Norsk del, Gullvekta
Bhagavad Gita: Ei lita innleiing
Seksjon › 9 Sett Søk Førre Neste

Yoga-ord

Reservasjonar Innhald  

Hærane står fylka imot kvarandre på valen. Detalj frå akvarell frå rundt 1700, India, Mewar.
Oppstilt før slaget. Indisk akvarell frå ca. år 1700.

Innleiing

Bhagavad Gita kan opphavleg ha vore eit læredikt på rundt 85 vers, med tilfanget etter det tredje kapittelet lagt til sidan, gjennom mange hundre år. Diktet femna til sist over 700 vers på 800-talet e.Kr., og har deretter blitt eit av dei mest kjente verka i verdskulturen og verdslitteraturen. Songen er forma som ein samtale der Bhagavan (Herren) seier korleis ein gjer livet godt. Kanskje ikkje alt høver fullgodt: Det som kan vere den opphavlege gitaen er her på engelsk: [Første Bhagavad Gita?]

Bhagavad Gita - også Bhagavad-Gita, Bhagavadgita og gitaen - er eit dikt på sanskrit. Gitaen er ein mindre del av det store episke diktverket Mahabharata - ein samtale mellom Gudmannen Krishna og fyrsten Arjuna i oldtids-India. Slaget dei står framfor, kjem av familiestrid. Han fører til at guruar og slektningar slåst mot kvarandre til dauden.

Arjuna synest det er fælt å drepe guruar, slekt og andre stormenn, men Krishna fortel han korleis ein gjer det - Ein gjer yoga. Gitaen er innom fleire detaljar frå livskunsten, i stor grad med røter i Upanishadane; dei er ei rekke læreverk frå gamle India.

Ordet yoga har mange tydingar. Til sjuande og sist kviler læra til Bhagavan Krishna på eit underliggande Einskapsfelt bortom det ein til vanleg sansar, og dessutan djupt inni den mangslungne verda vår. Dessutan framtonar Herren Sjølv frå det høgaste. Han blir ofte kalla Bhagavan, Den Salige, Herre og Gud Sjølv. Krishna blir halden for ei slik framtoning.

For den som vil halde seg på god fot med Gud, gjeld det å avstemme seg til Gud og få skikk på eit levevis som passar i mangt. Her kjem noko ulike yogavegar inn, og blandingar og variantar av dei.

Dei atten kapitla i den endelege versjonen av gitaen

1. Arjuna ser ut over slagmarka og blir sturen. Arjuna og Krishna køyrer i stridsvogna til ein stad midt mellom dei to hærane. Arjuna ser slektningane sine på hi sida av slagmarka, og mister motet og motivasjonen til å slåst.

2. Om den strålande røyndommen. Krishna fortel at Arjuna ikkje treng fortvile og gi opp slik. Kroppar kan drepast, men ikkje sjølvet i kvar av dei. Slik er den gamle indiske læra. Arjuna er krigar og har plikt til å følgje krigarvegen og slåst.

3. Om handling og handlingars makt. Arjuna spør korfor han er tvinga til å kjempe dersom kunnskap er viktigare enn handling. Krishna framhevarat den rette måten å handle på er å gjere dei høvelege pliktene sine for det gode, men utan å la seg plage av korleis resultata måtte bli.

4. Oversanseleg visdom. Krishna seier at han har levt gjennom mange liv, alltid undervisning Yoga for gi vern til rettvise, og å fjerne dei som ikkje er det. Han poengterer at det er ganske avgjerande å finne ein god guru, som her tyder meir enn 'lærar'.

5. Å gi avkall på mangt. Arjuna spør Krishna om det er betre å gi avkall på handling enn å handle. Krishna svarer at det kan vere gagn i begge vegane men at handling er gildare.

6. Dhyana, meditasjon. Krishna fortel om høveleg meditasjon for å kome langt innetter ved det.

7. Sannkjenning. Krishna lærer vegen til kunnskap, jnanayoga.

8. Gud som Brahman. Krishna definerer omgrep som Brahman, Adhyatma, karma, atman, adhibhuta og adhidaiva og forklarer korleis ein kan komme han i hug når ein døyr, og dermed nå ein høgare tilstand.

9. Løynd for alle unntatt få. Krishna fortel om Panteisme, "alle vesen er i meg" som ein måte å tenkje seg Han på i alle tilhøve.

10. Herlegdom kjem fram. Krishna seier at han er den endelege kjelda til alle materielle og åndelege verder. Arjuna seier seg samd i at Krishna er høgaste vesenet.

11. Om den universelle forma. Arjuna naudber Krishna om å få sjå den universelle forma Hans. Visvarupa. Han får det som han vil og blir vettskremt av å sanse ein guddommeleg stråleglans som femner om vesen og materien i universet.

12. Inderleg ømheit. Krishna fortel om godhug-vegen ein skal dyrke fram, bhaktiyoga.

13. Nytaren i medvettsfeltet. Krishna fortel om naturen (prakriti), livsnyting (i Purusha) og medvett.

14. Tre eigenskapar i blandingar. Krishna fortel om dei tre eigenskapane, gunaane, som til saman - på sett og vis - er å tenkje seg i alle vesen.

15. Den ypparste i verda. Krishna fortel om eit symbolsk tre som står for materielt liv. Treet har røter i himmelen og lauvverket sitt på jorda. Krishna seier at dette mektige treet lyt ein felle skikkeleg, likesælas øks er for det, for å klare å nå vidare innetter i djup meditasjon.

16. Kva er guddommeleg, kva er demonisk? Krishna fortel at menneske er ulike - at somme har guddommeleg vesen og mange har demonisk vesen, og kva som skil desse gruppene. Han fortel at ein kan nå høgare og bli betre ved å gi slepp på vonde lyster, urettvis harme og ved å skilje rettferdige gjerningar frå galne. Til hjelp har ein fornufta og råd frå mange heilage skrifter.

17. Tru blir varsamt inndelt. Krishna fortel det er tre slags tru, tre slags kunnskap, tre slags handlingar og tre slags matvanar. Klassifisertingane er ut frå dei tre kvalitetane, gunaane.

18. Kalla til avkall. Til sist Krishna ber Arjuna å gi slepp på lov og rett og religiøsitet, dharma, og knyte seg til Han og ikkje anna. Han seier dette er det høgste og mest fullkomne å gjere i livet.

Frå gita-historia

For å få rimeleg godt utbytte av diktet, kjem ein vanskeleg unna historia til det, bakgrunnen for slaget som skal stå; kven hovudaktørane er; og kva normer dei levde ut i eldste utgåva frå rundt 400 f.Kr - og i ettertid, det vil seie den endelege utgåva frå ca. 800 e.Kr. Det er rundt tolv hundre år imellom, og mykje i India endra seg tydeleg i det tidsrommet, blant anna normer:

(1) Krishna i eldsteutgåva framhever ikkje bhakti (dansk: hengivenhed) slik som den seinare bhaktirørsla har gjort. (2) Krishna i den eldste versjonen har heller ikkje noko imot lyster og ønske. I teksten som Bhagavad Gita er henta frå, kriga Herren og helten Arjuna, og begge gifta seg med fleire. Arjuna hadde koner, medkoner og barn. Forsaking av parliv i verda (kalla verdsforsaking) var ikkje i skotet då gitan blei skriven, skjønar vi. (3) Heltane som fall i gitaen dreiv og kriga - somme for sjefen sin, andre for ein annan sjef og truleg også rettvis ferd. Det hadde sin pris. Nesten alle døydde før krigen slutta. Dette står i Mahabharata, som gitaen er ein liten del av.

Mahabharata-diktet med gitaen i blei utvida etter kvart. Mykje tilfang blei lagt til, og normene som trona eller blei halde høgt i sisteversjonen av gitaen, spegla til dels endringar i oppfatningar av korleis yoga skulle vere. Eldre yoga klarte seg godt utan bhakti-postyr. Gamle kjeldeskrifter i yoga fortel berre lite om kjenslepostyr.

Kjenslefokus utvikla seg i hinduismen frå ca. 300-talet til 1000-talet. Ordet bhakti står for godvilje, kjærleik, kjenslevarme. I sistegitaen blir det forstått som hengivenhed til Bhagavan (Person-Gud) - ganske reservert og ikkje emosjonell utetter, men veltøymd.

Vi kan vel sanse at sterkt og ofte tilrådde måtar å gjere yoga på; leve på - og fokuset i heltediktet - endra seg i hundreåra som kom etter eldsteversjonen.

(Kjelde: Fleire. "Hinduism > The rise of devotional Hinduism (4th–11th century)". Encyclopaedia Britannica)

Postvedisk liv og Bhagavad Gita

Bhagavad-gita som er overlevert oss i dag, er på 700 sanskrit-vers. Det utgjer kapitla 23–40 i den sjette bolken av Mahabharata-eposet. Er alt som blir lagt i munnen på Gud i gitaen verkeleg sagt av han? Det kan ein godt lure på. Vi kan spare oss mykje bry - eller kanskje skaffe oss meir av det - ved å sjå inn i kva kjeldekritiske granskarar har funne fram til.

Bhagavad-gita er ein liten del av det store heltediktet Mahabharata, og det store heltediktet lèt til å ha vore gjennom iallfall tre stadium i ein tilvirkingsprosess som tok mange hundreår. Mange indiske og vesterlandske boklærde i vår tid er samde om det. (Wikipedia, "Mahabharata")

I den lange prosessen voks heltediktet ved at vers kom til. Ein kjenner til minst tre versjonar:

  1. Jaya (Siger) på 8 800 vers tilskrive Vyasa,
  2. Bharata på 24 000 vers slik Vaishampayana har sagt dei fram,
  3. Mahabharata som deklamert av Ugrashrava Sauti, har over 100 000 vers.

Slik har det store heltediktet vakse fram og blitt over ti gongar lengre etter kvart. Bhagavad-gita, som ligg i det lange eposet, seiast å ha vakse med det. Dr Poul Tuxen:

I mange tilfelle er det tydeleg at det er seinare tillegg i teksten, og det er mykje mogeleg at store delar opphavleg høyrde til ein annan kontekst, slik som somme vers er tatt frå Upanishad-litteraturen. (Tuxen 1962:12, mi attgiving)

Frå dr. Phulgenda Sinhas funn og vurderingar

Omgrepa i gitaen speglar kan hende meir enn éi verdsoppfatning og meir enn éin måte å ordne livet på. Det heng i så fall saman med at diktet blei utvida over kanskje tolv hundreår før det fekk den noverande forma si. I det tidsrommet endra indisk kultur seg, og normer også. Enkelt sagt: i gitaen som er overlevert, blir det spela på normer og vyer som for det meste kan vere lagt til lenge etter den første versjonen. Dr Phulgenda Sinha (1924–2006) har tatt for seg mykje frå dette interessante feltet i The Gita as It Was: Rediscovering the Original Bhagavadgita (1987). Sinha reknar 84 gitavers som opphavlege. Dei står alle i dei tre første kapitla. Resten av dei 700 versa i gitaen meiner han er lagt til i ettertid. (nedanfor).

Også andre forskarar enn Tuxen og Sinha meiner at den opphavlege gitaen var mindre enn den som blei skipa til over tusen år i etterkant. Sinha meiner han har funne fram til dei opphavlege versa. Han støttar seg på ein gammal gita-versjon skriven på palmeblad og funnen på Bali, og mykje meir. Etter omfattande kjeldesøk og kjeldekritikk peiker han på at tankebanene i dagens India ikkje heilt samsvarer med dei som var i vedisk og post-vedisk tid. ["Førstegitaversa" på engelsk]

Ei grovinndeling: Vedisk tid var mellom ca. 1500 og ca. 500 fvt, og post-vedisk tid var mellom ca. 500 fvt og 800 evt. I den postvediske perioden blei heltedikta Mahabharata og Ramayana skrivne, klassisk sanskrit og Vedanta kom til, og dessutan buddhistiske skrifter. (1987, viii)

Dr. Sinha spør omkring gitan frå ca. 800 evt: "Er denne Bhagavad-Gitaen den same som Vyasa skreiv 400 fvt?"

"Slett ikkje", svarer han, "berre 84 av versa."

Han gjer greie for post-vediske tradisjonar, normer, praksisar, lærer og filosofiar, og samanliknar. Han finn andre motivasjonar, ritual, filosofiske tankebanar og lister opp kjelder til støtte for desse utsyna, og stør seg mellom anna på ein gita-versjon funnen på Bali. (1987, x-xi, 120):

When India realizes the value of desire (bhava), rational thought, proper knowledge, and right action, as highlighted in the original Gita, India will find ways, on its own, towards progress and prosperity. - Phulgenda Sinha (1987, xi)

Ting å tenke over

  1. Den sannsynlege, historiske utviklinga av gitaen.
  2. Kor klok læra i dei første tre kapitla er i sær, ut frå dr. Sinha.
  3. Den mogelege verdien av versa etter 3. kapittel i lys av vurderingane til dr Sinha.
  4. Tru og tillit til kva og kven?

Det er godt å kunne hjelpande vers og læresetningar. Det bør vere enda betre å vere behageleg ikkje-tilknytt til slikt - for gitaen taler for ikkje-tilknyting (15.3,4). Det er for det meste meir enn store ord som skal til. Probat meditasjon tar oss innover i hugen. Ein treng å lære ein god meditasjonsteknikk for å få det til. Dei beste måtane er svært enkle, og har dessutan målbare verknadar. Dei beste måtane som har blitt undersøkt, har blitt samanlikna. Ein gjer venteleg seg sjølv ei stor teneste om ein går inn for ein skikkeleg, høveleg teknikk.

Gå bortanfor tenking. Då . . . rein bevisstheit. - Maharishi

Men før vi kjem så langt akkurat her og no, skal det med litt til om Bhagavad Gita:

Fleire har den oppfatninga at det vesle lærediktet også er metaforisk, at striden gjeld noko anna og vidare enn å slåst med våpen i hand. Og så kan ein syge ut gode poeng for seg sjølv om ein kan finne dei og plante dei i høveleg jord (hug) så dei tilmed kan bere gode frukter etter kvart. Då gjer ein yoga utan å bli sur av det.

Det er mange gamle omgrep i diktet. Mange av dei er ikkje heilt enkle å forstå fordi dei kan ha fleire tydingar. Det er noko som mange eldre sanskritord har til felles. Ei god ordbok gir ofte fleire slike tydingar. Ein får tilpasse omsettingane til samanhengane etter beste skjønn. Og fordi skjønn er forskjellig, blir også ulike omsettingar ulike, fordi hovudord blir oppfatta ulikt og det ofte ikkje finst berre eitt ord som gir fullgod meining for termane. Det kan ein bu seg på.

Her er det tatt med dei aller fleste versa frå den presumptive "eldstegitaen" og dessutan gjort eit utval frå resten av diktet - gagnlege levereglar også der, same kven som har skrive dei, og når. Det er Swami Sivananda si omsetting som ligg til grunn for mest alt. Sinha si omsetting av elstegitaen og kommentarane hans til dei, er å finne i boka hans.

Gitaen finst i mange omsettingar på europeiske språk - også svensk, dansk, bokmål og engelsk. Somme engelske omsettingar har med grundige ordforklaringar. Dei har eg dratt nytte av: Ein skulle kanskje ikkje tru det, men det som kjem, er eit tillempa utval mest av alt, ut frå litt lenger komne oppfatningar enn "dynamisk ekvivalens".

84-vers-gitaen

Dei 84 versa nedanfor ber fram tankar som finst i gamle kjelder: Samkhya Karika og Yoga-aforismene etter Patanjali. Dr. Sinha tenker dei er ekte, gamle vers, etter å ha samanlikna mykje. (Wikipedia, "Hinduism in Indonesia")

Kapittel 1: v. 28-34, 37, 40, 46-47

Kapittel 2: v. 3, 11-31, 34-36, 39-41, 48, 50, 53, 56-58, 60, 64-70

Kapittel 3: v. 1-9, 16-21, 23-29 [ein trykkfeil er retta], 32-35, 38-40, 42-43.

(Sinha 1987:133)

Dr Sinha legg til kommentarar til versa i forhold til filosofiane som fanst i post-vedisk tid (1987:155-238).

Innhald


Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, litteratur  

Aurobindo, Sri. The Bhagavad Gita: With Text, Translation and Commentary in the Words of Sri Aurobindo. ⍽▢⍽ Sanskrit-teksten med ei blanding av parafraser og omsettingar til engelsk, vers etter vers. Parafrasar kan vere oppklarande, men strikse omsettingar er dei ikkje. Det gjorde Sri Aurobindo sjølv greie for, og ville ikkje at parafrasane og kommentarane hans skulle kallest omsettingar. Det skulle det vere verdt å ha i minne. Vers-notar er tatt frå Sri Aurobindos bok Essays on the Gita (Sri Aurobindo Ashram Press, 1997).

Braarvig, Jens, oms. Bhagavadgita. Oslo: Gyldendal, 1982. ⍽▢⍽ Omsett frå sanskrit. Omsettaren er professor i religionshistorie ved Universitetet i Oslo. Fleire hovudtankar i boka kan høve i dag, trur professor Per Kværne i innleiinga (s. 13).

Bhaktivedanta, Swami. The Bhagavad Gita As It Is. London: Collier, 1968. ⍽▢⍽ Boka finst også i svensk omsetting, Bhagavad Gita som den är (2004). Også den svenske omsettinga har med sanskrit-teksten på sanskrit og tilpassa til engelsk, og dessutan omsettingar av orda i dei ulike versa, omsettingar vers for vers, og forklaringar

Chidbhavananda, Swami, tr. The Bhagavad Gita. 25. opptrykk. Tirupparaitturai: Ramakrishna, 2012. ⍽▢⍽ Grundig, fin og omfangsrik, etter indisk tradisjon.

Fosse, Lars Martin. The Bhagavad Gita: The Original Sanskrit and an English Translation. Woodstock, NY: YogaVidya.com, 2007. ⍽▢⍽ Ei klar og fin omsetting med innleiing til. Dr. Fosse har mellom anna forelese ved Universitetet i Oslo i sanskrit og hinduisme. Han er kjend som ein av dei mest røynde omsettarane i Europa.

Ganguli, K., oms. The Mahabharata.. Vols 1-12. 4. utg. New Delhi: Munshiram Manoharlal, 1981.

Gansten, Martin, oms. Bhagavad-Gita: vishet och yoga. 2. rev. utg. Nora: Bokförlaget Nya Doxa, 2008. ⍽▢⍽ Omsett frå sanskrit til svensk prosa av religionshistorikaren Martin Gansten, som er dosent ved Religionshistoria och religionsbeteendevetenskap, Lunds Universitet (2016). I innleiinga klargjer han at Bhagavad-Gita framfor alt har røtene i dei gamle, vediske læretekstane som blir kalla Upanisadane med eit samnamn.

Johnson, W. J. The Bhagavad Gita. Oxford: Oxford University Press, 2008. ⍽▢⍽ Fagleg skikkeleg og tilgjengeleg. Kulturhistoriske samanhengar blir omtala i innleiinga og i notar.

Mahesh Yogi, Maharishi. Maharishi Mahesh Yogi on the Bhagavad Gita: A New Translation and Commentary with Sanskrit Text. Chapters 1 to 6. Harmondsworth: Penguin Books, 1972.

Mahesh Yogi, Maharishi. Bhagavad Gita. En ny oversettelse og kommentar med sanskrit tekst. Mesnali: MIKI, 1994. ⍽▢⍽ Dei seks første kapitla av atten blir omsett og kommentert i lys av dei seks ortodokse filosofiske systema i hinduismen. Dr. Vernon Katz hjelpte til med mykje.

Mascaró, Juan, tr. The Bhagavad Gita. Harmondsworth: Penguin, 1962. ⍽▢⍽ Mascarós omsetting er ikkje djup og forklarande, men snarare poetisk og snerten. Ho kan vere ei glimrande første møte med verket.

Nikhilananda, Swami, tr. The Bhagavad Gita. New York: Ramakrishna-Vivekananda Center, 1952 og seinare (1944). ⍽▢⍽ Denne omsettinga med kommentarar til, blir rekna for ei bragd. "The first really readable, authoritative English translation of one of the world's oldest and greatest religious classics," skriv Time, til dømes

Runeberg, Hjalmar ("Nino") Johannes, oms. Bhagavad-Gita: Herrens Sång. Helsingfors: G. W. Edlunds, 1910. ⍽▢⍽ På vers. Er vel for gammalvoren i dag.

Sargeant, Winthrop, tr. The Bhagavad Gita: Twenty-fifth-Anniversary Edition. Ed. and Preface: Christopher Key Chapple. Foreword by Huston Smith. Albany, NY: State University of New York Press, 2009 (1984). ⍽▢⍽ Ein får høve til å komme nærare opphavstekstane. (sjå t.d. s. 49n)

Sinha, Phulgenda. The Gita as It Was: Rediscovering the Original Bhagavadgita. Paperback ed. La Salle, Ill: Open Court Publishing Company, 1987. ⍽▢⍽ Kjeldekritikk - i det heile godt gjort!

Sivananda, Swami, tr. The Bhagavad Gita. Shivanandanagar: The Divine Life Trust Society, 2003. ⍽▢⍽ Swami Sivanandas omsetting er klok. Originalteksten er med, dessutan.

Tuxen, Poul, tr. Bhagavadgita. Herrens Ord. København: Gyldendal, 1962. ⍽▢⍽ Professor Tuxen (1880-1955) var ein kunnig, dansk orientalist. Han fekk høve til å arbeide med og omsette fleire hovudverk med kloke ord frå India. Gitaen han omsette, har halde seg godt sidan første-utgivinga i 1920.

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, opp Seksjon Sett Neste

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2018, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]