkyrkja blei ødelagde av svenskane i 1564.

Då Hans Ovesen Rød i 1574 inngjekk eit omfattande eigedomsbyte ved å legge ut frå godset sitt i Danmark til vederlag, fekk han hand om ganske mykje jordegods i Trøndelag. Slik blei han eigar av gardane Storfosen, Garten, Kråkvåg, Leksa, Værnes, Terningen, Moldtun, Lade, Devle, Ringve, Åremmen og Lille-Rein. (Dei fem siste av gardane hadde før tilhøyrt Bakke klostergods).

Hans Ovensen Rød var gift med Maren Engelbrektsdotter Rustung, født kring 1555. Ho var dotter av Engelbrekt (Embret) Olavsson (ca.1520 -) og Birgitte Hansdotter Gaas. (Maren var ei sonedatter av den siste katolske erkebispen i Noreg, Olav Engelbrektsson (ca. 1480 - 1538) og dotterdotter av Hans Gaas (1549 - 1578), den andre i rekka av lutherske bispar i Trondheim). Hans Ovesen Rød-Lunov og Maren Engelbrektsdotter budde ei tid på Moldtun. Dei hadde fleire døtrer:
. . . [og den fjerde av dei,] Øllegård Hansdotter Rød ( -1616) blei gift med lagmann Jørgen Henriksen Staur. Ho arva Storfosen. [Mi omsetting frå bokmål, avsnittsinndelingane og uthevingane er lagt til. - Tormod Kinnes]

[◦Originalen]

Ord

len-tildelingsbrev: Eit dokument om tildeling av eit landområde, kalla eit len. Det heiter forleningsbrev frå gammalt og på dansk. Her er det forklart: Å forlene er å tildele eit landområde som len. Til gjengjeld for lenet plikta lensherren truskap og hjelp til å føre krig til givaren (kongen). Forleningsbrev er dokument der vilkåra for å få len er med.

eigedomsbyte: det same som makeskifte: byte av fast eigedom mot annan fast eigedom.

vederlag: motyting, godtgjersle.

jordegods: stor jordeigedom.

lagmann: dommar i gammal tid. Lovkunnig mann som tolka lova på tinget, avgjorde tvistemål og meir.

Rød og Rød-Lunov Namnet Rød (etter ein avvikande farge på våpenet i forhold til Lunov), blei ikkje brukt av "Rødane" sjølve, fortel danske kjelder. Det vanlegaste i dansk lågadel var å bruke namnet til faren og legge til -søn. Dermed: Hans Ovesen. Ætta var Lunov, står det i den danske adelskaldenderen.

◦Jørgen Henriksson Staur står det også eit konsentrat om. Ein finn han også i ◦eigarlista.

Elles: Garten, Kråkvåg og Storfosen er i Ørland kommune. Lille-Rein, også kalla Stads-Rein, Rein, Lillerein, er i Stadsbygda prestegjeld i Rissa kommune. Leksa (Sør- og Nord-Leksa), Værnes og Åremmen ligg i dagens Agdenes kommune. Moltun (Moldtuen, Moldtun) og Terningan (Terningen) kom til Snillfjord kommune ifrå Agdenes i 1995.

Moldtuen blei elles rekna som ein storgard i Agdenes. På midten av 1600-talet kunne til dømes ein Siffver Arnssen Moltun ta seg råd til å reise til Oslo og tilbake tre gongar.

http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=78042

http://forum.arkivverket.no/topic/177873-sivert-a-moltuen-ca1599-foer-1680-agdenes/

Div.

Terningan, gnr 32

Garden Terningan, gnr 32 i dagens Snillfjord kommune, var før i Agdenes kommune, i "Moltuen" folketeljingskrins (1910, til dømes). Eldre skrivemåte var Terningen før Statens Kartverk vedtok Terningan som skrivemåte i 1992.

Eg kan tenke meg at gardsnamnet kjem frå Terningelva, som renn ut ved Terningan.

Innhald


Snillfjord lokalhistorie, Moltun, Moldtun, Moldtuen  

Snillfjord kommune. Heimeside.

Store norske leksikon, s.v. "Snillfjord".

WP, Wikipedia, s.v. "Snillfjord".

Yrjar heimbygdslag. Lensherrer til Fosen og eiere av Storfosen gods og gård
http://www.yrjarheimbygdslag.no/bebyggelse/60_storfosna/starten_s.htm

Snillfjord lokalhistorie, Moltun, Moldtun, Moldtuen, gardshistorier, opp Seksjon Sett Neste

Snillfjord lokalhistorie, Moltun, Moldtun, Moldtuen BRUKARGAID: [Lenke]
© 2014–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]