Norsk del, Gullvekta
Bhagavad Gita
Seksjon › 9 Sett Søk Førre Neste

Yoga-ord

Reservasjonar Innhald  

Første-gitaen

Versa frå kapittel 1

Arjuna til Krishna:

Krishna, når eg ser mine eigne slektningar som er komne hit for å slåst, då sig lemmane mine ned, munnen blir tørr, kroppen skjelv og håra reiser seg. (1.28–29)

Bogen fell ut av hendene mine, huda brenn, eg klarer ikkje å ranke meg, og hugen min spinn. (1.30)

Eg ser ikkje andre teikn enn slike som varslar ilt, Krishna. Eg kan ikkje sjå noko godt i at eg drep mi eiga slekt i krig. (1.31)

Eg er ikkje ute etter siger, Krishna, heller ikkje sus og dus og land å rå over. Kva gagn har herredømme, nytingar eller livet sjølv? (1.32 )

Dei som vi vil ha kongerike, nytingar og behag for, står her fylka til strid; dei har ved det forsaka både liv og rikdom. (1.33)

Lærarar, fedrar, søner og bestrefedrar, sonesøner, svigerfedrar, morbrør, farbrør, svograr og andre slektningar - (1.34)

Enda om vettet deira er overmanna av griskleik, så dei ikkje ser noko vondt i å øydelegge familiar, og inga synd i fiendskap mot vennar, (1.38)

Korfor skulle ikkje vi, som ser klart det vonde i å øydelegge ein familie, lære å vende oss vekk frå slik ei synd, Krishna? (1.39)

Når ein familie blir øydelagt, fell familiens religiøse riter ifrå uminnelege tider, åndelegheit blir øydelagt, og gudløyse vinn over heile familien. (1.40)

Sanjaya sa:

Etter å ha sagt dette midt på slagmarka, kasta Arjuna frå seg boge og pil, og sette seg på vognsetet, overmanna av sorg. (1.47)

Innhald


Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, litteratur  

Kjeldene: [Bøker]

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, opp Seksjon Sett Neste

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]