Norsk del, Gullvekta
Molbuane  ❀ D
Seksjon › 20   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Musvåken og gåsa

Det var ein molbu som hadde fanga ein musvåk og som baud til seg tenarane til fire eller fem herrar til eit måltid musvåk. Men kona hans og to av venninnene hennar hadde ete opp musvåken utan at han fekk vite det. Kona slakta no ei gammal gås og la ho på eit stativ over eldstaden så det kunne bli mat på tenarane når dei kom.

Då gåsa blei servert, sa den eine tenaren: "Kva er det her for noko?"

Molbuen svarte: "Ein god og feit musvåk."

"Ein musvåk?" sa dei. "Det er ei gammal gås og du er ein slyngel som hånar oss slik!" Så gjekk dei forarga heim.

Molbuen var lei seg over at tenarane var forarga, og tok ein sekk med musvåkfjører for å gå til dei og vise dei fjørene og gjere dei gode att. Kona bad mannen hente ei murblokk til eldstaden før han drog, og mens mannen var utfor huset, tok ho ut alle musvåkfjørene og la gåsefjør i sekken.

Mannen kom inn att, tok sekken og gjekk til tenarane og sa: "Kjære dykk, ver ikkje harme. No skal de sjå vi åt musvåk, for her er fjøra." Så opna han sekken og rista ut alle gåsefjøra.

Ingen lo. Tenarane såg det var gåsefjør, og sa: "Kunne du ikkje nøye deg med å narre oss berre éin gong?" Dermed sette dei han på dør.

Borken

Det var ein gong ein mann som skulle ut og kjerve [dvs. hogge og binde same tynne tregreiner i buntar så han hadde lauv å gi husdyra sine gjennom vinteren.] Då han kom bort i enga, fekk han auge på ei stor rogn. Det skulle bli bra til kjerv, tenkte han, og så klauv han opp i rogna og sette seg på ei tjukk grein og hogg innanfor seg på greina.

Så kom to smågutar forbi.

"Pass deg, mann, elles dett du ned og slår deg halvt forderva," sa den eine av dei.

"Å, hald stilt! Skal unge ta gamle i skole?" sa mannen. Guten lo og gjekk sin veg.

Best det var, knakk greina, og der låg mannen på bakken. Så sette han seg opp og klødde seg i hovudet.

"Den guten hadde rett. Han var føre vis, han", sa mannen, og då gutane kom attende att, ropte han: "Høyr gut, du var sannspådd! Kan du også seie meg når eg skal døy?"

"Tja, det blir vel etter at hesten har fjerta tre gongar," sa guten.

Om kvelden skulle mannen køyre heim eit lass kjerv, og så spente han Borken føre. Alt det bunta lauvet var tungt å dra, og då Borken kom til ein bratt bakke, fjerta han hardt.

"Hå hå, no fjerta han," sa mannen.

Og då dei kom midt i bakken, fjerta hesten igjen.

"Ja, det var andre gongen, det," sa mannen.

Og då dei så kom opp bakken, drog hesten tungt etter pusten og fjerta for tredje gong.

"No er det slutt på meg," sa mannen til hesten. "Men kan ikkje eg nytte deg lenger, så skal heller ingen annan ha gagn av deg." Så spente han Borken frå lasset og jaga han inn i skogen, og så la han seg nasegrus på bakken.

Kona gjekk heime og venta på mannen. Til sist gjekk ho ut for å sjå etter han, og då ho kom ned i bakken, låg han der. Kona til å jamre og bere seg ille, og så tok ho i mannen for å dra han i hus.

"La meg bli, kone, eg er daud, eg," sa mannen.

"Mykje har eg høyrt og sett i mi tid, men aldri at ein daud mann snakkar," sa kona.

Mannen heldt på at han var daud, for det hadde den kloke guten sagt. Kona skulle berre sjå til at han fekk ei ordentlig gravferd, sa han. Kona gjekk i staden bort i skogkanten og skar seg eit bjørkeris, og med det daska ho mannen til han fekk det klart for seg at han var i live. Så spurde ho kor Borken var blitt av. Jo, han hadde jaga hesten inn i skogen.

"Ta med deg ei grime og sjå til at du finn han att: Det er best for deg at at du ikkje kjem heim før du har Borken med deg," sa ho.

Så tok mannen ei grime i den eine neven og eit matknyte i den andre, gjekk vidt og breitt og spurde etter Borken sin i fleire dagar, men ingen hadde sett han. Så kom han til byen, og mens han gjekk og spurde alle han møtte etter Borken, var det ein som trudde det var kjøpmann Bork han spurde etter, og viste han vegen til bua hans.

Då mannen kom inn i bua, spurde han kor Borken var.

"Han sit der," sa handelsbetjenten og viste bort til kjøpmannen, som sat og skreiv ved ein pult inne i kontoret.

Så gjekk mannen inn og greip Bork i luggen.

"Fola-fola deg då, guten min, så forandra du er blitt sidan eg skildest frå deg," sa mannen og ville ha på grimet.

Men kjøpmannen blei arg og kasta han ut av døra.

[AT 1313A - Mannen som trudde han var daud. - Fritt etter Reimund Kvideland. Norske eventyr 1972, 191]

  Innhald  


Litteratur

Molbuane, täljetokar, molboerne, molboene, buddhisme-linka soger, molboerne, die Schildbürger, folk i Laleburg, folk frå Kampen, Gothamites.    Seksjon     Sett    Neste

Molbuane, täljetokar, molboerne, molboene, buddhisme-linka soger, molboerne, die Schildbürger, folk i Laleburg, folk frå Kampen, Gothamites. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2011–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]